tirsdag 31. mars 2009

Sol gir glede # 3


Mitt tredje bidrag til Fotomorro sin konkurranse "SOL GIR GLEDE"
Klikk på Fotomorrologoen, så kjem du direkte inn til konkurransen!!

Bakom skyene er himmelen alltidt blå, seiast det!!
Dermed skin og sola, noko som vi ser bevis på her...
Bildet er tatt laurdag 28.03.09, då vi var ute og aka. Litt småkaldt og hustrigt når sola forsvann, og kva er vel då betre enn att dei livgivande og varmande strålane kikar fram att frå skydekket:0)
Det seiast no at det er fleire norske barn som lir av vitamin D-mangel. Som kjent er det lite av dette vitaminet i kosten vår, og dermed er det viktig å få tilskudd av vitamin D gjennom sola. Men når vi brukar så høg faktor på solkremen til borna våre får ikkje dei livsviktige strålane trengje inn, og dermed vert resultatet vitaminmangel. Dette høyrde eg på radio i forrige veke....
Og kan kanskje vere til ettertanke??

mandag 30. mars 2009

Ovanfrå


Mandagstema denne veka er ovanfrå.
Tydde til bildearkivet, og der fann eg nokre bilde frå Legoland.

Dei er tatt frå Legolandtårnet, som dreiar 360 grader rundt. Vi fekk rimeleg godt overblikk over Legoland her, ja....
Legoflyplassen.
Desse Lemurane møtte vi i Løveparken i Danmark...
Dei betraktar oss Ovanfrå og ned med ei litt overlegen mine;9)

søndag 29. mars 2009

Lettvint middag, Earth Hour og grilling

Vi hadde taco i går kveld.
Ein del kjøttdeigrestar og tomt for lefser. Etter å ha vore på fotballkamp var det behov for ein rask middag....
Då er det raskt gjort å hive saman litt pizzadeig å kjevle ut minipizzaer:0)

Deig:
3 dl lunka vatn
3 ss olje
salt
50 gram gjær
Mjøl til passeleg deig

Så er det berre å bruke tomatpure eller ketchup, alt etter kva ein har!!
Vi brukar å la ungane lage sine eigne pizzaer, og velge fyllet....Gjett om dei går unna...


I går kveld var vi sjølvsagt med på Earth Hour....
Ungane synst det var litt skummelt til å begynne med, for dei trudde vi slo av tv og data fordi det skulle lyne og tordne...He he, sei vel litt om kor ofte det vert heilt avslått;9)
Eg høyrde på tv i stad at WWF hadde eit håp om at max 1000 byar kom til å støtte prosjektet, men dei vart gledeleg overraska når det viste seg at over 4 000 byar hadde vore med!! Det viser at dette er eit tema som engasjerar og bekymrar...

Fredrik lagar litt ablegøyar!!

Dei synst no eigentleg at det var litt koseleg med massevis av tente starinlys rundt omkring...Vi prata, tulla og kosa oss masse...
Eigentleg utruleg avslappande å slå av både tv og data!!

Måtte forevige mine usedvanleg lubne gåsungar i skinet frå stearinlysa....

Rakel var kjempetrøytt, men ville ikkje legge seg på rommet utan lys...Litt mørkeredd, ja!!
Løysinga var å lage til ei seng av teppe, legge på plass ei pute og eit teppe over der igjen...Søvnen tok ho etter eit par minutt!!


På laurdag var vi på besøk hos nokre venner. Vi reiste opp på toppen av marka deira, for der er det framleis snø....
Oppsøke snø no?? Forstå det den som kan!! Vi hadde det kjempemoro, aka masse, laga bål og grilla pølser....

lørdag 28. mars 2009

Sol gir glede # 2


Hos Fotomorro er det ein pågåande konkurranse frå 26.03 - 04.04. med tema:
"Sol gir glede"
Trykk på Fotomorrologoen, så kjem du direkte inn til konkurransen og bidraga!!

Her er mitt bidrag nr 2.
Eit bilde med båtliv og vennskap i fokus...
Eit bilde av fullkomen augeblikkslykke...
Full fart på motoren, vind i håret og bloggsola i ansiktet:0)
Kan det då vere betre??
Det er problematisk å kome inn på mange av bloggane for tida....
Har streva ein time no for å klare å lage dette innlegget, og har ikkje lukkast med å kome meg inn på ein einaste blogg utanom min eigen.
Eg som skulle ha meg ei runde å kommentere på ABCinnlegga *sukk*
Får prøve på att med friskt mot seinare i dag, veit ikkje anna råd!!

fredag 27. mars 2009

Helgas bokstav er D!!


Det er fredag, det er frihelg og veret er superb!!
Livet er herlig!!
Vi er no i gang med fjerde runde av PETUNIA sin norske versjon av ABC!!
ABCen har vorte ein suksess, og det er mange som er med...Ein kan sjølv velje omein vil legge inn innlegg fredag~laurdag~søndag.


Mitt bidrag i dag er DRÅPAR!!
Etter eit regnskyll eller når snøen byrjar å smelte, er det utruleg fascinerande å ta seg ein tur ut å studere alle dei flotte dråpane som heng i trea:0)

Då eg gjekk på gymnaset *kremt* for ein god del år sidan...Var sjølvsagt diktanalyse ein del av norskfaget...
Eit av dikta vi analyserte var:

Dråpen
henger der
ikke

~ Jan Erik Vold ~

Den gangen synst jo eg sjølvsagt at det var det mest tragiske diktet som nokon gong hadde vore skreve....Eg var hardnakka i den lange diksusjonen som oppsto mellom meg og læraren, ung og påståeleg som eg var....
I ettertid har eg jo sjølvsagt innsett at læraren min hadde rett, for det er eit dikt eg aldri gløymer, og som snik seg opp i bevisstheita med jamne mellomrom;0)
For ordens skuld kan det vel og takast med at eg hadde veldig gode karakterar i norsk;9)

Eg fann eit anna dråpedikt inne på Dikt.no som eg tykte var utruleg flott!!

En dråpe i fritt fall

Livet er som en elv
som slynger seg gjennom landskapet.
Når den kommer til et stup
fosser elvens vann ut i det fri
og farer nedover til et nytt elveleie.


Fallet fra toppen til bunn danner små dråper.
Ditt liv er som en dråpes eksistens
og ditt livsløp et tiden fra toppen til bunnen av fossen.
I dette fallet mister du som dråpe kontakt med elven.
Du vet ikke at du egentlig er en del av elven
og tror at livet ditt utgjøres av reisen i fossefallet.
En trist misforståelse.


Det var nok ikke meningen at dråper skulle gjøre seg slike tanker.
Vanndråper må ikke glemme hvor de kommer fra og hvor de skal,
for ellers kan de bli forvirret.
Dråper kan gjøre seg tanker om selvstendighet i forhold til livets elv.
Paradoksalt nok finnes dråper og samtidig finnes ikke dråper.
Bare elven er.
Når du som dråpe identifiserer deg med elven, da er du.
~ Paal ~

For fleire ABCinnlegg trykk HER

torsdag 26. mars 2009

Sol gir glede


Fotomorro har utlyst ein konkurranse med: "Sol gir glede" som tema.
Klikk på Fotomorro, så kjem du direkte til konkurransen:0)
Her er mitt bidrag!!

Bildet er tatt 29.07.08 på Grotlesanden som ligg på Bremangerlandet....
Vi reiste frå oss kl. 07.30 om morgonen for å utnytte dagen best muleg. Vi hadde eit fantastisk ver, og sola skein frå skyfri himmel frå morgon til kveld!!
Vi bada, sola oss, grilla, fanga krabbe og hadde ein fantastsik dag i lag med gode vener:0)
Bildet er tatt kl. 19.00, og dei ber tydeleg preg av å vere slitne, men samtidig lykkelige for å ha fått vore med på dette:0)
Og ja, hit reiser vi gjerne fleire gongar!!
Ps! Klikk på bildet for større format...

onsdag 25. mars 2009

Utmerkelsar

Har fått heile tre utmerkelsar frå skjønne Astrid.
Astrid har ein flott blogg med gode tekstar og bilder. Er imponert over kor godt ho sjonglesr kvardagen med skule, jobb og fire eigne barn og to ekstra barn. Eg tykkjer og at ho har eit reflektert og fornuftig syn på det meste, og er utruleg glad for å ha henne som min bloggvenn:0)


Denne har eg laga sjølv, og synest det er ekstra stor stas å få den av andre:0)
Eg vil gi den til:
Anette
Gry Hege
Monica
Kate


Denne Herlege utmerkelsen vil eg dele med:
Turid
Brit
Mikael


I tillegg til Astrid har eg og fått denne frå Monica, som er den som har laga denne superskjønne utmerkelsen. Monica vart eg kjent med gjennom fargeveka, og synst ho er ei superkoseleg jente med ein herleg blogg:0)
Eg vil dele denne med:
Tara
Mikael
Gry Hege


Denne har eg fått av Eie. Eg har desverre store problem med å komme meg inn på denne bloggen for tida, men tusen hjerteleg takk for at du ville dele den med meg, Eie!! Det set eg stor pris på. Ho har ein koseleg blogg som eg er veldig glad i å kikke innom:0)
Reglane er som følger:
The Lemonade Award is given to sites which the giver show either great attitude and or gratitude.
The rules for these awards are:
1. Put the logo on your blog.
2. Add a link to the person who awarded you.
3. Nominate 10 other blogs.
4. Add links to those blogs on yours.
5. Leave a message for your nominees on their blogs.

Eg ynskjer å gi denne vidare til:
Lill
Anette
Tara
Mikael
Anja-Elin
Astrid
Randi
Eva
Ida
Anna Lisa

tirsdag 24. mars 2009

Vårfint på trappa...

Har vore ein snartur på plantasjen i dag....Hovedsakleg reiste vi bort fordi at Fredrik ville kjøpe seg ei kjøtetande plante, men utvalget var heller dårleg...Dei plantene som var inne var i dårleg forfatning og hadde ein uforholdsmessig høg pris!!
Men jammen var der mykje anna fint;0)

Kjøpte påskekaktus og kvite perleblomster....

Narcissar, påskeliljer, krokus og vårlyng fann og vegen ned i korga mi på uforklarleg vis, he he....
Planta i gamle gryter og sinkbaljen med ein gong eg kom heim, så no er det ein fryd å kome ut på trappa!!


Kan jo ikkje kome heim utan blomster til å ha inne...

Kjøpte ein bukett med roser. Gjekk på kvistjakt i hagen...
Så no står det gåsungar, bjørkekvist og roser i skjønn forening å prydar litt her og der innomhus:0) Småbilde nr 3 oppe: Desse blomstrane har no holdt seg like fine i fire veker...Veit ikkje kva dei heiter, men vakre er dei...

mandag 23. mars 2009

Vitale mål!!


Denne vekas tema er TALL/SIFFER!!
Eg har eit noko anstrengt forhold til tal, og i alle fall i matematisk samanheng...
Sjølv om eg rågod på å huske bursdagar og telefonnummer;9)
Kva skal eg finne på denne gangen då??
Gruble, gruble....
Gjekk på jakt med kameraet, men fann liksom ikkje noko som slo heilt an...
Studerte klokka litt, og så glei blikket litt ned, og
PANG!! Ein ide er født....



Mitt bidrag denne veka er mine to største livsprestasjonars vitale fødselsmål....
Samt fødsels og dåpsdato....
Fredrik var berre eit bittelite knøtt når han vart fødd, medan Rakel var LITT større...
*Kremt*, ser utifrå kommentarane at det er fleire som trur at eg har brodert desse sjølv, så her må det ei korrigering til;9)
Det er Oldebesta, mi Besta(Mormor) som har brodert til begge to!! Dei inngikk som ein del av dåpsgava til begge to....Ei veldig personleg og utruleg flott gåve....
Besta er eit unikum når det gjeld brodering, og eg har fått fleire dukar av henne:0)

Nemnte eg at eg har eit anstrengt forhold til tal i matematisk samanheng??
Å, eg gjorde det ja...
Men det kan nesten ikkje poengterast ofte nok, he he....
Fredrik sitt beste fag er heldigvis matematikk, og her har nok faren sine evner slått inn, så får tida etterkvart vise om Rakel har fått desse evnene og...Men foreløpig ser det bra ut:0)
For fleire taltolkningar, klikk HER

søndag 22. mars 2009

Lysfat og vårdikt...

Kan vel ikkje akkurat påstå at eg strålte av lykke når eg såg ut av vindauget på jobb og oppdaga.....
SNØ!!!!
Store, Våte, Kvite filler....
Sukk....
No vil vil vi ha vår.

VÅREN
Skynd deg vår
jeg ser deg
når jeg i skogen går
jeg ser hestehovens gule hår
jeg ser løvet som spretter
fra treests spede knopper
og Ekornet
fra tre til tre hopper
jeg kan lukte deg vår
når jeg ute går
en tykk eim av jorden.

Skynd deg da vår
jeg venter så
vinteren har varit hård
og jeg trenger deg nå.

Kom fram
med sol og varme
og vakre blomster små
med risslende bekker
og fuglesangen
å våren vi lengter så.

Forfattaren finn du HER eller HER.
Begge bloggane er vel verdt eit besøk:0)

Måtte endre litt på lysfatet mitt i dag.
I tillegg til kvite perler så tvinna eg inn eit svart perlekjede og fekk aller nådigst låne nokon lilla smykkeperler som er forma som sommarfuglar av Rakel....
Skifta ut dei kvite telyshaldarane med rosa....
Og lot engelen få følge med eit armband med rosa detlajar som Rakel har laga til meg då ho gjekk i barnehagen:0)
Litt vårfornemmelsar inn i heimen om ikkje anna....
Og med det flotte diktet som følge vert ein straks i betre humør!!
Ha ein fortreffeleg aften....

lørdag 21. mars 2009

Oppussing av kommode

Med på kjøpet av huset fulgte det bl.a med ein gammal kommode...
Den har stått på lager sidan vi flytta inn, og har eigentleg gløymt den litt av.
Men når eg starta opp med blogging, og såg alt som kunne gjerast med gamle møblar huska eg på den att...
No er den henta fram frå gløymselen!!

Den eine pussar og den andre vaskar....

Her står skuffene til tørk!!

Slik såg den ut....(Beklagar dårleg bildekvalitet)

Detaljbilde av før og etter... Vurderte litt fram og tilbake kva farge eg skulle velge, men landa til slutt på å behalde den i opprinneleg stil...
Skuffehandtaka var vekke, men etter litt leiting rundt om på butikkane, synst eg at eg fann nokon som sto godt til kommoden...

Slik ser den ut no:0)

Med duk og pynt framstår den i fordums prakt, og eg er fornøgd med resultatet....
Det er faktisk mannen i mitt liv og....Skjølv om han var svært skeptisk i utgangspunktet;0)

fredag 20. mars 2009

Bokstaven er C!!


Helgas bokstav er C!!
C kan vere vrien, men i dag vart valget enkelt....

Eg har ein Clivia som står i fullt flor, og den er jo så flott når den vel å vise fram blomane sine:0)
Denne har eg hatt i 10 år, og den er delt fleire gongar. Enkelte år har den vore ekstra velvillig, og blomstra fire gongar...
I år er dette blomstring nr 2!!


Eg viser og fram mi gode venninne Camilla....
Camilla vart eg kjend med i 1996, to av totalt fem sunnmøringar som troppa opp i Førde og skulle studere til sjukepleiarar i Kull 29....
Sunnmøringar heng som kjent saman, og dermed vart dette starten på eit langt og godt vennskap...
Sjølv om liva har tatt ulike vendingar har vi alltidt vore der for kvarandre...
Camilla flytta tilbake til Sunnmøre i mai 2006, og gifta seg med sin kjære Mads i august same året.
Stor var gleda når Camilla i fjor haust ringte for å fortelle at dei venta sitt første barn!!
Det har vore vemodig 0g litt trist å ikkje få følge med svangerskapet på nært hald, men no er babyen like om hjørnet, og eg gledar meg til meldinga om at den nye lille verdensborgaren er komen...
Kjønnet er ei godt bevart hemmeligheit...Camilla trur sjølv at det vert ei jente, men ho er kjend for å vere utruleg dårleg på å gjette kjønn, så dette er vi spente på utfallet av;9)
Ein ting er i alle fall sikkert, jente eller gut, like velkomment er det, og eg skla ens ærend oppover på besøk når han eller ho er født!!
Kjempeglad i deg, Camilla:0)
For fleire C tolkningar, klikk HER