torsdag 8. oktober 2009

Å Vestland Vestland...

Vestland, Vestland
(Sigurd Førsund/Tore Ørjasæter)

Å Vestland, Vestland når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik.
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg so mjukt og mildt.
Og gleda strøymer i meg still
og stormed glans av bjørkeli og blåe fjord
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
den stille skogen og det store hav.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror,
sjå fjell og himmel sym på stille fjord
og djupe dalen med sitt grøne fang,
som skin av lauv og blom frå li og vang.
Sjå skuggane som kliv
dei kvasse fjelllik
dagsens timar tøyer seg mot
Det sveiper seg om tind og tronge dal
eit draumeslør av sommarnatti sval
Måtte berre sette denne flotte teksta til bilda mine i dag...
Den har summa og gått inne i hovudet mitt gjennom heile skogsturen vår, og dermed måtte den berre vere med her og...
No har vi tilbragt to dagar inne, og det merkast på ungane for å sei det slik. Det var berre å kle seg godt å kome seg ut på tur!!
Vart mange flotte bilder både av naturen og ungane, og det var faktisk både friskt og godt ute til tross for regn/sludd/snø:0)
For ikkje å snakke om kor deilig det er å kome inn att;9)
Ynskjer alle ein flott torsdag, eg skal straks på jobb.

onsdag 7. oktober 2009

Det store oppussingsprosjektet....

Dei siste dagane har vore rimeleg travle med sjonglering mellom jobb, fritisaktivitetar, lekser og oppussing. No er det heldigvis haustferie for ungane, som betyr ein liten pust i bakken.
Men over til det innlegget skal handle om.

Vi har bestemt oss for ei ganske radikal endring i husstrukturen vår, og vi har no tatt for oss oppussing av loftet som består av to soverom og ei loftsstove. Loftsstova har no blitt soverommet vårt, og ungane har fått dei to andre.
Men eg var rimeleg klar på at eg ikkje orka å sove på eit rom som kun besto av ubehandla panel, og difor måtte noko gjerast.
Slik har det sett ut....


ingen veg tilbake....(Skjelve, skjelve)


og slik ser det ut no:0)
Sidan dette var mi avgjerdsle har dette vore mitt prosjekt, og eg kan med stoltheit meddele at eg har mala ALT sjølv, med ein del hjelp frå ei venninne...
Planen nede er no at det som har vore Rakel sitt rom, skal bli bad. Vårt soverom skal inngå i kjøkkenet, Fredrik sitt rom skal vere gjesterom og det noverande badet skal bli eit kleskott.
Mykje arbeis gjenstår, men vi er no godt i gang. Loftet er grovferdig, men manglar enno ein del bilder og stæsj....
Det kjem, det kjem....sånn litt etter kvart....


Nyttar og anledinga til å gratulere mi flotte svigermor...eller Bep...som ungane kallar henne med dagen:0)
Tantebarnet mitt Julie Kristin fyllte tre år på mandag...Gratulerer med overstått dag, lille venn...Vi gledar oss til å feire dagen med deg når vi kjem til Volda i helga!!

tirsdag 6. oktober 2009

UVENTA PAKKE I POSTEN!!


På laurdag fann eg ein hentelapp på ein pakke frå Tara i posten. Har lurt fælt på kva dette kunne vere heile helga...og var glad når eg var ferdig på jobb i går...svisj i posten.
Opna smartkassa og såg denne pakken inni, det var det eg rakk før ferden gjekk vidare i eit selskap.

Vel heime kl. 19.00, kasta ungane seg over pakken.
"Kva er dette, Mamma? Kan vi få opne den?"
Det fekk dei lov til så kunne eg fotografere seansen.

Gledesorda hagla og auga vaks etterkvart som Pandoras øske openberte seg;9)

"Sjå Mamma så fint"

Kjølekapsmagnet med den herlege teksta og himmelsk sjokolade. Begge deler var mist i blinken til meg, for eg samlar på kjøleskapsmagnetar og kjøper på alle plassar vi er. Sjokolade...Kva kan eg sei...Addicted!!
Eg fekk og eit nydeleg bilde av skjønne, herlege Mikael som eg har blitt så uendeleg glad i sjølv om eg aldri har truffe/eller snakka med verken han eller Tara i RL. Men det er utruleg forunderleg kor knytta ein likevel kan bli til mennesker som ein har kontakt med gjennom cyberspace. Mikael og Tara: Det bildet skal det kjøpast ramme på, og bildet skal henge på bloggeplassen min:0)

Ungane lurte sjølvsagt fælt på kven som hadde sendt alt dette til meg, og eg svarte at det var ei bloggvenninne.
Då kom det kontant frå Rakel: "Mamma, du har verdens snillaste bloggvenninne"
Og kjære Tara....Det har ho HEILT rett i:0)
Eg er så rørt over at nokon kan sende ein så fantastisk pakke til meg/oss, og vi har allerede hovuda fulle av planar på korleis dette skal brukast!!
Set uendeleg stor pris på å ha funne dokke to i Blogglandia og eg håpar og at vi ein dag kan få anledning til å treffast på "orntli"
For dei som ikkje enno har vore innom Tara, så er det på tide...Ho har fleire flotte bloggar, og tek dei mest fantastiske bilder du kan tenke deg. Mikael har og ein eigen blogg som verkeleg er verdt eit besøk!!
Varm klem frå Line

søndag 4. oktober 2009

Her har Gutta Boyz tilbragt helga...

Frode er medlem i jakt og fiskelaget, og dei som har vore med på dugnad i elva(les: rensa klekkeriet) får gratis fiske under Osfossen. Rett ved sidan av ligg laksetrappa, og det er difor naudsynt å få vekk ein del av oppdrettsplassen for å gi plass til villaksen slik at den kan gå opp i elva for å gyte. Laurdag kl. 09.30 tok dei laust og reiste ned. Det regna trollkjerringar og var overhodet ikkje eit sekunds opplett denne dagen. Kl. 13.30 fekk eg tlf frå ein gjennomfrossen gut som måtte hentast.

Mamma steppa sjølvsagt opp(med kamera);9), og då vart dette bildet tatt. Laksen var ca 4 kilo, og eg veit ikkje heilt kven av dei som var mest stolt. Det var Frode som fekk den, men Fredrik fulgte nøye med frå sidelinja...
I dag var dei på plass kl. 12.30, og var heime att kl. 19.00. Det er til saman 6 vaksne karar der nede, og Fredrik blir invitert med til å fiske med kvar og ein av dei. Han elskar dette livet, og eg trur faktisk ikkje det er så mange andre 10 åringar som hadde vore like uthaldande som han er, alle karane er i alle fall imponert over innsatsen til guten...
Ekstra stort vert dette for oss med tanke på at han har AD/HD diagnose, og likevel er han heilt roleg og avbalansert der nede, og drøftar og studerar fisk på ein fullstendig adekvat og forstandig måte med dei vaksne karane.
Må innrømme at Mammahjertet svulmar litt ekstra:o)))

lørdag 3. oktober 2009

Trist men vakkert....


I går var det endeleg litt opplett på våre trakter, så då var heile familien snare til å komme seg ut...Vi syssla litt i hagen, gjekk tur og berre kosa oss:0)
Tussla litt rundt for å ettersjå busker. blomster og planter då noko med eitt fanga merksemda mi steinbedet....Gjekk nærmare for å sjå, og oppdaga då denne vesle stakkaren på ei av trerotene...
Avgått med døden og fråteken fargane sine, men du verden så vakker den var allikevel...
Dette måtte berre delast og her kjem ein bildeserie av den nydeleg augenstikkaren.

ENJOY!!










Lyst til å sjå fleire fotosafariinnlegg?? Inne hos Petunia finn du ei liste over Fotosafarigjengen:0)

fredag 2. oktober 2009

ABC i ord og bilder ~ B!!


Det er klart for å tolke B i runde 2 av Petunia sin ABC på norsk!! Eg har berre ein ting å seie i denne runden:

BRRRR.....


Var ute å gjekk tur i går, og måtte berre litt nærmare, litt nærmare for å scoope det perfekte motivet;9)
Men så har det seg sånn at når det har regna meir eller mindre samnahengande i 3 mnd så er det mykje vatn rundt omkring. Eg hadde berre clogs på meg så her var gode råd dyre...Tenke, tenke...Vips, av med sokkane og stålsette seg før føtene landa i vatnet....
BRRRR.....iskaldt, men eg fekk motivet eg var på jakt etter, og då er det jo verdet det eller kva??


Her er det!! Flotte kontrastar med alt overskotsvatnet, jolla som ligg på ei landtunge innimellom alt vatnet og snøen på toppane...Tek nok litt tid før eigaren får tak i jolla, for her var vatnet djupt.


I går vakna vi til snø på ALLE fjelltoppane, og på ein del av fjella hadde jammen snøen krope farleg langt ned.


BRRR...alt for tidleg som nevnt. Men når det er sagt så vert det utruleg vakre motiv i kameralinsa av det:0)


For fleire B-tolkningar, klikk deg inn HER!!
God helg til alle i Blogglandia.

torsdag 1. oktober 2009

Frk Haustfarge


AnneMoseplassen har utlyst ny Frk konkurranse, og denne gangen er temaet haust:0)
Vakna til opplett og kjøleg ver i dag. Det er deilig å sleppe å høyre regnet tromme, og kva gjer det vel då at snøen ligg på alle fjelltoppane så lenge SOLA skin...
Her var det berre ein ting å gjere, fram med kamera og ut på tur!!

Då fekk eg dette blinkskuddet i linsa, og dermed var min kandidat født:0)

Eg presenterar dermed vakre Frk Haustfarge!!
Frk haustfarge står no litt sånn på sida mot eit gjerde og strekkjer forsiktig hals for å vise seg litt fram. Litt sjenert er ho der ho står, og veit ikkje heilt om ho skal tore å by opp til haustdans...Rastlaus ser ho kameralinsa sveipar fram og tilbake over dei andre familiemedlemmane og venene....Vil så gjerne, men klarar ikkje...Brått stoppar kameralinsa, ho held pusten..Oj oj oj, den kjem nærmare, zoomar inn og der er ho fanga i bildelinsa...
Tenkjer: "Eg er OPPDAGA !!"
Akslar seg, strekkjer seg, byr seg fram til kameralinsa og viser seg fram i all sin fargeprakt... Smiler litt sjenert og tenkjer forsiktig at: "Ho likar meg visst..."
1,2,3...kjem ut av teljinga og berre smiler...Ei stjerne og Frk kandidat er født:0))
Eg elskar hausten og kontrastane den byr på...Det er eit fantastisk skue når hausten dukkar opp og riktig boltrar seg og byr på ei fargeprakt av dei sjeldne...
Trær, blomster, gras...Alt er i endring og ein ser alt i eit nytt lys. Når det er sånn som i dag med snø, kaldt klarver og vakre fargar er det deilig å vere ute og fotolyset er berre heilt fantastisk...Livet er verkeleg verdt å leve:0)