
Jaha, så er vi komt fram til den vanskelege delen av alfabetet....
Kva skal ein så finne på på den ærverdige bokstaven x??
Tamtarata!!!!
Lat meg presentere....
X punktet på skattekartet mitt!!
Dette er sjølvsagt eit autentisk skattekart som dukka opp her i forrige veke.....
....Og sidan dette er eit ekte og hittil ukjent skattekart måtte vi sjølvsagt ut på skattejakt:0)
Kartet var fulgt til punkt og prikke, og vi kom til slutt fram til X PUNKTET. Her var det påkrevd med litt gravearbeid...
MEN MEN...kva er dette??
WOW, ein kjempestor og hittil ukjent diamant på vår eigen eigedom:0)) Vi er rike!!
Fniis, i alle fall rike på spenning....
Forrige veke rakk eg rett og slett ikkje å vere med på ABC, og presenterar difor W i dag!!
Vår eksellente uteWC, eller som det heiter på godt norsk: Utedo:0)
Vi har t.o.m ein dobbeldekkar, så ein treng ikkje gå i ensemd på wc her.
Når eg var lita var vi på ferie på Jerkin i lag med tante, onkel og søskenbarna mine...
Alle vi tre ungane fekk makk i magen, og måtte dermed til lege for å få medisin. Vi fekk eit flytande middel som var rosa og smakte jordbær!! O`lykke, ingen problem med å få oss til å ta medisinen nei;9)
Ein morsom bieffekt var at vi fekk rosa bæsj, og sidan vi var så heldige å ha ein dobbeldekkar av eit ute"wc", så kunne vi studere rosabæsjen frå generalplass...
Lurer du på kva andre har komt opp med på X?? Klikk HeR I desse dagar har bloggen min 1 årsjubileum!! Har du lyst å vere med på feiringa klikkar du berre på jubileumsbildet og legg att ein kommentar i innlegget du kjem til, så er du med på trekninga!!
God helg til alle:0)