onsdag 8. september 2010

Kjære Besta mi ♥

 August 2010 240 bb

Då var livsreisa di ved vegs ende. Bråare enn vi rundt deg hadde forventa….Skulle så gjerne fått behalde deg litt til…Fått den siste samtalen…latteren…klemmen…

Dagane dine var så gode no. Helsa og førlegheita var på sitt beste. Men vi unner deg kvila.Den naturlege omsorgspersonen i vårt midte er no vekke, men vi er så heldige å sitje att med ei skattkiste full av gode minner frå tida vår med deg.

Frå eg var bittelita har eg vore ei Bestajente. Det kjekkaste eg visste, var å få vere i lag med deg, Besta mi. Mange gode stunder har vi hatt på kjkkenet ditt….og nettopp kjkkenet var ein viktig arena for deg.

Det nytta ikkje å kome på besøk til deg og bedyre at ein nett hadde ete. For trakterast, det skulle gjestane, punktum! Du diska opp med dine gode aniskringler, råmjølkskjeks, vafler, smrbrød og kaker. Åt gjorde vi til magane sto på spreng, men enno synst du vi var småspiste:o)

Mange gode opplevingar har vi hatt saman du og eg. Ein gong var eg med i sauefjøsen når du hjelpte trillingar til verda. Då dei var vel utkomne lurte eg fælt på om du ikkje skulle hente fleire…Min aller fyrste flytur var saman med deg, og ferden gjekk til Harstad i konfirmasjon.Eg kan berre tenkje meg til gnagsåra du må ha hatt i øyra før vi var vel framme. Nokre år seinare gjekk ferden til Amerika, også denne gongen i slektsbesøk. Fine minner å sjå tilbake på…

Då det fyrste oldebarnet kom til verda, var du så inderleg stolt. Turen til Sunnfjord gjekk, og eg spurde deg kva du ville kallast. “Besta er eg, og noko med Besta må det bli”, svarte du kontant. Dermed landa vi på Oldebesta, noko som vi var godt nøgde med både du og eg. Oldebarna hadde eit nært forhold til Oldebesta si, og det var alltidt stas å kome på besøk til deg…Fyrst ute på Håvoll, der vi kunne leite etter krabbe i fjøresteinane, fiske og besøke hønene til Johan og Rigmor. Seinare vart det mange kjekke besøk i den fine leilegheita i Ørsta.

Det er og du som har sørga for å halde tre generasjonar varme på føtene…Eg har ikkje tal på kor mange labbepar du har produsert opp gjennom åra, og du har delt villeg ut til både barn/svigerbarn, barnebarn/svigerbarnebarn og Oldebarn. Mange flotte strikkekle har det vorte til oldebarna og…I tillegg var du ivrig med broderinåla, og har brodert klokkestrengar til barnebarn og oldebarn, eg har fått kjøkkensett og fine jule-og påskedukar.

Eg avrundar det heile med Tatum sine kloke og fine ord som er så beskrivande for deg, Besta… “I love you, Besta! You where an amazing woman who will forever be missed by everyone that was lucky enough to know you”

August 2010 241 bb

Mandag 23 august fekk eg den telefonen eg alltidt har frykta. Besta hadde sovna stille inn i løpet av natta og vart funnen av heimesjukepleien om morgonen. Trøysta er at ho fekk reise på den måten ho sjølv ynskte. Ikkje sjukdom eller smerter. Hjertet stoppa stille opp….

Besta

TAKK FOR ALT OG KVIL I FRED ♥

7 kommentarer:

Anonym sa...

Kondolerer, Line. Dette var veldig vakkert skrevet - jeg forstår at hu betydde noe helt spesielt for deg. Varm klem♥

Turid sa...

Kondolerer Line!
Nydelig minnetale til Besta di!
Sender en varm klem til deg.

Viola sa...

Kondolerer kjære deg! Det er så trist når noen går bort. Men et veldig flott minne har du fått frem her. Varm klem fra meg.

Fjordheim sa...

Vondt å miste noen som er en så nær.
Føler med deg.
Godt at du har mange fine minner.
Nydelig det du skrev om din kjære bestemor. Må hun hvile i fred.
Klem fra meg :)

Malys krok sa...

Ja det er dette en vet må komme, men som en likevel vil holde litt på avstand, så lenge det går an. Jeg sitter og leser, med tårer i øynene, gode ord om en god Besta! Og så går minnene mine tilbake til mitt eget farvel til mine kjære...
Det er så trist når ens kjære dør. Føler med deg og tenker på deg.
-Margit-

Strikkebesta sa...

Vakre ord og vakre blomsterhjarte, kondolerer.

Torilpia sa...

Det er alltid trist å miste noen man har kjær. Selv om man til en viss grad er forberedt - sorgen er allikevel stor.

Du har skrevet så fint om Bestemoren din og jeg tror nok dere har hatt et veldig godt og nært forhold. Mange gode minner å ta med seg - så lever hun videre i hjertet ditt. Kanskje møter du henne i en drøm en natt også??