Viser innlegg med etiketten Bloggaver. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bloggaver. Vis alle innlegg

søndag 10. oktober 2010

Pay it forward…

For ei tid tilbake var eg blant dei første tre som la att ein kommentar på Pay it forward-innlegget til Astrid, med DENNE koseleg/flotte bloggen:o) Det er ei stund sidan pakken kom i posten, men eg har desverre vore fykteleg treg med å få den publisert:9( Dette beklagar eg så mykje, Astrid, men no kjem den i alle fall….

Oktober 2010 015 b

Eg fekk ein innhaldsrik pakke med blant anna det som viser på bildet her. Det flotte lyset har fått følge med telys og ein annan lysestake på eit lysfat som står i stova og lyser opp kveldane…Dei andre lysa er flittig i bruk, men dette er så fint at eg har enno ikkje hatt hjerte til å tenne på det…Dei søte skilta heng på reolen i stova:o) I tillegg fekk eg og ein marsipansjokolade og nokre flotte øyredobbar. I skrivande stund har eg ein mistanke om at øyredobbane heng i øyra til dottra mi, for ho synst OG dei var veldig fine, he he…Fekk ikkje tatt bilde av dei den dagen eg tok dette bildet, og no er ikkje ho heime, og då får eg ikkje tatt bilde av dei…Får heller vise dei fram ved ei seinare anledning:o)

Oktober 2010 016 b

Serviettane var heilt nydelege, og som dykk ser har dei vore i bruk i eit middagsselkap…Koseleg å pynte bord, og endå kjekkare er det når ein kan setje prikken over ièn med slike flotte serviettar:o)

Dersom du har lyst til å vere med på dette, må du vere blant dei tre første til å legge att ein kommentar i kommentarfeltet. Reglane vidare er enkle…I løpet av 365 dagar vil dei tre som la att kommentar motta ein pakke i poste frå meg. Vidare må dei lage eit pay it forward-innlegg, og gi pakkar til dei tre fyrste som legg att kommentar hos dei att…

Lykke til:0)

søndag 5. september 2010

Premie!!

Petunia hadde gåande fotokonkurransen “Mitt lille land” var det tre premiar å hente under sjølve fotokonkurransen. Der var eg nok ikkje blant vinnarane…Men snille Petunia trekte og og ein premiant blant dei som reklamerte for konkurransen på bloggen sin….

og då kjære vener….   *Tamtaratam!!*   EG VANN!!

August 2010 227 b

Premien kom i posten i ekspressfart, og då eg opna den smilte eg litt for meg sjølv…Trur nok at ho hadde ungane mine litt i tankane ja;o) Fredrik og Rakel tok jo dette som ein sjølvfølge sida det var to av kvar, og særleg sidan det var ein buff med mannehovud og ein med kvinnehovud.

August 2010 228 b

Petunia har sjølv bekrefta i ettertid at ho tenkte på dei sjølv om det var ho mor som vann:0)

Og kjære Petunia…Sjokoladane forsvant i ein fei, og resten av premien…eller helst premiane kom i bruk på fredag når skulen var på fjelltur!! Og du…dei er meir enn godkjent:o)

TUSEN TUSEN TAKK FOR DEN FLOTTE GÅVA!! STOR KLEM frå både meg og ungane:0)

tirsdag 6. oktober 2009

UVENTA PAKKE I POSTEN!!


På laurdag fann eg ein hentelapp på ein pakke frå Tara i posten. Har lurt fælt på kva dette kunne vere heile helga...og var glad når eg var ferdig på jobb i går...svisj i posten.
Opna smartkassa og såg denne pakken inni, det var det eg rakk før ferden gjekk vidare i eit selskap.

Vel heime kl. 19.00, kasta ungane seg over pakken.
"Kva er dette, Mamma? Kan vi få opne den?"
Det fekk dei lov til så kunne eg fotografere seansen.

Gledesorda hagla og auga vaks etterkvart som Pandoras øske openberte seg;9)

"Sjå Mamma så fint"

Kjølekapsmagnet med den herlege teksta og himmelsk sjokolade. Begge deler var mist i blinken til meg, for eg samlar på kjøleskapsmagnetar og kjøper på alle plassar vi er. Sjokolade...Kva kan eg sei...Addicted!!
Eg fekk og eit nydeleg bilde av skjønne, herlege Mikael som eg har blitt så uendeleg glad i sjølv om eg aldri har truffe/eller snakka med verken han eller Tara i RL. Men det er utruleg forunderleg kor knytta ein likevel kan bli til mennesker som ein har kontakt med gjennom cyberspace. Mikael og Tara: Det bildet skal det kjøpast ramme på, og bildet skal henge på bloggeplassen min:0)

Ungane lurte sjølvsagt fælt på kven som hadde sendt alt dette til meg, og eg svarte at det var ei bloggvenninne.
Då kom det kontant frå Rakel: "Mamma, du har verdens snillaste bloggvenninne"
Og kjære Tara....Det har ho HEILT rett i:0)
Eg er så rørt over at nokon kan sende ein så fantastisk pakke til meg/oss, og vi har allerede hovuda fulle av planar på korleis dette skal brukast!!
Set uendeleg stor pris på å ha funne dokke to i Blogglandia og eg håpar og at vi ein dag kan få anledning til å treffast på "orntli"
For dei som ikkje enno har vore innom Tara, så er det på tide...Ho har fleire flotte bloggar, og tek dei mest fantastiske bilder du kan tenke deg. Mikael har og ein eigen blogg som verkeleg er verdt eit besøk!!
Varm klem frå Line

onsdag 23. september 2009

Big giveaway hos Vibeke ~ Duften av erteblomster!!

I anledning at Vibeke har passert 100000 besøk inne på bloggen sin så ynskjer ho å feire med en STOR giveaway!

Framgangsmåte om du vil vere med:
Alt du trenger å gjøre er å kopiere dette innlegget og publisere det inne på din egen blogg :)
Vinnerne blir trukket ut førstkommende søndag, lykke til venner!
Disse herlige bloggerne som du kan se under her har bidratt med hver sin gave i denne anledningen og jeg kommer til å lage et innlegg her inne denne uken om hver og en av dem slik at dere kan bli bedre kjent med dem.

tante mimmi butikken

unni strand med strand redesign

monome smykkedesign

klinkekulen ved katrine kalleklev

kasparas salgsblogg

buda mi- haust sin lille butikk

snøstorm

urban retro med urban retro-shop

tirsdag 15. september 2009

Kjære Elin...


...eg er så utruleg glad for å vere vinnaren av jubileumskonkurransen din:0)
Duken er enno finare i verkelegheita enn på bildet, og ikkje minst større enn kva eg trudde!!
Og den er berre så utruleg flott...Trur dette må vere den vakraste duken eg har hatt i hus, og det ligg utruleg mykje arbeid bak...
Dette skjønne hjertet låg i pakken og...Har enno ikkje funne den perfekte plassen å ha det...
Dette skjønne,heimelaga kortet var det fyrste eg såg då eg opna pakken, med koseleg helsing frå DENNE flotte og hjertevarme dama, som eg set så utruleg stor pris på:0)
Og ikkje nok med det...
Ho hadde lagt med litt til mine søte små og...
Rakel fekk denne kuule elektriske tannkosten, og det må seiast at Fredrik er bittelitt misunnelig ja;9)
Rakel fekk denne stilige Ole Brumm pennen og...
Fredrik fekk ein kjempetøff dinosaurpenn, som er nøye undersøkt og godkjent;0)

lørdag 12. september 2009

Jubileumstrekning er foretatt!!


Stemninga er sjølvsagt viktig når ein skal føreta høgtidelege jubileumstrekningar....
Kl. 00.05 som då vil sei at vi hadde bikka over til den 12...var eg inn på bloggen og skreiv ned alle navna og klipte opp i passelege lappar. Fram med den flotte skåla som eg fekk i bursdagsgåve med Linda(her må det berre seiast at sjølve skåla opprinneleg var sotfarga, men min kjære har då sendt den ei runde i oppvaskmaskina....)
Stearinlys må til for å fange den rette stemninga:0)

Spent rotar eg rundt blant lappane...
Og vinnaren er:

Hilde trur eg faktisk har vore med meg omtrent heilt frå min spede begynnelse i fjor haust, så det var ekstra koseleg:0)

Men vi kan jo ikkje gi oss med dette!! Det er tross alt eit jubileum på gang her...
Handa gjer seg klar att, og eg dreg opp ein lapp der det står:

Tara er vinnar nr 2!
Dette synst eg var ekstra kjekt, for Tara (og Mikael) set eg utruleg stor pris på, og dei har begge fått ein veldig spesiell plass i hjertet mitt:0)

Eg har og bestemt meg for å ta ei trekning i ein annan bunke med lappar....
Responsen eg fekk på innlegget mitt om den skjulte sorga rørte meg djupt.
At så mange tok seg tid til å legge att ein kommentar, og delte sine eigen opplevelsar set spor i mitt lettrørte og mjuke hjerte. Det bekreftar at eg tok eit riktig val ved å skrive om det...Eg ynskjer difor å dele ut ei gåve blant dei som la att ein kommentar...
Eg leitar rundt i skåla og trekk opp:

Eit koseleg nytt bloggbekjentskap som eg gledar meg til å stifte enno nærare bekjentskap med:0)
Gratulerer til vinnarane!
Send meg ein mail med navn og adresse, så kjem det pakke i posten om nokre få straksar:0)

onsdag 12. august 2009

Jubileum og gavedryss!!


Det gjekk med eit brak opp for meg at 1 årsdagen for bloggen min har passert utan at eg har vore klar over det eingong....
Visste at det var i desse tider, men trudde at det var nærare september!!
Eit raskt tilbakeblikk viste då at mitt første skikkelege innleg var lagt inn 6 august 2008, og innlegget finn ein HER!!
Det har vore eit fantastisk år på mange måtar, frå dei fyrste spede innlegga, dei fyrste kommentarane og å få augene opp for ANDRE sine bloggar...
Eg har fått mange nye vener her inne. Nokon har komt, andre har gått og atter andre har lagt ned bloggane sine.
Men i webverda har vi jo eit forum til, nemleg facebook!! Etter at Petunia oppretta facebookgruppa: Norske bloggdamer har ting skote enno meir fart og ein finn fram til kvarandre der inne og...
Blogglandia er framleis ein fantastisk plass å vere, og eg har aldri angra eit einaste sekund på at eg starta opp bloggen. Tok litt tid før eg turde å seie litt her og litt der at eg har blogg,
Skulle ynskje tida strakk til til meir kommentering på bloggane rundt omkring, men det har seg no slik at ein har eit liv utenom bloggen og...
men om det går ei tid mellom kvart besøk så er ingen gjemt og ingen glemt!!

Alle som legg att ein kommentar i dette innlegget vil difor vere innlemma i 1 årsjubileumet og gavedrysset!!

Så kom igjen folkens, legg att ein kommentar og kom gjerne med både ris og ros, er glad for tilbakemeldingar som kan vere med på å gjere bloggen min enno betre!!

SET STOR PRIS PÅ ALLE MINE GODE VENNER HER INNE!!

VARM KLEM LINE!!

Phu, det tok si tid å få publisert dette innlegget... Medan eg heldt på med det kom denne meldinga opp:
We`re sorry, but we are unable to complete your request.When reporting this error to Blogger Support or on the Blogger Help Group, please:Describe what you were doing when you got this error. Provide the following error code and additional information.... Read MorebX-xn6e55Additional informationhost: www.blogger.comuri: /homeThis information will help us to track down your specific problem and fix it! We apologize for the inconvenience.Find helpSee if anyone else is having the same problem: Search the Blogger Help Group for bX-xn6e55If you don't get any results for that search, you can start a new topic. Please make sure to mention bX-xn6e55 in your message.
Eg har kava, sveitta, vore fortvila og nesten tatt til tårene, for same kva eg prøvde kom eg meg ikkje inn på bloggen!! Såg føre meg at bloggen var historie og at eg måtte starte på scratch....
Inn på facebook og der viste det seg at det var fleire som hadde same problemet...
Men no ser heldigvis alt ut til å vere i orden att...(*kryssar fingrar*)

søndag 11. januar 2009

Se regndråper faller fra skyen ned...


Se regndråper faller fra skyen ned,
tippe tapp tapp tapp,
tippe tapp tapp tapp.
Og skyen den seiler så glad av sted,
tippe tapp tapp tapp
tippe tapp tapp tapp



Se blomstene strekker seg opp på tå
tippe tapp tapp tapp tippe tapp tapp tapp
litt regn er det sannelig godt å få
tippe tapp tapp tapp tippe tapp tapp tapp



Ein del av formiddagen vart tilbragt i denne stolen her med andre boka i Stig Larssons triologi,

som forøvrig anbefalast på det varmaste...


Etter eit innlegg på http://foreldremanualen.blogspot.com/ om nabbiperler, fekk eg Rakel til å perle litt pynt til å ha på lysspeilet!! Koseleg med noko som ungane har laga, og eg skal love at ho tok oppdraget SVÆRT alvorleg:0)


Denne flotte puta vant eg inne hos Beth med bloggen Lykkehuset(http://lykkehuset.blogdpot.com/)
Eg synst den er utruleg flott og har blitt veldig glad i den:0)

lørdag 27. desember 2008

Nissevenngåve:0)

Viste fram eit enkelt bilde av gåva frå Nissevennen min på julafta, men syns likevel den no fortjenar eit eige innlegg:0)

Slik ser den ut!! Telyshaldar frå Perfect Home...

Den er utruleg flott når ein tenner i lysa om kvelden...
Det skin og funklar og kastar skyggar på veggen!!

Vakre englar...Som bevegar seg i varmen frå telysa!!

Nydelege detaljar...

Skjønne juletre...

Heile staken...Eg har brukt levande lys innstillinga under bildetakinga for å få fram kor flott den er!!
TUSEN TAKK TIL BENTE(http://bentekarlsen.blogspot.com) FOR DEN UTRULEG FLOTTE GÅVA!!!

mandag 22. desember 2008

Gave frå Maris gavering, julekonsert og 4 søndag i advent!!

Her kjem det eit lite livsteikn frå Storemyra att!! Har vore travle dagar med lite tid til blogging i det siste...

På laurdag kom gave frå gavevennen min i Maris gavering:0)


Eit nydeleg hjerte som passa perfekt i den vesle gangen mellom soveromma.


Nydeleg blondeblomst



Vakre detaljar...


Eit hjerte til med nostalgisk motiv, samt eit koseleg nostalgisk kort!!



Skilt som skal gøymast og takast fram til det nye badet neste år:0)


Tusen takk til Mina i Minas Paradis, dette var midt i blinken!!



Julekonserten var veldig vellykka, og morshjertet flauma nesten over av stoltheit!! Kjem meir tilbake til den seinare....


Tenk at fjerde søndag i advent allerede er passert!! Dagane flyg avgårde no, og om to dagar er det jul... TANKANE dreiar faktisk litt rundt dei mange barna som ikkje gledar seg til jul, og der desse dagane som skulle dreia seg om familiekos og trygge rammer forsvinn i fyll, vold og elendigheit, endog det som verre er....Mine barn har ei trygg og god jul å sjå fram til, heldigvis!! Men sender ei bøn om at dersom ein ser at det er barn i nærmiljøet som har det vondt og vanskeleg så våg å varsle!!! Det er tøft å måtte ta eit sånt valg, men tenk på barnet som treng hjelp!!!




Så tenner vi et lys i kveld
vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi et lys i kveld,
vi tenner det for glede.

Så tenner vi to lys i kveld,

to lys for håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi to lys i kveld,
to lys for håp og glede.

Så tenner vi tre lys i kveld

for lengsel, håp og glede.
De står og skinner for seg selv
og oss som er tilstede.
Så tenner vi tre lys i kveld,
for lengsel, håp og glede.

Vi tenner fire lys i kveld

og lar dem brenne ned
for lengsel, glede, håp og fred,
men mest allikevelfor fred på
denne lille jord
der menneskene bor.