tirsdag 22. juni 2010

Etter ein tur….

i

Juni 2010 112 b

kan det kanskje passe med

Juni 2010 095 b

ein konjakk i havkanten;o)

Fotosafari

For fleire fotosafarideltakarar, stikk innom Petunia!

mandag 21. juni 2010

Open

Mandagstema

Barn har ein fantastisk evne til å sjå på både gammalt og nytt med opent sinn…Heilt frie for fordommar…Berre nysjerrige…Lurer dei så spør dei…og godtek svaret på ein open og sjølvfølgeleg måte…

Juni 2010 250 b

Vi voksne har mykje å lære frå barna i dette henseendet!!

Open/opent er tema i MANDAGSTEMA. Stikk innom for å delta eller sjå fleire tolkningar:0)

fredag 18. juni 2010

Ein må jammen meg vere frisk for å kunne vere sjuk i dette landet!!

Juni 2010 532 b

Ellers går det på helsa laust….Akkurat no er eg berre så sliten, frustrert og oppgitt at eg snart ikkje veit kva fot eg skal stå på…Saka er den at vi har ein son med diagnosen AD/HD. Han brukar medisin for å kunne fungere i kvardagen. Men i hans tilfelle har det seg desverre slik at ein av biverknadane er redusert matlyst, noko som igjen har gått ut over vekt og vekst…

Juni 2010 517 b

Difor må han takast av medisinen i sommar slik at han får henta seg inn att. Vi gjorde det samme sommaren for to år sidan, og då la han på seg 6 kg og auka lengda med 10 cm på knappe åtte veker.

 Juni 2010 519 b

Så langt så vel…Vi var på kontrolltime hos Bjarte på BUP i februar. Der skreiv han ei erklæring til NAV om kvifor dette måtte gjerast. Denne sendte vi vidare til NAV, og etter to veker fekk vi den i retur med beskjed om at det var fyllt ut på feil skjema. Vi fekk tak i riktig skjema, og sendte det over til BUP, der leiaren skreiv under for Bjarte. han er nemleg ikkje berre i Førde, og reiser rundt på forskjellige BUP-kontor sidan han har spesialisert seg på nettopp AD/HD. Vi fekk sendt dette til NAV, og mottok deretter eit brev om at søknaden var mottatt den 03.04.10, og at behandlingstida var på fire veker.

 Juni 2010 525 b

Fire veker kom og gikk…Det gjekk fem…og seks…Då tok vi kontakt med NAV, som framleis ikkje hadde fått behandla søknaden. det var nemleg framleis noko som var uklart, det var nokre nye reglar osv osv…Men i løpet av eit par dagar skulle dette vere i orden. To dagar gjekk…tre…fire…ei veke. Vi tok kontakt att, og det var framleis litt uklarheiter…Men i løpet av ei veke skulle vi få svar.Ei veke kom og gjekk…Ingenting høyrde vi…Tok kontakt att, og fekk då beksjed om at den var gått vidare til ein klageinstans…KLAGEINSTANS??? Vi hadde i alle fall ikkje klaga….Litt ullent svar, men dei jobba så fort dei kunne…

 Juni 2010 521 b

Vi er no komne til 21. mai. Arbeisdgivar vil sjølvsagt gjerne ha svar, og vi ynskjer og å få dette i orden.  26. mai får vi svar. Eg har fått tre veker med pleiepengar, far har fått avslag!! Vi er lamslåtte!! Vidare står det at permisjon utover dette må vurderast på ny i løpet av perioden eg er ute med pleiepengar av behandlaren på BUP. Eg ringer til Bjarte, og han får navn og telefonnr til saksbehandlar i NAV. Han ringjer meg oppatt, og seier at han har snakka med dei, og han har fått muntleg at dette kjem sannsynlegvis til å ordne seg. Han sender inn nye papir, og no skal det behandlast på ny.

 Juni 2010 520 b

Det går ei veke…Vi høyrer ingenting…Ringer til saksbehandlar og dei er i gang med saka…Etter enno ei veke får vi svar…Far har fått innvilga permisjon i fire veker. Meg har dei ikkje gjort noko med. Og brått står vi med ei veke udekt midt inn i perioden. Vi tek på ny kontakt og forklarar situajonen. Dei skal sjå på det på ny. I mellomtida er vi i møte med arbeidsgivar der vi har ein god dialog:0)

 Juni 2010 527 b

Den 11 juni får vi muntleg tidspunkta for permisjon med pleiepengar…Det skal fattast eit nytt vedtak!! Dagane går…Vi snakkar med dei tirsdag…onsdag…og torsdag er det framleis ikkje komt noko i posten. Tek ny kontakt i dag, og får vete at far sin permisjon er det retta opp i datoane. Mor sin permisjon er det ikkje gjort endringar på!!

Juni 2010 523 b 

Mandag skal eg gå ut i permisjon med pleiepengar…Vedtaket er ikkje endra…Der står det frå den 28 juni til den 17 juli som til alt overmål er ein laurdag!! Her snakkar vi tross alt om turnusarbeidarar som jobbar helg…

 Juni 2010 518 b

Eg er verkeleg spent på om dette går i orden!! Eg er frisk…Dette gjeld permisjon pga sonen vår, men eg må seie at eg fullstendig utslitt av alt rotet…Tenk om eg hadde vore alvorleg sjuk…Då hadde eg neppe orka kampen!!

Juni 2010 528 b 

Det hjelp ikkje om eg kanskje trakkar nokon på tærne…NAV må skjerpe seg og byrje å behandle folk med RESPEKT!! Hadde eg som sjukepleiar behandla pasientar eller pårørande på denne måten, hadde eg sannsynlegvis vorte klaga inn til fylkeslegen. Konsekvensen hadde blitt ei kraftig reprimande og i verste fall inndraging av autoriasjonen.

 Juni 2010 522 b

onsdag 16. juni 2010

Elvefiske…

Lykke er…

   Juni 2010 012 bJuni 2010 042 b

Heimesmidde fiskestenger med krok og makk på…Ein høle i elva…og fisk(sjølv om den er 1 cm stor) på kroken

       Juni 2010 001 bbJuni 2010 003 b Juni 2010 004 b

Her vi bur finst det ein del hyttebebuarar, og i hytta som er omtrent 10 meter frå huset vårt på andre sida av vegen er det ei jente som er like gammal som Rakel. Dei var her ei helg nyleg, og jentene storkosar seg i kvarandre sitt selskap. Pappaen til Vilde smidde fiskestenger av bjørkekvistar til heile ungeflokken. Opp i elva og ned i bakkahølen bar det.

Juni 2010 047 bJuni 2010 051 b

Ungane storkosa seg og jammen fekk alle fire kvar sin lille fisk og..Men vi vart einige om at det var best å sleppe dei ut att slik at dei fekk vekse seg store og sterke før vi lurar dei på kroken att;o)

Juni 2010 056 bJuni 2010 049 b

Utstyret var på ingen måte fancy denne dagen. Men stikkorda var vaksenkontakt, nærheit og spenning…Eg har stor tru på at sånne dagar vil feste seg godt i eit barnesinn, og at vi formidlar gode verdiar som ungane forhåpentlegvis vil bringe med seg inn i SI voksenverd…

torsdag 10. juni 2010

♥ 3 x 3 hurra for Rakel Kristine ♥

I dag fyllte den flotte jenta mi 8 år ♥
Full av omsorg og humor…Sta som eit esel…Alltidt klar for nye eventyr…
 Juni 2010 193 b 
Dagen har gått slag i slag, og kl. 18.00 var det duka for avslutning med oppvisning for leikarringen!!
Juni 2010 192 b
Stor var overraskelsen når ho vart kalla fra på scena og det vart opplyst at ho hadde bursdag. Heile salen sang for henne, og det trur eg var stort…
I tillegg fekk ho ein sprettball i bursdagsgåve med eigaren av favorittleikebutikken. Ho fekk det ho ønska seg av oss, og alt i alt har det vore ein bra dag…
Juni 2010 202 b
Laurdag brakar det laus med barneselskap frå 12.00 – 15.00, etterfulgt av “voksenbursdag” frå kl. 18.00…

torsdag 3. juni 2010

Skarsvatnet…

Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at vi er velsigna med eit eldorado av turmål rundt her vi bur. Søndag var det kanonver, og det var ikkje nei i vår munn då nokre venar lurte på om vi ville vere med på Skarsvatnet. At ungane har begynt å bli store er sanneleg merkbart der dei skyt avgårde som rakettar, og er framme LENGE før oss vaksne;o) Dina på fire var kjempeflink, og traska og gjekk heile vegen utan å verken klage eller syte!! Og belønninga er jo elefantastisk med nydelig natur, vasse/bade og fiskemuligheiter…

Mai 2010 794 bMai 2010 797 bMai 2010 799 b

Mai 2010 806 bMai 2010 817 b

Kl. 15.00 hadde vi invitert på grillfest, og både små og store kosa seg med god mat og godt lag!!

Mai 2010 820 b

Ein perfekt søndag spør du meg…La det bli mange sånne i sommar:o)