Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

søndag 3. januar 2010

Perfekte dagar...


Denne jula har verkeleg vore perfekt, værmessig sett...Trur vi må ein del år tilbake i tid for å sjå føre oss like flott julever:0)


Eg har jobba veldig mykje, men Nyttårsafta kl. 15.00 kunne eg endeleg gå av på fire etterlengta fridagar...
Men til tross for mykje jobbing så har dette vore ei jul med mykje samvær med familie og vener.
Julafta var vi hos svigerfar, og totalt var vi 8 til bords...Fire generasjonar samla under same tak, det er sånt som gjev gode minner.


2 juledag kom systa med familie og var til 3 dag. Kjempekoseleg å få dei på besøk i jula, vi kosa oss med god mat og gode samtalar. Julie Kristin prøvde seg på ski for første gong, og det gjekk veldig bra. Nathaniel var og ute, og det var reint fornøyeleg å sjå kor han strekte hals når snøfnugga landa på kinna hans:0) Det vart tomt i huset når dei reiste, og vi håpar sjølvsagt at det ikkje vert så altfor lenge til vi treffast att...
Femte dag var vi på middagsbesøk hos svigerinna mi, og vi hadde ein flott kveld i lag med dei og broren til svogeren vår med familie.


Nyttårsafta var vi tradisjonen tru hos Svigermor og Heine i lag med svigerinna mi med familie. Vi kom til nydeleg dekka bord og fantastisk god julemat.
Mykje flotte rakettar og veldig kjekt å ta bilder med det nye kameraet.


Første dag var vi i middagsbesøk hos gode vener, og ungane var trygt plassert hos Svigermor. Deilig å få ein kveld for seg sjølv og....


I går inviterte vi gode vener på middag, og det vart ein utruleg triveleg kveld. Kjekt å kokkelere litt sjølv og ikkje minst kose seg med dekking av middagbord!!
Menyen besto av viltgryte og pannacotta til dessert...Mmm...
Dette gav meirsmak, så i dag inviterte vi Svigermor og Heine. Planen var å lage karamellpudding til dessert, men det vart droppa til fordel for skitur på Langeland:0) Heldigvis hadde vi att meir pannacotta frå i går...
Vi har og laga oss ei skikkeleg skiløype rundt tomta og utvida den til nabotomta, og der har vi gått kvar dag!!
No er skulesekkane og penala gjennomgått og pakka, kle er lagt fram og vi er klare for kvardagen att:0)


PANNACOTTA til 6 personar:
Ingrediensar
4 ½ stk gelatinplater
2 stk vaniljestang
7 ½ dl kremfløte
2 ½ dl sukker

Bringebærsaus:
1 pk (225 gr.) frosne bringebær
100 g melis
2 ss sitronsaft

Slik gjer du:
1. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. Skyll dei godt og klem ut vatnet.
2. Snitt vaniljestangene på midten, skrap ut frøa.
3. Kok forsiktig opp fløyte, sukker, vaniljestengene og innhaldet i dei. Ta det av plata, ta ut vaniljestengene, og rør inn gelatinen. Hell blandinga i seks små former eller glass. Avkjøl minst 3 timer før servering.
4. Ha tinte bringebær, melis og sitronsaft i en foodprocessor eller blender, kjør til massa er glatt og sil den.

Server desserten med litt frisk bærsaus. Kan lages 1-2 dager før servering.

onsdag 2. desember 2009

Kjøkkenskapa skin:0)


No i ettermiddag har eg kasta meg over kjøkkenskapa...
Eg har tatt ut alt kvardagsservice, føreteke ein grundig skapvask og sett inn att juleservice og juleglas!!
Det er berre så utruleg deilig med skinande reine skap og vi gledar oss til å ta i bruk juleservice og glas i morgon tidleg:0)


Middagsservicet er frå Nille. Eg tykkjer motivet er enkelt og tidlaust og eg er utruleg fornøgd med det. Det kostar ikkje nokon formue, og ein treng heller ikkje vere redd for å bruke det...Perfekt spør du meg....


Juleglasa er Porsgrund sine, og vi fekk dei til jul i fjor. Eg har bestemt meg for at dei skal BRUKAST!! Det har inga hensikt å ha glasa stua vekk i eit skap av frykt for å bruke dei sidan dei faktisk kostar litt...Då har vi inga glede av dei, og vi kunne like gjerne byta dei inn i noko anna...
No er ungane mine vande med å bruke vanlege glas, og vi eg har ikkje tenkt å gå på tå hev av frykt for at noko skal knusast...Går det i golvet så går det i golvet, og det er like stor sjanse for at det skjer med ein av oss vaksne som med ungane, he he.
Kaffesevicet har vi berre til 6, og det har diverre gått ut av produskjon. Har eigentleg bestemt meg for å kjøpe same mønsteret som middagsservicet!!


Takkar for gode ord og omsorg i forbindelse med ferieinnlegget mitt, det set vi stor pris på alle som ein i husstanden.

Det går sakte men sikkert framover. Fredrik byrja på skulen att denne veka, medan Frode ikkje får vere i arbeid før prøvane er negative...
Kort sagt så har dei pådratt seg ein salmonellainfeksjon. Fredrik vart veldig dårleg medan vi var i Egypt, og det var naudsynt med legehjelp på staden. Frode vart innlagt på sjukehus etter at vi kom heim til Norge.
Ferien vart definitivt ikkje som planlagt, men akkurat no er eg berre glad for at vi kom oss vel heim og at det går framover med begge to...

tirsdag 1. desember 2009

1 desember...

...og nedtellinga har starta:0)

I går kveld vart kalendaren(som eg hadde full kontroll på i år;9) ) henta ned frå loftet, 48 kalendarpakkar vart pakka inn og hengt på kalendaren!!
Stor spenning når fyrste pakken skulle opnast.


Det som imidlertid var hemmelig var julekalendaren til mannen i huset.
Vi tuska og muska litt ute i gangen og han heldt formeleg på å sprekke av nysjerrigheit over kva som føregjekk, hi hi...
Men smått om senn:
TADA!!
Trur han var godt nøgd med denne kalendervarianten, ja;9)
Ideen fekk eg frå herlege EVA!!

tirsdag 30. desember 2008

Quality Street


Quality Street, frukt og lys høyrer definitivt jula til:o)

mandag 29. desember 2008

Nokon som er spente??

På om eg fekk tak i snøkuler til julekalendaren Julafta??

Svaret er JA!! Eg fekk tak i to utruleg vakre snøkuler, og prisen snakkar vi ikkje om *host*

Nydelege engeljenter, ei i blått og ei i rosa...
Med flott sølvsnø:0)

No står dei å viser seg fram på desom ikkje lenger er ein adventsstake, men ein julestake;-)

Vi fann ut at engelen var einsam og trengte selskap...

Vi har investert i nye julestrømper i år, då dei gamle rett og slett var blitt holete og øydelagde...

Til slutt eit julebilde av Gulla mine, der vi takkar for alle gode kommentarar i forrige innlegg...
Mange meinar kanskje at innlegget vart vel personleg...Men slik er eg, og ei av hensiktene med å opprette bloggen var å finne andre der ute med same eller liknande problemstillingar!! Det har vi og gjort, og dei har blitt av mine beste vener her inne...
Vegen vert til medan ein går, ingen har sagt det skal vere lett, men eg har tru på at vi kjem til å kome i mål på ein fantastisk måte ein gong i framtida...

KLEM LINE:=)

søndag 28. desember 2008

Kan ein

anna enn å verte fornøgd når ein får så mykje fint til jul????

Kjempefint pelspledd frå Kremmehuset...

Som passar perfekt til dei nye putene eg kjøpte på Ikea!!

Herlege vintersko frå Columbus som tåler ned i - 32 grader...Frys eg på føtene no kan det i alle fall ikkje skuldast på skoa...

Nydeleg duk...Viser berre fram halvparten av den...

Påleggsgaflar i merket Nina, som vi samlar på:0)

Vi har fått fyllt opp skapet med juleglas frå Porsgrunn!!

To av bøkene til Stig Larsson...Mao: Ei perfekt jul!!

fredag 26. desember 2008

Sjeldan kost....

at både Frode & eg har heilt fri 1 juledag... Trur faktisk at det er fyrste gong i historia det har skjedd...

Dagen vart nytta godt!! Vi kosa oss verre...
med ein god film...og naut å berre vere i lag...

Vi hadde nydeleg ver her på Vestlandet i går, så ein tur ut var påkrevd...
Alle tre i nye kle...som heldt det dei lova...og var både gode og varme...

Vi gjekk tur og var på kaffebesøk hos nokre vener...
Skikkeleg kos:0)


På veg heim måtte det berre takast bilde...Himmelen var heilt nydeleg og det var så flott med sola i fjella!!



Mat måtte heltane ha...Vi dekka eit koseleg middagsbord og menyen besto av smørdampa laks med grønnsaker og mandelpoteter!! Mmmmm...
Alt i alt ein herleg dag:0)

Kvelden over alle kveldar....

må utan tvil vere sjølvaste Julekvelden....
All spenninga, forberedelsane, ventinga, gleda kuliminerar i denne eine kvelden i året....

Julenissen...Finst han eller finst han ikkje??
Vågar vi la vere å tru??
Vert han avslørt i år??

Uansett er det no koseleg å få han på besøk...

Alle gåvene....
Får eg det eg ønskar meg i år??
Meir enn forventa?? Mindre enn forventa??

Auga skin og funklar i lyset frå juletreet og spenninga er til å ta og føle på hos den yngre garde...

Dei vaksne er no meir avslappa til det heile...

Etter all ventinga, eit fantastsik måltid med samvær i lag med hyggeleg mennesker er det endeleg duka for det som alle har venta på....

Pakkane:0)
Det er greit å ha både opplesarar

og hjelparar til gåveutdelinga...

Kjekt å ta seg god tid, lese på lappane,
funderere litt sjølv,
opne og la alle få sjå...

Når alle pakkane er vekke under treet er det tid for oppsummering og ettertanke!!

For ikkje å snakke om roleg leiog mindre roleg leik...Alle er like engasjerte, og dette var moro:0)

I vår familie var det nok det store Nisseåret...
Denne fekk vi av Anita & Kjetil...

og denne fekk Frode av meg...
Anita & Kjetil(mi svigerinne og min svoger) fekk nissar og Svigermor & Heine fekk nissar...
Kjekt å supplerer samlingane sine:0)