
For ei tid tilbake var eg ute på tur og fann masse flott iskunst.

Første dagen hadde eg med heile familien som sukka & stønna kvar gang Mamma stoppa for å ta eit bilde...Merkeleig nok var det INGEN som var lei seg når kameraet gjekk tomt for batteri!!
Heilt uforståeleg reaksjon spør du meg;9)

Men fann likevel ut at det var greitt å gå på ekspedisjon åleine på dag to....
Sjå på alt det flotte som naturen lagar heilt på eiga hand!!
To av bilda er frå vassgrøfter der isen hadde lagt seg i eit tynt, tynt lag.
Synst det var så flotte mønster.

Tredje settet vart til sist eg hadde skuledagar....Vart så fascinert over alle isskulpturane som hang ned frå fjella at eg tok med meg kamera....
Var sannsynlegvis mang ein bilist som lurte på kva slags vesen som nærast hang frå fjellklippene for å kome i riktig posisjon...
Det ER jo viktig å ha optimale forhold!!
Hadde store problem med å velge ut kva eg skulle vise fram, og derfor vart det to store og ein mindre collage. Slik kan det gå....
Ingen av desse bilda er fiksa på.

Her er det derimot brukt boosteffekt i picnic.

Her er det plukka ut ni bilder frå fyrste ekspedisjon og lagt lag på lag i picasa.

Her er det plukka ut elleve bilder frå ekspedisjon nr tre og lagt i lag på lag i picasa.
Synst den effekten lagar utruleg flotte bilder:0)
PS! Klikk på bilda så blir dei større