Viser innlegg med etiketten Fotosafari. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Fotosafari. Vis alle innlegg

tirsdag 22. juni 2010

Etter ein tur….

i

Juni 2010 112 b

kan det kanskje passe med

Juni 2010 095 b

ein konjakk i havkanten;o)

Fotosafari

For fleire fotosafarideltakarar, stikk innom Petunia!

mandag 22. mars 2010

Vårløysing…

 Fotosafari
Ut på tur, aldri sur…På jakt etter våren og slikt kan det jo bli Fotosafariinnlegg av;9)
Februar og mars 2010 822 b
Liflige tonar frå småbekkar og ikkje minst er det herleg å sjå alt det grøne som kikar forsiktig fram under det skitne, kvite…
Februar og mars 2010 824 b
Deilige dråpar og fuktigheit som oppstår av snøsmelting, ja dette vil vi sjå meir av!!
Februar og mars 2010 826 b
“What?? Are we in danger of beeing eksecuted by the spring? A hole family? Oh my god, this is awful!!”
Februar og mars 2010 843 b
Nokre isflak heng seg fast på småøyer som stikk opp av elva…
Februar og mars 2010 809 b
…og andre flyt fritt med straumen…
Februar og mars 2010 849 b
Diamantdropar på trea framfor frost og tung snø…Ja det er eit herleg vårteikn!!
Februar og mars 2010 827 b
Og like sikkert som at våren kjem, så dukkar desse venane opp og…Til skrekk for nokre og til glede for andre:0)  Ynskjer alle ein vårleg mandagskveld.

onsdag 16. september 2009

Fotosafari ~ I edderkoppens rike!!


På veg til Førde møtte eg eit utruleg flott syn...
Sola skein på tonnevis av edderkoppspinn. Nydeleg, og heldig for meg hadde eg fotoapparatet med meg:0)
Det var berre å finne ein plass å sette bilen og komme seg på safari med apparatet....
Klikk gjerne på bilda for større og skarpare versjon.
ENJOY!!














Hos Petunia finn du ei eiga liste over Fotosafarideltakarar.

torsdag 21. mai 2009

Ein herleg dag!!


Fekk telefon frå Tone i dag tidleg om vi hadde nokon planar for dagen...
"Neei, ikkje noko spesielt, veit berre at Fredrik skal vere med Bestefaren til Vik for å sjå Onkel Ole Jørgen spele fotball!!"
"Vil dokke vere med på tur då?"
"Klart vi vil det"
Vart einige om å treffast klokka 13.00...

Vi køyrde opp til Allversstølane, og gjekk vidare derifrå!!
Måtte krysse elva med det same...Sidan det kan vere litt skummelt før ein er innkøyrd i turmodus, er det godt med ei støttande hand!! Men når ein er varme i trøya er det kjekkast å klare seg sjølv;9)

"Line, har du sett Rakel og Johannes?"
"Nei, det vart brått vekke...."
"Hmm, dei for så fort, dei er vel gjerne komne opp til vatnet alt"
"He he, ja det skal vi vel ikkje sjå vekk i frå...Det er ikkje noko lyd frå dei, og ikkje ser vi i ryggane heller..."
"Kviskrar: Her trur eg det er småvettar, vi får skunde oss forbi..."
Ikkje noko som er så kjekt som når dei vaksne er med på leiken;9)


Var litt maurtuer oppover, og det er utruleg fascinerande å studere aktiviteten...Iblanda ein dose skrekkblanda fryd, for tenk om dei kravlar over på oss!!












Ikkje noko som smakar så godt som friskt fjellvatn rett i frå elva....











Maten smakar utruleg godt i det fri!!
Spennande å utfordre og tøye grenser...
Det høyrer med til historien at det var vanskeleg å kome seg tørrskodd i land;9)
Utruleg spennande å studere froskeegg...Dei ville gjerne ha med seg froskeegg heim, men vi vart einige om at vi heller kunne reise oppatt til vatnet med jamne mellomrom for å studere utviklinga!!
Nydelig utsikt...
Fredrik hadde plukka blomster til meg på fotballbana i Vik og endå fleire når dei venta på ferga...Slikt smeltar eit Mammahjerte av sjølvsagt....Dermed kom dei raskt i vasar, og Fredrik bugna av stoltheit!! Den skjønne store, men ennå lille gutten min...
Det har vore ein god dag på alle måtar etter nokre tunge dagar...
I går var det begravelse, noko som var utruleg tøft, men samtidig gjorde det utruleg godt å vere tilstades....Livet går vidare, og Lene vert gøymd som ein dyrebar skatt i eit eige rom i hjartet mitt...

tirsdag 10. mars 2009

Undring....


Søndag vakna vi til striregn og vind, som på ingen måte såg ut til å ville avta i løpet av dagen....
Men ut på tur SKULLE vi, så fekk no berre veret leve sitt eige liv!!
Det er jo og noko som heiter:
"Det finst ikkje dårleg ver, berre dårlege klær"
Vi rusta oss med kakao, niste og popkorn og dermed var vi klar...
Undervegs var tanken ganske klar.
Veret var`kje nøye,
moro skulle det vere lell.
I undring vi stoppa,
kva var det for spor?
Hjorten er gjenkjennbar,
men kvar var han på veg??
Er det harehuler??
Og har haren øydelagt for mauren??
Når ein ut på tur skal gå,
ja då er pausematen viktig...
Vi stoppa ved tømmeret,
her var vi klar for rasten...
Noko varmt er godt i koppen,
og jammen smaka maten...
Veret bar vi med oss,
vi hadde regn, sol, snø, sol, sludd og vind...
Men morro var det lell!!
I ruinane vi søkte...
Kva skjulte det seg her??
Ein gammal sykkel det var sikkert...
Men var her kakebokser?
Ein gammal sinkbalje vi kunne konstantere,
men kvar var det som hadde vorte mala?
I all elendigheita,
reiste vindauget seg så stolt!!
Kva har du å fortelle?
Kvifor er du like heil?
Kven har du eingong gleda?
For vakker har du vore!!
For veret har du sperra,
til glede for bebuarar!!
Har det vore barn her?
Sat dei eingong på trappa?
Fann dei glede i å leike?
På same vis som vi gjer?
Er det lenge sidan drifta stogga?
Og kva var den gong grunnen?
Var barna med i fjøsen,
og likte dei arbeidet?
Ja, spørsmåla er mange,
og svara dei er få.
Men drøyme kan vi gjere,
og skape svara sjølv!
Takk for at du var med på ferden,
på denne undringa vår i dag:0)

lørdag 28. februar 2009

Naturens eigne kunstverk!!


For ei tid tilbake var eg ute på tur og fann masse flott iskunst.

Første dagen hadde eg med heile familien som sukka & stønna kvar gang Mamma stoppa for å ta eit bilde...Merkeleig nok var det INGEN som var lei seg når kameraet gjekk tomt for batteri!!
Heilt uforståeleg reaksjon spør du meg;9)

Men fann likevel ut at det var greitt å gå på ekspedisjon åleine på dag to....
Sjå på alt det flotte som naturen lagar heilt på eiga hand!!
To av bilda er frå vassgrøfter der isen hadde lagt seg i eit tynt, tynt lag.
Synst det var så flotte mønster.

Tredje settet vart til sist eg hadde skuledagar....Vart så fascinert over alle isskulpturane som hang ned frå fjella at eg tok med meg kamera....
Var sannsynlegvis mang ein bilist som lurte på kva slags vesen som nærast hang frå fjellklippene for å kome i riktig posisjon...
Det ER jo viktig å ha optimale forhold!!
Hadde store problem med å velge ut kva eg skulle vise fram, og derfor vart det to store og ein mindre collage. Slik kan det gå....
Ingen av desse bilda er fiksa på.

Her er det derimot brukt boosteffekt i picnic.

Her er det plukka ut ni bilder frå fyrste ekspedisjon og lagt lag på lag i picasa.

Her er det plukka ut elleve bilder frå ekspedisjon nr tre og lagt i lag på lag i picasa.
Synst den effekten lagar utruleg flotte bilder:0)
PS! Klikk på bilda så blir dei større

søndag 1. februar 2009

Ut å setje spor etter oss....


Det poppa opp ei utfordring frå Petunia om å kome oss ut i helga, ta med oss kamera og setje spor etter oss. Deretter skulle vi legge det ut på bloggen innan mandag!!
Det er herved gjort Petunia:0)


Her har vi bokstaveleg talt sett spor etter oss...
Dette er på baksida av huset vårt.



Vi har som tidlegare nemnt ei ganske stor tomt med mykje tumleplass...
I enden av tomta laga vi til ein vintergrillplass i 2003. Denne har vi nytta mykje etter det, og hatt stor glede av den:0)
I år har vi ikkje grilla der nede, og vi fann no ut at det var på tide med eit ettersyn...
Vinden hadde flytta grillen frå gruva og bort til gjerdet, bordet var velta, men "stolane" sto støtt!!


Ei flott furukvist!!


Litt forfrossen tyttebærlyng klamrar seg opp mot ein stolpe, og noko overskuddsvatn er frose til is før det rakk å renne vekk...


Utruleg flott lys når sola skin ned på toppane...Vi lengtar etter sola, men snart, snart...I dag var ho inn på stova og dansa over møblane i ca 2 minutt:0)


Nesten litt trolsk stemning av sola, skyggen og frostrøyken...


Piggtrådgjerdet strekkjer seg mot himmelen og konkurrerar med bjørka om å ta seg best mogleg ut...


Dartbrettet har nok desverre sett sine beste dagar, og det er nok duka for eit nyinnkjøp til våren!! For dart må ein sjølvsagt ha;0)


Ein collage av noko av det vi har sett av forfrosne vekstar i hagen i dag....


Der som ingen skulle tru at nokon kunne bu...
Fullt så dramatisk er det nok ikkje på Hatlebrekka, men garden ligg einsamt til langt oppe i bakkane!!
I dag låg garden bada i sollys og det må innrømmast at vi misunte dei litt...


Stemningbilder....


Her ligg restane av klatretreet vårt som Sunnfjord energi saga ned til grunnen utan å varsle oss på ein skikkeleg måte...Det har vore fellt mange tårer over dette flotte treet!!
Det vart ingen strabasiøs eller utfordrande tur i dag....Men jammen har vi kosa oss på vår eigen tuft allikevel, og det var kjempekjekt å ta ein fotosafari rundt på eigendomen!!
Takk for sparket, Petunia