Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg

onsdag 7. oktober 2009

Det store oppussingsprosjektet....

Dei siste dagane har vore rimeleg travle med sjonglering mellom jobb, fritisaktivitetar, lekser og oppussing. No er det heldigvis haustferie for ungane, som betyr ein liten pust i bakken.
Men over til det innlegget skal handle om.

Vi har bestemt oss for ei ganske radikal endring i husstrukturen vår, og vi har no tatt for oss oppussing av loftet som består av to soverom og ei loftsstove. Loftsstova har no blitt soverommet vårt, og ungane har fått dei to andre.
Men eg var rimeleg klar på at eg ikkje orka å sove på eit rom som kun besto av ubehandla panel, og difor måtte noko gjerast.
Slik har det sett ut....


ingen veg tilbake....(Skjelve, skjelve)


og slik ser det ut no:0)
Sidan dette var mi avgjerdsle har dette vore mitt prosjekt, og eg kan med stoltheit meddele at eg har mala ALT sjølv, med ein del hjelp frå ei venninne...
Planen nede er no at det som har vore Rakel sitt rom, skal bli bad. Vårt soverom skal inngå i kjøkkenet, Fredrik sitt rom skal vere gjesterom og det noverande badet skal bli eit kleskott.
Mykje arbeis gjenstår, men vi er no godt i gang. Loftet er grovferdig, men manglar enno ein del bilder og stæsj....
Det kjem, det kjem....sånn litt etter kvart....


Nyttar og anledinga til å gratulere mi flotte svigermor...eller Bep...som ungane kallar henne med dagen:0)
Tantebarnet mitt Julie Kristin fyllte tre år på mandag...Gratulerer med overstått dag, lille venn...Vi gledar oss til å feire dagen med deg når vi kjem til Volda i helga!!

fredag 27. februar 2009

Sjølvgjort er velgjort:0)

Vi har begynt å lage kort...

Det er utruleg kva ein kan få av idear og inspirasjon her inne i Blogglandia...

Eg har strikka(godt hjelpt av dådyraugene til dottra mi), og no har vi altså begynt å lage kort!!

Kjempekjekt er det og. Kreativiteten får brynt seg, og ikkje minst har eg og ungane noko vi kan gjere på i lag.

Begge to synest det er spennande å finne fram korgene med papir, lim, sakser og effektar...

Vi diskuterar, kjem med forslag og prøvar oss fram...

For ikkje å snakke om kor stolte vi vert av dei ferdige produkta...
Heldigvis har dei falle i smak hos mottakarane og....

Og det er utruleg kjekt å gi frå seg noko som ein har tatt seg tid til å lage sjølv...
PS! No har vi og gått til innkjøp av lerret og maling....

torsdag 26. februar 2009

Eg ~ ein strikkar??

Mamma, om du les dette må du love å ikkje dette om av sjokk!!
He he, som dokke kanskje skjønar så er desverre ikkje strikking noko eg heilt har klart å lære meg....

I utgangspunktet var det Rakel som hadde lyst til å prøve å strikke seg eit panneband. Med friskt mot reiste vi til Førde, kjøpte inn garn og pinnar. Når vi kom heim la eg opp strikk til henne, ho prøvde seg på ei mauske og ville ikkje meir...
Kva gjer så mora når den søte dotra med dådyraugene ser på ho med bedande blikk og tårene nesten hengande i augevippene??
Jau, ho strikkar eit panneband, sjølvsagt!!
Vesle frøken Snupp var strålande fornøgd når vi i dag kunne montere set og ta det ferdige produktet i bruk:0)

Mi gode bloggvenninne PETUNIA har oppretta facebookgruppa
"Norske bloggdamer"
Applaus til Petunia for å samle bloggdamer på facebook!! Tanken er å samle alle norske bloggdamer på facebook uavhengig av kva type bloggar vi har for å kunne hente råd og kunnskap hos kvarandre.
Eg har allererede meldt meg inn, og håpar mange fleire vil gjere det same.
Om du lurer på noko meir, stikk innom Petunia

onsdag 29. oktober 2008

Koseleg ettermiddag:9)

First business....PA280173

Leksene er viktige, og har stor prioritet hos oss. Når vi kjem heim får dei slappe av litt, middag, og så lekser....

Then pleasure....PA280174

Her er det julegåvelaging for fullt!! Vi har hatt som tradisjon å gi vekk gåver til tanter/onklar, beste/oldeforeldre og faddrar sidan Fredrik var  1 år:0) I forbrukssamfunnet vi lever i, tykkjer eg det er viktig å formidle sunne, positive holdningar til ungane mine. Det er ikkje alttidt nødvendig å kjøpe gåver, det er faktisk vel så koseleg å lage gaver, og mottakarane set stor pris på desse gåvene:9) Vi synest og at det er koseleg å lage til/frå lappar til julegåvene....

PA280175 PA280176

Full konsentrasjon!! Maling og liming....

PA280179

I år pyntar vi fyrstikkøsker, her er produksjonen så langt....Fine?? Det synst i alle fall vi:o)

PA280180

Gårsdagens produksjon... Vi lagar litt no og litt då, viktig å ikkje trøytte dei ut;9)

PA280182

Litt julepynt vart det og i går.... Søte nissar. Fann materialsett på Rema til 20 kr!!

PA280185

Pakkelappar....Laga med omhu og omtanke:0)

PA280191 PA280190

På ein sånn kosedag, høyrer det sjølvsagt med litt god mat:0)

PA280187

PA280193

Mmmmm....

Oppskrift:

100 gram margarin(smeltast)

5 dl melk

50 gram gjær

1 1/2 dl sukker

1 ts kardemomme

1 egg

ca 700 gram kveitemjøl

(Min hemmelege ingrediens for å få bakverk luftig og fint er: 1 ts bakepulver)

Hevast godt, delast i to emner og kjevle. Pensle smør på, dryss med sukker og kanel. Rull sammen, kuttast i passelege bitar.

Eg brukar litt perlesukker på toppen på kanelbollane, og så har vi brukt vaniljekrem på dei andre etter Fredrik sitt forslag:0)

Steiketp: 225 grader

Steiketid: ca 15 minutt

Nokon som lurer på om det vart fangst i helga??

PA260127 PA260128

PA260129

Full uttelling!!!!! 6 kilos oppdrettslaks, så no er røykelaksen til jul sikra;9) Og for oss som ikkje er så stø på dette med fisk, så er visst dette ein hannlaks, det ser ein på "tanna" framme i munnen...

søndag 26. oktober 2008

FISKAREN....

I går var Fredrik for fyrste gong med under Osfossen for å fiske etter oppdrettslaks.Medlemmar i jakt og fiskelaget i kommunen som og er villige til å gjere ein innsats i elva(i år har dei sett i stand att klekkeriet) får tilbod om å fiske etter oppdrettslaks der nede frå oktober til februar. Dette er pga at oppdrettslaksen stengjer for villaksen slik at den ikkje kjem seg opp laksetrappa for å gyte. Det er m.a.o viktig å få vekk rømt oppdrettslaks no når villaksbestanden er trua.

PA250001

Ja ja, nok om det. Han som er grunneigar har gitt sin velsignelse til at guten får vere med ned, av di dette er eit viktig rekrutteringstiltak av unge fiskarar:0)

PA250002

Guten sto der nede i øspøsregn i 4 stive timar og fiska utrøytteleg, utan å verte lei...Elva har gått over sine breidder, og muren som er der nede viste ikkje att...Dei vaksne trekte seg i periodar inn i skjulet for å få ly for vergudane, men guten sto....Han vart desverre ikkje belønna med fisk, men han var den einaste som fekk napp;0) Og jammen vil han ikkje ned att i dag og, no er han påkledd og klar, og ventar på att faren skal kome heim:0)

PA250004

PA250003

Dette står det verkeleg respekt av, og eg er så uendeleg stolt av den flotte guten min!!!! Vi har tøffe tak innimellom når uroa og impulsiviteten tek overhand, men sånne augnebling veg opp for alle dei tunge stundene.

PA250006

Fredrik har ADHD, og må av denne grunn stå på medisin for å kunne fungere i kvardagen. Men etter at han starta på medisin har ikkje lengdeveksten vore tilfredsstillande, og særleg siste året då han ikkje vaks i det heile. Forrige haust vart det difor snakka om at vi kanskje måtte ha ei medisinpause denne sommaren, og når han då ikkje hadde vokse noko meir til vårkontrollen så tok vi beslutninga om medisnfri sommar. Vi søkte NAV om 4 veker pleiepengar kvar, og fekk dette innvilga. Delte opp ferien vår, slik at vi har fått vore heime heile sommaren begge to. Alt var nøye planlagt og tilrettelagt, og i tillegg vart vi velsigna med eit fantastisk sommarver. Klart det var dagar verre enn andre der vi tenkte at no klarar vi ikkje meir....Guten hadde det tungt i periodar fordi han ikkje klarte å kontollere adferden sin sjølv om han så gjerneville...Men samla sett kom vi no ut av sommaren med nye erfaringar og kunnskap...Vi har og fått ein unik sjanse til å vere i lag heile sommaren, og vi har vore mykje ute i naturen...Torsdag var vi på kontrolltime hos BUP,og han har strekt seg heile 6 cm i sommar, og då vi høyrde det kjende vi verkeleg at alt strevet har lønnt seg:0) Vekta var oppe i 34 kilo etter kort tid, men etter at han starta oppatt på medisinane har han gått ned 3,4 kilo, noko som forsåvidt ikkje var uventa... Vi var på helsestasjonen for å måle/vege før oppstart av medisin, og då var han 138 cm. Dei gode nyheitene er at han har strekt seg ytterlegare 2 cm etter at han starta oppatt på medisin, og er no 140 cm:0) Vi er godt nøgde heile familien, og føler verkeleg at det var verdt den tøffe sommaren utan medisin:9)

PICT0011

Denne veka har det og vore konferansetime og iopmøte, og no er det berre framgang over heile linja, og masse skryt å hauste frå dei flotte lærarane. Kjenner at eg får tårer i augene berre eg tenkjer på det, for vegen fram mot dette målet har til tider vore både lang og endelaus...Men no står vi der...

PÅ TOPPEN AV BARREN!!!

PA250007

HIPP HIPP HURRA:0) :9)