lørdag 12. september 2009

Jubileumstrekning er foretatt!!


Stemninga er sjølvsagt viktig når ein skal føreta høgtidelege jubileumstrekningar....
Kl. 00.05 som då vil sei at vi hadde bikka over til den 12...var eg inn på bloggen og skreiv ned alle navna og klipte opp i passelege lappar. Fram med den flotte skåla som eg fekk i bursdagsgåve med Linda(her må det berre seiast at sjølve skåla opprinneleg var sotfarga, men min kjære har då sendt den ei runde i oppvaskmaskina....)
Stearinlys må til for å fange den rette stemninga:0)

Spent rotar eg rundt blant lappane...
Og vinnaren er:

Hilde trur eg faktisk har vore med meg omtrent heilt frå min spede begynnelse i fjor haust, så det var ekstra koseleg:0)

Men vi kan jo ikkje gi oss med dette!! Det er tross alt eit jubileum på gang her...
Handa gjer seg klar att, og eg dreg opp ein lapp der det står:

Tara er vinnar nr 2!
Dette synst eg var ekstra kjekt, for Tara (og Mikael) set eg utruleg stor pris på, og dei har begge fått ein veldig spesiell plass i hjertet mitt:0)

Eg har og bestemt meg for å ta ei trekning i ein annan bunke med lappar....
Responsen eg fekk på innlegget mitt om den skjulte sorga rørte meg djupt.
At så mange tok seg tid til å legge att ein kommentar, og delte sine eigen opplevelsar set spor i mitt lettrørte og mjuke hjerte. Det bekreftar at eg tok eit riktig val ved å skrive om det...Eg ynskjer difor å dele ut ei gåve blant dei som la att ein kommentar...
Eg leitar rundt i skåla og trekk opp:

Eit koseleg nytt bloggbekjentskap som eg gledar meg til å stifte enno nærare bekjentskap med:0)
Gratulerer til vinnarane!
Send meg ein mail med navn og adresse, så kjem det pakke i posten om nokre få straksar:0)

fredag 11. september 2009

ABC i ord og bilder ~ Ø....


....for Ørnefjær:0)

Denne fann vi på fjelltur ute på Lammetun, og den har blitt godt ivaretatt. Ikkje alle som kan skryte på seg å ha ei ørnefjær i hus;9)

Ørner er ein betegnelse som brukast om ei gruppe store rovfuglar som har ein del fellestrekk, sjølv om dei innbyrdes ikkje er i så nært slektskap. Dei er store, har breide vingar, stort hode og kraftig nebb. Dei vanligste ørnene i Norge er havørn og kongeørn.
For fleire viltre påfunn på Ø ~ klikk HER
P.S: Trekning er føreteke og vinnaren av jubileumskonkurransen vert publisert i morgon:0)

onsdag 9. september 2009

Mennesker i fokus # 1


Konkurranse på Fotoverden, med tittelen:
Mennesker i fokus!!
Tema i dag er bursdag:0)
Og her er mine bidrag.


Fredrik feirar 10 årsdagen sin, og i barneselskapet hadde vi lagt ut smellbonbongar på alle tallerkenane, og bursdagsbarnet fekk ein kjempesmellbonbon.
Utifrå ansiktsuttrykket å dømme så var det litt skrekkblanda fryd og heile haldninga utstrålar: "Tør eg dette her?"

Fullt fokus på den einaste pakken han fekk....Hmmm, kva kan dette vere? Kompisen fyl spent med frå sidelinja! Ellers var det kun konvoluttar med papirlappar i gåve, så det var litt stas med pakke og knitrande papir;9)


Prinsesse Rakel feirar 7 års dagen sin!! Med krone og skeivfletta pariserflette vart ho verkeleg prinsesse for ein dag:0)

Fullt fokus på utblåsing av lys!! Bestevenninna lurer på om ho skal hjelpe til med å blåse....

Forberedelse og tillaging av bursdagskaka:0)
Nysjerrig på kva andre har funne på eller har du kanskje lyst til å delta sjølv?
Klikk HER

tirsdag 8. september 2009

Langedrag!!

I sommar var vi på Langedrag for fyrste gong. Ein koseleg park for små og store, som eg kan anbefale på det varmaste. Ikkje var det avskrekkande prisar heller:0)

Geitene gjekk fritt på Langedrag, og dei var overalt. Både der det var koseleg å ha dei og der det var mindre koseleg å ha dei....Eg var så syndig å ha veska litt på gløtt, og dermed var ei av geiten komen opp på bordet og nedi veska og forsynt seg med ein banan før eg fekk sukk for meg.


Oksen var litt skummel samtidig som det var veldig freistande å klappe han. Så det var med skrekkblanda fryd dei våga seg bort....Forsiktig, forsiktig....
Hanefar sprada rundt og viste fram den flotte fjærdrakta si.


Kaninene gjekk fritt rundt, og ungane sprang på jakt etter dei, utan å lukkast i å få tak i nokon;9)


Endene svømte rundt i dei mange småvatna og såg ut som skikkelege livsnytarar.


For fotointeresserte er Langedrag eit eldorado, eg kunne glatt ha brukt ein heil dag berre på fotografering. Motiva sto i kø og berre venta på å bli foreviga!!

Kva er ned og kva er opp??
Nokon som ser det?

Vakkert...


Her har vi det vi kan kalle eit ekte mannfolk!! Heile skikkelsen oste av testosteron


Villsvina var innanfor pigg- og straumgjerde, så det var nesten med livet som innsats eg fekk foreviga dei, he he....


Ridning er alltidt populært:0)


Ulvegården. For min del synst eg det er mykje som er meir spennnande enn ulvane.


Som t.d denne sky skapningen...
Ein liten fjellrev.


Gaupene var eit utruleg flott syn, og det var imponerande å overvære dei når dei hoppa og klatra. Den som hadde hatt berre ein tiandedel av den spensten, gitt...
Håpar du har kosa deg på min lille rundtur frå Langedrag, og minner deg i same slengen på å klikke deg inn på jubileumsgadgeten på høgre side og legge att ein kommentar i jubileumsinnlegget!!
Trekning om TO dagar!!

søndag 6. september 2009

Ladybug....


Monica har starta opp Sunday challenge kan du legge ut DITT vekas bilde!! Det treng ikkje vere tatt no, men det må vere tatt av deg og ein kan gjerne fortelje litt rundt bildet!!
Bli med du og, dette er moro:0)


LADYBUG

Ladybug, ladybug, what do you see
deep in the grass, looking up at the three?
How big is your world? As far as the sky?
Or only as far as your spotted wings fly?

Ladybug all dresses in red.
Strolling through the flowerbed.
If I where tiny just like you,
I`d creep in the flowerbeds too!

~ Maria Fleming ~

Denne skjønne marihøna fann eg sitjande på eit solsikkeblad på ei av hagefotorundane mine. Dei seiast jo å bringe lykke og det har eg sjlvasagt tru på...

torsdag 3. september 2009

ABC i ord og bilder....


Eg har verkeleg grubla på kva eg skulle presentere på den 27 runda i ABC i ord og bilder...
Når eg vakna i dag hadde eg framleis ingen anelse.
Men etter å ha levert ungane på skulen, slo det meg i det eg kom inn porten. Raskt inn å hente
kamera, og ta seg ei lang ærbødig runde i hagen:0)
Det er intet mindre enn imponerande kor vakre blomane er til trass for regn, regn og atter regn dei siste vekene...
Ein vert verkeleg ærbødig når dei trassar ver og vind, blomstrar av og kjem på nytt gang etter gang!! I dag kika sola fram og helste på og for fyrste gang på leenge.....Kanskje til ære for fotografen, hi hi...

Sjå kor vakker den er med sine regndiamantar!!
Løvemunnen fekk seg ein alvorleg knekk i den fyrste regnrunda tidleg i sommar, og har ikkje komt seg skikkeleg til att før no.
Rosene skyt knoppar og blomstrar som berre det. Denne har visst vore svært freisatnade for liten larve lett på tå;9)
Den gule veit eg faktisk ikkje navnet på, men den blomstrar for tredje gang no.
Leikent. Denne blomkarsen har eg for første gang, og den anbedflast varmt. Veldig flotte blomar på den.
Klematisen står full i knoppar no....og blomkarsen blomstrar i bøtter og spann....Vakkert.....
Hagevennane finn seg til rette over alt for tida;o)
Nydelig!!
Erteblomatane har vore fantastiske. Dei klatrar seg heilt opp til vindaugskarmane, og blomstrar, blomstrar, blomstrar....Eg har til ei kvar tid erteblomster ståande i vasar inne, og dei duftar himmelsk!!
Denne buketten dedikerar eg til Pappa, som hadde blitt 64 år i dag om han framleis hadde vore blant oss...
Pappa var spesielt glad i raude roser.
For fleire ABC-innlegg, klikk deg inn HER
Sender og ei ekstra helsing med ynskje om snarleg og god bedring til vår kjære ABCmor Petunia!!