fredag 3. desember 2010

Back on track....

...at least for a moment...
Pcèn ser ut som den har takka for seg. No har Fredrik maskina si heime i helga, så då får eg nytte anledninga til å blogge i alle fall pittelitt...
Har så mykje eg ynskjer å blogge om for augneblikket, og så skjer dette...typisk!!
Ellers har det og vore travle veker siste tida...med lokale lønnsforhandlingar, uenigheit om juleturnusar, kurs i turnusprogram på data og kurs i NSF..men jammen er det jo utfordrane og kjekt og...just the way i like it:o)
Juleforberedelsane går sin skeive gang opp i alt dette, og no ser det ut som det eine objektet på kameraet mitt og har takka for seg...Får vel berre levere det inn og høyre kva dei seier!!
Med temperaturar heilt ned mot - 20, er det heller ikkje til å kome frå at det har vore kaldt...men du verden så vakkert det vert ute då...
Fotomessig er forholda heilt fantastiske, noko eg håpar bilda mine vil vise...Då seier eg ikkje meir, og let berre bilda tale for seg:o)
ENJOY!!








onsdag 3. november 2010

Himmelsk

Dette bildet er teke så langt tilbake som i mars…Eg har lagt til litt effektar på det, som passar med stemninga som budde i meg då eg tok bildet….

Fokus

Tidleg i mars fekk me nemleg melding om at sambuaren til ei av mine beste venninner…som vart ein nær ven som me sette umåteleg stor pris på vart gått bort…i ein alder av 40 år!! Sjokket var stort, både for familien sjølv og for omgangskretsen. Eg reiste åleiene oppover til Volda for å bistå familien og vere ei støtte gjennom dei fyrste tunge dagane. Eg budde i huset, då det var greit at der var nokon som kunne bistå i det praktiske og i dei daglege gjeremåla. Eine kvelden hadde eg nokre timar på besøk hos systra mi, der eg fekk kose med mine uberskjønne tantebarn, og få snakke om mi sorg med Mamma og systra mi. På veg nedatt til venninna mi var kveldshimmelen så utruleg flott, så eg stoppa for å ta eit bilde…Det gjenspeila både sinnstemninga mi samtidig som eg fekk ein eigen indre ro av å beskue det flotte synet:o)

For fleire  Himmelsk 2 e betraktningar, ta turen innom HER:o)

mandag 1. november 2010

Halloween…

Kanskje ikkje så overraskande at mandagstemaordet i dag var Halloween, he he…Fredrik var heime frå skulen fredag og har vore forholdsvis pjasken heile helga med feber og stygg hoste. Vi vart difor einige om ei alternativ Halloweenfeiring i eit demokratisk familieråd. Etter tidlegvakta søndag, stakk eg innom bensinstasjonen å kjøpte ein dugeleg pose med smågodt, chips, dip og ein familiefilm.

Halloween

Etter middag rigga vi oss til i tv-kroken med ei STOR skål med smågodt, chips, dip og brus. Rakel fekk kle seg ut og dille litt med hår og sminke. Resultatet vart ei kjempekul Halloweenheks. Heile familien samla i kosekroken med god film og haugevis med snop…Slett ikkje å forakte som alternativ Halloweenfeiring;o)

Mandagstema

For fleire flotte Halloweentolkningar, klikk deg inn HER!!

onsdag 27. oktober 2010

Himmelsk!!

Onsdag og himmelske opplevingar står på programmet;o) I dag er det ein ubeskriveleg trist, grå og regnfull dag…så desverre ikkje mykje himmelsk å avbilde…
September 2010 174 b
Tok ein dykk i arkivet og drøymer meg ein mnd tilbake i tid!! Vi hadde det i alle fall ubeskriveleg flott i september:o)
Himmelsk
For fleire himmelske augneblikk, klikk deg inn HER!!


(Edit:Fått litt spørsmål om kva dette fjellet heiter, og eg må berre ærleg innrømme at eg har ingen anelse...Det kan i alle fall beskuast i Bjørkedalen. Eg stoppa berre for å ta bilde då eg synstest forma på det var utruleg stilig...)

søndag 24. oktober 2010

Maratondag!!

I dag har det vore “one of those days”…Ein slik dag ein skulle ynskje seg eit sett ekstra av både hender og føter… Fyrst fekk vi melding om frivilleg trening for Fredrik i gymsalen, noko han gjerne ville vere med på. John tok han med opp, men skulle ikkje nedatt. Eg måtte i gang med kakebaking til basaren på grendahuset. Fekk kaka i ovnen og heiv meg i dusjen…fekk melding om at treninga snart var over. Berre å hive seg i bilen og hente han. Nedatt og sjekke at Rakel såg skikkeleg ut, få kaka ut av ovnen. Jage Fredrik i dusjen…Rakel og meg i bilen…kome oss opp på kyrkjelydshuset der det var basar og 25 årsjubileum for kyrkjelydshuset. Koret som Rakel er med i skulle debutere for publikum. Dei var kjempeflinke til tross for litt premierenervar:o) Ved ei passande anledning var det berre å trekke seg tilbake…heim å pynte kake…så bar det vidare på grendahusbasar her hos oss!!

Barn ved bru

Då vi var ved vegs ende, bar det heimatt…kom på at her hadde det vel ikkje vore skikkeleg matinntak sidan frukost. Berre ein ting å gjere, sette i gang med middag. No er nydeleg steinbitmiddag inntatt(oppskrift kjem på matbloggen etterkvart)

  Mine søte små

Snart skal ungane i seng, ho mor skal innta sofaen med beina høgt…fotball surrar på tv`n *sukk* Ja , ja eg har no heldigvis ei nystarta bok som eg kan kose meg med:o)

Søskenkjærleik

Ynskjer alle som er innom ei fin, ny veke!! KLEM LINE:o)

torsdag 21. oktober 2010

Toppen av lykke

Reknar med at snøen kom like brått på småfuglane som på meg…dei var i alle fall raskt på plass når meisbollane vart heng ut i dag tidleg:)

Oktober 2010 192 b

Lykke for meg å nyte synet av kvitrande småfuglar, og lykke for småfuglane at nokon huskar på dei…Dette må vel kallast ein vinn-vinn situasjon?

Oktober 2010 190 b

Ynskjer alle som er innom ein strålande torsdag!! Her er det FULL vinter….KLEM

onsdag 20. oktober 2010

Himmelsk!!

Onsdag og tid for himmelske bilder att:)

Oktober 2010 188 b

Slik såg toppen av Storehesten ut i dag. Eit flott syn med sola som skin på den kvite snøen på toppen. Himmelen er blå så langt auget rekk, og då satsar vi på at snøen berre held seg der oppe i dag!! Ser på facebook og høyrer at det har vore snø veeldig mange plassar i vårt langstrakte land, så foreløpig føler eg meg priviligert som berre kan nyte den som utsikt;o)

Himmelsk

For fleire himmelske innlegg, klikk deg inn HER!! Ynskjer alle ein strålande onsdag…Med eller utan snø:o)

søndag 17. oktober 2010

Make over av gutteseng

Litt tidlegare i haust fekk vi tilbod om å overta ein sengebrisk frå svigerinna og svogeren min. Dette var jo sjølvsagt ikkje eit tilbod ein kunne takke nei til…

Oktober 2010 001 b

Vi avgjorde ved hjelp av demokrati at denne kunne Fredrik få. Sidan dess har den stått på vent i garasjen, då den nye eigaren ynskte å ha den i svart. I forrige veke tok eg meg endeleg på tak. Fekk kjøpt svart bengalakk glansgrad 90, og dermed var det berre å sette i gang:o)

Oktober 2010 010 b

Pussa lett over med fint sandpapir og vaska med salmiakkvatn. Valgte å ikkje grunne sidan bengalakk sit veeldig godt.

Oktober 2010 012 b

To strøk var det som skulle til. Senga vart svart, blank og fin…og eigaren er superfornøgd:o)

onsdag 13. oktober 2010

Himmelsk

"Bakom skyene er himmelen alltidt blå"...heiter det i ordtaket...
Der det er blå himmel er det vel og sol? 
Noko som bildet mitt denne gangen kan bekrefte:o) Mandag var det tung og tett skodde, men brått såg vi eit lysglimt...Ut på trappa og der kunne vi skimte sola gjennom skoddedekket...Smått om senn måtte skodda vike for både den blå himmelen og sola, og eit fantastisk haustver gjorde seg gjeldande!!
For fleire himmelske tolkningar hos Petunia, klikk HER
Ha ein HIMMELSK aften:o))

mandag 11. oktober 2010

Hei Mamma:o)

Ungane mine er på fjelltur…Når dei kom på toppen av Sygnefjellet ringte dei for å seie HEI!! Eg tusla ut på tunet med kameraet

Oktober 2010 080 c

…og her er dei!!

Oktober 2010 081 b

Noko uklare og kornete bilder…Men med tanke på at eg står på tunet og ungane er på toppen av fjellet så er eg likevel ganske fornøgd:o)  Då er det vel ingen veg utanom…eg må ut att til malingsspannet *sukk*

Ha ein fin dag alle, klem…

søndag 10. oktober 2010

Pay it forward…

For ei tid tilbake var eg blant dei første tre som la att ein kommentar på Pay it forward-innlegget til Astrid, med DENNE koseleg/flotte bloggen:o) Det er ei stund sidan pakken kom i posten, men eg har desverre vore fykteleg treg med å få den publisert:9( Dette beklagar eg så mykje, Astrid, men no kjem den i alle fall….

Oktober 2010 015 b

Eg fekk ein innhaldsrik pakke med blant anna det som viser på bildet her. Det flotte lyset har fått følge med telys og ein annan lysestake på eit lysfat som står i stova og lyser opp kveldane…Dei andre lysa er flittig i bruk, men dette er så fint at eg har enno ikkje hatt hjerte til å tenne på det…Dei søte skilta heng på reolen i stova:o) I tillegg fekk eg og ein marsipansjokolade og nokre flotte øyredobbar. I skrivande stund har eg ein mistanke om at øyredobbane heng i øyra til dottra mi, for ho synst OG dei var veldig fine, he he…Fekk ikkje tatt bilde av dei den dagen eg tok dette bildet, og no er ikkje ho heime, og då får eg ikkje tatt bilde av dei…Får heller vise dei fram ved ei seinare anledning:o)

Oktober 2010 016 b

Serviettane var heilt nydelege, og som dykk ser har dei vore i bruk i eit middagsselkap…Koseleg å pynte bord, og endå kjekkare er det når ein kan setje prikken over ièn med slike flotte serviettar:o)

Dersom du har lyst til å vere med på dette, må du vere blant dei tre første til å legge att ein kommentar i kommentarfeltet. Reglane vidare er enkle…I løpet av 365 dagar vil dei tre som la att kommentar motta ein pakke i poste frå meg. Vidare må dei lage eit pay it forward-innlegg, og gi pakkar til dei tre fyrste som legg att kommentar hos dei att…

Lykke til:0)

onsdag 6. oktober 2010

Himmelsk

September 2010 307 b

Nydeleg solnedgang tatt frå terassen til barndomsheimen min:o) Eg tykkjer kraftlinja øydeleggjer litt inntrykket i bildet, men den er desverre vanskeleg å gjere noko med;o)

Himmelsk

For fleire himmelske bilder, trykk  HER!!

tirsdag 28. september 2010

Minner i skattekista

  Fredag pakka vi bilen og sette kursen oppover mot Sunnmøre. Frode hoppa av på Eid, der Terje venta på han. Dei vende nasa mot Barmen og skikkeleg guttehelg med fisking på menyen:o) Ungane og eg reiste vidare til Volda.vergudane viste seg fram frå si beste side heile helga, og vi har hatt eit fantastisk haustver…

Fredrik og Rakel

Fredag var vi invitert i bursdagsselskap til Julie Kristin som no vert heile 4 år, og er blitt stor jente. Sidan det var så fint ver valde vi å henhaldsvis gå, skate og gå på rulleskøyter til Volda….og sånt vert det jo mange flotte bilder av;o)

Rulleskøytejenta

Rakel er framleis ikkje 100 % stø på rullekøytene, og føretrekk å støtte seg på Mamma. Men ho stavra seg avgarde heile vegen til Volda, og vart flinkare etterkvert som vi la metrane bak oss!!

Skateguten

Fredrik skata som ein meister, og hadde det skikkeleg gøy på brettet. Fekk vise seg litt fram og prøve seg på litt bakkar. Kjempemoro!!

Bursdagsjenta

Vel framme vart vi møtt av eit oppspelt bursdagsbarn, og ein sindigare lillebror;o) Ho fekk mange fine gaver, og det vanka god mat til både små og store. Bursdagsjenta hadde valgt kyllingvingar med tilbehør, og bursdagskaka var sjølvsagt yndlingen: Sjokoladekake!!

Benditcup

Laurdagen besøkte vi grava til Besta/Oldebesta, Pappa/Morfar og Asle…før vi sette kursen mot Volda stadion og Benditcup for å bivåne Gaute, Anna og Ylva. Heldigvis fekk vi sett alle tre i aksjon og attpåtil fått i oss litt mat før turen gjekk vidare på besøk til Farmor/Oldemor.

Oldemorbesøk

Farmor hadde bursdag 17 september, så vi hadde sjølvsagt med oss gåve…ein deilig andletskrem. Ungane utforska som vanleg den spennande senga, før dei fann nokre puslespel.Farmor var tidlegare ein kløppar i å legge puslespel, og ho mora seg stort med å følge med på ungane når dei pusla. Ho hjelpte dei og aktivt med å foreslå kva bitar dei kunne prøve, og før vi visste ordet av det hadde to timar gått. Ei utruleg triveleg stund for både små og store.

Søskenbarntreff

Søndagen opprann med eit strålande ver. Bollebaking måtte til, for kl. 10.30 hadde vi avtalt søskenbarntreff. Mange var heime denne helga, og då var det utruleg triveleg at ALLE hadde anledning til å kome. Vi fann ut at det beste var å vere ute, og avtalte å møtest i Oppigarden barnehage som har eit fantastisk uteområde som fengar alle ungane…frå den minste til den største.Til saman var vi 28 stk. Praten gjekk livleg og ungane fekk utfalde seg med dei orka. Vi pakka ikkje saman før nærare 14.30. Denne helga har opplevelsane stått i høgsetet, og vi hadde mange gode minner å ta med oss heim og gøyme i minneskattekista…

onsdag 22. september 2010

Himmelsk

  Då er det onsdag att, og tid for å kike litt ekstra opp…sidan temaet er HIMMELSK!! Nesten 50 stk vart med i første runde,seier Petunia…Det har vore ei flott reise denne veka,med utruleg mange flotte bilder:o)

Skybankar

Mitt bilde i dag er heilt frå i fjor sommar.Vi var i Bogen å bada, og på veg oppatt kom formeleg denne skyformasjonen seglande mot meg…og DER var kameraet….KLIKK!!

Himmelsk

Gledar meg til ei forhåpentlegvis like flott HIMMELSK rundreise HOS PETUNIA som i forrige veke:0)  Ser deg der…Ha ein fin dag!!

mandag 20. september 2010

Waterfalls…

Fengslende fossefall

September 2010 101 d

Hun går ute i høstnatten
Inhalerer den kalde natteluften

 September 2010 099 bb
Skogen omringer henne,
og trærne strekker lange grener
etter henne i takt med vinden

September 2010 094 bb
Høstmørket omfavner landejorden
Måneskinnet lyser over døde,
fargerike blader som har
lagt seg forsiktig på bakken
De flytter seg for den elegante vinden

September 2010 097 bb
Hun tusler videre med forsiktige steg
Ekshalerer luft som legger seg som
et tynt duggteppe over ansiktet hennes

September 2010 094 bb
Dugget forvandler seg til dråper
som stryker henne over den bleke huden

September 2010 093 cc
Den majestetiske fossen bruser like i nærheten
Det fuktige, grønne gresset bøyer
seg for henne i det hun tar lette skritt

September 2010 096 bb

Hun kommer til fossefallets topp,
kikker med begeistring på stjernehimmelen

September 2010 093 dd

Hun hopper
Smerten forsvinner,
og sjelen finner fred

September 2010 098 bb^

~  Xariali  ~

Fann diktet inne på Skrivebua, og eg må seie det  var fengslande at ei jente på 17 år kan skrive så gripande…