onsdag 29. april 2009

Ballglede:0)


Lisje jenta mi har begynt å spele fotball...
Tida og åra går så utruleg fort, og brått er dei vorte så store og sjølvstendige på mange måtar..

Det er innmari moro å sjå på dei, og kjenne att mange av tendensane frå då Fredrik og dei begynte å trene. No ser ein verkeleg kor langt dei er komne på desse tre åra...

Ballgleda lyser i ansiktet her, og spenninga og gleda ved å meistre ballen er til å ta og føle på:9)


Til min kjære datter!
Jeg stryker hånden over ditt myke kinn,
mens jeg tørker en tåre fra øyenkroken min...
Det er ikke en tåre av sorg eller smerte,
men et bevis på den sterke kjærligheten i mitt hjerte..
Jeg prøver å forestille meg hvordan din framtid vil være,
mens jeg ber en stille bønn om at du får alt du ønsker deg, min kjære..
Men jeg vet jo at veien ikke alltid er rett, å velge riktig er ikke alltid like lett..
Du vil nok møte motgang, smerte og sorg, men til slutt vil du finne lykkens borg.
Der vil du finne hvile på en sterk og god arm og kanskje huske minner fra
mammas myke favn..
Når stormen uler på sitt verste og du er trist og lei..
lukk øynene og tenk på at mamma elsker deg
For uansett hvor i verden du vil være,
skal du vite at mamma er der for deg min kjære..
For du og jeg har delt samme blod og ingen kan skille oss, for vi har sterke bånd vi to.

søndag 26. april 2009

Kreativ



Denne vekas mandagstema er kreativitet!!
Her er det rikeleg anledning for bloggedamer(og menn) til riktig å slå seg laus og utfolde seg i all sin boblande kreativitet....
For nettopp kreativitet er det som dominerar Blogglandia:0)
Her er staden for å inspirere og bli inspirert!!
Min familie består av fire menneskemedlemmar og tre kattemedlemmar....
I dag skal eg vise fram dei menneskelege medlemmane sine kreative sider;9)


Rakel har fått ånda over seg og perlar for tida for harde livet....

Ho har laga armband til alle sammen, men Fredrik sitt ligg på vent til neste søndag. Då har han bursdag og det er dette ho vil gi han i bursdagsgåve...Koselig og omtenksomt tykkjer eg...


Eg har fått det grønne, Frode har fått det beige og Fredrik skal få det blå.
Eg er og så heldig å ha fått smykket:9)


Fredrik har utvist kreativitet i vindaugspynting....
Han har plassert ballane frå biltema i vindaugskarmen, og er strålande fornøgd....
Det er veldig viktig at dei står akkurat der, i følge han sjølv....
Eit heitt tips dersom nokon lurer på kva ballar som fungerar best i slåball, så er det biltema sine i fylgje min son....


Ingen over, ingen ved siden av!!


Frode har latt kreativiteten utfalde seg og resultatet vart tre silkeroser til meg:0)


Som dokke ser fungerte det perfekt og "The heat is on" ;8)
Tja...Det var tre, tenkjer du gjerne no...Kva med henne sjølv då??
Svaret er sjølvsagt at eg let kreativiteten flaume når eg tek bilder og ikkje minst i redigeringa!!
Eg har vel aldri sett på meg sjølv som ein person som utmerkar meg spesielt mykje på dei kreative områda...
Men etter å ha oppdaga fotokunsten har noko eksplodert inne i meg, og eg boblar innimellom nesten over....
Etter å ha entra bloggverda har det tatt enno meir av, her har eg verkeleg lært mykje...
Ikkje minst at ein kan kome utruleg langt med eit vanleg kompaktkamera!!
For meir boblande kreativitet kan dokke sjå innom HER

fredag 24. april 2009

ABC i ord og bilder ~ I dag skriv vi H!!


Ja då er vi allerede komt til den åttande runda i den norske utgava av ABC i ord og bilder...
I dag var det vanskeleg å peile seg inn på berre eit tema, så eg følte meg litt Ole Brumm aktig og sa: Ja takk begge deler, eller rettare sagt fire deler, he he


Min første H er for meg eit sjølvfølgeleg valg: Heimen vår!!
Her har vi sett bu. Vi har pussa opp, bygd om, sett opp garasje, drøymer om å greie å anlegge ein hage i all denne myrjorda....Her ler vi, gret vi, har draumar, er glade, sinte, lei oss, vi kranglar og uttrykker kjærligheit...
Kort sagt har vi bygd det opp til vårt eige: HEIMEN VÅR!!


H nr 2 står for hage og hagesysslar. Vi har syssla med frøsåing og vi har sådd det som forhåpentlegvis skal vekse opp til å verte ein hekk....

Eg har delt opp planter og sett dei på nye plassar, og eg har fått planter av Mamma som no er komne i jorda!!


H nr 3 & 4 går mykje inn i kvarandre, og representantane er rett og slett:
HIMMEL & HAV!!
Sola glitrar på sjøen og vi såg fleire seilbåtar denne dagen:0)

Det er eit flott skue når himmelen byr på sine mange fargespel:0)


I overgangen mellom himmel og hav reiser Alden seg stolt opp...Her ser det nesten ut som den stig rett opp i frå havet!!

Alden er ei øy i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane. Ho ligg utom Vilnesfjorden, mellom Atløy/Tvibyrge og Værlandet. Fjellet Norskehesten, også kalla Den norske hest, gjer øya lett kjenneleg frå lang lei.
- Wikipedia -

"Alden er ikkje ein del av Bulandet men høyrer til nærområde.Høgste punket på Alden er 481 meter og det går ei grei turløype opp dit.Ein tur på Alden kan anbefalast.Går ein nordover frå varden på Aldetoppen kan ein sjå nokre kløfter som er so djupe at eg ikkje torer å tenke på kor djupe dei er.Fasinerande er dei, men gå ikkje der i skodde og pass på ungane.Alden er av ein heilt annan bergart enn lenger vest. Alden er resten av det opprinneligegrunnfjellet, alt rundt blei skurt vekk av isbreane i istida.Bulandet består at småstein og grus som isbreen drog med seg vestover, såkalla konglomerat.Geologane seier at Bulandet er restane av Sognefjorden. Vi får satse på at da er dei beste restane."
http://bulandet-grendalag.org/
Alden har hatt besøk av bl.a Dronning Sonja ein rekkje gonger!!


Kveldshimmel i brann!!


Dette bildet er tatt på Lammetun i fjor sommar. Seilbåten var med på Tall Ships Races!!
Ynskjer du å sjå fleire H-tolkningar finn du dei sjølvsagt inne hos PETUNIA

fredag 17. april 2009

ABC i ord og bilder ~ Vi er komne til G...


Min G står for GAVER!!
Det finst mange former for gaver....

Vi har glade gaver og humorgaver,
koselege gaver og forunderlege gaver,
store gaver og små gaver,
gaver til barn og gaver til vaksne, bryllaupsgaver og dåpsgaver,
mange gaver og få gaver, bursdagsgaver og julegaver,
morsdagsgaver og farsdagsgaver, gaver berre fordi du er du,
gaver som ein har ynskt seg og gaver ein ikkje har ynskt seg,
gaver ein treng og gaver ein ikkje treng,
gaver som fell i smak og gaver som ikkje fell i smak,
gaver vi vert glade for og gaver vi vert mindre glade for....
Kort sagt så finst det mange former for gaver til mange forskjellige anledningar....
Felles for dei alle er at dei skapar FORVENTNINGAR hos både givar og mottakar:0)
For fleire G tolkningar, klikk deg inn HER

torsdag 16. april 2009

Våren er ikkje lenger i anmarsj... Den har gjort fullt inntog:0)

Den siste veka har vi hatt eit fantastsik ver, med sol frå skyfri himmel frå morgon til kveld:0)
Temperaturen har lege på behagelege 15 grader, og det er utruleg deilig å verte litt meir lettkledd....

Naturen er og på sitt beste no, og det spirar og gror over alt!! Bjørka har omt veldig langt, og så kan det vel gjerne diksuterast kor bra det er dersom det no slår inn ei kuldeperiode att..
Herlege vårteikn er det no ialle fall, og det er og ungar i trea;0)

Kastanjene som vi dekte til i fjor spirar...Hurra!! No skal dei få godgjere seg nokre veker til, og så skal dei plantast...Vi er veldig spente på om vi lykkast i å få til kanstanjetre...

Frøa som vi har tørka og ruga på heile vinteren er no komen i jord, og spirar forhåpentlegvis ganske snart...Dersom det vert suksess, så er vi i gang med hekk:0)

Stemor og erteblomster spirar og gror:0) No er dei prikla om, og sett på loftet!! Nye frø er på plass i minidrivhuset...
Har ikkje vorte så mykje blogging eller bloggbesøk sidan vi no er ute kvar ledige tid vi har....
I helga skal vi vekk, men reknar med å vere sterkare tilbake om litt:0)
Set stor pris på alle som er på besøk her, og ikkje minst alle som legg att ein kommentar!! Det som og er kjekt, er at nokon av dei som ikkje har eigne bloggar, no har begynt å legge att kommentarar...Det set eg stor pris på. så tusen takk!!
STOOR klem Line

mandag 13. april 2009

Stillheit



Den beste stillheita på dagen er når ungane er fallt i søvn...
Ein høyrer den jamne regelmessige pusten, ser dei små, avslappa kroppane og kjenner kjærleiken flaume gjennom årane....

Sirkelen
Evigheten skuer ut av dine øyne
og betrakter seg selv der jeg sitter
og betrakter deg med min evighet.
Når du gråter faller jeg i dine tårers refleksjon,
når jeg gråter faller du i min.
Hun som har ventet bak mine nerver,
som elsket meg i mine drømmer,
stillheten som omsvøper alle mine hjerteslag,
lengselen i speilet,pusten mot min panne.
Der fortiden og fremtiden smelter sammen
og illusjonen kolliderer med virkeligheten
legger vi oss ned under konstantløshetens pust
og folder tiden til en snøballsom vi holder opp mot solen,
og jeg ser at horisonten danner barn som danser rundt ditt smil.
Vi har begge gått våre taushetsmil.
Av aske dannes jord, av skjebnens bånd en mor,
av skjønnhet dannes stillhet, av tomme ark et ord.
Av dette ord skapes våre lepper,
to halve måner som sammen blir en sol.
~ Gnist ~
Diktet fann eg på Dikt.no
For fleire stille tolkningar, klikk HER

søndag 12. april 2009

Gje meg handa di, ven


Gje meg handa di,ven,
når det kveldar,
det blir mørkt
og me treng ei hand.
La dei ljose og venlege tankar,
fylgje oss inn i draumars land.
Lat varmen frå ein som er glad i deg,
tenne stjerner i mørkaste natt.


Gje meg handa di, ven,
når det kveldar
det blir mørkt og
me treng ei hand.
Varme tankar og hender som trøystar,
er som sol over frosen jord.
Kjenne varmen frå ein som er nær deg,
gjev langt meire enn store ord.
~ Sondre Bratland ~

fredag 10. april 2009

Min F står for....


Frode, Fredrik, Fotball & Fisking

Nære og tette band mellom far og son:0)
Då eg gjekk gravid med Fredrik dreiv Frode stadig å trua med at dersom vi fekk ein gut skulle han kallast Frode jr...
Då han var født og eg fekk vete kjønnet datt det ut av meg at: "Han skal i alle fall ikkje heite Frode jr"
Denne har blitt gjenfortalt nokre gangar i diverse samankomstar til stor fornøyelse for tilhøyrarane;9)


Fotball er eit spel der to lag, kvart beståande av 11 spelarar, på ei bane prøvar å vinne ved å lage flere mål enn motstandaren. Eit mål definerast ved at ballen havnar i motstandarens mål. Heile ballen må over målstreken for at det skal være tellande. Fotball kan også spelast med 5 eller 7 spelarar på kvart lag. Dette er spesielt vanlig i barne og ungdomsfotballen. Ved 5 eller 7 spelarar på kvart lag, er offsideregelen tatt vekk. (Wikipedia)

Som navnet tilseier, spelast fotball fyrst og fremst ved hjelp av føtene. Spelarane kan imidlertid bruke alle delar av kroppen, bortsett frå hendene og armene, til å berøre ballen. Kun målvakta
har lov til å benytte hendene, og då berre innanfor eit avgrenset område framfor sitt eige mål kalla sekstenmeteren. Dessutan skal utespelarane bruke (begge) hendene ved innkast, dvs. når spelet settast i gang etter at ballen har kome utanfor sidelinjene. Eit innkast er utført korrekt når spelaren brukar begge hendene i kastet like mykje, d.v.s. at ballen ikkje skal ha ein sidespinn, men kastast rett fram. Det er også påkrevd at begge bein er i bakken når ballen forlet kastarens hender. Blir ikkje desse reglane fulgt blir kastet idømt motstandaren.
Ifylgje ein undersøkelse foretatt av
Fédération Internationale de Football Association (Maasegeis), som er sportens øverste organ, publisert våren 2001, spelar over 240 millioner mennesker i over 200 land og statar fotball. Sportens enkle regler og minimale krav til utstyr har uten tvil vore hovedfaktorer for dens utspredning og popularitet. Fleire stedar i verden, spesielt i Europa, SørAmerika og i aukende grad i Afrika, utgjer sporten ein livsstil for ein stor del av tilhengarane til det enkelte fotballag. (Wikipedia)
Tirsdag 31 mars var gutane våre spesielt inviterte til Sogndal for å treffe Sogndalsspelarane og spele pausekamp. Dei fekk trene i hallen, dei fekk omvisning og fekk fylgje spelarane inn på bana og vere ballhentarar under kampen.
Dette var ein stor dag for 14 miniputtspelarar, og det er ikkje få av dei som no drøymer om å spele for Sogndal om nokre år....

Fiske betegnar fangst av viltlevande fisk og krepsdyr i saltvann og ferskvann. Fangst av muslingar regnes også tradisjonelt til fiske, mens fangst av sjøpattedyr benevnast som fangst (kvalfangst, selfangst osv.). Akvakultur, dvs. oppdrett av fisk, krepsdyr og muslingar i tilrettelagde anlegg, regnast vanligvis ikkje til fiske.
Kommersielt fiske kalles vanligvis fiskeri
. Fiske som form for
ffriluftsliv kallast sportsfiske.
Det finnes fleire typar fiskeredskap. For fiske på liten skala kan ein bruke fiskestang eller snøre eller diverse våpen som spyd
. Det finst mange forskjellige metoder som brukast ved stangfiske:
Makkfiske
Flugefiske
Trolling
Dorging
For fiske på større skala brukast gjerne fiskegarn.
(Wikipedia)
Vil du treffe resten av ABCgjengen og lese/sjå kva dei har funne på??
Stikk innom PETUNIA, som er vår primusmotor!!