Viser innlegg med etiketten Sport. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sport. Vis alle innlegg

onsdag 5. mai 2010

Fotballmamma!!

Eit nytt fotballår står på døra og bankar på… Eit nytt år med trening og miniputturneringar…Nytt av året er seriekamp og sjuarfotball…Men intensjonane er dei same. At borna skal ha det gøy og trivast med idretten…

Mai 2010 081 b

Eit nytt fotballår med sorger og gleder…Heiarop og oppmuntring frå sidelinja…Trøyst og lindring når det må til…

Mai 2010 082 b

Mødre og fedre som står klar med drikkeflasker, oppmuntrande ord, gode råd, trøyst og gledesdans…Alt etter kva som høver best…

Mai 2010 083 b

Stolte barn, triste barn, glade barn…Foreldra taklar kva det skal vere og trår til i dei ulike situasjonane med det som høver best…Ingen situasjon er for liten, ingen situasjon for stor…Vi tilpassar oss veret, for veret kan ikkje tilpasse seg oss…Stiller på kamp gjer vi, anten det er merkedagar eller vanlege dagar…Vi tilpassar oss fotballen framfor at fotballen tilpassar seg alle dei ulike ynskja…

Mai 2010 083 b

Kampkleda går på vandring, og kvar sin tur å vaske…Noko vi gjer med glede og stoltheit, for belønninga er så stor…Skitne, jordflekkete, grønskedekte, hoppande, haltande, blødande og glade barn med ekte idrettsglede skreve over heile seg…

Mai 2010 085 b 

Seier eller tap med same sinn…Saman er vi BEST!! Hadde aldri trudd eg skulle seie dette, men eg simpelthen ELSKAR å vere fotballmamma…Og er superglad for at begge to har valgt å spele fotball, og ikkje minst at dei har arva i alle fall noko av faren sitt balltalent, for mora eig ikkje så mykje som eit snev;9)

mandag 19. april 2010

Ein verdig debut!!

April 2010 322 b I dag debuterte gutane våre i seriefotball. Det er ofte ein stor  overgang for ungane å gå frå miniputtnivå med fem spelarar og lita bane, der kampane er på ca 15 minutt …

April 2010 306 b

til  lilleguttnivå med stor bane , åtte spelarar og 2 x 30 minutt.

  April 2010 321 b  

Det vart ikkje seier i dag, men dei takla overgangen kjempegodt og scora to heiderlege mål.

April 2010 323 b

Innsatsviljen og ståpåmotet var på topp, og både trenarane, foreldra og ikkje minst spelarane sjølv er strålande nøgde med den verdige debuten:0)

April 2010 314 b

Heia Gaular!!

onsdag 30. september 2009

Mennesker i fokus ~ sport


Med to fotballspelande ungar i hus seier det seg sjølv at dei fleste sportsbilda stammar frå fotballbana for tida....


Begge to er på miniputtnivå, Fredrik har sitt siste år og Rakel sitt første!!
På miniputtnivå spelar ein femmarfotball, dvs at dei er fire spelarar og ein keeper ute på bana, og bana er mykje mindre enn i vanleg fotball.


Dei spelar ikkje seriekampar, men det vert arrangert fire miniputturneringar...To på våren og to på hausten der dei spelar fire kampar.
Desse bilda er frå årets fyrste turnering, og for Rakel sin del var det jo ekstra spennande sidan det er fyrste gangen ho er med...


Gutane er blitt habilde spelarar etterkvart, og på fire turneringar har dei tapt berre to kampar. Jentene vinn litt og tapar meir...men ordtaket "Tap og vinn med same sinn" kjem verkeleg til sin rett blant miniputtungar:0) For dei er det idrettsgleda som står i fokus, ikkje tap eller seier...


I tillegg til miniputturneringane har vi fått invitasjonar til bl.a. Benditcupar...
Forrige laurda var vi på Benditcup, og vergudane var slett ikkje med oss.
Det striregna, og på slutten var det mykje vind og gufsekaldt. Gutane var litt meir usikre i møte med berre framande lag og tapte alle kampane...Dei var dyvåte, iskalde og klarte kun å putte ballen to gangar...Men hang dei med leppa?? Nei, dei såg på det som ei ny erfaring og tøff utfordring, og meinar at dei berre må trene endå hardare. Ein kan ikkje anna enn verte stolt!!


For fleire flotte sportsbilde, ta turen innom Fotoverden:0)

onsdag 29. april 2009

Ballglede:0)


Lisje jenta mi har begynt å spele fotball...
Tida og åra går så utruleg fort, og brått er dei vorte så store og sjølvstendige på mange måtar..

Det er innmari moro å sjå på dei, og kjenne att mange av tendensane frå då Fredrik og dei begynte å trene. No ser ein verkeleg kor langt dei er komne på desse tre åra...

Ballgleda lyser i ansiktet her, og spenninga og gleda ved å meistre ballen er til å ta og føle på:9)


Til min kjære datter!
Jeg stryker hånden over ditt myke kinn,
mens jeg tørker en tåre fra øyenkroken min...
Det er ikke en tåre av sorg eller smerte,
men et bevis på den sterke kjærligheten i mitt hjerte..
Jeg prøver å forestille meg hvordan din framtid vil være,
mens jeg ber en stille bønn om at du får alt du ønsker deg, min kjære..
Men jeg vet jo at veien ikke alltid er rett, å velge riktig er ikke alltid like lett..
Du vil nok møte motgang, smerte og sorg, men til slutt vil du finne lykkens borg.
Der vil du finne hvile på en sterk og god arm og kanskje huske minner fra
mammas myke favn..
Når stormen uler på sitt verste og du er trist og lei..
lukk øynene og tenk på at mamma elsker deg
For uansett hvor i verden du vil være,
skal du vite at mamma er der for deg min kjære..
For du og jeg har delt samme blod og ingen kan skille oss, for vi har sterke bånd vi to.

mandag 16. mars 2009

Nytt på kjøkkenet og litt til...

Har lenge vore på jakt etter grøne dukar på kjøkkenet, utan å finne noko som fell i smak...

Men i forrige veke var eg innom Kid, og då datt blikket mitt mot desse grønne brikkene.... Akkurat den fargen eg var ute etter og det beste av alt: Ta 4 betal for 2:0)
Fann meg og ein bolle på Rema av alle plassar som fungerar perfekt som fruktskål. Har alltidt ståande framme frukt, då vert det ete og...
Til slutt var eg innom Nille, og der fann eg dei søte frosta lysglasa som passa godt inn på benken min.
Alt i alt vart det ei billeg kjøkkenfornying, han far er glad for at det ikkje svei i lommeboka og ho mor er særs nøgd med kuppa;0)


Fredag kom Rakel heim med desse "roane". Ho var SÅ fornøgd og hadde plukka dei berre til meg....
KVa gjer ho mor då??
Vel, ho gjer vel det einaste som er muleg.... Legg hovudet i bløyt og hostar opp ei løysing som alle kan vere fornøgde med...
No står dette til pynt i eit av stovevindauga, og det var no ikkje så aller verst...


Laurdag ettermiddag bar det av gårde til Naustdal der gutane skulle spele fire kampar i Tambarcupen...Det vart ein seier og tre tap, men innsatsen var det ingenting å seie på...

Alt i alt var både trenar og spelar fornøgde:0)


I dag er tilstanden slik...
Vi har hatt fri begge to, og sto klar til å reise ein svipptur til Førde. Då fekk vi telefon frå skulen om at han var dårleg....
Han har kasta opp x antal gangar og hatt diare x fleire...
Rimeleg slapp etterkvart og kjennest ut som han hadde temp no til kvelden.
Vert nok heimedag eit par dagar til ja....