I dag kom spørsmålet att.... Spørsmålet med stor S....
"Kor tid skal dokke til att då?" ...etterfulgt av eit megetsigande blikk på magen min.
Ler det vekk, men kjenner hjartet blør og blafrar uroleg.... Kvar gong spørsmålet kjem opp døyr ein litt innvendig, men bit likevel i seg orda som ligg på tunga...
Orda ein mest av alt har lyst til å rope ut: "Eg kan ikkje få fleire"
Den tunge sannheita er at kroppen min motarbeidar meg, den vil eller kan ikkje spele på lag. Etter fem spontanabortar kjenner ein på at nok er nok, den psykiske påkjenninga av å miste det etterlengta barnet gang på gang er for stor....
Dette er den skjulte sorga som ikkje skal snakkast om.
Det undrar meg ofte av vi enno, i 2009, er så lukka på akkurat dette området. Det meste vert omsnakka og drøfta, vi er liberale på det meste...Men den dagen vi testar positivt på ein graviditetstest vert vi tause som østers, og snakkar ikkje, fortel ikkje til nokon at vi er gravide før etter 12-16 veker av redsel for at det "skal gå gale"
Men kva så om det går gale, er det så ille å snakke om det?
Det er faktisk eit påbegynt liv, og det er ikkje sjølvvalgt å miste barnet som veks i magen. Det er ei stor påkjenning og ein er i alle fall ikkje seg sjølv etter slike opplevingar!!
Kvifor skal det då vere så vanskeleg å seie noko om det?
Om emnet kjem opp, og ein vågar å fortelje er det straks mange som kan bekrefte at dei har opplevd det same...Ein spontanabort er ikkje så uvanleg som ein skulle tru, og det sit mange i same bås.
Dei to siste gangane var eg veldig emosjonell, og kjende på redselen heile tida...Skulle ikkje flagge ut og sjukemelde meg, for det er jo viktig å leve som normalt... Men fekk aldri fred, stadig på toalettet for å sjekke om det var blødningar, for så å kjenne på sjokket når det faktisk gjekk den vegen...
Eg har mista frå femte til tolvte veke, og veit at det er like vondt same kor langt ein er komen. Ein sørgar over det som ikkje vart, og fyrste gangen, andre gangen trøystar ein seg med at ved spontanabort er det naturen sin måte å ordne opp i noko som likevel ikkje er liv laga.
Men etter tredje, fjerde, femte gangen kjenner eg at den teorien vert for tynn og fell gjennom for min del..
Har på eit vis innfunne meg med at eg vert tobarnsmor...eg som alltidt har drøymt om ein stor familie!! Trur eg alltidt kjem til å ha kjensla av å ha eit barn for lite, sjølv om eg er så uendeleg takknemleg for dei to eg har, dei berikar livet mitt på alle måtar og eg er så inderleg inderleg takksam for kvar dag eg får med dei!!

Det er du
Sitter her stille og fredlig
Uvant å ikke være ”vi”
Noe mangler, noe forsvant
Det kan være du, det kan være så mangt
Morgenene gryr, dagene kommer
Det skulle vært en herlig sommer
Noe sviktet, noe falt
Det kan være du, det kan være så mangt
Dagene går og jeg er ensom
Jeg burde skjønt at dette kom
Noe døde, noe svant
Det kan være du, det kan være så mangt
Jeg elsket av hele mitt hjerte
Det som sto igjen var inget annet enn smerte
Jeg tenker på hvem jeg elsker så hardt
Det er du, alt annet enn så mangt