
Med to fotballspelande ungar i hus seier det seg sjølv at dei fleste sportsbilda stammar frå fotballbana for tida....

Begge to er på miniputtnivå, Fredrik har sitt siste år og Rakel sitt første!!
På miniputtnivå spelar ein femmarfotball, dvs at dei er fire spelarar og ein keeper ute på bana, og bana er mykje mindre enn i vanleg fotball.

Dei spelar ikkje seriekampar, men det vert arrangert fire miniputturneringar...To på våren og to på hausten der dei spelar fire kampar.
Desse bilda er frå årets fyrste turnering, og for Rakel sin del var det jo ekstra spennande sidan det er fyrste gangen ho er med...


Gutane er blitt habilde spelarar etterkvart, og på fire turneringar har dei tapt berre to kampar. Jentene vinn litt og tapar meir...men ordtaket "Tap og vinn med same sinn" kjem verkeleg til sin rett blant miniputtungar:0) For dei er det idrettsgleda som står i fokus, ikkje tap eller seier...

I tillegg til miniputturneringane har vi fått invitasjonar til bl.a. Benditcupar...
Forrige laurda var vi på Benditcup, og vergudane var slett ikkje med oss.
Det striregna, og på slutten var det mykje vind og gufsekaldt. Gutane var litt meir usikre i møte med berre framande lag og tapte alle kampane...Dei var dyvåte, iskalde og klarte kun å putte ballen to gangar...Men hang dei med leppa?? Nei, dei såg på det som ei ny erfaring og tøff utfordring, og meinar at dei berre må trene endå hardare. Ein kan ikkje anna enn verte stolt!!

For fleire flotte sportsbilde, ta turen innom Fotoverden:0)