fredag 30. januar 2009

Favorittar i kjøkkenskapet!!

Vart oppringt på jobben i dag, det var ei lita jente i 1 klasse som hadde blitt sjuk...
Mora kasta sjølvsagt alt ho hadde i hendene og reiste sporenstreks på skulen for å hente det feberheite gullet sitt...
No ligg ho ganske utslått på sofaen og slappar av, og mora burde kanskje ha nytta anledninga til å vaske og rydde litt!!
Men gjer ho det??? Nope, det var mykje kjekkare å pønske ut ei utfordring å sende ut til Blogglandia, hi hi...
Her kjem utfordringa mi:
Vis fram favorittane i kjøkkenskapet ditt!!
Her kjem mine:

Desse skålene frå Perfect Home er utruleg anvendelege og kan brukast til utruleg mykje: Taco, dessert, snop, dip, peanøtter ....You name it!!
Kort sagt eit blinkkjøp:0)


Ildfaste former er eit must i mitt kjøkkenskap...
Det er utruleg mykje ein kan ha i ei ildfast form og la stå og godgjere seg i ovnen i nokre timar!!


Denne bakebollen og deigkuttaren frå Tuppervare har fulgt meg i 17 år no, og er vel det som er mest brukt i kjøkkenskapet mitt!! Bakebollen har holdt seg utruleg godt og er nett like fin i dag som då eg kjøpte den...


Ein god miksmaster må ein ha på kjøkkenet...
Denne har eg vore veldig fornøgd med,og er like god etter fem års bruk:0)


Ei god sikt og eit rivjern høyrer med blant kjøkkenutstyret tykkjer eg!!
Har jo og sett her i Blogglandia at rivjern kan brukast til så mangt, bla som telyshaldar....


For ein kakebakar som meg er det sjølvsagt nødvendig med kakeformer, og er og veldig glad i jelleforma frå Tuppervare!!


Denne melkekaraffelen kjøpte eg i Happy Home for nokre år sidan, og den er eit populært innslag på bordet...
Tykkjer det er litt artig med det sorte fåret som er i fylgjet;9) Eg brukar den til melk, vatn, saft, juice...


Desse glasa kjøpte eg i si tid på Kremmerhuset, og dei er vi veldig glad i alle saman...
Vi har jo sjølvsagt kvart "vårt" glas: Rakel har det lilla, Fredrik det blå, Frode det oransje og eg har det gule...
For to år sidan vart det lilla glaset knust, og det var full krise i heimen...Eg var avgarde og skulle kjøpe eit nytt, men fekk beskjed om at dei hadde gått ut av produksjon *stønn*
Gjett om gode råd var dyre...
Men dama på butikken ringte litt rundt ho, og fekk tak i eit lilla glas til meg, og dermed fekk Rakel eit nytt glas av julenissen og eg står i evig takknemlighetsgjeld til serviceinnstilte Kremmerhuset:0)))


Denne pannekakebollen såg eg på bloggen til Tove i sommar...Falt pladask for den, og surfa sporenstreks innom Boligfryd å bestillte den:0)
Har blitt utruleg glad i den, og den er mykje i bruk!!


Denne herleg utmerkinga har eg fått av Mikael!!
Den går vidare til dei damene som vert utfordra av meg i dag:
Tove i Tankar frå ein kvardag
Ida i Idas little corner of the world
Anna Lisa i Anna Lisas hjerteblogg
Tara i Happy in pink
Astrid i Frå eit A4liv...
Brit i Lille meg
Besta i Bestahjemmet
Trollkåno i Troll og Ting
Kate i Shamines lille hjørne....
Toril i Min lille side om reiser-shopping-ting og tang
Tante Julie
Gamlå
Gerd i Steinbokkjen
Turid i Tofo sin familieblogg
Gry Hege i Grys lille univers
Hege i Pepperkverna
Silje i Silje sin blogg
Damene i Foreldremanualen
Gjertrud i Living White
Miamor
Anette i Guttemammas
Petunia
Lill i Silje the mustang
Lykkehuset
Eline i Black Feathers
Randi i Hverdagsprat
Elin i Elins drømmer
Amora
Astrid i Fjordheim
Sissel i Daisis home
Sol og bolig
Kathrine i Kathrinehagen

torsdag 29. januar 2009

BLI BLODGIVAR!!

I dag slår eg eit slag for blodgiving!!
Det er & ukomplisert å gi blod...Det tek ikkje mykje av tida di, men kan likevel utgjere all verdens forkjell for nokon som verkeleg treng blodet ditt, ja det kan endog bety forskjellen mellom liv og død!!


Eg har vore i blodbanken i dag og tappa 450 ml blod som forhåpentlegvis kan hjelpe eit anna menneske...
Eg sit med blodtype AB i årane mine, noko som eg deler med 4 % av befolkninga!!
Det tek ca 5 minutt å tappe blodet, og så må du kvile lite grann, samt drikke rikeleg etter tappinga...


Rakel har fri frå skulen torsdagane, og fekk difor vere med, noko som dei i blodbanken stilte seg veldig positive til:0)
I blodbanken er det ei roleg og positiv atmosfære med hyggelege menneske som jobbar der!! Ein føler seg alltidt godt mottatt og ivaretatt..


Må alltidt svare på ein del spørsmål i form av utkryssing..
Blodgivarane får velge seg noko å drikke...
Så er det inn for å måle blodprosenten, det er jo viktig å ha nok blod sjølv og;0)
I mitt tilfelle kan eg ta plasmatapping dersom blodprosenten ligg under grensa, for då sender dei dei raude blodplatene tilbake i blodet mitt!! ABplasma er universal og kan brukast av alle, nemleg


Så er det inn for sjølve tappinga:0)
Rakel var fotograf!!
Ho som var med meg i dag tok seg god tid til å forklar henne korleis det fungerte, og ho fekk hjelpe til med å fylle prøveglasa med blod, noko som sjølvsagt var stor stas:0)
I dag har eg slått eit slag til og meldt meg inn i beinmargs og stamcelleregisteret!!
Du kan melde deg som blodgivar HER!!
Då registrerer du deg på nett og så vert du kontakta av næraste blodbank...
GJER EIN FORSKJEL I DAG!!

tirsdag 27. januar 2009

Ei symaskin kjem fram i lyset!!

Men om dokke no skulle verte freista til å tru at no har ho endeleg plukka symaskina fram frå kjellaren, så må eg berre beklage å skuffe dokke...
Det er nok berre den symaskina eg omtalte i eit tidlegare innlegg...Riktignok går den på batteri og har ordentlege nåler, men trur nok likevel ikkje den eignar seg til større arbeid;0)
Men eg kan no røpe såpass om den større utgåva at eg har stroke fingrane over ho og liksom studert ho litt....

Men den har fått audiens på stova!!
No står ho der så stolt og briskar seg saman med vasen med kongler og gerbera og ei skål med telys...

Tidlegare har ho stått litt sånn halvt skult bak ei kjøkkengardin, men ho levnar liten tvil om at det vert set mykje meir pris på å få modell i stova:0)
Vi ser formeleg korleis ho rankar seg opp og riktig speglar seg frå alle kantar...

Skåla med telys og pyntesand ser ut til å trivast i det flotte selskapet, og strekkjer flammane opp mot sveiva...

Eg undrast på om sveiva og maskina kappast om å fortelje historier frå dei svunne tider...om ferda frå det store utland og inn til Norge, der det sto ei lita jente med store auger og tok i mot den flotte maskina...Eg undrast og om dei fortel korleis dei fekk gjere nytte for seg og sy små lappar både manuelt og på batteri...
Vakker er ho i alle fall der ho står!!
Anten ho deler på løyndomane sine eller held dei for seg sjølv...

Gerberiaen og konglane passar saman som hand i hanske=o)

Eit lite konglearrangement får pryde eine hylla i skjenken!!

Til slutt i dag vil eg gratulere svogeren min med den etterlengta 18 årsdagen i dag!!
Til helga ber det visst til Bergen og kjæresten:0)

mandag 26. januar 2009

Mandarinkassa...

fekk vere med vidare etter jul!!

Julestjernene er bytta ut med primula med følge:0)


Nydeleg nostalgisk hjerte som eg fekk i gaveringen frå Minas Paradis...
Har og lagt rundt ei perlesnor!!


Vakkert lommeur med fiskarmotiv!!
Frode fekk det av ungane til jul i 2003:0)
Den er festa på lykta som og har fått vere med i følget...


Detaljar....


Sett litt ovanfrå!!

Zillstar


"Jag tävlar om ett Zillstar.se presentkort på 400kr
hos SessanOchPrinsessan"
GJER DU??

Snella & Petronella


"Jeg er med og konkurrerer om et gavekort fra herlige Snella & PetronellaDuften av erteblomster sin blogg"
ER DU???

søndag 25. januar 2009

Fascinert av is...


Først i dag vil eg gratulerer Bente med seieren i fotosafarilogokonkurransen!!
Ein verdig vinnar og min favoritt:0)
Eg er utruleg fascinert av is...I alle variantar og størrelsar...
Medan ein fotograferar kan ein brått sjå ei ny form, eit uttrykk eller...eller...eller...
Er du med?
Eg vert aldri lei av å ligge i grøftekantane eller henge i bergnabbane!! Kva naboene trur når dei ser meg rekande etter vegane og i alle slags positurar vil eg helst ikkje tenke på;9)
I dag har eg sett saman collagar og prøvd meg litt fram i picasa og picnic...
Ser nok at dersom ein skal ha fullt utbytte av picnic så må ein kjøpe seg litt opp!!
Men gøy er det no i alle fall....
ENJOY!!!











lørdag 24. januar 2009

Mine favoritting i heimen...

Skulle berre ein snartur innom bloggen, og då såg eg at eg hadde fått ei kjempeartig utfordring frå Randi. Den måtte eg sjølvsagt berre hive meg rundt å ta...
Utfordringa går ut på å vise fram mine favoritt-ting i heimen!!

Dette bildet betyr utruleg mykje for meg!! Det er Morfar som har malt det, og motivet er garden der han vaks opp og seinare overtok...
Biletet har sannsynlegvis vore på utstilling, av di det har eit nummer på baksida. Morfar var ein habil malar som i si tid kom inn på kunst og handtverk i Oslo!! Desverre døydde faren før han tok til på skulen, og han sa difor frå seg plassen og tok over farsgarden!! Men han heldt likevel fram med å male, og gav seg ikkje før fingrane svikta...


Desse herlege bilda av ungane mine er eg sjølvsagt utruleg glad i...
Dei er tatt i barnehagen og Fredrik er fire år, Rakel eitt år...


Denne symaskina fekk eg av Pappa etter ein av reiseturane han var på då eg var lita. Den hadde orntlige nåler, og det gjekk an å sy med den!! Pappa var reisemontør, og var mykje vekke dei fyrste leveåra mine pga jobben. Den verste opplevinga eg hadde i forbindelse med dette var når vi var med han ut på flyplassen og han tok av i eit helikopter som var GJENNOMSIKTIG!!!
Eg huskar framleis korleis eg skreik og kor redd eg var, for eg var heilt overbevist om at det helikopteret kom til å dette ned... Trur eg må ha vore rundt fem år den gongen!!


Kaffekjelen og kaffekverna har eg fått av Mamma. Kverna er nok av nyare dato, men kaffekjelen er gammal!! Kjelen har vel kanskje ikkje den vakraste fargen i verda, men eg er likevel utruleg glad i den...


Kunstveggen der alle bilda er laga av ungane er sjølvsagt eit must!!
Synst sjølv dette var ein genial ide...No viser vi ungane at vi set pris på det dei lagar til oss, samtidig som det er dekorativt med unike bilder som ingen andre har!!
Desse heng på loftsstova vår, men eg har så smått begynt å kjøpe inn rammer til ein tilsvarande vegg i stova nede:0)


Dei to veggfigurane fekk eg av ei god venninne for nokre år sidan!! Synst dei er like fine og dekorative framleis...
Cliviaen fekk eg av Mamma for rundt ti år sidan... Den har fulgt meg trofast sidan og trivst like godt sjølv om eg ikkje akkurat kan skryte på meg å vere den beste vatnaren *rødme*
No beærar den meg med blomar, men ser det er like før den blomstrar av...


Desse to gjenstandane har eg kjøpt sjølv....
Mugga kjøpte eg for ca tre år sidan og den har vore utruleg mykje brukt!! No har den desverre fått ei stor sprekk i seg, og kan ikkje brukast til leskande drikkar lenger...
Men dekorativ er den framleis:0)
Morteren kjøpte eg på studietur i Tunisia i 1997. Då var eg & Frode stormande forelska, og som ein gest til han fekk eg gravert inn både hans og mitt navn på norsk og arabisk:0)


Norgesglasa som fulgte med huset har fått pryda kjøkkenet sidan!!
Synst det er enkelt og dekorativt å ha dei ståande framme...
No har eg pryda nokre av dei med blondebord. Tre av dei har ungane malt, og vi brukar dei som kjøkkenreidskapskrukker....


Mine fyrste sko har sjølvsagt ei spesiell betydning!!


Kjøkkenhønene som eg fekk av mi beste venninne Linda til 25 års dagen min kjem vi sjølvsagt ikkje utanom:0)
Dei har vore med på ein del flyttelass, og pryda både hyblar og leilegheite, endog eit kollektiv!! No har dei hatt fast plass på kjøkkenet sidan 2001...
Eg vel denne gongen å ikkje utfordre nokon spesielle...Men håpar at det er nokon som er innom som synst denne utfordringa var såpass artig at dei har lyst til å hive seg på!!
I praksis utfordrar eg vel då alle som er innom, og gi gjerne frå deg ein lyd om du tek den!!