
" I shoot to kill"

Her i huset tek vi brettspel på alvor!! Veldig på alvor;9)
To nye spel låg under juletreet i år, og i kveld var det duka for å prøve ut det eine: JUNIOR ALIAS!!
Spelet sin ide er å forklare ord og bilder til lagkameratane utan å seie det eksakte ordet som skal forklarast.
Korleis vi du forklare "en katt"? Kanskje vil du då sei "eit kjæledyr som malar"
Det er eit humørfyllt spel med høgt tempo, og sjølvsagt er det lov å beskylde motspelarane for juks eller protestere på ordforklaringa;9)


I den eine augneblinken er det dødt løp, i den neste dreg eine laget frå...Kven står til slutt att som vinnarar? Det gule eller det blå laget?

Det er sjølvsagt tillatt med pauseunderhaldning og, he he...
Familien i Storemyra har hatt ei triveleg og samlande stund saman i ettermiddag og anbefalar trygt brettspeling vidare til andre familiar. Til tross for høg temperatur innimellom er det mykje latter, hjernetrim og noko som passar for både store og små dersom ein er smidig med tilpasninga til dei ulike alderstrinna:0)