søndag 22. august 2010

Trivselshelg :o))

Fredag kom Mamma og Julie Kristin med bussen kl. 12.00. Det var stor gjensynsglede, sidan eg ikkje har sett nokon av dei sidan tidleg på sommaren. Julie Kristin lurte veldig på kvifor ikkje vi berre kunne hente Fredrik og Rakel…så her var litt forklaring påkrevd;o) Men eg kom på at Fredrik skulle ha mat og helse dei tre siste timane, og sidan skulekjøkkenet ligg i kjellarhøgd, så kunne vi i alle fall helse på. Som sagt så gjort, og det var stor stas for begge partar. No meinte ho det gjekk heilt greit å vente til skulen var ferdig.

August 2010 141 b

Ellers denne helga har vi stormkosa oss…Vi har vore i ballbingen, hatt besøk av isbilen, til Høyanger å bada, baka, laga og ete god mat, sett på tv, lest bøker, leika og berre vore til!!

August 2010 144 b

Veldig kjekt å ha Julie Kristin her utan foreldre, ein blir jo kjent med dei på ein litt annan måte då…

August 2010 149 b

og Mormor klarte fint å dele oppmerksomheita på alle tre:0)

August 2010 152 b

Vi håpar jo sjølvsagt at både foreldra, Julie Kristin og Nathaniel rekk å ta seg ein tur til hausten… 

August 2010 162 b

For oss passa det jo og ekstra godt å få besøk denne helga, då han far i huset er i Spania med jobben sin…Dei reiste tirsdag, og ungane lengtar jo etter Pappaen…sjølv om dei har snakka med han kvar kveld.

August 2010 166 b

No har dei vore opptatt heile helga, og tankane har kretsa mindre rundt Pappa…No er det berre to dagar att, så har vi han vel heime, og eg gledar meg nok likje mykje eg som ungane;o)

August 2010 175 b

Vi køyrde Julie Kristin og Mormor til bussen i Førde kl. 16.45, og det var som alltidt litt trist å seie hadet…Vi får tru at det ikkje vert så lenge til neste gang. På veg heim stoppa vi på Statoil og kjøpte ein god film som vi har kosa oss med no i kveld. Det gjekk heller ikkje så lenge før eg fekk melding frå Mamma om at “englebarnet” sov søtt:o)

      August 2010 184 b

fredag 13. august 2010

Strandliv…

Det er vel gjerne på tide å vise fram litt bilder frå Tyrkiaturen i forrige veke…Vi hadde ein kjempefin og avslappande tur. Pga varmen bestemte vi oss ganske raskt for at dette ikkje vart ein ferie der vi kom til å hive oss på mange opplevelsar og utflukter. Vi ønste heller ein roleg og avslappande sol og badeferie. Tp den dagen vi kom, var på 46 grader, og dermed seier det seg sjølv at alt av aktivitetar må innebere ei form for bading. Heldigvis justerte tp seg etter det, men rundt 42 grader på det varmaste på dagen låg det jamnt på heile veka.

Strandliv 3  

Sidan mykje tid vart tilbrakt på stranda, startar eg og med å vise bilder derifrå. Stranda nærmast oss var ei flott rullesteinsstrand. Eg tykte det var vanskeleg å gå på steinane, då det vart litt vondt sidan dei var ujamne i størrelse, men det hadde ikkje min øvrige familie problem med. Her var det ikkje langgrunt, men sidan vi har to svømmedykte ungar baud ikkje det på nokon problem. Dei fekk utfalde seg med lange svømmeturar, dukking, spruting og vannaktivitetar.

Standliv 1

Kemer har to strender, derav den andre er sandstrand. Strendene har ein marina imellom seg. Vi var faktisk ikkje på den andre stranda, sidan vi trivdest så godt på rullesteinsstranda. Dessutan var den mykje nærare og…Men eg vart fortalt på sandstranda var det langgrunt, og passa ypperleg for familiar med mindre barn…

Strandliv 2

Ungane har nikosa seg under heile opphaldet…Det var strandliv frå kl. 09.00 om morgonen til kl. 18.00 – 19.00 om kveldane. Deretter var det ut på middag, og mellom 20.30 og 21.00 var dei i seng, og sovna nærast før hovudet landa på puta;o)

onsdag 11. august 2010

Eit stykke historie frå “Mitt lille land”

Mitt tredje og siste bidrag i Petunia sin fotokonkurranse er hermed eit faktum;o)

Juli 2010 1287 b

Svigermor og Heine har hytte på ei lita perle ytterst ute i Fjaler, nærare bestemt Lammetun. Her kan vi bade, fiske, jakte på krabbe, køyre firhjuling…Ja kort sagt alt som hjartet kan begjære…Men det beste av alt er at her ute er det ei kystfort frå krigens dagar. Her er det spennade å gå gjennom mørke gangar, krikar og krokar, studere havlinja frå kommandorommet m.m. Her kan og anledninga nyttast til å ha litt historietimar, for i mitt sinn er det svært viktig at dagens oppveksande generasjon får innsikt i korleis det var under krigens dagar. Dei sit som regel i ro, og lyttar nøye når eg peikar, fortel og beskriv, med nokre innskytande spørsmål innimellom. Desse stundene er gull verdt:o)

Mitt lille land

Siste frist for å delta i denne fotokonkurransen er 15 august, så skynd deg inn HER