I Norge var det i 1830-årene debatt rundt arbeidet med ein norsk språkreformasjon, og dette kjende Aasen sannsynlegvis til. I 1836 skreiv han ned for seg sjølv ein plan om å skape "eit sjølvstendig og nasjonalt språk". Året etter reiste han rundt på Sunnmøre og laga ei systematisk oversikt over Den søndmørske Dialekt. Denne var ferdig skreven i 1841, og ved hjelp av dette arbeidet fekk han eit stipend til å reise rundt i landet for å studere dei ulike bygdedialektene, med tanke på å lage eit "ægte norsk Skriftsprog".
I åra 1842-47 reiste han rundt i Norge og studerte dialektane, særlig på Vestlandet og dei indre bygdene på Østlandet, fordi desse dialektene var minst påverka av dansk. Basert på desse undersøkelsane utgav han i 1848 Det norske Folkesprogs Grammatik og i 1850 Ordbog over det norske Folkesprog, og i åra som kom fortsette han arbeidet med å utvikle ei normalform av dialektane. Det kom etterkvart fleire ordbøker og grammatikkar, og dette arbeidet fekk etterkvart avgjerenda betydning for utviklinga av det som i dag er kjent som Nynorsk. Aasens plass i historiebøkene er først og fremst som nynorskens far.
Men større betydning for utbredelsen av det nye skriftspråket blant vanlige folk enn ordbøker og grammatikkar, hadde nok Aasens skjønnlitteratur. Han skreiv ikkje mykje skjønnlitteratur, men var den første som tok i bruk det nye språket i lyrikk. Fleire av dikta hans vart sett melodi til, og blei til sanger som har vore populære opp til vår eigen tid, t.d. Mellom bakkar og berg ut med havet.
Ivar Aasen døydde i 1896.Før han døydde opplevde han at Stortinget likestilte Aasens skriftspråk, landsmål, med riksmålet.
Nordmannen
av Ivar Aasen
Millom Bakkar og Berg ut med Havet
heve Nordmannen fenget sin Heim,
der han sjølv heve Tufterna gravet
og sett sjølv sine Hus uppaa deim.
Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
"Lat oss rydja og byggja oss Grender,
og so eiga me Rudningen trygt.
"Han saag ut paa det baarutte Havet;
der var ruskutt aa leggja ut paa;
men der leikade Fisk ned i Kavet,
og den Leiken den vilde han sjaa.
Fram paa Vetteren stundom han tenkte:
Giv eg var i eit varmare Land!
Men naar Vaarsol i Bakkarne blenkte,
fekk han Hug til si heimlege Strand.
Og naar Liderna grønka som Hagar,
naar det laver av Blomar paa Straa,
og naar Næter er ljosa som Dagar,
kann han ingenstad vænare sjaa.
Eg må med skam melde at eg enno ikkje har vore på vitjing i det flotte Aasen-tunet i Hovdebygda. Men det kjem, det kjem...
I Ørsta er hotellet namna etter nynorskens far!!
For fleire ordleikinnlegg, klikk deg inn HER!!
Petunia er ordleikens norske mor, og ho har drifta oss trygt og sikkert gjennom heile alfabetet. Sjølv har ho halde seg til eit tema, og DET står det verkeleg respekt av!! Ho har presentert Bergen på ein framifrå måte, og det er slett ikkje utenkjeleg at ho kan ta æra for straumen av nye turistar som vil bese Bergen etter å ha lese dei flotte presentasjonane og ikkje minst sett dei fantastiske bilda i ABC rundane:0)
Petunia har og bestemt seg for å køyre ei ny ABCrunde med start neste veke, så vil du vere med så heng på!!