søndag 31. mai 2009

Glade dagar......Late dagar........

Vi har hatt eit aldeles strålande ver her i vest denne pinsehelga:0)
Som Tove skreiv på bloggen sin, så er på mange måtar bloggane reine verbarometera, og ho har så evig rett...
Det er nok ikkje berre her i vest det har vore bra, for det har vore utruleg stille på bloggrollen heile helga, så stille som eg aldri har opplevd det før..
Fredag leverte eg mi siste eksamensoppgåve, og dersom det går bra kan eg smykke meg med tittelen geriatrisk sjukepleiar, eller for å seie det på ein enklare måte: spesialsjukepleiar i aldring og eldreomsorg!!
Det er lenge sidan eg har kjent meg så totalt avslappa, og livet føles herleg:0)
Vi har kosa oss og utnytta sola til det fulle....Inneroma har kun vore brukt til det som er aller mest naudsynt!!
Sjå berre her på bildekavalkaden min..............

Deilig grillmat.

Avslapning og triveleg selskap av gode vener. Sjølv våre firbeinte har nytt desse dagane....
Hagen har fått sitt!!

Vi har laga nye bed og planta ut solsikkene, erteblomane og okseauga våre....

Flygande barn er glade barn sjølv om uenigheiter innimellom kan oppstå

Fisketur er naudsynt for å sikre matauken... Sjølv om det må seiast at resultatet vart heller magert....EIN fisk!!

Den flotte Eikelandsfossen på nært hald...

Til slutt ei oppfordring om å stikke innom Tove der du kan røyste på kva kvardagskunstbilete du likar aller best!!
Eg trudde eg var for sein til å delta, men den supre iniativtakaren var innom bloggen min og plukka ut eit bilete ho likte veldig godt. Tusen takk, Tove, du er ein knupp:0)
Der er utruleg mange flotte bidrag, og dette er eit superkoseleg iniativ av Tove....
Til dei som har fri enno ein dag:
KOS DOKKE!!
Sjølv skal eg nok på tidelegvakt, så no ventar senga

PS!Eg har litt problem med å komme meg inn på kommentarfelta på ein del av bloggane, men eg har vore innom på besøk, og eg gir meg ikkje...Til slutt får eg det nok til......

Klem Line

fredag 29. mai 2009

ABC i ord og bilder ~ Vi tek føre oss M.....


I denne runden av ABC i ord og bilder er vi komne til M!!
Eg har denne gangen valgt å slå eit slag for MO JORDBRUKSSKULE!!
Mo jordbruksskule er over 150 år gamal, og har utdanna mange innan jordbruk. Det er ein internatskule, og det er elevane som sørger for all den daglege drifta. Dei har dyr og dyrkar grønnsaker og poteter...
I tillegg til dette har dei store flotte drivhus der det dyrkast BLOMSTER, og no folkens er vi nede i sakens kjerne....
Blomstrane som vert dyrka vert nemleg solgt vidare til den allmenne befolkning via blomsterutsalet...
Eg har kjøpt mykje av sommarblomstrane mine på Mo dei siste tre åra, og makan til berekraftige og flotte blomster skal ein leite lenge etter!!
Dei er kraftige og velutvikla, og ikkje minst så blomstrar dei villeg...
Prisane er det heller ikkje noko å seie på, amplane får ein t.d frå 100 kroner:0)
Store, flotte georginer kostar 20 kroner!!
Den dyraste blomsteren eg investerte i i år, var ein Canna til 60 kroner....
Derosm du er i Førdeområdet så er utsalet ope mandag - onsdag - fredag frå 12 - 16.
LØP & KJØP!!
Prydtobakken stifta eg fyrstegongsbekjentskap med i fjor. Ein nydeleg plante som bar utruleg med blomster.
Humla suser i hengelobeliaen...
Flugene ser ut til å trivast på Cannaen!!
Påfuglblomsten øverst i venstre hjørne er eit nytt bekjentskap, så den er eg spent på...
Løvemunn på høgre side er staute og ber utruleg flotte blomster.
Cosmoen nederst er og eit nytt bekjentskap:0)
I kjernen av ein georgine...
Nydeleg...
Flotte amplar for 100 kroner. Kraftige og fine blomar!!
Million bells i ein utruleg flott farge...
Den gule blomsteren er utruleg vakker....Har hatt av dei i mange år, men klarar aldri å lære meg kva den heiter;9)
For fleire påfunn på M, klikk deg inn HER

onsdag 27. mai 2009

Man tager hva man haver..........


av frukt....
I mitt tilfelle er det moreller, mango, grapefrukt, cantaloupemelon, honningmelon, piel de permelon, kiwi, raude og grøne druer...
Kutt opp i passelege biter og legg i ei skål....
Ha litt vaniljekesam over og vips har du eit sunt og godt frukost, lunch eller kveldsmåltid...
Nyt....Mmmmm.............

tirsdag 26. mai 2009

Den ultimate (inne)sommarmaten:0)


Ein av mine ultimate innesommarrettar er pannekaker med bacon og blåbærsyltetøy i lag med rabarbrasuppe...
Eg vert mjuk i blikket og tennene regelrett spring i vatn berre ved tanken:0)
Det bringer fram mange nostalgiske barndomsminner, og tankane spring vidare til to av mine andre yndlingsrettar:
Sprøsteikt makrell med nypoteter, rømme og agurksalat og nytrekt pannekokt torsk på godt brød med majones på, evt nypoteter med smør!!
Det bringer tankane til late sommardagar med fisking, nakne tær, brune barnekroppar og trivelege stunder i lag med (u)tålmodige onklar...
Eg fekk lov av onklane mine å vere med på fisketurane meir eller mindre frivilleg frå deira side....Eg var nok eit lite mareritt å ha med, for dersom vi ikkje fekk fisk etter ein ti minutters tid var eg lei, og tilbrakte resten av tida med å mase hol i haudet på stakkarane;9)
Men no sporar eg visst litt av her...tilbake til rabarbrasuppa....

Rabarbrasuppe er superenkelt å lage, og smakar fantastisk godt:
1/2 kilo rabarbra
1 liter vatn
1 desiliter sukker
2 ss potemjøl
Vatn og sukker kokast opp, så tar ein i rabarbra.
Kokast mørt i ca 10 minutt.
Bland potemjøl i litt kaldt vatn, og tilsett under omrøring.
1...2...3...Klart til servering!!

mandag 25. mai 2009

Trøbbel


Stikkordet frå mandagstema i dag er TRØBBEL!!
Hos oss er det skikkelig trøblete å kome seg til tannlege om dagen...
Dei fylkeskommunale tannlegane gjekk over i det private etter jul, og sidan då har vi ikkje hatt skuletannlege eller tannpleiar.

Rakel har det litt trangt om plassen inne i munnen. Ho har blant anna berre hatt tre melkeframtenner nede, men no har det bestemt seg for å kome ei permanent fjerde tann bak ei av dei andre. Ville difor ha eit tannlegetilsyn, men det skulle ikkje vere berre berre...
Det er avtale med tre forskjellige legekontor, og det lukkast ikkje i å få napp på dei to fyrste...Men på den tredje hadde dei tid til å ta henne inn...

I dag var den store happeningen, og vi køyrde glade og fornøgde til Dale...
Hadde fått beskrivelse for kvar vi skulle finne dei, men det vart eit par feilforsøk før vi fann rette døra;0)

Tannlegen var kjempesnill, og ho hadde til og med rosa skyllekoppar!! O lykke!!

Ikkje var ho kneten på premiane heller, ho fekk velge to:0)
Tanna skal få prøve å kome fram i fyrste omgang, og så blir vi kalla inn til ny time om ca 1 mnd...

For fleire trøblete innlegg, stikk innom HER

lørdag 23. mai 2009

ABC i ord og bilder ~ Vi er komne til L....


Runde nr 12 av ABC i ord og bilder vart sparka i gang på fredag. Her kjem mitt bidrag på L...
Løvetann & lam!!
Kva er vel meir naturleg å vie spalteplass på bloggen enn desse to på denne årstida?

Løvetannen er til ergrelse for dei fleste hageglade, men dersom ein ser vekk i frå at den sprer seg om eld i tørt gras så ER den jo vakker...Både i frisk og visna tilstand!!
Det ser ut som små soler rundt omkring på plenen...Eller det kan likne på glitrande diamantar i lyset frå hagelyktene når den er visna...
Koseleg å plukke ein STOR gullgul bukett til å pynte hagebordet,

og visst er det vel vakkert med sjølvlaga blomsterkrans av løvetann:0)


Lamma er komne til rundtomkring i det ganske land no...Dei har blitt nokre dagar, og er allereie begynt å hoppe, sprette og lage ablegøyer;9)
Riktig morosamt er det å overvære deira ivrige livsglede!!

Titt tei, her er eg....
For fleire flotte L tolkningar, trykk HER

torsdag 21. mai 2009

Ein herleg dag!!


Fekk telefon frå Tone i dag tidleg om vi hadde nokon planar for dagen...
"Neei, ikkje noko spesielt, veit berre at Fredrik skal vere med Bestefaren til Vik for å sjå Onkel Ole Jørgen spele fotball!!"
"Vil dokke vere med på tur då?"
"Klart vi vil det"
Vart einige om å treffast klokka 13.00...

Vi køyrde opp til Allversstølane, og gjekk vidare derifrå!!
Måtte krysse elva med det same...Sidan det kan vere litt skummelt før ein er innkøyrd i turmodus, er det godt med ei støttande hand!! Men når ein er varme i trøya er det kjekkast å klare seg sjølv;9)

"Line, har du sett Rakel og Johannes?"
"Nei, det vart brått vekke...."
"Hmm, dei for så fort, dei er vel gjerne komne opp til vatnet alt"
"He he, ja det skal vi vel ikkje sjå vekk i frå...Det er ikkje noko lyd frå dei, og ikkje ser vi i ryggane heller..."
"Kviskrar: Her trur eg det er småvettar, vi får skunde oss forbi..."
Ikkje noko som er så kjekt som når dei vaksne er med på leiken;9)


Var litt maurtuer oppover, og det er utruleg fascinerande å studere aktiviteten...Iblanda ein dose skrekkblanda fryd, for tenk om dei kravlar over på oss!!












Ikkje noko som smakar så godt som friskt fjellvatn rett i frå elva....











Maten smakar utruleg godt i det fri!!
Spennande å utfordre og tøye grenser...
Det høyrer med til historien at det var vanskeleg å kome seg tørrskodd i land;9)
Utruleg spennande å studere froskeegg...Dei ville gjerne ha med seg froskeegg heim, men vi vart einige om at vi heller kunne reise oppatt til vatnet med jamne mellomrom for å studere utviklinga!!
Nydelig utsikt...
Fredrik hadde plukka blomster til meg på fotballbana i Vik og endå fleire når dei venta på ferga...Slikt smeltar eit Mammahjerte av sjølvsagt....Dermed kom dei raskt i vasar, og Fredrik bugna av stoltheit!! Den skjønne store, men ennå lille gutten min...
Det har vore ein god dag på alle måtar etter nokre tunge dagar...
I går var det begravelse, noko som var utruleg tøft, men samtidig gjorde det utruleg godt å vere tilstades....Livet går vidare, og Lene vert gøymd som ein dyrebar skatt i eit eige rom i hjartet mitt...

Personleg...


På fotomorro er det no ein konkurranse med temaet personlig... Trykk på Fotomorrologoen, så kjem du inn på sida til konkurransen!!
Prøvar meg med nokre bilder som har personlig betydning for meg...

Dette bildet av Fredrik er eg utruleg glad i:0) Her var han sjuk, og du ser av blikket at han er litt slakk i auga, men og litt drøymande...


Rakel og Julie Kristin i glad leik...Banda mellom søskenbarna er tette, og no har vi lov til å spre nyheita om at det er eit lite til i vente:0)
Vi gledar oss kjempemasse til å innlemme eit nytt familiemedlem i begynnelsen av november!!


Dette bildet er eg og veldig glad i...Det lyser av søskenkjærligheit...Dei sloss, kranglar, er ueinige om det meste, men slike augneblink får ein verkeleg til å gløyme all kranglinga:0)
Det er noko som heiter at størst av alt er kjærleiken, og det trur eg verkeleg på!!


Til slutt bilde av eit besøk på grava til Pappa/Morfar!! Dette er svært personleg og svært viktig å gjere kvar gong vi er i Volda...For ellers vert Morfar lei seg....