søndag 17. mai 2009

Gratulerer med dagen!!


Først vil eg benytte anledninga til å takke for alle dei flotte og varme kommentarane i forrige innlegg...
Samtidig beklagar eg på det sterkaste at eg ikkje har orka å kommentere tilbake, men eg skal ta det att så snart eg kan...


Gratulerer til alle med Norges nasjonaldag!!
Her skin sola frå skyfri himmel og vi har ein strålande dag!!
Klem Line

fredag 15. mai 2009

ABC i ord og bilder ~ K


Det vert eit sorgtungt innlegg frå meg i denne vekas ABC~runde....Det har vore ei tung veke på alle måtar...


Dedikerar innlegget til LENE, som sovna stille inn søndag 10 mai. Vår alles Kjære livsglade Lene...
Lene fekk KREFT fyrste gong som 18 åring...
Då oppdaga ho ein kul i eine låret, og gjekk til lege. Dette viste seg å vere ondarta, ho fekk diagnosen blautvevskreft også kalla blautvevssarkom.
Dei viktigaste teikn på ein ondarta blautvevssvulst er at svulsten veks raskt, at svulsten som regel er større enn 5 cm i diameter, at svulsten sit djupt, at ein tidligere kul plutselig endrar seg i størrelse og blir hardere. Ein svulst i blautvevet gir sjeldan smerter.
Alle kular og hevelser bør undersøkes av lege. Dersom ein kul som tidligere er fjerna kjem tilbake, kan den ha blitt ondarta. Ved berre å kjenne på kulen er det vanskelig å vurdere om kulen er godartet eller ondartet.(Wikipedia)

Ho fekk fjerna kulen kirurgisk, og fekk cellegiftbehandling. Lene vart frisk og kunne fortsette livet.


Eg vart kjent med Lene i 1996, då sat vi like spente i same forelesningssal, vi skulle ta fatt på utdanninga som sjukepleiarar!! Lene var ei jente som ein straks la merke til...Ho utstrålte livsglede frå kvar ein pore i kroppen...
Lene viste omsorg og omtanke for alle og ein kvar, ho spreidde glede kvar ho ein var...
Eg var så heldig å bli venninne med Lene. Vi var ein fast gjeng som hang mykje saman, og kullet vårt vart raskt kjent som det sosiale kullet. Vi fann alltidt ei anledning til å ha det gøy saman.
Lene og Tove leigde ei stor leilegheit, så det vart vår naturlege møteplass.Der overnatta vi, såg filmar, festa og løyste mange verdensproblem. Lene var som regel det naturlege midtpunktet:0)
Hausten 1997 fekk vi tildelt praksisplassar for sjukehuspraksisane våre. Eg hadde havna i Lærdal og var eigentleg ikkje heilt fornøgd med det sidan eg hadde kjæreste her(Frode)...Men sidan mange av venninnene mine skulle til Lærdal, og deriblant Lene, så var jo ikkje dette så ille likevel!! Vi to og to på hytter nede i sentrum, og hadde lang veg på jobb...
Men det gjorde ingen verdens ting, for vi hadde det fantastisk moro på hyttene. Vi laga felles middagar, stakk kvarandre til blods når vi trena på innlegging av veneflon, vi studerte og las saman, og hadde mange uforgløymelege stunder i lag...
Eg og Lene hadde mange fortrulege samtalar om kjærestane våre , framtidsplanar og draumar...
Når praksisperioden var avslutta var det juleferie, og vi reiste kvar til vårt.
Eg visste at Lene skulle på kontroll like før skulen tok til att, og ho grua seg alltidt veldig til kontrolltimane, men dersom alt var i orden no, kunne ho gå ned til halvårskontrollar...
Dette var før mobiltelefonens tidsalder, så vi hadde lite kontakt i juleferien. Den dagen vi skulle innatt på skulen kom Lene mot meg i gangen, og eg skjønte straks at noko var gale. Lene hadde fyrst fått beskjed om at alt såg bra ut, men så kom kontrabeskjeden...Dei hadde sett noko på lungene...
Lene hadde fått lungekreft.
Lungekreft innebærer ondarta svulstar i lungene. Den vanligaste forma ( ca.90%) er bronkogen carcinom, det vil sei ei kreftform som oppstår i overflatecellene i bronkiene. Lungekreft en ei av dei mest dødelege kreftformene som forårsakar ca 3 millioner dødsfall årlig i verden. Av ti pasienter som får diagnosa er det kun ca en som lever lenger enn 5 år.
Lene gjekk gjennom harde cellegiftkurar, og fekk og to høgdosekurar. Ho og kjæresten heldt saman, og forlova seg i sjukdomsperioden. Det var lite kontakt når ho låg på sjukehus, det var ikkje berre å sende ei melding slik som no, dei fleste hadde ikkje mobiltelefonar....Snakka med ho i telefonen innimellom, men det var ikkje så mykje ho orka. Lene hadde og ein tøff kamp med NAV som matta henne ut. Det lønner seg ikkje å vere student når ein vert sjuk, så mykje er sikkert...Lene kjempa seg no ein gang gjennom kreften, og vart frisk. Ho tok oppatt sjukepleistudiane, og vart ferdig utdanna. Ho tok til i arbeid på barneavdelinga. Det vart etterkvart brudd mellom henne og sambuaren.
Kontakten var ikkje heilt slik den hadde vore, men vi treftest no av og til...Lene fann kjærleiken på ny, og dei flytta tilbake til heimplassen henna.


I desember trefte eg Lene på høgskulen, ho var begynt på helsesøsterstudium i Ålesund. Vi hadde ein lang og god prat denne dagen, sjølv om det var med ein trist undertone...Lene hadde ei periode vore uroa over nokre skygger på lungene, og forlangte sjølv at dette skulle testast. Legane meinte at dette ikkje var noko farleg, det var berre litt arrvev. Lene stod på sitt, og det vart testa...Desverre var uroen velbegrunna, dei fann kreftceller. Ho vaet operert på begge lungene...Cellegift var ikkje noko alternativ denne gangen pga dei harde behandlingane sist, ville ikkje kroppen tåle det...
Men ho følte seg på det tidspunktet frisk, og hadde ingen symptom. Dei heldt på å bygge seg hus, og ho tykte det var kjekt å gå på helseøsterutdanninga.
Vi utveksla telefonnummer, og sendte litt spreidte meldingar....Vekene gjekk, og eg hadde ikkje høyrt noko frå Lene på ei stund, men tenkte ikkje meire over det...
Så fekk eg høyre nytt...Lene var veldig sjuk, ho låg på sjukehuset, og det var no ikkje meir å gjere utover lindrande behandling...
Sendte ei melding, men fekk ikkje svar...Nokre dagar seinare var Lene død!!
Ei stjerne har slokna og eit hjarte av godheit har slutta å slå...
Du var høgt elska og vert sårt sakna....
KVIL I FRED, Lene...

For fleire ABCinnlegg, stikk innom Petunia

fredag 8. mai 2009

ABC i ord og bilde ~ J...


Min J står for julebord for bebuarane på sjukeheimen der eg jobbar!!
Dette er ein årviss tradisjon som bebuarar og personalet gledar seg like mykje til..

Det vert servert vin og øl til julemiddagen, og konjakk og likør til kaffien...
Borda er dekka etter alle kunstens reglar:0)

Dansen er eit viktig innsalg, og det er heilt utruleg å sjå gleda som lyser av dei gamle når vi kastar oss ut i rullestoldans og det som meir er...Vi har t.o.m hatt bebuarar som har trent på å kunne gå nokre skritt for å kunne valse litt rundt på dansegolvet ved hjelp av ein eller to pleiarar...

Nokon ser mest fram til maten, andre til underhaldninga og atter andre til dansen.

Bebuarane gjer og uttrykk for at ein av grunnane til at dette vert så spesielt for dei, er at personalet stiller på fritida si for å få vere med på denne begivenheita!!

Fyrste året vi arrangerte dette var i 2006, og då kom lokalavisa for å dekke begivenheita...

Vi fekk midtsida med fylgjande overskrift: "Sjå der dansar bestefar" med eit STORT bilde av meg og karen som spelar fele på eit av bilda mine her...
Han var i si tid med på å skipe spelemannslaget vårt, og difor vart det ekstra blest rundt det.

Spelemannslaget sto sjølvsagt for underhaldninga, og dei spelte då ein slått som han har komponert...
Dette var utruleg rørande å vere vitne til..
For ordens skuld: Bilda har eg fått tillatelse til å bruke
For fleire herlege tolkningar, stikk innom vår ABCmor Petunia

onsdag 6. mai 2009

Operasjon og andre underfundigheiter....


Mannen i mitt liv vart lagt uner kniven i dag...
Det er pussig korleis ein som sjukepleiar tek alt så kaldt og roleg når ein ikkje har nære relasjonar til den sjuke.
Huskar når eg hadde praksis på kirurgisk avdeling, kor beroligande eg kunne snakke med dei som eg var med på å klargjere til operasjon...Slik var det og i praksis på barneavdelinga.
Men som mor var eg totalt uforberedt på korleis eg reagerte når eg fulgte mine eigen son inn på operasjon. Det vart ufatteleg sterkt, og eg trudde ikkje føtene skulle bere meg oppatt til avdeliga...
. Litt av det same kjende eg på i dag...
No var det ikkje eg som køyrde han bort, sidan eg har vore på skulen siste dagane,.
Men frå han var på plass på sjukehuset såg eg på klokka kvart 5 minutt, kjende på ein indre uro heilt til han ringte og sa han var ferdig...
Var snar om å hente han, og no skal han halde handa heilt i ro i ei veke, og så er det sjukemelding fram til 6 juli, då han skal på ny kontroll...
Han har desverre ikkje fått levna meir enn 60 % sjanse for at dette vert vellykka...Men vi får ta ein dag om gangen og håpe på det beste:0)
Nokon som lurer kva han er operert for? Han har meisla vekk veksande brusk, samt løsna sena frå festet og splitta den då to av senene hadde vakse sama
n. Nervane låg og i klem, så dei er løsna på og dei er blitt rensa og spylte.


Her er han på plass i sofaen og favorittposisjonen er inntatt;9)


Du er som en rose
som varmer meg,
en rose som fyller meg
og er glad i meg.

Du varmer meg
og er der for meg,
og alltid
når jeg trenger deg


~ Pepper ~

mandag 4. mai 2009

Mønster


Mandagstema denne veka er mønster!!
Eit spennande tema tykkjer eg...
Dei fleste av oss omgir oss med forkskjellige mønster i kvardagen.
Nokon er veldig avhengige av faste mønster og andre likar å bryte mønster for ikkje å stivne i ei fast form.
Vi har nønster på kle, golv, tapet...Ja berre sjå rundt deg akkurat no...Kor mange mønster fangar blikket umiddelbart?
Eg oppfangar fem ganske kjapt!!
I interiørsamanheng har eg ein forkjærligheit for samansetningar, og då vert det som regel TRE av kvart slag ~ Tre lysestakar, tre blomar, tre flytelys osv...
Men det mønsteret eg vel å presentere er det vakraste mønster av dei alle:
Den norske naturen sine skiftningar, eller dei fire årstidene om du vil:0)

~ Blue ~
Jeg er ikke
forelsket i andre enn
våren med sitt liv
oglysegrønne pensel
med våte blader
i varm vårsol

dog
mitt hjerte brenner for
sommeren
og dens svermerier med
sommerfugler i magen
ogsjøsalt mot
naken kropp

men
jeg må si jeg beundrer
høsten selv om den
kan virke død
lukter
fargene godt
og

mest av alle
elsker jeg
vinterens
snøkrystaller
og kulde i
stillhetsomfavnelse

For fleire sprelske mønsterpåfunn, sjå innom HER

søndag 3. mai 2009

Vår store lille gutt fyller år!!


Tenk at Fredrik fyller 10 år i dag!!
Det er ein stor og viktig dag, og endog synst eg ikkje det er lenge sidan vi kom heim frå sjukehuset for å starte vårt nye familieliv!!
Når eg kom heim frå seinvakt i går låg han våken og var full av spenning for neste dag. Eg måtte fortelle om korleis det gjekk til då han vart født....

Faktum er at natta før det heile starta sov eg bedre enn eg hadde gjort på fleire veker:0)Eg vakna frisk og utkvild kl. 07.00 av at sola skein inn på senga. Eg kjende på den gode utkvilde følelsen, og høyrde på litt smålydar frå gjesterommet. Vi hadde nemleg besøk av Bjørn(sdøskenbarnet til Frode) med familie. Hilde skulle hjelpe til med å stille ut hesten vår denne mandagen...

Eg gjekk på toalettet, og der gjekk vatnet...Eg huska ikkje om ein då skulle sitte, ligge, gå eller....Sprang rundt som ei forvirra høns før eg valgte å legge meg på senga.
Hilde kom ut og spurde om alt sto bra til, og eg svarte som sant var at vatnet hadde gått.

Ho ringte bort på sjukeheimen for å varsle Frode som hadde vore på nattevakt.
Han kom heim i rekordfart, og Bjørn køyrde oss på sjukehuset. Dei måtte ha bilen til å frakte hestevogna med.

Kl. 09.00 starta riene for fullt, og deretter gjekk det slag i slag. Kl. 15.05 var vår vakre lille mann på 48 cm og 2610 gram født.
Mamma og Pappa var fullkomment lykkelige!!

Gratulerer på det varmaste med dagen, vår store lille mann.
Dagen vart feira med heile klassen torsdag pga at vi skal i konfirmasjon i dag.

fredag 1. mai 2009


For dei som kjenner meg og for dei som har følgt bloggen min ei stund kjem det vel neppe som noka bombe at eg vel is og iskunst som tema på bokstaven I;9)

Eg tykkjer is er det ultimate av naturens eigne kunstverk!!

Det er vakkert å sjå på, utruleg kjekt å fotografere og eit takknemleg motiv...

Eg elskar brytningane, lysspela, formasjonane...
Det er eit fantastisk skue når det heng store, tjukke og fascinerande istappar ned frå fjellveggane...
Det er mykje spennande motiv å finne inne i isen, det gjeld berre å vere utstyrt med den rette fantasien:0)

Her er det ikkje vanskeleg å sjå at eit isspøkelse har blitt til...

Og her er ein issel blitt skapt, eller ei sjøløve alt ettersom....

Vakker isdråpe!!

Flotte isdiamantar og nydelege refleksjonar:0)
Eg kjenner at eg gledar meg til vinteren og alle motiva eg kan kaste meg over allereie...
For fleire interessante tolkningar på I, sjå innom PETUNIA