søndag 17. august 2008

Dagen før dagen


I dag er dagen for ettertanke. Rakel har vore på lang fjelltur i lag med Tone, Mikael og Johannes for å døyve loppeblod og skulestartspenning. Det hadde vore ein knalltur og dei hadde verkeleg kosa seg. No i kveld har ungane bada og flidd seg etter alle kunstens reglar. Sekkane er tilpassa og pakka. Første skuledagklea har hengt framme på hengar eit par dagar. Alt er klappa og klart til skulestart for ein svært spent førsteklassing og ein litt tøff fjerdeklassing. men tom storebror har måtta bete i det sure eplet og innrømt at det skal bli godt å begynne på skule att;0)
Men mor i huset må samtidig innrømme at det er litt vemodig å "vere ferdig med barnehagen", no har vi berre to store skuleungar i hus. Eg har vore på dagvakt i dag, slik at eg kan ha fri neste søndag når Fredrik skal på fotballturnering. Så som ein skjønar er sommaren ugjenkalleleg forbi, og hausten med sitt heseblesande tempo og aktivitetar bankar på døra!! Ynskjer med dette alle landet sine førsteklassingar, samt deira foreldre lukke til med dagen i morgon. Eg vonar alle er like spente som oss...

lørdag 16. august 2008

I blåbærskogen






I dag fann eg og mi gode venninne Tone ut at det var ein passande dag å reise på blåbærplukketur på. Vi smurde med oss niste, pakka sekkane og hoppa i støvlane, klare for nokre timar i skogen. Turmåla er mange,men denne gangen enda vi opp oppe på Hestad. Svigerfar min har hytte med god tilvekst av blåbær kring den. For ikkje å snakke om det attraktive vatnet rett nedanfor. Ungane kosa seg med å plukke blåbær rett i munnen, kaste stein og fange småfisk i vatnet, samt klatre i trea. Vi voksne fekk og nokre flotte timar med god prat og fulle blåbærboksar. For ikkje å gløyme ei lang og god matpause med sandwichar, frukt, saft og kaffe. Ein spanande edderkopp traff vi og på vår veg...

torsdag 14. august 2008

Nyklipte ungar!!




I løpet av sommaren har håret ein underleg evne til å leve sitt eige liv...
Det veks som ugras, det vert lysare og meir slitt enn ellers i året. Rakel har denne sommaren i tillegg valgt å prøve seg som frisør på eige hår, så no fann mor i huset at her var det på tide med hårrefreshing:)
Resultata blei bra, og begge ungane var godt nøgde.. Litt uvant for familien med ei Rakel med pannelugg(pga den berømte hårklippen måtte det gjerast), men resultatet vart no særs bra, og jenta sjølv er veldig nøgd!!

onsdag 13. august 2008

Voldaturar sommaren 2008









Pga at heile gjengen har hatt langfri denne sommaren har vi til mi store glede rukke to turar til Volda(heimbygda mi)
Det er alltidt kjekt å kome heim og treffe familie og vener:)
Eg vil no og påstå at vi har klart å rekke mykje forskellig til ungane si store glede:
Sjukebesøk til Oldebesta, Hærøybadet, Atlanterhavsparken, Håvoll, besøk til Oldemor, helgebesøk hos Linda og Terje, besøk til Nina og Asle, mykje samvær med Tante Tina, Onkel Frode og Julie Kristin


Snart skulestart


Ja, ja, no nærmar sommaren seg slutten for denne gongen, og skule/arbeidslivet bankar på døra om nokre få dagar...
Fredrik har vore medisinfri i sju veker denne sommare pga at han ikkje har vokse tilfredsstillande siste året.
Det har nok til tider røyna på både for oss og han, men no er vi stolte og glade alle saman for at målet er nådd.
Denne veka driv vi med opptrapping. Om kvelden på første "medisindag"" sa han til meg at det var godt¨å få starte oppatt med medisin!! "Mamma, no er det ikkje så mykje bråk inne i hovudet mitt lenger. Du, Mamma; må eg vere uten medisin neste sommar?? Det trur eg ikkje eg orkar" Sitat slutt..
Kva svarar ei stakkars mor med eit allerede sårt morshjerte på sånnt?? Jau, ho svarar så godt ho kan at vi får tru at vi no har fått tatt att det tapte, og at det sannsynlegvis ikkje er nødvendig, men heilt sikker er eg ikkje...
Passar og på å legge til at Mamma og Pappa synst at han har vore kjempetøff som har kome seg gjennom det, og at vi er frykteleg glade i han

onsdag 6. august 2008


Grillkveld

I går bestemte vi oss for å invitere eit venepar på grillkveld. Tommy og Jenny er som meg veldig glade i sjømat. Det som då var heilt klart, var at delar av menyen måtte ha innslag av sjømat...


Etter ein del fundering fall valget på balsamico, chili og kvitløksmarinerte scampi med grilla brød innsett med kryddersmør til forrett:)


Godt, men hot!!


Hovedretten besto av marinert kalkunfilet, fløytegratinerte poteter og salat..
Marinaden laga eg sjølv, og i den var det olje, balsamicoeddik og worchestersaus tilsett diverse krydder. Nydeleg:)


Desserten vart eit enkelt val. Eg tykte det passa god med sjokolademousse!!

SJOKOLADEMOUSSE:

1 1/2 plate kokesjokolade
2 eggeplommar
1 ts vaniljesukker
2 ss sterk kaffe
1 ss appelsinskal
3 dl kremfløyte

Denne gongen tilsette eg i tillegg daimkuler!!
Delicious:)

Vi hadde ein kjempekoseleg kveld med god mat og godt drikke, masse latter og gode samtalar.
Takk for denne kvelden, Tommy og Jenny....