tirsdag 9. juni 2009

Litt nytt.........


Mamma kom på beøk søndag, sidan vi skulle ha selskap for Rakel som vert 7 år denne veka...
Mandag hadde vi dagen for oss sjølv fram til kl 15.00, så då reiste vi til Førde på shopping og kaferunde:0)
Var innom Kid for å sjå etter nye stovegardiner. Fann nokon eg likte, så dei vert med heim så snart lønna er komen på konto;9)

Imidlertid kom eg over desse småtinga som eg fall pladask for når Anna Lisa viste dei fram på bloggen sin!! Så dei MÅTTE berre vere med meg heim....
Glassklokka er utruleg flott, tykkjer eg. Men fatet er eigentleg litt i grovaste laget så det er muleg det vert utbytta til hausten....

Flaskehaldaren har eg tenkt å bruke til å frakte sennep, ketchup, olje mm no når vi et så mykje ute.....
Brukar ikkje så mykje tid på bloggen no når eg har besøk, men kjem sterkare tilbake med kommentaren til helga!!
Klem

fredag 5. juni 2009

ABC i ord og bilder ~ N for....


...NATUR!!
For meg var valget på N heilt opplagt....

Naturen byr på seg sjølv på ein unik måte...Ikkje er den kravstor og held seg stort sett i ro når du ber om det;9)

Den byr til stadigheit på både humor og overraskande element for den som tek seg tid til å sjå....
Naturen er underfundig og variert. Vi har ulike årstider som pregar den på ulike måtar, og vi finn mest aldri motiv som er heilt like....
Den er alltidt på sitt beste, og den er stort sett alltidt vakker!!

Det er deilig å gå på tur og ta naturen innover seg, kjenne på stillheita som likevel ikkje er stillheit om ein tek seg tid til å lytte...

Då kan ein høyre set svake suset frå elva, fuglekvitter, rasling i lauv, fisken som hoppar, endene som lærer borna å symje....
Naturen går aldri tom for motiv, og vil alltidt bestå!!

For fleire sprelske påfunn på N, klikk deg inn HER

onsdag 3. juni 2009

Blomster til begjær;9)


Akk ja, så var det visst slutt på fineveret for denne gang....
I utgangspunktet var det meldt finare til helga, men i dag hadde dei snudd på flisa, og det er forventa surt og kaldt ver med mykje vind resten av veka:8

Sukk hjerte men brist ikkje seier eg berre....
Vi får vel berre leve med det og heller vie oss til innesyslar nokre dagar....

Eg for min del nyt synet av dei vakre rosene eg kom over på plantasjen på fredag!!

Dei stor formeleg og ropte mot meg, så dei måtte jo berre vere med heim, eller kva??

Dei mista ganske fort piffen, så eg klipte dei av og la dei i ei skål ilag med nokre telys. Tre av dei sette eg single i små telysglas....

I går på jobb "stjal" eg med meg nokre rhododendronkvistar heim;9)
Rhododendron har utruleg vakre blomster, og så duftar dei så godt....

Desverre står dei ikkje så lenge etter at dei kjem inn, så ein får nyte synet og dufta til fulle så lenge det er muleg:0)

Tidlegare i vår kjøpte eg nokre småvasar på Plantasjen, og dei har eg vore utruleg fornøgd med...

Må berre vise fram det flotte skiltet Fredrik har laga på sløyden....
Legg merke til teksta....

Nyt kvelden alle....

Stor klem Line

mandag 1. juni 2009

Former!!


Denne vekas mandagsutfordring er FORMER......
Ei artig utfordring tykkjer eg, for på same viset som mønster så finn vi former overalt rundt oss!!

Flaks at eg kjøpte smågodt i dag, så får innhaldet i skåla stå for formertolkninga mi!!

Utifrå den opprinnlege forma, kan ein skape nye og unike former....

Hey there, this is my space...Get out of my way!!
Krokodillane kjempar om øverste posisjon i godteskåla!!

Dødninghaudet og sirklane står side om side....

Colaformer og kirsebærformer er godt representert:0)

Fiskeformene er raude og fine, og lyser kom og ta meg!! nedi skåla...
For fleire sprelske tolkningar av former, klikk HER

søndag 31. mai 2009

Glade dagar......Late dagar........

Vi har hatt eit aldeles strålande ver her i vest denne pinsehelga:0)
Som Tove skreiv på bloggen sin, så er på mange måtar bloggane reine verbarometera, og ho har så evig rett...
Det er nok ikkje berre her i vest det har vore bra, for det har vore utruleg stille på bloggrollen heile helga, så stille som eg aldri har opplevd det før..
Fredag leverte eg mi siste eksamensoppgåve, og dersom det går bra kan eg smykke meg med tittelen geriatrisk sjukepleiar, eller for å seie det på ein enklare måte: spesialsjukepleiar i aldring og eldreomsorg!!
Det er lenge sidan eg har kjent meg så totalt avslappa, og livet føles herleg:0)
Vi har kosa oss og utnytta sola til det fulle....Inneroma har kun vore brukt til det som er aller mest naudsynt!!
Sjå berre her på bildekavalkaden min..............

Deilig grillmat.

Avslapning og triveleg selskap av gode vener. Sjølv våre firbeinte har nytt desse dagane....
Hagen har fått sitt!!

Vi har laga nye bed og planta ut solsikkene, erteblomane og okseauga våre....

Flygande barn er glade barn sjølv om uenigheiter innimellom kan oppstå

Fisketur er naudsynt for å sikre matauken... Sjølv om det må seiast at resultatet vart heller magert....EIN fisk!!

Den flotte Eikelandsfossen på nært hald...

Til slutt ei oppfordring om å stikke innom Tove der du kan røyste på kva kvardagskunstbilete du likar aller best!!
Eg trudde eg var for sein til å delta, men den supre iniativtakaren var innom bloggen min og plukka ut eit bilete ho likte veldig godt. Tusen takk, Tove, du er ein knupp:0)
Der er utruleg mange flotte bidrag, og dette er eit superkoseleg iniativ av Tove....
Til dei som har fri enno ein dag:
KOS DOKKE!!
Sjølv skal eg nok på tidelegvakt, så no ventar senga

PS!Eg har litt problem med å komme meg inn på kommentarfelta på ein del av bloggane, men eg har vore innom på besøk, og eg gir meg ikkje...Til slutt får eg det nok til......

Klem Line

fredag 29. mai 2009

ABC i ord og bilder ~ Vi tek føre oss M.....


I denne runden av ABC i ord og bilder er vi komne til M!!
Eg har denne gangen valgt å slå eit slag for MO JORDBRUKSSKULE!!
Mo jordbruksskule er over 150 år gamal, og har utdanna mange innan jordbruk. Det er ein internatskule, og det er elevane som sørger for all den daglege drifta. Dei har dyr og dyrkar grønnsaker og poteter...
I tillegg til dette har dei store flotte drivhus der det dyrkast BLOMSTER, og no folkens er vi nede i sakens kjerne....
Blomstrane som vert dyrka vert nemleg solgt vidare til den allmenne befolkning via blomsterutsalet...
Eg har kjøpt mykje av sommarblomstrane mine på Mo dei siste tre åra, og makan til berekraftige og flotte blomster skal ein leite lenge etter!!
Dei er kraftige og velutvikla, og ikkje minst så blomstrar dei villeg...
Prisane er det heller ikkje noko å seie på, amplane får ein t.d frå 100 kroner:0)
Store, flotte georginer kostar 20 kroner!!
Den dyraste blomsteren eg investerte i i år, var ein Canna til 60 kroner....
Derosm du er i Førdeområdet så er utsalet ope mandag - onsdag - fredag frå 12 - 16.
LØP & KJØP!!
Prydtobakken stifta eg fyrstegongsbekjentskap med i fjor. Ein nydeleg plante som bar utruleg med blomster.
Humla suser i hengelobeliaen...
Flugene ser ut til å trivast på Cannaen!!
Påfuglblomsten øverst i venstre hjørne er eit nytt bekjentskap, så den er eg spent på...
Løvemunn på høgre side er staute og ber utruleg flotte blomster.
Cosmoen nederst er og eit nytt bekjentskap:0)
I kjernen av ein georgine...
Nydeleg...
Flotte amplar for 100 kroner. Kraftige og fine blomar!!
Million bells i ein utruleg flott farge...
Den gule blomsteren er utruleg vakker....Har hatt av dei i mange år, men klarar aldri å lære meg kva den heiter;9)
For fleire påfunn på M, klikk deg inn HER