søndag 30. januar 2011
Oh happy day!!
Når vi passerte Osen bru sto denne flotte ørna og poserte...ja ho bad nærast om å verte fotografert!! Eg leverte frøkna i kyrkja, skunda meg heim og henta apparatet og fresa nedatt til brua...
Dette bildet var det einaste eg fekk tatt før ho bestemte seg for å flyge sin veg:o(
Her om dagen kretsa det heile fire ørner over huset vårt, og eg fekk avbilda ein heil serie av dei...men dei er på mystisk vis forsvunne både frå datamaskina og fotoapparatet...Har ein mistnake om at eit av dei øvrige familiemedlemmane har sletta meir enn dei burde;o)
Får berre håpe sjansen byr seg att...
Petunia har opna opp ein ny fotoleik der ein kvar måned skal legge ut eit bilde frå ei begivenheit som har betydd noko for deg i måneden som har gått...Då måtte denne spesielle augneblinken leggast inn i januar i min fotokalendar...Det er jo ikkje kvar dag ein får sjansen til å forevige ei ørn:o))
YNSKJER ALLE SOM KIKKAR INNOM EI FIN KOMANDE VEKE:O))
KLEM LINE
torsdag 21. oktober 2010
Toppen av lykke
Reknar med at snøen kom like brått på småfuglane som på meg…dei var i alle fall raskt på plass når meisbollane vart heng ut i dag tidleg:)
Lykke for meg å nyte synet av kvitrande småfuglar, og lykke for småfuglane at nokon huskar på dei…Dette må vel kallast ein vinn-vinn situasjon?
Ynskjer alle som er innom ein strålande torsdag!! Her er det FULL vinter….KLEM
søndag 19. september 2010
Linselus…eller?
Kjekt å ta litt bildeseriar innimellom…”Offera” er meir eller mindre motvillige;o)
Rakel poserar gjerne,
medan storebror har begynt å bli litt meir motvillig…
Nusse nyt alltidt merksemda bildetakinga gir, og poserar så villig som berre ein katt kan,he he…Arbeidshelga er over…ungane i seng…og eg har berre leika meg med litt fotoredigering!!
lørdag 24. juli 2010
…Måseflukt…
Måsane er jammen både majestetiske og flotte i glideflukt:o) Eg tykkjer i alle fall at det er utruleg flotte fuglar!!
torsdag 8. juli 2010
Fem søte små…
Det heiter vel så fint låvesvale….
…men har i Storemyra kan vi heller gi liv til begrepet “garasjesvale” …
For femte året på rad er dette paret tilbake i garasjen vår:o) Låvesvalane er utrydningstrua, men her hos os vert dei i alle fall reprodusert kvart einaste år!!
torsdag 18. mars 2010
Slaraffenliv…
Den som berre kunne vore ein katt…
Levd ubekymra og hatt gode, late dagar…
Berre sove, ikkje tenke….Kun nyte nuet…
BLÅTT BLIKK.
Så kom du der
Tassande
Det var da jeg forstod
og jeg ble til
Da du så på meg
med blått blikk
som av hav
og jeg ble din
med ett
en stund i dagen
Du la deg på rygg
med purrende lyder
bekreftende nærhet
Du forsto meg, sa du
Trengte ikke forklare
Din myke pels
Gjennom mine fingre
Potene dine opp i luften
uten uvennlige intensjoner
Bare en leken liten pus
Som uvitende reddet dagen
~ Sunniva ~
søndag 30. august 2009
Best friends:9)

Det er ikkje berre mellom oss menneske det eksisterar søskenkjærligheit...
Det er desse to søtnosane eit godt eksempel på. Dei ropar på kvarandre, beskyttar kvarandre og gjer det meste i fellesskap...Det er stort sett berre framfor matskåla at stemninga kan verte ein smule amper;0)

Søsken kan og vere "best friends"...
Do I need to say anymore??

For fleire sundaychallengebilder, klikk HER
mandag 3. august 2009
Venn

Mandagstema er VENN...
Sidan eg skreiv eit innlegg om venninner i ABC-innlegget på fredag, vel eg no å presentere våre firbeinte:0)
Her i huset bur det fire dyreelskarar, og eit liv uten dyr er rett og slett utenkeleg...
Dei held oss med selskap, underheld oss og er rett og slett ein stor del av familien.
Desse herlege kattane med store personlegheiter set vi utruleg stor pris på!!

Speedy er den ultimate utekatten. No i sommar har han stort sett berre vore inne for å få seg litt mat, og så ber det utatt for å utforske nye jaktmarker. Han er litt sky og let ikkje kven som helst få kome for nær...
Elskar å bli klødd rundt øyrene og under haka.

Shira er sin brors rake motsetning og er den ultimate innekatten. Vi brukte lang tid på å få henne til å like å vere ute. Dei fyrste gongane skalv ho, mjaua som ein gal og klorte frenetisk på døra for å kome seg innat. No går utelivet greit, men får ho velge, føretrekk ho å vere innandørs... Når ungane trekk inn i sengane sine, ser vi kort tid etterpå ein raud skugge som smyg seg inn på eit av romma. Ho elskar å få ligge i ei varm seng, krølle seg saman og kose med sengas eigar;9)
Ho elskar å bli klødd på nasa...

Nusse er faktisk bestemora til søskenparet...Ho tillet at dei bur i huset og delar til nød matskål med dei...Men varsam, varsam...Trø meg inkje for nære...Ho likar å halde dei på ein viss avstand. Denne dama held seg stort sett utandørs på sommaren, og innandørs vinterstid.
No for tida er ho knapt inne for å få seg mat, og om vinteren er ho knapt ut for å gjere sitt fornødne....
Meir avslappa vesen enn dette skal leitast lenge etter....I eit juleselskap for eit par år sidan var det ein som lurte på kva skinn vi hadde liggande på sofaen, he he...
Ho elskar varme, og å få ligge i ein stol nær ovnen er den største lykke.
Kos og klapp er aldri å forakte, og får ho ligge å klore på brystkassa til far i huset medan han stryk henne, er ho i paradis...Då kjem tunga halvveis ut og slevet begynner å renne....
Ho elskar å bli klødd på magen!!
Alle tre er kastrerte....
For fleire vennetolkningar, trykk HER
søndag 2. august 2009
Dyrisk....


Kastar meg med på Monicas Sunday Challenge, og deltek med denne flotte augestikkaren!! Vi stifta bekjentskap med han på Grendacupen på laurdag. Fredrik oppdaga han då laget til faren spelte bronsefinalen i cupen, den sto på kusntgraset eit lite stykke ut på bana...Han var først ut og plukka han opp ein gang, men idet han slapp den flaug den rett utatt på bana.Guten var alvorleg bekymra for den at den vesle skapningen skulle bli trakka på av spelarane, så han henta den enda ein gang og gjekk eit stykke frå bana før han slapp den. Med denne uselvise handlinga redda han eit lite liv som kanskje ikkje så mange andre ville reflektert over verdien til.
ENJOY:0)
søndag 31. mai 2009
Glade dagar......Late dagar........
Som Tove skreiv på bloggen sin, så er på mange måtar bloggane reine verbarometera, og ho har så evig rett...
Det er nok ikkje berre her i vest det har vore bra, for det har vore utruleg stille på bloggrollen heile helga, så stille som eg aldri har opplevd det før..
Fredag leverte eg mi siste eksamensoppgåve, og dersom det går bra kan eg smykke meg med tittelen geriatrisk sjukepleiar, eller for å seie det på ein enklare måte: spesialsjukepleiar i aldring og eldreomsorg!!
Det er lenge sidan eg har kjent meg så totalt avslappa, og livet føles herleg:0)
Vi har kosa oss og utnytta sola til det fulle....Inneroma har kun vore brukt til det som er aller mest naudsynt!!
Sjå berre her på bildekavalkaden min..............

Deilig grillmat.

Avslapning og triveleg selskap av gode vener. Sjølv våre firbeinte har nytt desse dagane....
Hagen har fått sitt!!

Vi har laga nye bed og planta ut solsikkene, erteblomane og okseauga våre....

Flygande barn er glade barn sjølv om uenigheiter innimellom kan oppstå

Fisketur er naudsynt for å sikre matauken... Sjølv om det må seiast at resultatet vart heller magert....EIN fisk!!

Den flotte Eikelandsfossen på nært hald...
Til slutt ei oppfordring om å stikke innom Tove der du kan røyste på kva kvardagskunstbilete du likar aller best!!
Eg trudde eg var for sein til å delta, men den supre iniativtakaren var innom bloggen min og plukka ut eit bilete ho likte veldig godt. Tusen takk, Tove, du er ein knupp:0)
Der er utruleg mange flotte bidrag, og dette er eit superkoseleg iniativ av Tove....
Til dei som har fri enno ein dag:
KOS DOKKE!!
Sjølv skal eg nok på tidelegvakt, så no ventar senga
PS!Eg har litt problem med å komme meg inn på kommentarfelta på ein del av bloggane, men eg har vore innom på besøk, og eg gir meg ikkje...Til slutt får eg det nok til......
Klem Line
tirsdag 10. februar 2009
Frå gryande til nyetablert vennskap:0)
Tidleg i haust hadde eg ei formeining om at det spøkte for kattebestanden her i Storemyra, då gamlemor på INGEN måte var interessert i å godta dei nye familiemedlemmane...
Ho spytta, freste, sikla og hadde sansynlegvis ein puls på tilnærma 300 kvar enda gang ho såg desse uvelkomne inntrengarane!! Sjukepleiar som eg er, så var eg faktisk på eit punkt djupt bekymra for at hjertet henna ikkje skulle tåle all denne ekstra belastninga...Eg låg vaken om nettene og fabulerte om hjertebrett, hjertestartar og HLR(hjerte-lungeredning)

Men så ein dag møtte dette synet meg på kjøkkenet:0)
Det fyrste gryande vennskapet oppsto i ein svolten augneblink ein tidleg novembermorgon i 2008...

Etter det har det vore litt betre, og ein halvhjerta aksept frå gamlemor har oppstått...
Innimellom har ho slått ut med labbane, fresa og aktivt kjempa for å behalde sin posisjon som(ikkje konge) men dronning på haugen...
Dei to minste har villeg godteke dette, og hiv seg på rygg så snart den gamle kroppen med den overveldande pelsen set opp farta;0)

Men i går var det mitt hjerte eg bekymra meg for når eg kom inn på stova og dette synet møtte meg.....
Hjerte hoppa over eit slag for i det neste å ta ein serie med dobbelslag!! Men så stabiliserte det seg heldigvis, og det var dermed ikkje naudsynt å trykkje ned alarmknappen;9)
Ved nærare ettersyn var dei no utruleg søte, og no er det tydeleg at gamlemor har akseptert og er innforstått med at dei to nye familiemedlemmane er innkomne på permanent basis:0)



Hyggelege augneblink....
Kattebestanden i Storemyra er no sikra ein varig overlevelse innan husets fire veggar i alle fall, og nattesøvnen er tilbakevunnen på permanent basis(i alle fall i forhold til kattane)
søndag 11. januar 2009
Eit forsøk på å stifte nye bekjentskap;9)
torsdag 8. januar 2009
Rekonvalesens...
Når den eine heiter Speedy...
& den andre heiter Shira...
Må det nokre grep til, og det vert skåre litt her, og kutta litt der...Dermed er faren for foraukning redusert til null, og dei kan fritt leike i lag og endog vere ute:0)
Men ein vert nok litt slapp og trøytt etter sånne "grep"...
Føtene vil ikkje heilt vere med, tunga heng litt og auga er glasaktige...
Mykje søvn og kvile er forordna dei neste to dagane, og her er mange frivillige sjukepleiarar i hus
Pappa sitt trygge fang og varme hand er god å ha, og absolutt å foretrekke...