tirsdag 30. september 2008

Eg vert like rørt, stolt & glad kvar gong:0)

Eg har fått utmerkingar igjen, og det er så utruleg kjekt!! Det at andre viser at dei set pris på bloggen din både i form av utmerkingar og kommentarar gjer at dette er så INNMARI gøy... Då eg starta med dette, hadde eg aldri drøymt om at det kunne vere så utruleg givande å vere ein del av bloggverda, men det er det!! Det er så UTRULEG masse flotte, snille, kreative damer her inne som gir og deler av seg sjølv. Til tross for at ein ikkje kjenner alle sammen i verkelegheita, så har ein likevel stifta vennskap her inne, og kven veit, etterkvart møter vi kanskje kvarandre og... Ser jo at det er bloggtreff på gang fleire plassar, og det må jo berre vere heilt fantastisk kjekt å vere med på... Eg er ikkje med i NIB, men har no allikevel fått med meg den oppheita diskusjonen som har pågått, og tykkjer det er synd når dei som har stifta det gir uttrykk for at det er rom for ALLE, men likevel så vert det regelrett skittkasting. Utruleg synd, særleg når det kjem i frå dei anonyme, som ikkje vågar å stå fram med navn eingong... Slik som eg har oppfatta bloggverda er det rom for ALLE, her møter vi hjertevarme, godheit, felles inspirasjon, kreativitet og mennesker ein kan identifisere seg med på forskjellige måtar... Skulle gjerne ha delt utmerkinga med kvar og ein her inne, men har no likevel gjort eit val;9)

Award nr 2

Denne flotte utmerkerkinga fekk eg av Tove i Tankar frå eit kvardagsliv. Ein utruleg flott blogg med ei fantastisk dame bak, den er vel verd eit besøk... Som Tove skriv så er vi gamle barndomsvenninner(og faktisk tremeiningar) som har funne kvarandre att her inne. Noko eg er særs glad for, og gledar meg til neste gong eg skal på heimlege trakter skal & må vi klare å treffast... Gleder meg allereie:=)

Eg ynskjer å dele den med fire fantastiske bloggar som på kvar sin måte bidreg til at det er så fantastisk gøy å vere bloggar, og som på kvar sin måte har fått ei spesiell betydning for meg:

Anna Lisas hjerteblogg

Hverdagsprat

Duften av erteblomster

Mikael sin fotoblogg

Must see You make me smile

Desse to utmerkingane fekk eg av Kari - Carpe Diem. Ei kjempekoseleg Smøladame som deler av kvardagen sin med oss, ein blogg eg har blitt utruleg glad i og som må besøkast ofte...Takk for at du finst her inne Kari...Klem

Ser at desse to stort sett vert gitt samla og eg har difor valgt å gjere det same i dag...Dei heng jo på ein måte litt i hop og:) Eg vel å gi dei til ei blanding av gamle og nye bekjentskap, som på kvar sin måte bidreg til å lyse opp i kvardagen min...

Skautrollet

Mitt lille rede

Garden Angel

A-mora

Miamor

Kkann design

mandag 29. september 2008

Premien frå Lykkehuset i bilder!!

Har som sagt lånt Mamma sitt kamera i helga, og då vart sjølvsagt premien frå interørkonkurransen i Lykkehuset foreviga..

SJÅ & NYT!!

PICT0001

Fiint innpakka!!

PICT0002

Nydeleg duk & skjønne seviettar av merket Lene Bjerre

PICT0003 PICT0004

Kjempeflott putetrekk som er heimelaga. Gledar meg til eg får kjøpt pute som passar til:0)

PICT0005  PICT0006

Koseleg heimelaga kort...Igjen, tuse takk for flott premie, Beth.

søndag 28. september 2008

Takk for denne gong, Mamma!!

  PICT0019         Nydelege blomar frå Mamma!!  

Vi har hatt ei kjempeflott helg i lag med Mamma/Mormor. Sjølv om veret har no vore so som so så har vi kosa oss masse inne:0)                                           Fredag skulle ungane lage kjøttsuppe som Fredrik har lært å lage på skulen...men vi måtte vente til ho kom, slik at ho fekk vere med på prosessen;9)                                         PICT0004  PICT0005Etter maten heldt vi på med Kims leik, og då hadde vi underholdning leeenge!!

PICT0009 PICT0010

I vår familie er vi veldig glad i å spele spel, så det har vore forskjellige innslag av det i helga..

PICT0012PICT0006

Laurdag var Frode med på ølbrygging, så vi var i Førde å rakk ei rask runde rundt i butikkane i tillegg til å handle mat.

PICT0014PICT0013

I dag ba eg Svigermor & Heine(henna samboar) på middag og. Det er så koseleg å samlast sånn, og i tillegg held dei på med å pusse opp si nyerverva leilegheit, å då antar eg at det er deilig å kunne kome til duk og dekka bord... Menyen besto av fårikål og ein nydeleg blåbærpai til dessert.  

PICT0020PICT0025

Oppskrifta er som fylgjer;

3 dl kveitemjøl

125 gram margarin

2 dl sukker

2 ts bakepulver

1 stort egg

1 pk vaniljekrem

Ca 200 gram blåbær

Dette vert tjukk røre som skal klappast ut i forma. Steikast lavt i ovnen på 180 grader i ca 40 minutt.

Men som alle veit, må også det gode kome til ein ende, og klokka kvart på fem reiste Mamma/Mormor med bussen til Volda. Forhåpentlegvis vert det ikkje så lenge til neste gong vi sjåast.

 

lørdag 27. september 2008

Eigendesigna award frå Anna Lisa

Denne nydelege utmerkinga fekk eg fra Anna Lisa i Anna Lisas hjerteblogg)

bloggverdlaun Tusen, tusen takk, ANNA LISA ~ Denne vert sett ekstra stor pris pa sidan du har designa den sjølv, og at du har lyst til a gi den til meg... Regelen som er sett er at eg skal gi den til fem andre som eg set pris pa i bloggverden, og dei fem eg har valgt ut denne gangen er:

Idas litlle corner of the world

Kari - Carpe Diem

Gamlå

Steinbokkjen

Hvit rose

Ta den til dokke, den er vel fortjent...

Klem, Line

fredag 26. september 2008

BERRE INNOM FOR Å SEI...

GOOD HELG:=)

j0403309

Far besøk av Mamma i helga, så no har vi vaska og rydda litt, sett ei brøddeig, og no skal vi til på middagen...

Fredrik har lert å lage kjøttsuppe pa skulen, og det vil ungane so klart overraske Mormor med!!

Er lenge sidan ho har vore her, og vi gledar oss kjempemasse til å hente henne pa bussen klokka 5.

Kjem nok ikkje innom nettet i helga, og seier difor: Ha ei super helg, alle mine bloggvenar!!

Klem, Line:9)=

j0432986 j0431759

onsdag 24. september 2008

Premie i posten:0))

Sjekka postkassa før eg reiste på seinvakt i går...og der låg det ein PAKKE til meg...
Fint innpakka i raudrutete papir. Bak papiret skjulte det seg ein nydeleg liten duk og skjønne serviettar, begge av merket Lene Bjerre.
I tillegg var der eit kjempefint heimelaga putetrekk med nostalgisk motiv på som eg fall pladask for!!
Det fulgte og med eit kjempefint, sjølvlaga kort med koseleg helsing :0)
Grunnen til at dette kom i posten til meg, var at eg var med på ein interiørstilkonkurranse inne på bloggen Lykkehuset.
Får desverre ikkje vist det fram på grunn av mitt avgåttmeddødenkamera:0( Skal til Førde for å høyre om det let seg gjere å reparere det, og då kjem eg sterkare tilbake..
TUUSEN TAKK FOR DEN FLOTTE PREMIEN, SNILLE BETH:0)) KLEM

mandag 22. september 2008

HUS!!

Sidan eg kun er eigar av eit ikkje-fungerbart kamera for tida, så får eg blogge litt om huset vårt i staden for. Kjerna i huset vart bygd i 1947, medan  to soverom og eit bad nede, samt heile andre atasje vart oppført i 1974.... For to år sidan skifta vi vindauge og klednad på framsida av huset, og no i sommar sto resten for tur:0) Vi reiv ned eit lite "tilbygg" på trappa, og utvida det med 40 cm utover og ein meter bakover. Vips så har vi fått utvida gangen og fått eit tilbygg som er tilpassa resten av huset. Dette var så vellukka at vi no har bestemt oss for å gjere det same å den andre kortveggen neste år, og dermed får vi eit MYYYKJE større bad enn den lisje myggen på 2 x 3 meter som vi har pr i dag... Her kjem eit lite bildegalleri frå prosessen, kos dokke=9))

PICT0002 PICT0004

Rivinga startar og ivrige ungar hjelper tilPICT0010

Det er mykje forunderleg ein finn i ein rivningsprosess... Eit av i alt fem humlebol!!

       PICT0015PICT0022

 Det bendast & bøyast, rivast & slitast, men det går framover...

 PICT0012

Spikertrekking for harde livet!! Tålmøodig og flinke ungar, det må understrekast...

PICT0027

Her blandast det sement...

PICT0028  Oldefar inne på si daglege inspeksjonsrunde;0) 87 år og framleis like vital!! Frode er veldig lik på han, så eg veit at han kjem til å bli ein flott, gammal gubbe=0)

PICT0024

Den provisoriske trappa!!

PICT0031 PICT0033

Her ber vi på murstein som skal puttast ned i trappa under støypeprosessen.

PICT0038

Fredrik er sjef over blandemaskina!! Her gjeld det å halde tunga beint i munnen...

PICT0039 PICT0048

Støype, støype, og SÅÅÅ er trappa ferdig!! JUHUU..

PICT0051

PICT0054

Ny kledning, og så skal det malsat for harde livet... Gjett kven som sto for alt malingsarbeidet, og gjett kven som kosa seg i stolen??? :9)

PICT0067 PICT0063

Innvendig, ferdig isolert og opp med plast, og so settast døra inn!!

Bilde 505

Slik såg det ut...

PICT0069 PICT0070

PICT0072

    FERDIG!!!! Slik er det blitt, og vi er kjempefornøgde med resultatet og føler nesten at vi har fått eit nytt hus:0)

PICT0056Til og med blomstrane overlevde kaoset=9))PICT0059

søndag 21. september 2008

Geiranger

PICT0071 Sidan eg ikkje har nokon bileter å vise fram frå Trondheim, vil eg heller vise fram litt frå ei HovedTillitsValgtsamling vi hadde i lag med Møre og Romsdal i mai:0) Det var nydeleg ver, og Geiranger fekk verkeleg vise seg fram frå si beste side!! Eg og to til gjekk opp til eit utsiktspunkt, der fekk vi fjord og fjell og heile settingen var berre så flott. Heimvegen gjekk over Geirangerfjorden til Hellesylt. PICT0007 PICT0006 Turistskip

PICT0010 PICT0029 PICT0072 Hårnålssvingar

PICT0042 Middag

PICT0032PICT0030 PICT0075 Avslapning

PICT0090PICT0088 Dei sju systre & Friaren

PICT0083 Mannen i fjellet, fanga for alltidt...

PICT0092Majestetisk