Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

søndag 31. mai 2009

Glade dagar......Late dagar........

Vi har hatt eit aldeles strålande ver her i vest denne pinsehelga:0)
Som Tove skreiv på bloggen sin, så er på mange måtar bloggane reine verbarometera, og ho har så evig rett...
Det er nok ikkje berre her i vest det har vore bra, for det har vore utruleg stille på bloggrollen heile helga, så stille som eg aldri har opplevd det før..
Fredag leverte eg mi siste eksamensoppgåve, og dersom det går bra kan eg smykke meg med tittelen geriatrisk sjukepleiar, eller for å seie det på ein enklare måte: spesialsjukepleiar i aldring og eldreomsorg!!
Det er lenge sidan eg har kjent meg så totalt avslappa, og livet føles herleg:0)
Vi har kosa oss og utnytta sola til det fulle....Inneroma har kun vore brukt til det som er aller mest naudsynt!!
Sjå berre her på bildekavalkaden min..............

Deilig grillmat.

Avslapning og triveleg selskap av gode vener. Sjølv våre firbeinte har nytt desse dagane....
Hagen har fått sitt!!

Vi har laga nye bed og planta ut solsikkene, erteblomane og okseauga våre....

Flygande barn er glade barn sjølv om uenigheiter innimellom kan oppstå

Fisketur er naudsynt for å sikre matauken... Sjølv om det må seiast at resultatet vart heller magert....EIN fisk!!

Den flotte Eikelandsfossen på nært hald...

Til slutt ei oppfordring om å stikke innom Tove der du kan røyste på kva kvardagskunstbilete du likar aller best!!
Eg trudde eg var for sein til å delta, men den supre iniativtakaren var innom bloggen min og plukka ut eit bilete ho likte veldig godt. Tusen takk, Tove, du er ein knupp:0)
Der er utruleg mange flotte bidrag, og dette er eit superkoseleg iniativ av Tove....
Til dei som har fri enno ein dag:
KOS DOKKE!!
Sjølv skal eg nok på tidelegvakt, så no ventar senga

PS!Eg har litt problem med å komme meg inn på kommentarfelta på ein del av bloggane, men eg har vore innom på besøk, og eg gir meg ikkje...Til slutt får eg det nok til......

Klem Line

tirsdag 3. mars 2009

Frk Forventning


Slenger meg med på Anne sin Frk. Konkurranse denne gangen og, sjølv om eg må tilstå at eg føler meg på litt gyngande grunn i forhold til frøsåing....

Men i dag gjekk eg og ungane på med frisk mot!!
Utstyret må sjølvsagt vere i orden, og vi har handla inn minidrivhus, såbehaldar og plantepinnar:0)
Vi har kalla konkurransebidraget for Frk Forventning, fordi eg tykkjer at frøsåing handlar om nettopp forventning....
Ein vel ut frø med omhu, sår og så startar ventinga på dei fyrste teikna av grønnskjer i jorda...
Når det kjem er forventninga der øyeblikkeleg!! Vert det vellukka? Overlever plantene? Vert dei slik som vi hadde tenkt?
Frk Forventing er ein stemorsblomst, og ber det flotte navnet Springtime black:0)
Har du lyst til å delta i Frk. Frø?? Klikk deg inn HER for meir informasjon og påmelding!!


Her legg Rakel jorda på plass, og som dokke ser så lurer no kattane fælt på kva vi driv med;0)

I tillegg til Springtime black har vi og sådd Roccocostemor...
den eine sår og den andre peikar!!

FERDIG!!! No er det berre å vente:0)
Neste prosjekt er erteblomster...

mandag 2. februar 2009

Frk Vinterkomposisjon


Anne på Moseplassen har utlyst ny konkurranse!!
Temaet denne gangen er Frk Vinterhage:0)
Mitt bidrag er Frk. Vinterkomposisjon!! Ideen fekk eg etter å ha vore innom Kathrine, der ho viste fram frosne tulipanar...
Eg har dratt det litt lenger å lagt til kvistar av edelgran og ein einekvist som Fredrik fann til meg ein dag vi var på skogstur:0)
På mine kantar nyt vi no klare, kalde vinterdagar, og håpet er jo sjølvsagt at dette skal halde ei stund slik at vi får ha desse vakre krukkene til å fryde oss både vel og lenge....
Krukkene på trappa har sett temmeleg miserable ut lenge no, så når eg fyrst var i gang, ga eg like godt alle krukkene ei lita overhaling:0)
Måtte leike meg med ein liten collage av dei bilda som vart litt uklare...
Her har eg nytta blautfokus, gjer skarpare, sephia, svart/kvitt fokus og vanleg svar/kvitt...