fredag 30. juli 2010

Barndommens tapte paradis…

Den som kunne vore barn att, og gå på krabbejakt i fjøra eller ligge på brygga å vente på at krabbane skal bite på blåskjelagnet…Tenk å ikkje eige andre bekymringar i verden enn kor mange og store krabbar ein kan finne…

  Krabbeleit

MY CHILDHOOD GARDEN


my childhood garden
my childhood garden
lush and green
it was so happy it made me scream
my joy and hopes
and all my mopes


my childhood garden
my childhood garden
with the ups and downs
when i jumped i could not touch the ground
with my purle ponys
it made it homey


my childhood garden
my childhood garden
flying high
with the little lies
the grass fine
up in the sky my kite


my childhood garden
my childhood garden
now in the past
i now know that it can never last
now as i get taller
it was differnt when i was smaller
my childhood garden


danielle eager

Krabbejakt

Eg huskar sjølv dei mange timane vi tilbrakte på denne måten, og den komplette lykke ein følte når ein kom inn om kvelden og vart teken hand om av kjærlige hender og kjærlige stemmer spurte om dagens fangst…Ein la ut om kor mange krabbar det var å finne under steinane, for ikkje å snakke om kor mange som beit på agnet, og dei var sjølvsagt KJEMPEstore:o) Gode dagar, som eg no ser mine ungar får oppleve på same måte som meg sjølv:o)

Mitt lille land

Dette vert mitt bidrag nr 2 til Petunia sin fotokonkurranse “Mitt lille land” Kik gjerne innom for å delta sjølv, eller sjå på dei flotte bidraga!! Det vert no stillt på bloggen min ei vekes tid, då vi reiser til Tyrkia for å nyte badeliv, sol og sommar!!

KLEM LINE

onsdag 28. juli 2010

Badeglede…

Eit av dei sterkaste kjenneteikna med oss nordmenn, og då spesielt den delen av befolkninga som er under 20 år…må vere den ektefølte badegleda vi er i besittelse av:o) Her er det ikkje mykje snakk om minimumstemperatur i vatnet før ein går uti…Her badast det når veret tillet det, og ein utstyrer seg deretter…eller innstiller seg på å fryse…

Juli 2010  b

Synest dette bildet illustrerar den norske badegleda på ein god måte, og det vert og mitt første bidrag i Petunia sin fotokonkurranse “Mitt lille land”

Mitt lille land

Lyst til å vere med, eller sjå fleire bidrag?? Klikk HER!!

søndag 25. juli 2010

Dette vil eg vere med på…

Petunia arrangerar fotokonkurranse inne på bloggen sin med tittelen “Mitt lille land”… Kjempespennande konkurranse med fantastisk iniativ og  ikkje minst spennande tema!! Eg skal definitivt vere med….

Mitt lille land

…skal du?  Link og konkurransereglar finn du HER:0)

lørdag 24. juli 2010

…Måseflukt…

Juli 2010 982 b  Måsane er jammen både majestetiske og flotte i glideflukt:o)  Eg tykkjer i alle fall at det er utruleg flotte fuglar!!

Juli 2010 960 b

torsdag 22. juli 2010

Fotoshoot….

Fredag ringte svigerinna mi ned og spurte om eg hadde anledning til å ta bilder av Eirik på laurdag…

Juli 2010 715 b

Klart eg hadde, og rundt kl. 12.00 kom dei ned. Eirik oppstasa i dressen, det er nemleg takkekort i anledning konfirmasjonen som skal takast:o)  

   Juli 2010 717 b   

Litt sommarfuglar i magen må innrømmast…Det er jo mitt første “oppdrag”.

Juli 2010 745 b

Vi reiste oppover i elva, til vi fann ein passande plass å ta bilder på.

Juli 2010 723 b

Det var kjempespennande, og eg varierte med å ta bilder med begge linsene.

Juli 2010 730 bb

Han heldt seg på same plassen, medan eg sprang litt rundt for å endre vinklinga på bakgrunnen…

Juli 2010 731 b

Guten sjølv var tolmodig og retta seg lett etter instruksjonane. Vart tatt maange bilder, så dette er berre eit lite utval.

Juli 2010 744 b 

Eg veit i alle fall at der var nokre bilder han likte, så eg er spent på kva for eit han har valgt ut:0)

Juli 2010 728 b

Moro å vere fotograf, og freistar absolutt til gjentakelse.

mandag 19. juli 2010

Relax…

Mandagstema

Relax ~ eller slappe av er vekas ord i mandagstema….

Juli 2010 834 b

Det er vel neppe nokon som kan vere meir avslappa enn ein katt?? Vi mennesker har mykje å lære her, og eg kjenner jo at roa sig innover kroppen medan eg betraktar denne vidunderlege skapningen:o)

For fleire tolkningar, stikk innom HER!!

fredag 16. juli 2010

Grillparty:o)

Onsdag hadde både yr og storm meldt nedbørsfri med fine temperaturar… Vi vakna til grått og tungt ver som var alt anna enn varmt…Hmmm, då går vel grillinga i vasken i dag og, var min første tanke. Vi har lenge tenkt på å arrangere ein grillfest sidan broren til Frode, sambuaren og baby Levi skal flytte til Oslo ganske snart *snufs*…Kl. 10.30 var det framleis opplett, og temperaturane hadde stege…Frode tok med seg Fredrik og Aksel på fisking i elva, Rakel reiste til Helene, og eg heiv meg på sykkelen for ei treningsøkt…

Juli 2010 562 b

Nå eg kom att frå sykkelturen hadde temperaturen krope opp mot 20 grader og det var framleis ikkje regn i sikte. Eg sjekka på nettet, og det var framleis løfterikt for resten av dagen.

Juli 2010 563 b

Dermed heiv eg meg over tlf og sendet ut fylgjande sms: “Hei:o) Vi set vår lit til yr og storm og inviterar på grillparty for små og store i Storemyra frå kl. 18.00:o) Ta med noko å legge på grillen og det dokke ynskjer å drikke, tilbehøret held vi. Håpar dokke har anledning til å kome:o) Line, Frode, Fredrik og Rakel. Fekk raskt tilbakemelding, mest alle takka ja…Bortsett frå dei som vi ansåg som hovedpersonar, for dei hadde invitert til grilling hos seg sjølve, he he…

 Juli 2010 564 b

Eg laga potetsalat, grillpoteter som er oppkutta og krydra, bakte poteter, salat og grillgrønnsaker. Vi dekte langbord med kvit duk, papptallerkar og matchande serviettar, plastglas, lys og friske blomster frå hagen. Kl. 18.00 presis kom heile gjengen sigande, og Frode var grillmeister sedvanen tru:o) Til sammen vart vi rundt 20 stykker med stort og smått!! Broren til Frode kom og innom ein liten tur sidan det eigentleg var jentefest hos dei, koseleg:o))

 Juli 2010 577 b

Ein superkoseleg kveld med god mat, raudt i glaset familie og vener, gode samtalar…Livet kan neppe bli betre:o) Veret valgte verkeleg å vise seg frå si beste side, kl. 17.30 skein sola frå fullstendig skyfri himmel…

 Juli 2010 581 b

Det er vel neppe nødvendig å nevne at vi sto opp til regn og tunge skyer neste morgon?

mandag 12. juli 2010

Nærbilde

 Mandagstema

Dagens ord i mandagstema er nærbilde…Dette ordet er valgt bevisst framfor macro for ikkje å skreme nokon frå å vere med!! Eg er veldig glad i å gå tett på når eg skal ta bilder, og med ny macrolinse i hus(eller unnskyld: Det heiter vel ikkje linse men objekt…But who cares;o)) så er det mykje prøving og feiling for tida, he he… Dagens tema hos meg er nærbilder av orkideane mine..Då vel eg å lukke for det skriftelege og la bilda tale for seg sjølv…

ENJOY:)

Juli 2010 511 b

Juli 2010 509 b     Juli 2010 499 bJuli 2010 501 b

søndag 11. juli 2010

Sommardag…

 Vi kan vel ikkje nett seie at vi har hatt strålande sommardagar her på Vestlandet…Forholdsvis kaldt, ein del regn og når sola har våga seg fram har det som regel vore isnande kald vind *sukk*

Men det er lenge sidan eg erkjente at det ikkje nyttar å klage på veret når ein vel å fortsetje å bu på Vestlandet, det er faktisk betre å leve MED veret…Då slepp ein unna ualminneleg mange ergrelsar skal eg berre seie dokke:o)

Men I DAG var det ein av desse sjelde flotte dagane…Sola var rett nok mykje til og frå, men temperaturane kraup opp mot 30 grader. Dermed vart det spørsmål om bading, kan ein skjøne. Eg og ei venninne valgte å forbarme oss over ungane, og raska saman badekle og handdukar. Ikkje tok vi med drikke, og heller ikkje tok vi med mat…Rekna nemleg ikkje med at vikingånda vedvarte så veldig lenge hos våre håpefulle små…

Men ungane entra vatnet med frydefulle kvin, og jammen vaka dei i meir eller mindre to timar…Det kallar eg ekte vikingånd. Eg dyppa såvidt tærne nedi, og hadde i grunnen meir enn nok med det, he he…

Og jammen våga ein tredje familie seg ned og…Dermed var det åtte ungar som boltra og kosa seg saman…Til dei vaksne fann ut at no var det på tide med ei matykt…Og dermed bar det på heimveg sidan ingenting låg i veskene;o)

Av rimelege grunnar er her ikkje bilder av barn i bikini og badebukse, men heller blinkskot av det vi fant rundt oss…

Juli 2010 367 b

Ein forankringsstein som ventar trufast på båten sin…

Juli 2010 368 b

Ein båt som ventar trufast på eigaren sin…

Juli 2010 411 b

For kyndige sjeler…Er dette ein humlebille?

Juli 2010 433 b

Og kva trur dokke skjedde når vi var vel heime, maten tillaga og vi hadde sett oss ned?? Tidenes rotbløyte kom over oss som eit skot, og vi måtte regelrett flykte  i garasja til uveret hadde gitt seg. Ja sånn er det å leve i vest…

torsdag 8. juli 2010

Fem søte små…

Juli 2010 299 b

Det heiter vel så fint låvesvale….

Juli 2010 300 b 

…men har i Storemyra kan vi heller gi liv til begrepet “garasjesvale” …

Juli 2010 300 bb

For femte året på rad er dette paret tilbake i garasjen vår:o) Låvesvalane er utrydningstrua, men her hos os vert dei i alle fall reprodusert kvart einaste år!!

onsdag 7. juli 2010

Utprøving av ny macrolinse...


Eg fylte år i går, og eg fekk utruleg mange flotte gaver:o) Men dei ALLER flottaste var stativ til kameraet frå Svigermor og Heine, og ikkje minst MACROLINSE frå Frode, Fredrik og Rakel ~ 70-300 mm. Så her er to smakebitar med den nye linsa:o))
Still learning;o)

tirsdag 6. juli 2010

♥♥ Skjønne ungane mine ♥♥

Juli 2010 004 b Juli 2010 006 b

Do I need to say anymore??