onsdag 7. januar 2009

Frk Totempæl

Min deltakar til Frøken Frost konkurransen hos Anne på Moseplassen er den ærverdige Frk. Totempæl:0)



På skituren vår passerte vi denne staselege frøkna, og då kommenterte Rakel omgåande "at dette ser ut som ein sånn som indianarane har, Mamma", og det hadde ho jammen rett i!!



Detaljbilder....



Ser dokke dei forskjellige åndeansikta??


He he, var ikkje heilt sånt bidrag eg såg føre meg i denne konkurransen, men vegen vert jo ofte til medan ein går, og eg synst denne var litt artig;9)
EG ER MED, ER DU???
Må til slutt vise fram Frk Havfrue som sat litt sånn lett henslengt i toppen av eit tre:0) Ho ventar nok på bedre tider...

tirsdag 6. januar 2009

Årets første skitur..

I kveld har eg & ungane vore på årets første skikkelige skitur!!

- 2 grader, litt opplett og litt snø, med gnistrande føre....
Kan det bli betre???

I fjor gjekk vi på ski gjennomsnittleg tre gongar i veka frå ca medio januar til rundt påske, og her eit håp om at vi kan gjere det same i år:o)

Snuppelura med sin nye tursekk som ho fekk av fadder Linda med familie til jul, og Linda, om du les dette så var dette midt i blinken!! Ho var svært stolt!!

FREDRIK GÅR FISKEBEIN!!!
Dette prøvde eg å få han til i heile fjor vinter, men han var sint som ei fele og nekta å prøve det i det store og det heile....
Stor var difor overraskelsen då han brukte fiskebeinsteknikken som han aldri hadde gjort anna allereie frå første bakken...
Det må vere eit teikn frå oven om at det eg forklarar og seier til han faktisk glir inn på eit eller anna tidspunkt;9)

Vi starta mjukt med å gå berre tre kilometer i dag, og så avslutta vi med litt skileik i bakken. Det var kjekt:0)

søndag 4. januar 2009

Særdeles vellukka nyttårsbrunch:0):9)

I dag har vi hatt vår årlege jule/nyttårsbrunch alt etter kor tid vi jobbar og har fri.
Pga arbeidshelg i romjula i år vart det nyttårsbrunch:0)
Det meste var gjort klart på forhånd, så i dag har det berre vore å ommøblere litt, stryke dukar, lage salatane og pynte litt!!

Slik såg det ut på kjøkkenet. Bilda er tatt etter at vi har begynt å ete, kom ikkje på å ta før bilder mitt i kampens hete;9) Friendship is a joyful thing,
just like å flower in the spring.
It needs care and love to grow.
To all my friends: I love you so.
Friends are someone that we treasure,
and turn to under all sorts of pressure.
Catching our tears when we cry.
Pulling us through when the tide is high.


Friends understand our pain and sorrow,
and give us hope of a better tomorrow.
The friendship we share is so precious to me.
Who other than you could my best friend be?
And could I have one wish this year,
I would whisper it in your ear:
I`d like to be the sort of friend,
who makes our friendship never end.
If something ever happens to you,
just know that our friendship`ll be true.
I`ll be there for you every step of the way.
Just know this my friend; I`m here to stay.

Diktet er skreve av ein 10.klassing på engelsk eksamen og fekk karakteren 5. Funnen på Daria.no

Takkar familie og vener for en fantastisk dag!!

Klem Line:0)

lørdag 3. januar 2009

....og så kom vinteren....


I dag har vi hatt eit heilt fantastisk vinterver her i Sunnfjord:0)
Dagen starta med rydding og litt vasking sidan vi har invitert familie og vener på nyttårsbrunch i morgon...
Kl 11.30 fekk eg ei melding frå Aud Irene om at dei var ute å gjekk på ski og aka, og om vi hadde lyst til å ta oss ein tur ut til dei??
Passa godt med ei pause då, så vi kasta oss i vinterklea og kosta oss ut til naboane:0)
Gutta Boyz ready for some action!!
Jentene testa stilen før dei kasta seg ut i bakkane...
Dina lokka med seg Mamsen på aketur, sjekk stilen når ho skulle oppatt;9)
Fredrik & Jakob laga seg slalomløype....
Gutane er like gamle og det same er Ingrid & Rakel...
Veldig greitt med ungar i same alder her nede i den lisje grenda vår!!
Alt i alt var vi ute i tre fantastiske timar, og storkosa oss både store og små!!

fredag 2. januar 2009

Ein eigen ro....

Sundagsro

Frosten knakar
i nòv og vegg;
soli gløser
og søv og legg
sitt eldskin raudt yvi snøen.


Frostskodda heng
som svivande bru yvi isar
og heidi upp og i sud;
men fri ligg vinterstill bøen.


Inne ho gamlemorbrille-
klok ved bordkanten

uppeles i si bok
og tenkjer på siste ferdi.
Ved omnen jønn
raud ungdom sìt
og steikjer skivur
og knaskar og ét;
det er det beste i verdi.


"Kva er det som tyt og
aldri tegjer i villan heid?"
"Bekken han tyt og aldri

tegjer på langan leid."
"Kva er det som høgger heile dagen

og flis ikkje fell?"
"Klokka ho tikkar

heile dagen og lange kveld."

"Stogo full av den gråe ull
som ingin kann taka?"
"Røyken er denne lette ull, som ingin kann
maka."


"Det kjennest på mjuke
kattesnute både varmt og kaldt;
d'er ikkje inne og ikkje ute, men tekt yvi alt?"
"Og ikkje inne og ikkje ute,
både varmt og kaldt,
det er i glaset den klåre rute med tak yvi alt."

"Rundt som eit egg og langande langt
som ein kyrkjeveg?"
"Garn-nystet er både rundt og langt,
kann eg segja deg."


"Fire heng og fire gjeng,
når lauvet det spretter;
tvo stend i sky;
tvo finn vegen til by,
og ein diltar etter?"


"Kui med juret på fire gjeng,
når lauvet det spretter;
Horn stend i sky;
augo ser imot by;
men rova sleng etter."


"Brunt i roti
det lær til deg,
men kvitt uppi toppen;
under eit åklæd' det spélar seg,
og gjer godt i kroppen?"


"Ny-ølet æser og brunt seg dreg,
med skùmhatt på toppen;
i åklæd-tekt kjer so spélar
det seg og gjer godt i kroppen."


"Um vinteren veks eit
underlegt tre, men minkar um våren;
roti snur upp og toppen ned, og smal er han skorin?"
"Jokulen er dette vinter-tre,
som minkar um våren;
han heng under take med toppen ned,
og smal er han skorin."


"Vår Herre fær det visst ikkje sjå,
men me ser det kvar dag?"
"Sin jamlike er det han ei fær sjå,
men som me ser kvar dag."


"Rotlaus veks det av lange røtar.
Um dagen det skrid
på tvo, men til morgons
på fire føtar, um kvelden på tri?"


"Mannen veks rotlaus
av mange røtar frå Adam av.
Og fyrst han kryp;
so gjeng han på føtar,
men sist med stav."


~Arne Garborg~