fredag 5. februar 2010

Datatrøbbel!!

Har no vore utan pc i to veker *Sukk*
Datamaskina takka brått for seg, då eg slo ho på fekk eg berre ei feilmelding og at maskina stengte pga sikkerheitsmessige årsaker.
Desverre hadde eg store mengder med bilder som ikkje var lagt over på ekstern harddisk, og det må og nevnast at eg hadde tenkt på backupen i fleire dagar utan å kome meg i gang *flau*
Maskina er kjøpt på Elkjøp, og først meinte dei at det ikkje var muleg å redde bilda. Dette trudde eg ikkje heilt på, så eg ringte min reddande Engel når det gjeld data: Lillesøstra mi Tina, og ho kunne fortelle meg at det burde vere fullt muleg å få til...Dersom dei ikkje ville, så skulle ho prøve å få ordna det til meg...
Du er min Guardian Angel, Tina, og eg er så utruleg takknemleg for at du ville hjelpe ei storesøster i nød sjølv om du har ein barnedåp å tenke på!! Love U:0))
Reiste på Elkjøp for å hente maskina, men då hadde dei snudd litt på flisa, men det kom til å koste meg 900 kroner...
Etter nesten ei veke fekk eg telefon om at dei ikkje fekk det til, men dersom eg ville kunne eg levere den inn på ein databutikk.
Henta maskina og leverte den inn på Kontorsenteret, og dei fiksa backupen på ein halv time, og tok ikkje meir enn 290 kr for det heller.
Konklusjonen er i alle fall at i framtida skal eg halde meg til fagkyndige når eg skal investere i datautatyr, og Kontorsenteret har etter å ha ytt glimrande service og gitt gode råd skaffa seg ein kunde for livet:0))
Det er ein eller anna systemfeil på maskina, og no er den på nytt innlevert Elkjøp sidan dette vert dekka av garantien.
Har fått lånemaskin, og ventar i spenning på fortsettelsen....
Ellers skjer det jo forskjellig her i huset da, og eg gledar meg til å vere tilbake og vise bilder og fortelje om badet frå den spede byrjing til sluttført resultat:0))
Helgeklem frå Line

mandag 18. januar 2010

Spennande dagar...


Det vert langt mellom blogginnlegga om dagen...Men eg har ikkje heilt verken tida eller energien til å blogge så mykje no, så då må det berre bli slik...Ei stund i alle fall.
Hos oss er det spennande dagar...Vi har skore ut ein vegg, og fått eit kjøkken som er ni kvadrat større, og gjett om det er himmelvid forskjell da?
Eg føler eg kjem inn på reine sutostraden kvar gang eg går inn på kjøkkenet...Enno er det ikkje lagt nytt golv og lister rundt der det er utskore, men det kjem det kjem!!
Bildet er tatt av dottra mi. Er ho ikkje flink?
Fredag kom snekkaren, og dermed er vi i gang med det nye badet!! *Glad*
Onsdag ber det til Ikea, der skal det handlast baderomsinnredning bl.a...
Ellers går tida mykje med på familie og vener, med større kjøkken er det jo så mykje kjekkare å be inn til middag;9) Ein del jobbing har det og vore, vi har for tida 2,85 % sjukepleiarstilling ute i langtidssjukemledingar, og då vert det ein del bakvakter...Men alt er ein overgang, heldigvis...

søndag 3. januar 2010

Perfekte dagar...


Denne jula har verkeleg vore perfekt, værmessig sett...Trur vi må ein del år tilbake i tid for å sjå føre oss like flott julever:0)


Eg har jobba veldig mykje, men Nyttårsafta kl. 15.00 kunne eg endeleg gå av på fire etterlengta fridagar...
Men til tross for mykje jobbing så har dette vore ei jul med mykje samvær med familie og vener.
Julafta var vi hos svigerfar, og totalt var vi 8 til bords...Fire generasjonar samla under same tak, det er sånt som gjev gode minner.


2 juledag kom systa med familie og var til 3 dag. Kjempekoseleg å få dei på besøk i jula, vi kosa oss med god mat og gode samtalar. Julie Kristin prøvde seg på ski for første gong, og det gjekk veldig bra. Nathaniel var og ute, og det var reint fornøyeleg å sjå kor han strekte hals når snøfnugga landa på kinna hans:0) Det vart tomt i huset når dei reiste, og vi håpar sjølvsagt at det ikkje vert så altfor lenge til vi treffast att...
Femte dag var vi på middagsbesøk hos svigerinna mi, og vi hadde ein flott kveld i lag med dei og broren til svogeren vår med familie.


Nyttårsafta var vi tradisjonen tru hos Svigermor og Heine i lag med svigerinna mi med familie. Vi kom til nydeleg dekka bord og fantastisk god julemat.
Mykje flotte rakettar og veldig kjekt å ta bilder med det nye kameraet.


Første dag var vi i middagsbesøk hos gode vener, og ungane var trygt plassert hos Svigermor. Deilig å få ein kveld for seg sjølv og....


I går inviterte vi gode vener på middag, og det vart ein utruleg triveleg kveld. Kjekt å kokkelere litt sjølv og ikkje minst kose seg med dekking av middagbord!!
Menyen besto av viltgryte og pannacotta til dessert...Mmm...
Dette gav meirsmak, så i dag inviterte vi Svigermor og Heine. Planen var å lage karamellpudding til dessert, men det vart droppa til fordel for skitur på Langeland:0) Heldigvis hadde vi att meir pannacotta frå i går...
Vi har og laga oss ei skikkeleg skiløype rundt tomta og utvida den til nabotomta, og der har vi gått kvar dag!!
No er skulesekkane og penala gjennomgått og pakka, kle er lagt fram og vi er klare for kvardagen att:0)


PANNACOTTA til 6 personar:
Ingrediensar
4 ½ stk gelatinplater
2 stk vaniljestang
7 ½ dl kremfløte
2 ½ dl sukker

Bringebærsaus:
1 pk (225 gr.) frosne bringebær
100 g melis
2 ss sitronsaft

Slik gjer du:
1. Legg gelatinplatene i kaldt vatn i 5 minutt. Skyll dei godt og klem ut vatnet.
2. Snitt vaniljestangene på midten, skrap ut frøa.
3. Kok forsiktig opp fløyte, sukker, vaniljestengene og innhaldet i dei. Ta det av plata, ta ut vaniljestengene, og rør inn gelatinen. Hell blandinga i seks små former eller glass. Avkjøl minst 3 timer før servering.
4. Ha tinte bringebær, melis og sitronsaft i en foodprocessor eller blender, kjør til massa er glatt og sil den.

Server desserten med litt frisk bærsaus. Kan lages 1-2 dager før servering.

mandag 28. desember 2009

Med livet som innsats!!


" I shoot to kill"

Her i huset tek vi brettspel på alvor!! Veldig på alvor;9)
To nye spel låg under juletreet i år, og i kveld var det duka for å prøve ut det eine: JUNIOR ALIAS!!
Spelet sin ide er å forklare ord og bilder til lagkameratane utan å seie det eksakte ordet som skal forklarast.
Korleis vi du forklare "en katt"? Kanskje vil du då sei "eit kjæledyr som malar"
Det er eit humørfyllt spel med høgt tempo, og sjølvsagt er det lov å beskylde motspelarane for juks eller protestere på ordforklaringa;9)

I den eine augneblinken er det dødt løp, i den neste dreg eine laget frå...Kven står til slutt att som vinnarar? Det gule eller det blå laget?

Det er sjølvsagt tillatt med pauseunderhaldning og, he he...
Familien i Storemyra har hatt ei triveleg og samlande stund saman i ettermiddag og anbefalar trygt brettspeling vidare til andre familiar. Til tross for høg temperatur innimellom er det mykje latter, hjernetrim og noko som passar for både store og små dersom ein er smidig med tilpasninga til dei ulike alderstrinna:0)

søndag 27. desember 2009

Titt tei ~ her er eg;o)

Vi fotograferar og fotograferar...Zoomar, stiller på linsa, prøvar ut scenefunksjonar og går verkeleg heilhjerta inn for å bli kjend med det nye kameraet....

Eg er ikkje av dei som trivst så godt FORAN kameraet, eg likar meg helst godt plassert bak linsa;9)
Men i dag legg eg ut eit bilde av meg sjølv som Fredrik har tatt!! Er han ikkje flink, vel??

Her i huset har vi brått fått ny julepynt, ved navn Nusse, he he...

lørdag 26. desember 2009

ABC i ord og bilder ~ N står for...


Seint ute denne gangen, men eg heng no med i alle fall;9)
Håpar alle har fine dagar med familie og vener, og at dei som har fri verkeleg nyt desse ekstra fridagane...
Eg skal ha fri i helga, og i dag kjem lisjesystra mi med familie og skal vere her til i morgon, og vi gledar oss kjempemasse til det.
Ungane er fornøgde etter julekvelden og har fått det dei ønska seg aller mest.

Ho mor sjølv er fullstendig overvelda, for under juletreet låg det eit
NIKON D 3000!!!
Eg er overlykkeleg og det var ikkje langt i frå at eg tok kameraet med meg til sengs slik som ungane pleier å gjere når dei har fått noko dei er ekstra glade for;9)


NISSEGRAUTEN var som vanleg på plass i løa lisjejulafta, og jammen meg kom Nissen i år og:0))
Fleire ABC-innlegg finn du HER!!
Fortsatt GOD JUL til alle som kjem innom...

fredag 18. desember 2009

ABC i ord og bilder ~ M for...


No er nedtellinga mot den store dagen for alvor i gang, og det er faktisk under ei veke att....
Er dokke i rute folkens?? Eg kan stadfeste her og no at eg er ikkje heilt på høgden, og er faktisk litt usikker på om eg i det heile tatt vert det i år.... No går eg på arbeidshelg, fri på mandag så håpar å kome a jour då. Så skal eg jobbe tom første juledag. Men,men, erfaringa er vel at jula kjem no enten vi er klar eller ei, og jammen går det no bra kvart år og;9)

Denne fredagen har eg valgt dette som tema:
Morter i fint følge med Mine første sko!!

Morteren kjøpte eg i Tunisia i 1997. Som ein romantisk gest fekk eg inngravert navna våre med vanlege bokstavar og med arabiske bokstavar.
Lyst til å sjå fleire ABC-innlegg??
Klikk deg inn HER!!