søndag 14. juni 2009

ABC i ord og bilder ~ Helgas bokstav er O!!


Seint ute med denne helga ABC...
Men kan vel kanskje unnskylde meg med
arbeidshelg og at eg har ein del anna som skal vere i boks til opning av kunstgrasbana i bygda vår den 20 juni;9)
Men må vel og bite litt i støvet og innrømme at eg har vore rimeleg tom for idear....
Men så poppa det inn her:

OVERSKYA!!

er mitt valg for O....

Skyer vert danna når usynlig vanndamp i lufta kondenserast til synlege små vassdråpar eller små iskrystallar.
Det kan skje på to måter:
1. Lufta blir avkjølt til sitt metningspunkt
. Dette skjer når luft kjem i kontakt med ei kald overflate eller ei overfate som er avkjølt ved stråling, eller ved at lufta blir avkjølt ved adiabatisk heving.
Dette kan skje:
langs en varm -
eller kaldfront(frontal heving)
der luft bles over eit fjell (orografsik heving)
ved konvektive bevegelsar forårsaka av oppvarming av overflata (oppvarming om dagen).
2. Lufta endrar ikkje temperatur, men absorberer meir vassdamp til lufta vert metta.
Skyer er tunge. Vatnet i ei typisk sky kan ha ei masse
på fleire millionar tonn. Men volumet er tilsvarande høgt og netto tettheit av vassdampen er faktisk lav nok til at luftstraumar under og i skya klarar å halde oppe dei små dråpane. I tillegg er ikkje forholda inne i ei sky statiske; små vassdråpar vert konstant danna og fordampar. Ein typisk skydråpe har radius i størrelsesorden 1 x1 10-51 m og ei
tterminalfart på 1-21 cm/s. Dette gjev desse små dråpane god tid til å fordampe når dei fell ned i den varmere lufta under skyen.

Dei fleste vassdråpar vert danna når vassdamp kondenserer rundt ei kondensasjonskjerne
, ein liten partikkel av røyk
, støv, aske eller salt.
Under overmetta forhold kan vassdråpen også fungere som kondensasjonskjerne.
Vassdråpar som er store nok til å falle til overflaten blir danna på to måtar.
Den viktigste prosessen kallast Bergeronprosessen etter Tor Bergeron som la fram teorien. I denne prosessen kjem underkjølte vassdråpar og iskrystaller i ei sky i kontakt med kvarandre og gir ein rask vekst av iskrystallar, som så fell frå skya og smeltar på vegen ned.
Denne prosessen skjer vanligvis i skyer der skytoppen er kaldere enn -15°C. Den nest viktigste prosessen er kollisjons- og kjølvannprosesser, som skjer i skyer med varmare skytopper. Der kolliderar stigande og fallande smådråpar og produserar større og større dråper som til slutt blir så store at luftstraumane ikkje lenger kan halde dei oppe, og de fell til bakken som regn. Når ein dråpe fell gjennom eit område med mindre dråpar rundt, vert smådråpane dradd inn i «kjølvannet» av den større dråpen, kolliderar med den og auker med det størrelsen på dråpen. Denne metoda å produsere regndråper på skjer hovedsakelig i lave stratiforma skyer og små cumulusskyer i tropiske område. Regndråpane som vert produsert på denne måten er som regel smådråper som yr.
Kva type sky ein får er avhengig av styrken på oppdrifta og luftstabiliteten. Ved ustabile forhold er det konveksjon som dominerar, og det dannast skyer som kan ha stor vertikal utstrekking. Stabil luft produserar horisontalt homogene skyer. Oppdrift i forbindelse med frontar skapar ulike skyer alt etter om det er ein varm- eller kaldfront. Orografisk heving kan og skape ulike skyer avhengig av stabiliteten til skyene, men skyer som «hetteskyer» (cap clouds) og bølgeskyer blir berre danna pga. orografiske effekter.
(Informasjon funne på Wikipedia)
For å finne mange flotte ABC- innlegg, klikk HER

torsdag 11. juni 2009

Barneselskap:0)

I dag kl 16.30 bar det laust med festen!!
19 glade gutar og jenter samla seg på plenen der Rakel sat ved eit bord å opna gavene...
Deretter bar det ned i paviljongen til pølser, kake og is:0)
Når sangane var sungne og maten fortært var det duka for skattejakt, les:jakt etter snop)
No var det frileik...Mange barn å halde styr på, men med ein grei gjeng så går det så bra så....

Prinsesse for ein dag

Borda....

Hello Kitty kake etter inspirasjon frå Silje. Silje lagar dei mest fantastiske kaker ein kan tenke seg. Stikk innom bloggen hennar for å sjå og nyte, og ikkje minst bli inspirert....

Litt av gavene..Ho fekk mange flotte gaver og er superfornøgd!!
Ei slita men lykkelig prinsesse er no fallt i søvn, og drøymer mest sannsynleg om dagen mange inntrykk:0)
Mora og faren er og fornøgde med at begge årets barneselskap er vel overstått;9)
Tusen hjerteleg takk for alle koselege bursdsagshelsingar vi har fått gjennom bloggen, facebook og sms...
Dei er høgt verdsette alle som ein:0)
No skal eg slange meg på sofaen og slappe av med Criminal Minds...

onsdag 10. juni 2009

Mammas skatt og Pappas apekatt fyller år!!


Kl 15.35 den 10.06.2002 kom ei nydelig lita jente til verden på Førde sentralsjukehus. Underet var 3 268 gram og ein gyllen halvmeter lang:0)
Vegen fram til denne fødselen var lang og tornete, men Mamma og Pappa gløymte alt dette i det øyeblikket du kom og vi fekk helse på deg for fyrste gang....
Var på jordmorkontroll i det eg passerte veke 32. Brith sa då at dersom noko skjedde no, så fekk eg vere i Førde. Om natta kjente eg ei stund på ein del ubehag. Sto opp kl. 02.00 sidan "kynnarane" var såpass ubehagelege.... Etter ei stund gjekk det opp for meg at dette var merkverdig regelmessig, og dermed slo sjokket inn over meg med full tyngde...Dette var rier....
Vekte Frode som var noko fortumla...Ringde føden og fekk beskjed om å komme raskt....Vanskeleg å få tak i nokon, men fekk omsider svar hos Tante Anita, Fredrik kunne komme opp der...
Kom på sjukehuset og det vart fastslått at dette verkeleg var rier. Fekk lungemodningssprøyte nr 1, og stoppande drypp vart hengt opp... Hadde ca 1 cm opning, det roa seg etterkvart ned, og fødselen vart stoppa!!

Eg hadde ein veldig kraftig reaksjon på dryppet, og det vart avslutta før tida. Dei valgte og å ikkje gi meg tbl fram til termin pga dette. Fekk reise heim etter tre dagar!!
Dei neste vekene vart tunge med stadige rier og mange turar på føden...Fødselen kom aldri i gang, og vi var jo takknemlege for all den ekstra tida ho fekk i magen...Men slitsomt var det for heile familien med stadige falske alarmar....
Søndag 9 juni kl. 11.00 gjekk vatnet, og vi reiste på sjukehuset att...
Timane gjekk, men ingen rier viste seg....Mandag den 10 vart eg sett på kur, og då tok det ikkje mange sekunda før riene var i gang. Var oppe og gjekk litt, og dermed vart det full dramatikk...Fosterlyden forsvant heilt, og legane vart tilkalla i lag med anestesien... Men så kom fosterlyden att heldigvis...Etter det fekk eg ikkje bevege meg, og kunne kun ligge på høgre side...Ingen smertestillande, likar å ha kontroll...Etter 4,5 time kom lisje skatten vår ut i rekordfart, jordmora trudde mest ikkje sine eigne auge...Rekna med at dette ville ta lenger tid!!
Spurte kva det vart, og sjukepleiarstudenten som var med svarte at det var ein gutt..Det stemmer ikkje tenkte eg, hadde heile tida hatt ei sterk kjensle av at dette var ei jente...Så høyrde eg at jordmora sa at det var ei flott jente, og eg huskar at eg svarte at det var det eg visste, no kom jenta mi:0)
Navnet hadde ho fått tre mnd tidlegare: Rakel....
Vi valgte og å legge til Kristine, som er ei oppattkalling etter Pappa som heitte Knut!!
Det morosame då var at eg fekk vete at Kristine har vore brukt som mellomnavn i fem generasjonar på Mamma si side!!
Invitasjonar er laga og vart utsendt for ei veke sidan...Bordkorta er i boks, koppar, fat og godteposar likeså...Idag står kaka for tur, og i morgon entrar 18 glade barn heimen:0)

GRATULERER MED DAGEN RAKEL KRISTINE!!
Mammas skatt og Pappas apekatt...

tirsdag 9. juni 2009

Litt nytt.........


Mamma kom på beøk søndag, sidan vi skulle ha selskap for Rakel som vert 7 år denne veka...
Mandag hadde vi dagen for oss sjølv fram til kl 15.00, så då reiste vi til Førde på shopping og kaferunde:0)
Var innom Kid for å sjå etter nye stovegardiner. Fann nokon eg likte, så dei vert med heim så snart lønna er komen på konto;9)

Imidlertid kom eg over desse småtinga som eg fall pladask for når Anna Lisa viste dei fram på bloggen sin!! Så dei MÅTTE berre vere med meg heim....
Glassklokka er utruleg flott, tykkjer eg. Men fatet er eigentleg litt i grovaste laget så det er muleg det vert utbytta til hausten....

Flaskehaldaren har eg tenkt å bruke til å frakte sennep, ketchup, olje mm no når vi et så mykje ute.....
Brukar ikkje så mykje tid på bloggen no når eg har besøk, men kjem sterkare tilbake med kommentaren til helga!!
Klem

fredag 5. juni 2009

ABC i ord og bilder ~ N for....


...NATUR!!
For meg var valget på N heilt opplagt....

Naturen byr på seg sjølv på ein unik måte...Ikkje er den kravstor og held seg stort sett i ro når du ber om det;9)

Den byr til stadigheit på både humor og overraskande element for den som tek seg tid til å sjå....
Naturen er underfundig og variert. Vi har ulike årstider som pregar den på ulike måtar, og vi finn mest aldri motiv som er heilt like....
Den er alltidt på sitt beste, og den er stort sett alltidt vakker!!

Det er deilig å gå på tur og ta naturen innover seg, kjenne på stillheita som likevel ikkje er stillheit om ein tek seg tid til å lytte...

Då kan ein høyre set svake suset frå elva, fuglekvitter, rasling i lauv, fisken som hoppar, endene som lærer borna å symje....
Naturen går aldri tom for motiv, og vil alltidt bestå!!

For fleire sprelske påfunn på N, klikk deg inn HER

onsdag 3. juni 2009

Blomster til begjær;9)


Akk ja, så var det visst slutt på fineveret for denne gang....
I utgangspunktet var det meldt finare til helga, men i dag hadde dei snudd på flisa, og det er forventa surt og kaldt ver med mykje vind resten av veka:8

Sukk hjerte men brist ikkje seier eg berre....
Vi får vel berre leve med det og heller vie oss til innesyslar nokre dagar....

Eg for min del nyt synet av dei vakre rosene eg kom over på plantasjen på fredag!!

Dei stor formeleg og ropte mot meg, så dei måtte jo berre vere med heim, eller kva??

Dei mista ganske fort piffen, så eg klipte dei av og la dei i ei skål ilag med nokre telys. Tre av dei sette eg single i små telysglas....

I går på jobb "stjal" eg med meg nokre rhododendronkvistar heim;9)
Rhododendron har utruleg vakre blomster, og så duftar dei så godt....

Desverre står dei ikkje så lenge etter at dei kjem inn, så ein får nyte synet og dufta til fulle så lenge det er muleg:0)

Tidlegare i vår kjøpte eg nokre småvasar på Plantasjen, og dei har eg vore utruleg fornøgd med...

Må berre vise fram det flotte skiltet Fredrik har laga på sløyden....
Legg merke til teksta....

Nyt kvelden alle....

Stor klem Line

mandag 1. juni 2009

Former!!


Denne vekas mandagsutfordring er FORMER......
Ei artig utfordring tykkjer eg, for på same viset som mønster så finn vi former overalt rundt oss!!

Flaks at eg kjøpte smågodt i dag, så får innhaldet i skåla stå for formertolkninga mi!!

Utifrå den opprinnlege forma, kan ein skape nye og unike former....

Hey there, this is my space...Get out of my way!!
Krokodillane kjempar om øverste posisjon i godteskåla!!

Dødninghaudet og sirklane står side om side....

Colaformer og kirsebærformer er godt representert:0)

Fiskeformene er raude og fine, og lyser kom og ta meg!! nedi skåla...
For fleire sprelske tolkningar av former, klikk HER