Viser innlegg med etiketten Halloween. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Halloween. Vis alle innlegg

søndag 1. november 2009

Happy Halloween ~ with awful witches and scary ninjas;9)


I går var det årets skumlaste kveld!! Med hekser, ninjaer, mannen med ljåen, Frankestein og kven veit kva anna!!


Det vert planlagt, styla og kledd ut etter alle kunstens reglar....
Det er femte året mine to går knask eller knep-runde, og fyrste gang dei ikkje går i lag. Fredrik gjekk med nokre vener frå klassen sin, og Rakel gjekk med vener frå si klasse. Litt rart når minstesnuppa no har blitt så stor og skal ordne opp sjølv...

Ho har vore med på dette frå ho var tre år, tidlig ~ I know ~ Men ho har alltidt gått hakk i hæl på broren, og snill og omsorgsfull som han er så har han gjerne tatt henne med seg...
Det første året hadde ho ei kort karriere, ut døra hos Linn Mari, der var dei ei superskummel heks og ho hylte så dei sannsynlegvis kunne høyre henne nesten til Volda;9)
Dermed vart ho att hos Irene og meg....Det vi ikkje vistte var at Fredrik og Linn Mari hadde tatt med korga hennar og forklart at ho ikkje var med fordi ho vart så redd, og folk hadde villig fyllt opp korga hennar ~ O`lykke!!

Men etter det året har ho vore 100 % med, og ho elskar det!!
Eg tenker som så at vi kan like det eller ei, og meine kva vi vil om både amerikanske og unorske tradisjonar, men faktum er at julebukken som alle elskar å samanlikne med er ein importert tradisjon og~frå Irland;9)

Eg trur nok at vi må godta det faktum at dagens generasjon veks opp med Halloween, og for dei vert det ein naturleg innlemming i norske tradisjonar som dei igjen vil vidareføre til sine barn...Og folkens, det er no litt koseleg og når gatene fyllast med søte små hekser, ninjas, mannen med ljåen, batman og ellers alt dei måtte finne på å kle seg ut som, ringer på dørene og seier så fryktinngytande dei kan: "Knask eller knep":0)
Medan våre håpefulle var ute, nytta vi anledninga til å besøke eit vennepar som er nybakte forledre, det er jo så deilig å kose med desse små.

Ungane kom opp dit når dei var ferdige, og det er vel ikkje så mange på tre veker som kan skryte på seg sånt skummelt selskap??
Ha ein fortreffeleg søndag alle saman:0)

lørdag 1. november 2008

Spooky Halloween

Sidan Fredrik begynte i første klasse har mine ungar gått Halloween....

 PA310287

Eg var litt blanda til kva eg skulle meine om det, men trur nok at dette er ein skikk som er komen for å bli enten vi likar det eller ei.... Ungane kosar seg i alle fall, og det er no absolutt det viktigaste:0)

PA310293

Det har vore ein fast gjeng som har gått i lag kvart år, og det kjem stadig nye tilskudd, så dei vorte ein heil flokk etterkvart....

PA310285

No har begivenheita vore omdiskutert og planlagt etter  alle kunsten reglar heile veka, og det er faktisk halve moroa;0)

PA310294

Kl. 19.00 bar det laust, og eg var hos Mamma`n til basen på keffebesøk, som og har vorte ein del av Halloweentradisjonen!!

PA310288

Mykje forskjellig ver har det vore på desse siste fire åra, men ALDRI så kaldt som i år, - 8 er hardt for små kroppar i kostymer sjølv om dei var godt kledde under, så runda var unnagjort på rekortid~i underkant av ein time, mot fjorårets to;0)

PA310289

Dei trekte seg i hus, og hadde party på rommet til basen~Linn Mari!!

PA310292

Det var mykje hyling og uling og latter, og vi var ikkje heime før kl 22.00, og for første gong på aldri den tid slokna begge to før hovudet landa på puta, og sov til kl. 08.30 i dag  ~Juhu....

PS!! Dersom nokon lurer på kvifor bilda er lagt inn slik, er det rett og slett for at eg ikkje fekk tillatelse til å rotere bilda?!?!? Nokon som  veit kvifor det er slik!!