fredag 4. mars 2011

Himmelske betraktningar:o)

Ein blå, blå himmel med sol frå morgon til kveld, praktfulle slalombakkar, glade barn og gode vener!!
Meir himmelsk kan det vel neppe bli??

For fleire himmelske betraktningar, klikk deg inn HER!!

tirsdag 1. mars 2011

Fotokalender 2011, Februarbilde

Livet og døden vandrar ofte hand i hand...Denne månaden har vi mista eit kjært familiemedlem, Bestefar til Frode og ungane sin Oldefar...Han har vore sjuk ei stund og det var godt for han å få sleppe. Ungane har tatt det veldig fint. Sjølv om dei har vore veldig lei seg, så ser dei og at det var betre for han å få kvile no...
Eg føler at vi har klart å lære dei at døden ikkje er skremmande, men noko som er mest like naturleg som å leve. I løpet av det siste året har vi mista fleire personar som har stått oss nær, bl.a to av oldeforeldra. Det har til tider vore tunge dagar, og mykje tårer, men vi jobbar oss gjennom det og veks med oppgåva!!
Kvil i fred, kjære Henrik...


For fleire månadsbilder, klikk deg inn HER!