onsdag 6. august 2008

Grillkveld

I går bestemte vi oss for å invitere eit venepar på grillkveld. Tommy og Jenny er som meg veldig glade i sjømat. Det som då var heilt klart, var at delar av menyen måtte ha innslag av sjømat...


Etter ein del fundering fall valget på balsamico, chili og kvitløksmarinerte scampi med grilla brød innsett med kryddersmør til forrett:)


Godt, men hot!!


Hovedretten besto av marinert kalkunfilet, fløytegratinerte poteter og salat..
Marinaden laga eg sjølv, og i den var det olje, balsamicoeddik og worchestersaus tilsett diverse krydder. Nydeleg:)


Desserten vart eit enkelt val. Eg tykte det passa god med sjokolademousse!!

SJOKOLADEMOUSSE:

1 1/2 plate kokesjokolade
2 eggeplommar
1 ts vaniljesukker
2 ss sterk kaffe
1 ss appelsinskal
3 dl kremfløyte

Denne gongen tilsette eg i tillegg daimkuler!!
Delicious:)

Vi hadde ein kjempekoseleg kveld med god mat og godt drikke, masse latter og gode samtalar.
Takk for denne kvelden, Tommy og Jenny....

Ingen kommentarer: