Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ferie. Vis alle innlegg

fredag 13. august 2010

Strandliv…

Det er vel gjerne på tide å vise fram litt bilder frå Tyrkiaturen i forrige veke…Vi hadde ein kjempefin og avslappande tur. Pga varmen bestemte vi oss ganske raskt for at dette ikkje vart ein ferie der vi kom til å hive oss på mange opplevelsar og utflukter. Vi ønste heller ein roleg og avslappande sol og badeferie. Tp den dagen vi kom, var på 46 grader, og dermed seier det seg sjølv at alt av aktivitetar må innebere ei form for bading. Heldigvis justerte tp seg etter det, men rundt 42 grader på det varmaste på dagen låg det jamnt på heile veka.

Strandliv 3  

Sidan mykje tid vart tilbrakt på stranda, startar eg og med å vise bilder derifrå. Stranda nærmast oss var ei flott rullesteinsstrand. Eg tykte det var vanskeleg å gå på steinane, då det vart litt vondt sidan dei var ujamne i størrelse, men det hadde ikkje min øvrige familie problem med. Her var det ikkje langgrunt, men sidan vi har to svømmedykte ungar baud ikkje det på nokon problem. Dei fekk utfalde seg med lange svømmeturar, dukking, spruting og vannaktivitetar.

Standliv 1

Kemer har to strender, derav den andre er sandstrand. Strendene har ein marina imellom seg. Vi var faktisk ikkje på den andre stranda, sidan vi trivdest så godt på rullesteinsstranda. Dessutan var den mykje nærare og…Men eg vart fortalt på sandstranda var det langgrunt, og passa ypperleg for familiar med mindre barn…

Strandliv 2

Ungane har nikosa seg under heile opphaldet…Det var strandliv frå kl. 09.00 om morgonen til kl. 18.00 – 19.00 om kveldane. Deretter var det ut på middag, og mellom 20.30 og 21.00 var dei i seng, og sovna nærast før hovudet landa på puta;o)

onsdag 2. desember 2009

Kjøkkenskapa skin:0)


No i ettermiddag har eg kasta meg over kjøkkenskapa...
Eg har tatt ut alt kvardagsservice, føreteke ein grundig skapvask og sett inn att juleservice og juleglas!!
Det er berre så utruleg deilig med skinande reine skap og vi gledar oss til å ta i bruk juleservice og glas i morgon tidleg:0)


Middagsservicet er frå Nille. Eg tykkjer motivet er enkelt og tidlaust og eg er utruleg fornøgd med det. Det kostar ikkje nokon formue, og ein treng heller ikkje vere redd for å bruke det...Perfekt spør du meg....


Juleglasa er Porsgrund sine, og vi fekk dei til jul i fjor. Eg har bestemt meg for at dei skal BRUKAST!! Det har inga hensikt å ha glasa stua vekk i eit skap av frykt for å bruke dei sidan dei faktisk kostar litt...Då har vi inga glede av dei, og vi kunne like gjerne byta dei inn i noko anna...
No er ungane mine vande med å bruke vanlege glas, og vi eg har ikkje tenkt å gå på tå hev av frykt for at noko skal knusast...Går det i golvet så går det i golvet, og det er like stor sjanse for at det skjer med ein av oss vaksne som med ungane, he he.
Kaffesevicet har vi berre til 6, og det har diverre gått ut av produskjon. Har eigentleg bestemt meg for å kjøpe same mønsteret som middagsservicet!!


Takkar for gode ord og omsorg i forbindelse med ferieinnlegget mitt, det set vi stor pris på alle som ein i husstanden.

Det går sakte men sikkert framover. Fredrik byrja på skulen att denne veka, medan Frode ikkje får vere i arbeid før prøvane er negative...
Kort sagt så har dei pådratt seg ein salmonellainfeksjon. Fredrik vart veldig dårleg medan vi var i Egypt, og det var naudsynt med legehjelp på staden. Frode vart innlagt på sjukehus etter at vi kom heim til Norge.
Ferien vart definitivt ikkje som planlagt, men akkurat no er eg berre glad for at vi kom oss vel heim og at det går framover med begge to...

torsdag 26. november 2009

Draumeferien vart slett ikkje slik vi hadde tenkt....


Draumeferien har vore prega av sjukdom og til dels dramatiske hendingar som følge av sjukdom....
Draumeferien vart heller omvendt til eit mareritt, men alle fire er vel heime, og vi brukar dagane til å pusle om dei sjuke og ta vare på kvarandre...
Er brått tilbake!!

Klem Line

tirsdag 8. september 2009

Langedrag!!

I sommar var vi på Langedrag for fyrste gong. Ein koseleg park for små og store, som eg kan anbefale på det varmaste. Ikkje var det avskrekkande prisar heller:0)

Geitene gjekk fritt på Langedrag, og dei var overalt. Både der det var koseleg å ha dei og der det var mindre koseleg å ha dei....Eg var så syndig å ha veska litt på gløtt, og dermed var ei av geiten komen opp på bordet og nedi veska og forsynt seg med ein banan før eg fekk sukk for meg.


Oksen var litt skummel samtidig som det var veldig freistande å klappe han. Så det var med skrekkblanda fryd dei våga seg bort....Forsiktig, forsiktig....
Hanefar sprada rundt og viste fram den flotte fjærdrakta si.


Kaninene gjekk fritt rundt, og ungane sprang på jakt etter dei, utan å lukkast i å få tak i nokon;9)


Endene svømte rundt i dei mange småvatna og såg ut som skikkelege livsnytarar.


For fotointeresserte er Langedrag eit eldorado, eg kunne glatt ha brukt ein heil dag berre på fotografering. Motiva sto i kø og berre venta på å bli foreviga!!

Kva er ned og kva er opp??
Nokon som ser det?

Vakkert...


Her har vi det vi kan kalle eit ekte mannfolk!! Heile skikkelsen oste av testosteron


Villsvina var innanfor pigg- og straumgjerde, så det var nesten med livet som innsats eg fekk foreviga dei, he he....


Ridning er alltidt populært:0)


Ulvegården. For min del synst eg det er mykje som er meir spennnande enn ulvane.


Som t.d denne sky skapningen...
Ein liten fjellrev.


Gaupene var eit utruleg flott syn, og det var imponerande å overvære dei når dei hoppa og klatra. Den som hadde hatt berre ein tiandedel av den spensten, gitt...
Håpar du har kosa deg på min lille rundtur frå Langedrag, og minner deg i same slengen på å klikke deg inn på jubileumsgadgeten på høgre side og legge att ein kommentar i jubileumsinnlegget!!
Trekning om TO dagar!!

torsdag 30. juli 2009

Planar om å feriere på Pers Hotell??

Ja då er det berre å forberede seg på å halde lommeboka open, for det vert fort ein kostbar affære....

Vi bestillte eit tre dagers opphald med halvpensjon på hotellet frå fredag 24 til mandag 27 juli...Så langt så vel...
Vi sette oss i bilen og køyrde avgarde med freidig mot,9)
Vel framme ved hotellet sjekka vi inn og fekk tildelt hotellbevisa og Bjørnepasset...


Opp i byen og kika litt i butikkar, for så å returnere til hotellet og treffe Anita, kjetil, Eirik og Sondre som tok matpause her på veg heim frå Oslo der Eirik hadde vore med på Ajax fotballskule(noko som forøvrig var meget bra og er anbefalt vidare av både entusiastiske deltakarar og foreldre)

Sat og såg litt på Bjørnepasset og der venta dagens fyrste overraskelse...
"50 % rabatt på Tropicana for gjester ved Pers"
50 %???
Sist vi var her var det no vitterleg gratis for hotellets gjestar!!! inn i resepsjonen for å forhøyre meg, og fekk spørsmål om kva rom vi hadde...Etter å ha opplyst om det fekk vi servert at vi måtte betale oss inn på Tropicana!!

No må det seiast at eg har nokre hotelldøgn bak meg gjennom vervet som hovedtillitsvalgt i sjukepleiarforbundet, og det på forsksjellige destinasjonar som Alexandra, forskjellige hotell i bergen, union i Geiranger og hotell i Trondheim, og har ALDRI blitt krevd for pengar for å nytte hotellas fascilitetar!!

Vel inne på rommet studerte eg brosjyra over kva hotellet forøvrig hadde å by på, og der reklamerte dei for treningsrom for hotellets gjestar. Det kunne du som gjest benytte deg av, berre du betalte for det!!

MAKAN....

Verden sluttar aldri å overraske spør du meg.


Det verste var likevel at vi følte at hotellet var svært prega av dårleg vedlikehold. i spelehallen hag det lappar med "i ustand" på fleire av maskinene, ei av heisane, massasjestolen i gangen, inne i Tropicana var det berre to av dusjane som virka, "solene" var i ustand og


SURPRISE SURPRISE!! Ingen av solariuma var i orden...

Men ein ting må likevel seiast: Maten var utruleg god og variert:0)

Ein annan ting som og er flott opplagt er barneundehaldninga med klovneshow der dei dreg inn ungar til å opptre og barnediscoen frå kl 20.00 - 21.30. Rakel vann premie for kveldens best kledde;9)

Tek gjerne imot synspunkt på dette innlegget!!