
Mandagstema er VENN...
Sidan eg skreiv eit innlegg om venninner i ABC-innlegget på fredag, vel eg no å presentere våre firbeinte:0)
Her i huset bur det fire dyreelskarar, og eit liv uten dyr er rett og slett utenkeleg...
Dei held oss med selskap, underheld oss og er rett og slett ein stor del av familien.
Desse herlege kattane med store personlegheiter set vi utruleg stor pris på!!

Speedy er den ultimate utekatten. No i sommar har han stort sett berre vore inne for å få seg litt mat, og så ber det utatt for å utforske nye jaktmarker. Han er litt sky og let ikkje kven som helst få kome for nær...
Elskar å bli klødd rundt øyrene og under haka.

Shira er sin brors rake motsetning og er den ultimate innekatten. Vi brukte lang tid på å få henne til å like å vere ute. Dei fyrste gongane skalv ho, mjaua som ein gal og klorte frenetisk på døra for å kome seg innat. No går utelivet greit, men får ho velge, føretrekk ho å vere innandørs... Når ungane trekk inn i sengane sine, ser vi kort tid etterpå ein raud skugge som smyg seg inn på eit av romma. Ho elskar å få ligge i ei varm seng, krølle seg saman og kose med sengas eigar;9)
Ho elskar å bli klødd på nasa...

Nusse er faktisk bestemora til søskenparet...Ho tillet at dei bur i huset og delar til nød matskål med dei...Men varsam, varsam...Trø meg inkje for nære...Ho likar å halde dei på ein viss avstand. Denne dama held seg stort sett utandørs på sommaren, og innandørs vinterstid.
No for tida er ho knapt inne for å få seg mat, og om vinteren er ho knapt ut for å gjere sitt fornødne....
Meir avslappa vesen enn dette skal leitast lenge etter....I eit juleselskap for eit par år sidan var det ein som lurte på kva skinn vi hadde liggande på sofaen, he he...
Ho elskar varme, og å få ligge i ein stol nær ovnen er den største lykke.
Kos og klapp er aldri å forakte, og får ho ligge å klore på brystkassa til far i huset medan han stryk henne, er ho i paradis...Då kjem tunga halvveis ut og slevet begynner å renne....
Ho elskar å bli klødd på magen!!
Alle tre er kastrerte....
For fleire vennetolkningar, trykk HER



































