mandag 24. november 2008

Ein tung dag....

PB220065 I dag er det ni år sidan Pappa døydde...

Vi mista Pappa brått og brutalt i 1999. Han fekk eit svært kraftig hjerteinfark, og livet sto ikkje til å redde, så altfor tidleg døydde han frå oss.Åra har mildna både sorga og sjokket, men denne dagen trur alltidt vil vere like tung....

Tradisjonen tru har vi hatt ei stille stund med lystenning og samtale om Pappa/Morfar. Fredrik var ikkje meir enn 6,5 mnd når Pappa døydde, så ingen av barnebarna hans fekk anledning til å verte kjend med denne fantastiske mannen. Difor gjer vi vårt ytterste for at dei likevel skal verte kjend med han gjennom våre minner...

For ungane har det vorte svært viktig å besøke grava til Morfar kvar gong vi er heime i Volda, som oftast teiknar dei, perlar eller lagar andre ting som vi kan ta med oss opp. Begge to er og heilt overbesvist om at Morfar har ein eigen engel som hentar tinga dei har laga opp til han i himmelen....For Morfar bur i himmelen i lag med Jesus og englane....

Denne gongen kjøpte vi ein fin krans som vi tok med oss, og alle tre barnebarna var med...Det skjønne tantegullet mitt synst det var kjempegøy så lenge vi tok bilde, men når det var slutt kom det: "Fedi???" Mine to er større og tek seg litt betre tid. Dei brukar å fortelje om noko som opptek eller som har gjort spesielt inntrykk sidan sist vi var her...Det siste dei seier i det vi skal gå er: "Vi elskar deg, Morfar..." Eg må innrømme at eg vert like rørt kvar gong, og kjenner stoltheita over dei flotte ungane mine banke i morshjertet....

 PB150155 PB150154

Dei som har fulgt med på bloggen  min ei stund vil nok kjenne att det komande innhaldet, sidan eg la ut same orda 3 september, den dagen han hadde bursdag...

KJÆRE PAPPA

Eg skulle ynskje at eg kunne lukke augene, og tru at det heile berre var ein vond draum. Men slik er det ikkje. Vi er berre nøydde til å gå vidare i livet utan deg. Eg er så inderleg glad i deg, Pappaen min.

Du har vor ein fantastisk far for oss, oppdragelsen og verdiane du og Mamma har gitt oss, burde stå som eit eksempel for alle.

Det er godt å tenkje på at dette og du lever vidare gjennom oss ungane, og ikkje minst gjennom Fredrik. Han fekk berre så altfor kort tid i lag med deg, men eg skal gjere mitt beste for at han vert kjend med Morfar gjennom mine minner.

Minner, ja...Vi har delt mykje med deg opp gjennom åra, Pappa, og sit att med utruleg mange gode minner.

Eg har bl.a fått høyre nokre gonger då du ringte heim og spurte:

"Kva ynskjer du deg, då, lisje Lin?""

"Tole dokkevonn" var svaret, og den som fekk tole dokkevonn det var meg, det...

Du har aldri visst kva godt du skal gjere for oss, og strekte deg svært langt for at vi skulle få det beste i livet.

Du var, og vil alltidt vere, helten i mitt liv, Pappa.

Takk for alt....

(Orda eg sa i kyrkja)

Minna lever, og han er djupt sakna.

lørdag 22. november 2008

Jubileumsinnlegg & uhøgtideleg konkurranse:0)

PB220060

Ja her er altså innlegg nr 100 og eg har nær passert 5 000 besøkande!!

Dette er stort, synest eg....og for å vise kor stor pris eg set på dokke som er på besøk med meg, vert det no jubileumskonkurranse hos KVARDAGSLIV I STOREMYRA!!

Sidan det er eit dobbeltjubileum, kjem det sjølsagt til å verte uttrekt to vinnararar blant dei som legg att ein kommentar på dette innlegget!!

Trekning vert foretatt søndag den 30 november, og eg ynskjer kvar enkelt lukke til!!

 PB220027

1. Kva er dette?

PB220036_01

2. og dette?

PB220057

3. Kva har eg tatt bilde av her?

PB220051

4. Kva liknar denne snøballen på??

PB220015

5. Kven trur du vert basa i snøen?

PB220043

6. Kva trur du eg prøvd å ta bilde av her?

PB220044_01

7. For dei vidarekomne faste lesarane mine...Kvar har eg henta dette utdraget frå??

For ordens skuld så er dette som nemnt i overskrifta ein UHØGTIDELEG konkurranse, og det finst mest ikkje riktige eller gale svar....Her er det kreativiteten som skal råde!!!

Gledar meg til å lese forslaga som kjem inn:0)

fredag 21. november 2008

Utmerking for varme & støttande kommentarar

går til alle dei flotte bloggjentene som har lagt att kommentarar som varmar langt inn i hjerterota på innlegga mine om turnusavtalar og oppgåveskriving . Det kjennest så deilig å få masse støtte og varmande ord på ting som er viktige for meg:0)  Dermed var det ikkje vanskeleg å finne inspirasjon til å lage ei utmerking som gjenspeilar det eg føler!!!

Eg kjenner meg så utruleg priviligert som har så mange gode....ukjende men samtidig kjende...vener her inne i Blogglandia!!

utmerking

Denne gangen skriv eg berre inn bloggnavnet og så kjem eg på besøk til kvar enkelt som har fått denne utmerkinga:0)

Lille meg

Kkann design

Randi ~Hverdagsprat

Torilpia

Simmas hus

Gamlå

Aud Da

Troll og Ting

Frå eit A4-liv

Tara~Happy in pink

Fjordheim

Grys lille univers

Elins drømmer

Petunia

CosiFanTutta

Lindalove`s verden

Tofo sin familieblogg

Kathrines hage

Bestahjemmet

Black Feathers

Sol & bolig

Livet er heerlig

Lykkehuset

Eie

Solveig-min verden

Hvit Rose

Steinbokkjen

Tankar frå ein kvardag

Tante Julies gamle hus

Duften av erteblomster

Tuusen takk alle sammen!!!

No kan eg ta helg og fryde meg over at turnusavtalane er i boks, både grunnturnusane og juleturnusane er godkjende og oppgava er omsider innlevert....

PB210013 PB210015

Når ungane er i seng skal beina på krakken og boligpluss lesast frå perm til perm....

Varm helgeklem frå LINE

Kong Vinter har komt på besøk...

Fotosafari Det har snødd.... Masse.... I heile natt.... Når det vart lyst ute såg det slik ut gjennom stovevindauget!!

PB210021

Elskar det fyrste snøfallet....Når alt vert dekt av den vakre, kvite vinterkappa til kong Vinter...Det er nesten magisk...

PB210022

Måtte berre ut i den kalde, klare lufta og knipse litt bilder...ENJOY!!

PB210025 PB210026

PB210027

PB210029

PB210031 

PB210033 PB210032

PB210035 PB210036

torsdag 20. november 2008

Inspiretrt av Anemone;9)

Her om dagen viste Anemone fram nydeleg blåbærlyng som ho hadde pynta med... I går gjekk det med brask og bram opp for meg AT DERSOM EG SKULLE HA FLEIRE KONGLAR TIL JUL SÅ MÅTTE EG FAKTISK UT I SKOGEN OG FINNE DEI FØR SNØEN KJEM....

HADDE BLÅBÆRLYNGEN I BAKHOVUDET,OG JAMMEN SANTEN FANN EG MYKJE FLOTT LYNG, MOSE OG KONGLAR SOM VART MED HEIM;0)

PB180166 PB180167

PB180168

PB180170

PB180169 PB180171

kONGLANE ER LAGT TIL TØRK, MOSEN OG BLÅBÆRLYNGEN I TILLEGG  TIL BITTELITT TYTTEBÆRLYNG OG EIT PAR TØRRE KVISTAR HAR FÅTT SEG EIN NY PLASS Å BU I DENNE POTTA....

PB180174PB180177PB180175

IKKJE ALLTIDT SÅ MYKJE SOM SKAL TIL FOR Å PYNTE OPP I HEIMEN!!

 

Blafrekonkurranse hos Sessan:0)

Blafre design

"Jag är med & tävlar om ett överraskningspaket från

kreativa Blafre Design

i SessanochPrinsessan`s blogg"

 Hiv deg med du og da, vel!!

onsdag 19. november 2008

Synst litt synd på meg sjølv...

her eg sit forskansa på loftet og prøvar så godt eg kan å finne INSPIRASJON til å skrive ferdig oppgåva mi som skal leverast på fredag....

 j0410043

Eg har for lengst funne ut at noko mastergradstudium kan det aldri bli på meg. Eg er ALTFOR lite strukturert til å kunne gjennomføre noko sånt, desverre!! Men kanskje det finst ei sprøyte for sånt?!?!?

j0313987

Nokon som har nokon gode idear om gjennomføring av brukarstyrte plassar og avlastning på sjukeheim så vert det mottatt med eit stort TAKK....Men ikkje nytt flaskepost, det tek desverre litt for lang tid!! Tid som eg kunne hatt om eg berre hadde starta før....

PICT0002

Ja ja, har vel berre meg sjølv å takke som vel eit så vanskelege emne, der det er lite litteratur å finne...At eg ALDRI lærer...Kunne heller ha skreve prosjekt om tannhelse, fysisk fostring, hygiene, mat, dagplassar osv....som det er skreve om utallige gongar før, og dette er emner det er lett å finne litteratur om. Mest alle dei andre studentane vel slike typer emner, men kva gjer Line???

LINE vel som vanleg å gå sine egne vegar og vel nok eit utfordrande emne der læringsprosessen og utbyttet kan verte stort vel og merke om oppgåva er gjennomførbar...

Line trur alltidt ho har VELDIG god tid før innleveringane, og prioriterer heller å blogge, gå i skogen og sanke konglar, mose og andre kjekke ting, ja sågar å vaske vert jo viktig i sånne periodar....

Onsdag sit ho der då...tom for inspirasjon og idear og ei HALVFERDIG oppgåve som skal leverast om to dagar...

j0433885 j0227651

Men heldigvis jobbar Line godt UNDER PRESS og fredag er ho nok framfor data`n i 04 - 05 tida og skriv så blekket sprutar og boblar over av masse ustruktererte tankar og idear som det hastar med å få knota ned før dei forsvinn att...Sakte men sikkert tek produktet form og Line klarar som vanleg å levere...

Men er produktet GODT?? Det er det berre tida som kan vise;9)

NESTE gong skal eg i alle fall starte tidlegare, jobbe jamnare og vere meir strukturert....Trur Eg...