fredag 5. februar 2010

Datatrøbbel!!

Har no vore utan pc i to veker *Sukk*
Datamaskina takka brått for seg, då eg slo ho på fekk eg berre ei feilmelding og at maskina stengte pga sikkerheitsmessige årsaker.
Desverre hadde eg store mengder med bilder som ikkje var lagt over på ekstern harddisk, og det må og nevnast at eg hadde tenkt på backupen i fleire dagar utan å kome meg i gang *flau*
Maskina er kjøpt på Elkjøp, og først meinte dei at det ikkje var muleg å redde bilda. Dette trudde eg ikkje heilt på, så eg ringte min reddande Engel når det gjeld data: Lillesøstra mi Tina, og ho kunne fortelle meg at det burde vere fullt muleg å få til...Dersom dei ikkje ville, så skulle ho prøve å få ordna det til meg...
Du er min Guardian Angel, Tina, og eg er så utruleg takknemleg for at du ville hjelpe ei storesøster i nød sjølv om du har ein barnedåp å tenke på!! Love U:0))
Reiste på Elkjøp for å hente maskina, men då hadde dei snudd litt på flisa, men det kom til å koste meg 900 kroner...
Etter nesten ei veke fekk eg telefon om at dei ikkje fekk det til, men dersom eg ville kunne eg levere den inn på ein databutikk.
Henta maskina og leverte den inn på Kontorsenteret, og dei fiksa backupen på ein halv time, og tok ikkje meir enn 290 kr for det heller.
Konklusjonen er i alle fall at i framtida skal eg halde meg til fagkyndige når eg skal investere i datautatyr, og Kontorsenteret har etter å ha ytt glimrande service og gitt gode råd skaffa seg ein kunde for livet:0))
Det er ein eller anna systemfeil på maskina, og no er den på nytt innlevert Elkjøp sidan dette vert dekka av garantien.
Har fått lånemaskin, og ventar i spenning på fortsettelsen....
Ellers skjer det jo forskjellig her i huset da, og eg gledar meg til å vere tilbake og vise bilder og fortelje om badet frå den spede byrjing til sluttført resultat:0))
Helgeklem frå Line