torsdag 20. august 2009

Y!!


YLVA representerar minY:0)
Denne skjønne jenta er tremenningen til Fredrik og Rakel, og eg er så priviligert at eg fekk vere fadder på henne!!
For fleire Y-tolkningar kan du klikke deg inn HER

tirsdag 18. august 2009

Sommarfugl...Butterfly...Kjært barn har mange navn:0)


Litt seint ute, men slenger meg med på Sunday Challenge:0)
Eg velger meg denne vakre sommarfuglen som vekas bilde!!
Satt ute i paviljongen ein ettermiddag det var ca fem minutts regnopphald, he he...
Då kom denne vakre sommarfuglen hoppande på bordet. Sette fram fingeren, og den gjekk oppå...Utruleg fascinerande å studere den på nært hald....
Men den viste ikkje vilje til å ville flyge, så eg er redd for at den var skadd, sjølv om det ikkje viste noko synlege skader.
Sette den forsiktig ned på bakken etter fotoseansen og håpa på at den ville komme seg til!

SOMMERFUGL

sommerfugl, sommerfugl
fly -
fly høyt –
fly over de
spirende marker

sommerfugl, sommerfugl
fly –
fly hjem
fly raskt
før mørket
har seiret

sommerfugl, sommerfugl
lev –
lev ut
din skam –
og la ondskapen
skjemmes

sommerfugl, sommerfugl
flykt
din vei -
er åpen

din reise
er over


~ Ingjerd Gyller Mohr ~

fredag 14. august 2009

ABC i ord og bilder:0)


Jaha, så er vi komt fram til den vanskelege delen av alfabetet....
Kva skal ein så finne på på den ærverdige bokstaven x??
Tamtarata!!!!
Lat meg presentere....
X punktet på skattekartet mitt!!
Dette er sjølvsagt eit autentisk skattekart som dukka opp her i forrige veke.....
....Og sidan dette er eit ekte og hittil ukjent skattekart måtte vi sjølvsagt ut på skattejakt:0)
Kartet var fulgt til punkt og prikke, og vi kom til slutt fram til X PUNKTET. Her var det påkrevd med litt gravearbeid...
MEN MEN...kva er dette??
WOW, ein kjempestor og hittil ukjent diamant på vår eigen eigedom:0)) Vi er rike!!
Fniis, i alle fall rike på spenning....

Forrige veke rakk eg rett og slett ikkje å vere med på ABC, og presenterar difor W i dag!!
Vår eksellente uteWC, eller som det heiter på godt norsk: Utedo:0)
Vi har t.o.m ein dobbeldekkar, så ein treng ikkje gå i ensemd på wc her.

Når eg var lita var vi på ferie på Jerkin i lag med tante, onkel og søskenbarna mine...
Alle vi tre ungane fekk makk i magen, og måtte dermed til lege for å få medisin. Vi fekk eit flytande middel som var rosa og smakte jordbær!! O`lykke, ingen problem med å få oss til å ta medisinen nei;9)
Ein morsom bieffekt var at vi fekk rosa bæsj, og sidan vi var så heldige å ha ein dobbeldekkar av eit ute"wc", så kunne vi studere rosabæsjen frå generalplass...
Lurer du på kva andre har komt opp med på X?? Klikk HeR

I desse dagar har bloggen min 1 årsjubileum!! Har du lyst å vere med på feiringa klikkar du berre på jubileumsbildet og legg att ein kommentar i innlegget du kjem til, så er du med på trekninga!!

God helg til alle:0)

onsdag 12. august 2009

Jubileum og gavedryss!!


Det gjekk med eit brak opp for meg at 1 årsdagen for bloggen min har passert utan at eg har vore klar over det eingong....
Visste at det var i desse tider, men trudde at det var nærare september!!
Eit raskt tilbakeblikk viste då at mitt første skikkelege innleg var lagt inn 6 august 2008, og innlegget finn ein HER!!
Det har vore eit fantastisk år på mange måtar, frå dei fyrste spede innlegga, dei fyrste kommentarane og å få augene opp for ANDRE sine bloggar...
Eg har fått mange nye vener her inne. Nokon har komt, andre har gått og atter andre har lagt ned bloggane sine.
Men i webverda har vi jo eit forum til, nemleg facebook!! Etter at Petunia oppretta facebookgruppa: Norske bloggdamer har ting skote enno meir fart og ein finn fram til kvarandre der inne og...
Blogglandia er framleis ein fantastisk plass å vere, og eg har aldri angra eit einaste sekund på at eg starta opp bloggen. Tok litt tid før eg turde å seie litt her og litt der at eg har blogg,
Skulle ynskje tida strakk til til meir kommentering på bloggane rundt omkring, men det har seg no slik at ein har eit liv utenom bloggen og...
men om det går ei tid mellom kvart besøk så er ingen gjemt og ingen glemt!!

Alle som legg att ein kommentar i dette innlegget vil difor vere innlemma i 1 årsjubileumet og gavedrysset!!

Så kom igjen folkens, legg att ein kommentar og kom gjerne med både ris og ros, er glad for tilbakemeldingar som kan vere med på å gjere bloggen min enno betre!!

SET STOR PRIS PÅ ALLE MINE GODE VENNER HER INNE!!

VARM KLEM LINE!!

Phu, det tok si tid å få publisert dette innlegget... Medan eg heldt på med det kom denne meldinga opp:
We`re sorry, but we are unable to complete your request.When reporting this error to Blogger Support or on the Blogger Help Group, please:Describe what you were doing when you got this error. Provide the following error code and additional information.... Read MorebX-xn6e55Additional informationhost: www.blogger.comuri: /homeThis information will help us to track down your specific problem and fix it! We apologize for the inconvenience.Find helpSee if anyone else is having the same problem: Search the Blogger Help Group for bX-xn6e55If you don't get any results for that search, you can start a new topic. Please make sure to mention bX-xn6e55 in your message.
Eg har kava, sveitta, vore fortvila og nesten tatt til tårene, for same kva eg prøvde kom eg meg ikkje inn på bloggen!! Såg føre meg at bloggen var historie og at eg måtte starte på scratch....
Inn på facebook og der viste det seg at det var fleire som hadde same problemet...
Men no ser heldigvis alt ut til å vere i orden att...(*kryssar fingrar*)

Testar....


ut eit nytt fotoprogram eg har lasta ned....
Ikkje så verst resultat dette, men ser at eg ikkje har fått til å legge på tekst...
Photofilters er navnet på programmet og er gratis om nokon lurer....

tirsdag 11. august 2009

Aurefiskefest i Sunnfjord!!

Etter onsdagens suksess i Viksdalen steig jo sjølvsagt forventningane til å både kunne vere så heldige å få tyngste fisk og/eller vinne samanlagt.
Vi køyrde med friskt mot opp i Haukedalen.

Der fekk vi litt undervisning i motoren på båten, Evelyn skulle styre denne delen, sidan båten var utlånt av broren hennar.
Vi køyrde utover vatnet og heiv ut stengene med dødsforakt....Men beit det??
Det gjekk 10 minutt, 20 minutt, 30 minutt...Ingen napp...
Etter ein time var stemninga mismodig, men DÅ beit det på, og opp fekk vi ein fisk på kanskje....
100 gram
*sukk*


Vi bestemte oss for å prøve oss litt lenger utpå!! Og endeleg vart det litt bet, men ikkje den største av dei største nei....

Men men, den flotte naturen og friske lufta var upåklageleg.
Største fisk vart på 220 gram....



Fredagen stillte vi opp ved Sunnfjord museum, klar for fiske på Movatnet.

Var litt lite folksomt, og ingen som visste noko, så usikkerheita steig...Var det her vi skulle møte?
endeleg dukka det opp nokon som skulle vere med på konkurransen, og vi var på rett plass.
Sjølv om dei som skulle halde orden på oss, dukka litt seint opp, så kom vi oss i gang til slutt...
Denne dagen hadde vi ikkje båt, men rekna med at det skulle gå greit å fiske frå land. Vi køyrde oss på plass, parkerte og gjekk ned til vatnet...her var det umuleg frå land, kolossale mengder med gras....
Gjekk oppatt mot bilen, og der kom det ein familie med kano. Dei sa at det var nærast umogeleg å fiske frå land i dette vatnet....
Kva no??
Men så sa den kjekke mannen som heitte Steinar at han hadde ein trebåt vi kunne låne dersom vi var villege til å lense litt, for den tok inn ein del vatn.
Om vi ville??


Vi kom oss utpå og var i gang. Frode hadde med flugestanga i dag, og vi bunkra opp på ein sandbanke slik at han kunne utøve sine kunstar.
Fekk ein fin fisk, og vi seig vidare...Som de ser så var det nok ikkje berre fisk vi fekk på kroken;9)


Mykje fint å sjå på. Vakker natur, spennande grotter og koseleg opplæring av andungar...
Fangsten var ikkje den beste, tre fisk totalt.
Den største vi fekk var desverre ikkje meir enn 242 gram.


Konkurransens minste fisk vart og tatt her, av ein gut på 11 år. Den slo ikkje inn på vekta, dermed vart den estimert til 1 gram...

Laurdag var vi heilt klare...Dette skulle bli vår dag. Hestadvatnet har vi fiska i mange gangar, og vi kjenner til dei gode plassane.

Opp og registrere seg, og rett ned til oversida av fossen. Der brukar det ofte å stå storfisk....
Men det var fleire enn oss som hadde same tanken, og dermed var det ikkje mykje fangst her.
Ut i båten resten av tida, og rodde rundt vatnet...
Altfor fint ver, vindtille og ikkje ein regndråpe fører til altfor glatt overflate og lite bitevilleg fisk...
Fekk tre stk totalt og den største vog 242 gram.
Og som vanleg var det ingenting å seie på naturopplevingane:0)


Dette har vore fantstisk gøy, og at vi ikkje drog dei store fiskane gjer jo slettes ingenting...Vi er i alle fall rike på gode fellesminner og flotte naturopplevingar:0)
Neste år er vi sjølvsagt klar igjen!!
Den største fisken var 641 gram, og vart tatt i Viksdalsvatnet av Kåre Wiik på onsdagen. Premien var på 12 000!!

torsdag 6. august 2009

Fiskekonkurranse, del 1


I Sunnfjord er det årleg ein flott Aurefiskefest som går av stabelen.
Her er det mange flotte premiar å hente innan forskjellige kategoriar!!
Høyr berre her:
Premie for største fisk i kvart enkelt vatn.
Premie for minste fisk i kvart enkelet vatn.
Premie for tyngste fisk i tre av dei fem arrangørstadane samanlagt.
Premie for den største fisken i løpet av perioden
Det er eigen kvinneklasse i eit av vatna.
Eigen lagskonkurranse i eit av vatna.
Spesialpremie for beste bergensar eller anna utlending;9)
Startskotet gjekk kl 17.30 i Viksdalsvatnet i går!!

Vi fekk låne båt av nokre vener til naboen vår som og var med...Der fekk vi og med oss tips om dei beste fiskeplassane, he he...
I tilleg reiste vi i lag med eit anna nabopar som fiska frå land.
Vi entra båten og skubba oss ut på, veret var fint. Grått og overskya med litt regndropar innimellom.Ideelt fiskever, og fisken beit villeg vekk:9)
Beste sluken er: MARIHØNA!! Avbilda på fyrste bildet....
Det er noko eige med å ro rundt på vatnet, stillheita og lydane frå naturen og menneska i båten er det ein høyrer. Mykje betre enn motor spør du meg....

Mat og drikke var med: For utan mat og drikke duger helten ikke!!

Vi melde berre på Gutta Boyz i år, det kostar jo litt dette her...
Men Rakel får hive eit par kast og drage inn ein og annan fisk, det held i massevis enno...
Vi syng, pratar, flettar kvarande, dreg hendene i vatnet og morar oss med skuggebilder.
Vi fekk to fiskar av ein viss størrelse, og alle er like ivrige etter å få storfisken opp i båten, jammen er dette moro!!

Kl 21.00 er det over, og vi reiser inn for veging og premiering.
Torill(som fiska frå land) vann kvinneklassen med ein fisk på 368 gram, og Frode kom på andreplass i open klasse med ein fisk på 436 gram. Vinnarfisken var på 640 gram.

Fredrik sin største fisk var på 350 gram. Det burde absolutt vore eigen barneklasse sidan jakt og fiskelaget er opptatt av rekruttering av barn. Foreslo det for arrangøren, og han tykte det var ein god ide...
Vi reiste heim slitne, men fornøgde. Ungane sovna momentant...
I dag står Haukedalsvatnet for tur, stemningsrapport kjem i morgon!