lørdag 24. april 2010

Så kule bilder…

April 2010 378 c

...Kan det bli av litt matlaging ;o)

god helg!!

fredag 23. april 2010

Eksperimentet…

I forrige veke kom Fredrik heim frå skulen, kasta sekken frå seg og gjekk rett i kjøleskapet. Noko som ikkje er heilt vanleg for denne unge mannen, det store spørsmålet brukar helst å vere “Kva skal vi ha til middag?”

Så erklærte han at han skulle lage sveler.”Vi har surmelk, Mamma, så det går heilt greit”

April 2010 225 b

Eg undra meg no litt over kva dette var, og svaret kom kjapt og utan betenkningstid: “Kjemieksperiment i naturfagboka, som vi har i lekse” Guten sette i gang…Leitte fram ingrediensane, vekta, bakebollen, miksaren og takka.

April 2010 208 b

“Det er viktig å måle opp ingrediensane, Mamma, slik at oppskrifta vert riktig”  Måtte jo sei meg einig i det…

April 2010 211 bApril 2010 213 b

Han målte opp ingrediensane med stor nøyaktigheit,

April 2010 210 bApril 2010 218 b

og så var det berre å piske i veg….

April 2010 224 bApril 2010 228 b

Røra vart ferdig og takka passeleg varm, og så gjekk han laus på steikinga med stor iver:0) Å snu svelene er litt sånn gruspennande…Og han var kjempstolt når dette gjekk som fot i hose…

April 2010 226 b

I år har dei eit læreverk som heiter Yggdrasil, og eg må berre ta av meg hatten. Dei lærer naturfag på ein utruleg flott måte, og dei har eksperimentert seg gjennom heile året. Dei har hatt edderkoppherbarium, som det og vart edderkoppbabyar i, dei har eksperimentert med forskjellige former for papirfly, dei har laga seg rakettar og musefellebilar og eg veit ikkje kva…Det siste var altså kjemi på kjøkkenet…og her i heimen må vi konkludere med at dette vart eit særs vellukka eksperiment, for svelene smakte fortreffeleg!!

mandag 19. april 2010

Ein verdig debut!!

April 2010 322 b I dag debuterte gutane våre i seriefotball. Det er ofte ein stor  overgang for ungane å gå frå miniputtnivå med fem spelarar og lita bane, der kampane er på ca 15 minutt …

April 2010 306 b

til  lilleguttnivå med stor bane , åtte spelarar og 2 x 30 minutt.

  April 2010 321 b  

Det vart ikkje seier i dag, men dei takla overgangen kjempegodt og scora to heiderlege mål.

April 2010 323 b

Innsatsviljen og ståpåmotet var på topp, og både trenarane, foreldra og ikkje minst spelarane sjølv er strålande nøgde med den verdige debuten:0)

April 2010 314 b

Heia Gaular!!

mandag 12. april 2010

Betre enn dette kan det neppe bli…

April 2010 130 b

Dagen i går var verkeleg ein super vårdag. Til tross for lovnad om sol frå meteorologane, så glimra den med sitt fråver. Men det var no opplett, mildt og fint allikevel. Vi bestemte oss for å reise til fjells, og fekk med oss fleire vener:0)

April 2010 133 b

Vi pakka ned mat, drikke og grillutstyr i bilen, hengte på sykkelstativ og lasta opp syklane, så var vi klar for avreise.

April 2010 138 bApril 2010 154 bApril 2010 142 b

Det er framleis for mykje snø til at vi kan gå direkte i fjellet, men området vi campa i har ein veg som egnar seg glimrande for sykling. Her var det berre å sette utfor bakkane…Og uttrykket “kva har du, kva dreg du” fekk ei ny meining. Ikkje noko problem å få fart på verken trøer elller sykkel, og det var god trim å sykle oppatt bakkane, he he…

April 2010 134 b

Mat må jo heltane ha, så då var det berre å plukke fram maten…

April 2010 148 b

og la grillmeisteren gjere jobben sin…

April 2010 178 b

Kokken fekk og eit ord med i laget, så i tillegg til pølser og vanlege hamburgerar vart det og kyllinburger på menyen. Framgangsmåten på den finnast inne på matbloggen.

April 2010 174 b

Når syklinga var unnagjort vart det og tid for anna leik og moro…Litt kasting av stein i søledammar, snøballkrig og sisten:0) Hos dei vaksne gjekk praten lett og ledig om mangt og mykje… Ein perfekt søndag ettermiddag med andre ord!

fredag 9. april 2010

GOD HELG :o)

Påska har flytta ut for denne gang. Dukar er strokne og skogen har flytta inn på spisebordet. Har funne noko “stjernemose”, bjørk, gåsungar og ein solbærkvist som duftar himmelsk!!

April 2010 105 b

GOD HELG til alle gode her ute…

April 2010 107 b

KLEM LINE

torsdag 8. april 2010

Gratulerer med dagen, kjære!!

Februar og mars 2010 005 b

Den snille, gode, arbbeidsomme, flotte pappaen til våre herlege barn og mannen i mitt liv fyller år i dag!!

Februar og mars 2010 012 b

Du er alltidt til stades for oss og stiller opp der det trengs.

Februar og mars 2010 143 b

You are ONE OF A KIND!!

Februar og mars 2010 187 b

Glad i deg ♥ ♥ ♥

tirsdag 6. april 2010

Gult ER fortsatt kult…i alle fall i min heim…

April 2010 045 b April 2010 050

April 2010 047 b April 2010 051 b

April 2010 052 b   April 2010 060 b

April 2010 065 bApril 2010 059 b

April 2010 071 b  April 2010 072 b

 April 2010 054 bApril 2010 073 b

April 2010 061 bApril 2010 068 b

EG tykkjer i alle fall at gult høyrer til i heimen når det er påske. På same måte som eg meinar at lilla høyrer til i adventstida og raudt høyrer til i jula.Ingenting er som å leite fram den heimelaga pynten som ungane har komt heim med frå skule og barnehage, og noko har vi endog laga heime og på påskeverkstad i bedehuset. Litt kjøpepynt har etterkvart føya seg inn i rekkjene, men det er det heimelaga som dominerer. Vi har dukar som anten er gule eller har noko gult i seg, gule blomster og ikkje minst gule lys. Alt dette er med på å skape den rette påskestemininga i vår heim.

Denne påska har vi og vore i ein stemingsfull og flott barnedåp til vårt yngste tante/onkelbarn som har fått det flotte navnet Levi. Vi var invitert til dåp i eit gammalt kapell. Der finst ikkje elektrisk lys og det skortar nok litt på varme og. Men det var utruleg stemningsfullt med levande lys i lysekronene, og ein vart nesten andektig når presten sto på preikestolen og las frå Bibelen i skinet frå stearinlys. Ei problemstilling som presten tok opp i preika si, var frå media. Tilfeldige personar hadde blitt spurt om kva påska stod for og kva som skjedde på dei forskjellige dagane. eg høyrde det same programmet, og tykkjer som presten at resultatet var nedslåande. Mange ante eigentleg ikkje kva påska sto for, nokon trudde at Jesus døydde skjærtorsdag, andre meinte det var den dagen han sto opp att, medan atter andre berre synst det var herleg med nokre ekstra fridagar og ikkje kunne ein døyt om kva som skjedde i påska. Eg håpar og trur at eg kan lære mine born meir om den kristne trua enn som so…Og ein rask spørreundersøkelse slo heldigvis fast at dei kunne ein del…

Eg meinar og at det å halde på tradisjonar, og halde på fargane som høyrer dei forskjellige høgtidene til, er med på å skape gode tradisjonar, godt utgangspunkt og gode rammer rundt essensen i kvifor vi feirar advent, jul, påske og pinse….Så her i huset vert nok verken advent, jul eller påske kvit, turkis eller reindyrka gull/sølv m.m…

Ellers vil eg berre annonsere at etter mykje tenking og eit spark bak frå Gry Hege, så har eg opna ein matblogg, og unskjer deg velkomen innom:0)