tirsdag 1. september 2009

Fotoshoots...

...der den vakre dattera mi spelar hovedrolla:0)

Rakel lånar fiskebrillene til Pappa!

Artig med bilder der objektet ikkje ser direkte i kamera.

Ja ja, Mamma, er du snart ferdig no?

Eit favorittbilde. vart litt kornete når eg blåste det opp, men dersom du klikkar på det ser du det i ein skarpare versjon:0)

mandag 31. august 2009

Tru...


Mandagstema denne veka er tru, og i lys av dei sterke historiane som har vore på bloggande denne veka, synst eg dette bildet illustrerar og symboliserar tru veldig godt!!


Tru på at det finst ein veg vidare, og at ein på kortare eller lenger sikt vil finne denne vegen...

Oppfordrar alle til å klikke seg inn til Linda og lese den sterke historien ho så modig delar med oss. Klikk deg og inn til Mali-mo og uttrykk medkjensle for det enorme tapet ho og familien har lidd. Les gjerne dette innlegget i min blogg om tap og skjult sorg. Hos Elin kan du lese om korleis det kjennest å ikkje kunne vere ein del av det som for det fleste av oss er ein sjølvfølge.

For fleire tolkningar av tru, klikk HER

søndag 30. august 2009

Best friends:9)


Det er ikkje berre mellom oss menneske det eksisterar søskenkjærligheit...
Det er desse to søtnosane eit godt eksempel på. Dei ropar på kvarandre, beskyttar kvarandre og gjer det meste i fellesskap...Det er stort sett berre framfor matskåla at stemninga kan verte ein smule amper;0)

Søsken kan og vere "best friends"...
Do I need to say anymore??

For fleire sundaychallengebilder, klikk HER

lørdag 29. august 2009

Ein dobbel flamme brenn hos meg i kveld....


Eg er så enormt overvelda over kjemperesponsen eg fekk på innlegget mitt om den skjulte sorga. Alle som la att ein kommentar har enten opplevd det same sjølv, eller kjenner nokon som har vore gjennom det. Det viser i klartekst poenget mitt, at det er mykje meir vanleg enn folk flest trur...eg skal kome innom dykk alle saman!!

Difor er det og viktig å sette fokus på temaet, og fjerne tabuane rundt spontanabortar. Det er inga skam å ha vore gjennom ein eller fleire spontanabortar, det er på ingen måte sjølvvalgt og sorga er like sterk som ved andre tap.
Eg vil tenne lys for Mali-mo og hennar familie i kveld....
Dei har opplevd det største skrekkscenarioet som alle vordande foreldre ber på. Dei har mista lille Wilma i mors liv...
Ord vert fattige, tårene renn og hjartet blør når ein les om det største tapet av dei alle, å miste eit barn....
Eg vil og tenne eit lys for Linda som har valgt å stå fram med sin enormt sterke historie på bloggen sin. Ho skriv den kapittelvis, og eg sit med gåsehud, håra reiser seg på armane, eg frys, sveittar, gret og flaumer over av medkjensle...
Oppfordrar alle å stikke innom bloggen hennar for å ta del i historien...
Ein dobbel flamme brenn hos meg i kveld, for desse to sterke kvinnene og familiane, samt alle andre her ute som sit inne med sterke historiar og tap som nesten er for smertefulle til å bere...
Varme og kjenslefulle klemmar frå Line

fredag 28. august 2009

Kva skal vi finne på på Z??


He he, bilder frå Løveparken i Danmark vart redninga i denne runda;0)
Så min Z står for Zebra!!

Zebra er afrikanske equids best kjent for sine karakteristiske kvite og svarte striper. Stripene deira kjem i forskjellige mønster som er unike for kvart individ. Dei er vanlegvis sosiale dyr og kan sjåast i små harem til dei store flokkane. I tillegg til striper, har rank zebraer mohawk-aktig man. I motsetning til sine næraste slektningar, hestar og esler, har sebraer aldri vore verkeleg tamme.
Det er tre artar av sebra: Plains zebra, grevy`s zebra og mountain zebra.

Plains zebra og mountain zebra tilhøyrer subgenus Hippotigris, men grevy's zebra er den einaste arten av subgenus Dolichohippus. Sistnevnte lignar på eit esel medan førstnevnte to er meir hesteaktig.
Likevel, DNA og molekylære data viser at zebraer har monofyletisk opprinnelse. Alle tre tilhøyrer slekta Equus saman med andre levande equids. I visse område av Kenya eksisterar ikkje plains zebraer og grevy's Zebraer.
Zeraens unike striper og veremåte gjer disse dyrene mest kjente for folk.

Dei kan finnast i ei rekke forskjellige habitatar, til dømes grassletter, savanner,skog, fjell og kyståsar. Imidlertid har ulike menneskeskapte faktorer sterkt påverka zebra bestanden, særlig på grunn av jakt etter skinn og habitat ødeleggelse.Grevy's sebra og mountain zebra er dei artane som er mest utrydningstrua. Medan plains zebraer er ein rikare bestand, ein underart, den quagga bortimot fekk utrydda på slutten av forrige århundre.
Navnet "Zebra" kjem frå det gamle potugisiske ordet zevra som betyr "wild ass".

Uttalen er / zɛbrə / ZEB-rə internasjonalt, eller / zi ː brə / Zee-brə i Nord-Amerika.
(Eg fann informasjonen på ei engelsk wikipediaside, og brukte googletralator, så teksten kan innehalde feil eller manglar)
^ Wikipedia ^

Lysten på å sjekke ut fleire Z-innlegg?? Trykk HER!!

onsdag 26. august 2009

Den skjulte sorga...

I dag kom spørsmålet att.... Spørsmålet med stor S....
"Kor tid skal dokke til att då?" ...etterfulgt av eit megetsigande blikk på magen min.
Ler det vekk, men kjenner hjartet blør og blafrar uroleg.... Kvar gong spørsmålet kjem opp døyr ein litt innvendig, men bit likevel i seg orda som ligg på tunga...
Orda ein mest av alt har lyst til å rope ut: "Eg kan ikkje få fleire"
Den tunge sannheita er at kroppen min motarbeidar meg, den vil eller kan ikkje spele på lag. Etter fem spontanabortar kjenner ein på at nok er nok, den psykiske påkjenninga av å miste det etterlengta barnet gang på gang er for stor....
Dette er den skjulte sorga som ikkje skal snakkast om.
Det undrar meg ofte av vi enno, i 2009, er så lukka på akkurat dette området. Det meste vert omsnakka og drøfta, vi er liberale på det meste...Men den dagen vi testar positivt på ein graviditetstest vert vi tause som østers, og snakkar ikkje, fortel ikkje til nokon at vi er gravide før etter 12-16 veker av redsel for at det "skal gå gale"
Men kva så om det går gale, er det så ille å snakke om det?
Det er faktisk eit påbegynt liv, og det er ikkje sjølvvalgt å miste barnet som veks i magen. Det er ei stor påkjenning og ein er i alle fall ikkje seg sjølv etter slike opplevingar!!
Kvifor skal det då vere så vanskeleg å seie noko om det?
Om emnet kjem opp, og ein vågar å fortelje er det straks mange som kan bekrefte at dei har opplevd det same...Ein spontanabort er ikkje så uvanleg som ein skulle tru, og det sit mange i same bås.
Dei to siste gangane var eg veldig emosjonell, og kjende på redselen heile tida...Skulle ikkje flagge ut og sjukemelde meg, for det er jo viktig å leve som normalt... Men fekk aldri fred, stadig på toalettet for å sjekke om det var blødningar, for så å kjenne på sjokket når det faktisk gjekk den vegen...
Eg har mista frå femte til tolvte veke, og veit at det er like vondt same kor langt ein er komen. Ein sørgar over det som ikkje vart, og fyrste gangen, andre gangen trøystar ein seg med at ved spontanabort er det naturen sin måte å ordne opp i noko som likevel ikkje er liv laga.
Men etter tredje, fjerde, femte gangen kjenner eg at den teorien vert for tynn og fell gjennom for min del..
Har på eit vis innfunne meg med at eg vert tobarnsmor...eg som alltidt har drøymt om ein stor familie!! Trur eg alltidt kjem til å ha kjensla av å ha eit barn for lite, sjølv om eg er så uendeleg takknemleg for dei to eg har, dei berikar livet mitt på alle måtar og eg er så inderleg inderleg takksam for kvar dag eg får med dei!!

Det er du
Sitter her stille og fredlig
Uvant å ikke være ”vi”
Noe mangler, noe forsvant
Det kan være du, det kan være så mangt

Morgenene gryr, dagene kommer
Det skulle vært en herlig sommer
Noe sviktet, noe falt
Det kan være du, det kan være så mangt

Dagene går og jeg er ensom
Jeg burde skjønt at dette kom
Noe døde, noe svant
Det kan være du, det kan være så mangt

Jeg elsket av hele mitt hjerte
Det som sto igjen var inget annet enn smerte
Jeg tenker på hvem jeg elsker så hardt
Det er du, alt annet enn så mangt

mandag 24. august 2009

Line gjer ting ho ikkje kan!!!


Vi er definitivt i rute når ungane har benka seg rundt kjøkkenbordet for å gjere lekser, når diskusjonane om korleis leksene skal utførast er i gang, når alt som gjeld gode råd og veiledning i leksene skal protesterast på og ikkje minst når ungane kjem heim med sekkar så tunge at dei nesten heng heilt nede på knea....

Og kvifor er dei det??
Jo, fordi skulebøkene sjølvsagt er sendt med heim og på lekseplanen står: Bokinnbinding og for ordens skuld er det tilføyd ei eller anna lekse i matte, samfunnsfag eller norsk!!

Men kven er det som eigentleg har lekser fyrste veka??
Jau i praksis er det definitivt ho mor...For pussig nok så er det eit ikkje-tema at far i huset skal sysselsettast med slikt, og frå ungane vert det skrik og skrål og ville protestar når det kjem mumlande frå mor at det faktisk er dei som har i lekse å binde inn bøkene sine!
Den ynste av podane sperrar opp auga så det omtrent er berre auger som viser att i heile ansiktet, og kjem så med eit alvorleg forskrekka utsagn om at ho er faktisk berre sju år, og skal FAKTISK ikkje kunne sånt enno....
Den eldste poden sender mor eit blikk som vitnar om alvorleg bekymring for at ho er blitt mentalt forstyrra og at tilstanden er så alvorleg at det kan krevjast øyeblikkeleg legebehandling!!
Snakkar om å sjå seg slått av sine barn...
Slukøra innser mor at det er berre å skride til verket... Det vert gått til innkjøp av gråpapir, tape og diverse klistremerker...Utvalet av klistremerker til jenter er rikt, og det vert handla inn Hannah Montane, High Scholl musical og hjerter..(Pinsesser og rosa effektar er heilt ute må vete, for vi har jo stege i gradene og blitt andreklassingar)
Eg fekk så hatten passa ein dag det var tvungen romrydding!! Den klare beskjeden gjekk ut på at ho faktisk(eit ord dottra mi er alvorleg fascinert av og brukar ofte og flittig) ikkje likte seg på rommet sitt lenger fordi det var så BARNSLIG!! FAKTISK så er ho lei av rosa og likar det ikkje lenger og ho synst og at det er på tide med ei utskiftning på både bilde og gardinfronten sidan det er prinsesseeffektar på begge deler;0)
Pussig no er det av ein eller annan grunn eit adskillig tynnare utvalg av klistremerkeeffektar til gutar....

Grunna turnus og ekstraarbeid var det ikkje muleg å kome i gang før andre skuleveka, og i dag har ho mor duknakka og slukøra gjort si sure plikt og syssla med ting ho definitivt ikkje kan...(Og sannsynlegvis aldri kjem til å lære heller)
Korleis det gjekk??
Bøkene er ferdig innbundne og ho mor er vel muligens ferdig nedkjølt innan inngangen av helga;9)
PS!! Ikkje gløym å legge att ein kommentar på jubileumsinnlegget lenger nede:0)