Fredag kom lisjesystra mi med familie på helgebesøk. Vi har verkeleg kosa oss, både små og store. Fredag var det nydeleg ver, og dermed einsbetydane med grilling og uteliv. Laurdag og søndag var det regn, regn og atter regn. Men til tross for dårleg ver og mykje innetid, var det likevel fred og ro i ungeflokken. dei kosa seg i lag, og det var ikkje krangling for heile helga:0)
Julie Kristin er ein skikkeleg morgonfugl, og kl. 06.30 på laurdag kom ho trippande og måtte på do. Til tross for gjentatte forsøk på å forklare at vi måtte vere stille, så var ho like strålande, og så kom det kontant: “Tante Line, ej lika å stå tili opp, ej” Dette er vel det ein kan kalle gullkorn frå Barnemunn??


Mykje kosing, gode samtalar og gjennomførte måltid hadde ein sentral plass gjennom heile helga. Oppskriftene kjem fortløpande HER, dersom nokon skulle vere interessert:0)

Det er både fordelar og bakdelar med at familie og vener bur eit stykke unna. Fordelane er jo heilt klart at samværet ofte er lenger og tettare når ein treffast, medan bakdelane sjølvsagt er at treffa blir betydeleg sjeldnare om ein bur i nærleiken av kvarande…

Til tross for aldersforskjellane går ungane utruleg godt overeins, og dei kosar seg verkeleg i lag. Fredrik er på veg til å bli den mest forstandige, og synst det er stor stas med Nathaniel. Laurdag var eg ute å trilla Nathaniel, og då kom han etter på sykkel. Overtok trillinga som den største sjølvfølge, medan eg leia sykkelen hans. Vi fekk oss nokre gode minutt saman vi to, medan Nathaniel sov fredeleg i vogna si. han har vet på mykje den store guten min, og refleksjonane og betraktingane hans er til tider overveldane, men så utruleg skarpsindige:0)

Tante Tina lagar dei flottaste fletter, og det er heilt klart meir stas at ho gjer det enn mora, he he…

Gutta boyz har “kvalitetstid” framfor pcèn;9)

Tida flyg så altfor fort i triveleg selskap, og før ein veit ordet av det er det søndag og tid for avreise…Takk for denne gang, og så håpar vi at det ikkje er så lenge til neste gang vi sjåast…