
tirsdag 30. desember 2008
Interiørfotosafari på sjukeheimen

fredag 21. november 2008
Utmerking for varme & støttande kommentarar
går til alle dei flotte bloggjentene som har lagt att kommentarar som varmar langt inn i hjerterota på innlegga mine om turnusavtalar og oppgåveskriving . Det kjennest så deilig å få masse støtte og varmande ord på ting som er viktige for meg:0) Dermed var det ikkje vanskeleg å finne inspirasjon til å lage ei utmerking som gjenspeilar det eg føler!!!
Eg kjenner meg så utruleg priviligert som har så mange gode....ukjende men samtidig kjende...vener her inne i Blogglandia!!
Denne gangen skriv eg berre inn bloggnavnet og så kjem eg på besøk til kvar enkelt som har fått denne utmerkinga:0)
Lille meg
Kkann design
Randi ~Hverdagsprat
Torilpia
Simmas hus
Gamlå
Aud Da
Troll og Ting
Frå eit A4-liv
Tara~Happy in pink
Fjordheim
Grys lille univers
Elins drømmer
Petunia
CosiFanTutta
Lindalove`s verden
Tofo sin familieblogg
Kathrines hage
Bestahjemmet
Black Feathers
Sol & bolig
Livet er heerlig
Lykkehuset
Eie
Solveig-min verden
Hvit Rose
Steinbokkjen
Tankar frå ein kvardag
Tante Julies gamle hus
Duften av erteblomster
Tuusen takk alle sammen!!!
No kan eg ta helg og fryde meg over at turnusavtalane er i boks, både grunnturnusane og juleturnusane er godkjende og oppgava er omsider innlevert....
Når ungane er i seng skal beina på krakken og boligpluss lesast frå perm til perm....
Varm helgeklem frå LINE
torsdag 13. november 2008
Travle dagar....
I går hadde vi siste innspurten på pakkelappane som skal festast på julegåvene til Voldagjengen:0) Vi hadde ei triveleg stund alle sammen, og sjølvsagt var det ein inspirasjon i seg sjølv å gjere dei ferdige når gulerota er avreise til Volda i morgon....
I dag har det stort sett gått i eitt sidan eg slo opp auga kl 07.00.
Etter å ha fått ungane avgårde på skulen, var det berre å hive seg rundt og pakke inn julegåver og pakke kofferten....
For dei som les bloggen min veit dei at eg hadde ei *kremt* jobbutblåsning i forrige veke. Men det vart oppnådd noko ved at eg sto på mitt, og i dag var det duka for møte kl 11.00 med leiinga angåande turnusavtale.
Nokon som er spente på resultatet???
Turnusavtalen er i BOKS!!
Møtet tok tre timar, og foregjekk i ei roleg og fin atmosfære, og no er alle partar einige om grunnramma. Gjenstår litt finpussing og så er det berre å skrive under. Må innrømme at eg er litt stolt over å ha fått til dette, og ikkje minst at vi kunne kome fram til ein avtale som kjem alle partar til gode:0)
Deretter rett på fysikalsk behandling, heim å sluke i seg noko middag, og så var det kafe/klassefest for 3/4 klasse. Inntektene frå kafeen skal uavkorta gå til barneavdelinga på FSS, og dei fekk inn 3 500 kr....
Discotek og leikar høyrer sjølvsagt med på ein klassefest, og det var mange tvangsfrivillige voksne og mange superfrivillige barn;9)
Alt i alt ein triveleg kveld....
No er det snart sengetid, og i morgon reiser eg og mine barn til Volda nokre dagar.Det gledar vi oss sjølvsagt masse til, og det vert nok stilt på bloggen min nokre dagar framover.
Med desse rosene ynskjer eg difor ei fantastisk flott helg til alle sammen no:0)
Klem Line
fredag 7. november 2008
EG ER MILDT SAGT RASANDE....
Måtte berre innom her og sleppe ut litt damp, ellers er eg redd eg kjem til å gå i lufta!!
Det har blitt utarbeida nye turnusar hos oss, noko som i og for seg er greit nok...
Dei gamle turnusane vart oppsagt i mars, og allerede på det tidpunktet varsla eg om at eg ikkje kom til å godkjenne nye turnusar før ein turnusavtale vart utarbeida og komt på plass.. Ja ja seier arbeidsgivar då..Tida går og ingenting skjer sjølv om eg gjentek det med jamne mellomrom...
For ni veker sidan var den nye turnusen klar til godkjenning...Men kva då med turnusavtalane spør eg, det vert ikkje godkjent turnus utan at dei er på plass....Eg snakka med Norsk Sjukepleiar Forbund(NSF) sitt fylkeskontor og fekk tilsendt mal på turnusavtale...
Framleis ingen respons, og for sju veker sidan vert den nye turnsusen sett i gong utan å vere godkjend av HTV...Men vi er framleis i dialog, og eg vel å ikkje ta kontakt med fylkeskontoret...
Var innkalla på turnusmøte i dag, som skulle vere kl. 10.00. Okay, då bestillte eg time hos lege kl 09.00 - Er for tida sjukemeldt pga nakke/skulder problematikk... Medan eg sat nede på venterommet, fekk eg melding om at møtet starta kl. 09.00???
Eg var ferdig hos legen kl. 09.45 og skunda meg opp på møtet som eigentleg skulle ha starta kl 10.00!!
Då viser det seg at møtet er i ferd med å avsluttast, og turnusavtale har ikkje vore tema, men det har derimot juleturnus vore.... Dei har utarbeidd retningslinjer som HovedTillitsValgt(HTV) ~meg må sjå på og underskrive innan 14 november.
Seier i då frå om at eg ikkje skriv under på noko som helst før turnusavtalene er på plass...
Øverste leiar i etaten vert sint og går til angrep på meg.... Snakkar om at dette har vi ikkje tid til, døgnet har berre 24 t, NSF og KS er ikkje einige om sånne ting... (Får då skutt inn at eg er der for å ivareta medlemmane i NSF og må halde meg til retningslinjene til forbundet...)og fortset med at eg er ein dårleg leiar for NSF i kommunen...Heva møtet, og eg gjekk derifrå!!
Eg blir mildt sagt eitrande forbanna og faktisk litt lei meg og...Har hatt dette som tema sidan mars månad, så det kan i alle fall ikkje skuldast på tidsnød...
Det er merkeleg at dialogen alltidt er god så lenge organisajonane er einige og "spelar på lag", men så snart vi stiller krav vert tonen og temperaturen ein heilt annan... Sjukepleiarane er faktisk ei viktig yrkesgruppe i samfunnet, og dei aller fleste av oss gjer ein utruleg god jobb... Alt vi ber om og ynskjer er å bli verdsett for den jobben vi gjer og at vi vert ivaretekne og tekne på alvor av arbeidsgivar!! Det er desverre ikkje eineståande i mi kommune, og høyrer gjerne frå fleire om dei har/har hatt tilsvarande problem...Om du ikkje har lyst til å skrive noko i kommentarfeltet så er mailadressa mi: line_hjorthaug@hotmail.com.
Medan eg sit og skriv dette har eg fått telefon frå øverste leiar der han beklagar at han var oppfarande, no skal dei ta tak i det og sjå på avtaleforslaget, og at vi har no avtalt nytt møte på onsdag!!
Avventar no med å koble inn fylkeskontoret, og kryssar fingrane for at det ordnar seg på minneleg vis!!