fredag 31. oktober 2008

Frosta helgehelsing:0)


Etter at eg hadde levert ungane på skulen i dag kledde eg godt på meg og gjekk på fotojakttur;9)

Her er reultatet, eg let bilda tale for seg sjølv.......


PA310230


PA310232 PA310235

PA310237


PA310239

PA310256 PA310249

PA310261 PA310266 PA310262

PA310242



PA310279 PA310277

PA310275

Good helg;9)

Klem, Line

torsdag 30. oktober 2008

Konglepynt

Laurdag for halvanna veke sidan tok eg & ei venninne med oss ungane på skogstur i øsande pøsande regnver....

Hadde faktisk rekna med litt protestar frå ungane, men dei uteblei...Var vel leie av å sitte inne dei og! Vi kokte kakao, smurde niste og kledde oss godt, og ute i regnet bar det:0)

Vi hadde ein fantastisk tur, regnet ausa ned og litt hustrigt var det, men du å du så koseleg!

Vi snakka, utforska, fantaserte og ikkje minst så plukka vi med oss konglar heim:9) Kameraet mitt var på det tidspunktet avgått med døden, så vi har DESVERRE ikkje bilder frå turen, men minna kjem til å sitte lenge:0)

No er konglane tørka, og her er pynten vi har fått til....

PA250033

Litt konglar i ein vase, og ein gerbera vart til koseleg pynt i kjøkenviduet...

PA250039

Konglearrangement i ei glasskål. Litt innslag av steinar,kvist, eit skjell og Rakel sitt armband pyntar fint opp på skjenken i stova.

PA250041

Den flotte hardangerduken er det Mamma som har brodert!!

PA250043

Denne koppen fann Fredrik i gratiskassa på bruktbutikken i Volda. Den måtte sjølvsagt bli med heim, og fungerar no som telyshaldar. Det er faktisk ganske koseleg lys av den:0)

PA250073

Her i huset er vi glad i steinar...Veldig glad i steinar....I alle slags former, fasongar og fargar.... Her er eit steinarrangement på ovnen vår

PA250074

Når vi ikkje fyrer i ovnen brukar eg ofte å plassere ei lyslykt på toppen av steinane. Det vert veldig koseleg:0)

Ynskjer alle ein fin torsdagskveld....

Klem, Line

Vil du helse på mine nye julevener ??

Gjekk i postkassa i dag, og der var det jammen ein pakke med mitt navn på:0)

Hmmm, skal tru kva dette er då?? Skunda meg inn døra, og kunne mest ikkje få gråpapiret raskt nok av *rødme*Vert jo litt ivrig når eg får uventa pakke i posten....

Det fyrste eg såg var dette:

PA300217

Skimta noko under, og då skjønte eg det!!! Julemusene som eg har bestillt av

PA300222

Nikoline på Landet

PA300223

Tuusen takk,kjære du:9) Dei nye venane mine svarte heilt og holdent til forventningane... Gledar meg allereie til å få pynte med dei til jul.....

PA300218

Klem, Line

Pay It Forward

Fekk for ei tid tilbake ei Pay It Forward gåve frå Astid i Fjordheim. Det var på den tida eg var kameralaus, så eg venta med innlegget til eg kunne vise fram alt det fine eg fekk:9)

PA250077

To nydeleg innpakka gåver(eg er så gla i sommarfuglar, så eg vart heilt forelska i papiret:0) ) Og eit pent, nostalgisk kort...

PA250079

Helsinga på kortet!!

PA250080PA250081

Desse søte hjerta var i den eine pakken. Det eine har fått plass på gjestesoverommet, som eit koseleg velkommen inn:0)

PA250082

I den andre pakken var desse flotte telysestakane, som har vore flittig i bruk allerede...

PA250084

Og fire teposar.... ferskenteen klarte eg ikkje å vente med, så den er oppdrukken;0)

Her er reglane:

Dei tre fyrste som legg att ein kommentar på dette innlegget, vil i løpet av 365 dagar motta ei gåve frå meg...

Klem, Line

onsdag 29. oktober 2008

Koseleg ettermiddag:9)

First business....PA280173

Leksene er viktige, og har stor prioritet hos oss. Når vi kjem heim får dei slappe av litt, middag, og så lekser....

Then pleasure....PA280174

Her er det julegåvelaging for fullt!! Vi har hatt som tradisjon å gi vekk gåver til tanter/onklar, beste/oldeforeldre og faddrar sidan Fredrik var  1 år:0) I forbrukssamfunnet vi lever i, tykkjer eg det er viktig å formidle sunne, positive holdningar til ungane mine. Det er ikkje alttidt nødvendig å kjøpe gåver, det er faktisk vel så koseleg å lage gaver, og mottakarane set stor pris på desse gåvene:9) Vi synest og at det er koseleg å lage til/frå lappar til julegåvene....

PA280175 PA280176

Full konsentrasjon!! Maling og liming....

PA280179

I år pyntar vi fyrstikkøsker, her er produksjonen så langt....Fine?? Det synst i alle fall vi:o)

PA280180

Gårsdagens produksjon... Vi lagar litt no og litt då, viktig å ikkje trøytte dei ut;9)

PA280182

Litt julepynt vart det og i går.... Søte nissar. Fann materialsett på Rema til 20 kr!!

PA280185

Pakkelappar....Laga med omhu og omtanke:0)

PA280191 PA280190

På ein sånn kosedag, høyrer det sjølvsagt med litt god mat:0)

PA280187

PA280193

Mmmmm....

Oppskrift:

100 gram margarin(smeltast)

5 dl melk

50 gram gjær

1 1/2 dl sukker

1 ts kardemomme

1 egg

ca 700 gram kveitemjøl

(Min hemmelege ingrediens for å få bakverk luftig og fint er: 1 ts bakepulver)

Hevast godt, delast i to emner og kjevle. Pensle smør på, dryss med sukker og kanel. Rull sammen, kuttast i passelege bitar.

Eg brukar litt perlesukker på toppen på kanelbollane, og så har vi brukt vaniljekrem på dei andre etter Fredrik sitt forslag:0)

Steiketp: 225 grader

Steiketid: ca 15 minutt

Nokon som lurer på om det vart fangst i helga??

PA260127 PA260128

PA260129

Full uttelling!!!!! 6 kilos oppdrettslaks, så no er røykelaksen til jul sikra;9) Og for oss som ikkje er så stø på dette med fisk, så er visst dette ein hannlaks, det ser ein på "tanna" framme i munnen...

tirsdag 28. oktober 2008

Morosam utfordring

For ei tid tilbake vart eg utfordra av Tove i Tankar frå ein kvardag om å vise fram på bloggen kva bøker som er til glede, nytte og inspirasjon for meg. Dette var ei utfordring som er av det slaget eg likar, altetande bokorm som eg har vore heile mitt liv. Mamma og Tante Randi ler hjerteleg framleis når dei snakkar om Linda og mi si kommunikasjonsform når vi var i 10 - 12 årsalderen.

Samtalane våre utarta seg omlag slik:

Linda: Kva side er du komt til?

Meg: 36, du då?

Linda: Mmm, 38...

Stillheit...

Meg: Oj, då er du komt lenger enn meg. Spennande?

Stillheit... Eit spørjande blikk, ho ser opp...

Linda: Ja, veldig. Nancy har fått ei spennande sak i denne boka, i di då? Komt langt no?

Laaang stillheit...

Meg: Veit det er spennande sak i di bok, las den forrige veke...Likte den betre enn denne. Side 84, du då?

Sånn sat vi i fleire timar, men fornøgde var vi, sidan vi fekk dyrka felles leseinteresse samtidig som vi fekk vere i lag. For dei uinnvidde må eg opplyse at det sjølvsagt var Nancy Drew vi las på den tida!!

Linda og eg har vore bestevenar sidan vi vart fødde, og ho er den personen som har hatt størst betydning i livet mitt. Vi veit absolutt ALT om kvarandre, og dersom eg har det tungt og vanskeleg er Linda i bakgrunnen, trygg og stødig....Dersom eg har det godt gledar Linda seg med meg....Vi treng ikkje alltidt bruke ord for å oppfatte korleis den andre har det....Vi kjenner kvarandre så godt at vi fangar opp kjensleregisteret lenge før den andre opnar munnen...Ord vert fattige når eg skal prøve å beskrive kor mykje ho betyr for meg, og eg er så uendeleg glad i henne:0)

PICT0016

PICT0030

Skjønnlitteratur har ein sentral plass ho meg, og eg har god spredning på det eg les.... Forfattarar som har spesiell betydning er Anne Karin Elstad(har lest ALLE bøkene henna), John Grisham, Nora Roberts. Slukte triologien om Kristin Lavransdatter... Abonnerer på serien Spenning frå Harleqin, ikkje så veldig djupe, men greie bøker å lese... I si tid las eg heile serien Sagaen om Isfolket av Margit Sandemo, serien står i bokhylla enno...Fagbøker høyrer sjølvsagt med i samlinga, det er viktig å halde seg oppdatert....

PA250071

PA250055

PA280168

Eg likar å lage mat, og invitere gjestar til eit godt måltid og hyggjeleg lag, så matbøker har ein sentral plass hos meg...Elskar og å prøve ut nye kaker, og når ungane har bursdag får dei velje ut kva kake eg skal lage.Kan love dokke at her har det vore mange utfordringar;0)

PA250045

PA250046

PA250048

PA250049

PA250050

Den øverst boka har fulgt meg sidan 1992, då eg gjekk helse og miljø i Ørsta, og i den noterar eg med stø hand ned alle favorittoppskriftene mine...Den er velbrukt og ber preg av det, som dokke kan sjå!! Eg tykkjer og at det er kjekt å nyttiggjere seg av det som naturen har å by på, og då er det naturleg å ha ei bok om safting og sylting i heimen. Huskar at eg fann denne boka på sal, og betalte 20 kroner for den. Eit skikkeleg KUPP!! Kakepyntarar må sjølvsagt ha kakebøker, 7 x 7 slag er ei flott bok om julekaker og kan anbefalast på det varmaste...Kokebøker for barn høyrer heime i mitt kjøkken, for eg tykkjer det er viktig at ungane får vere med på matlaginga. Og for alle som er vaksne opp med Ingrid Espelid Hovig på NRK er det sjølvsagt eit "must" å ha ei av hennar kokebøker, eg har den blårutete kokeboken:9)

Når ein inviterar gjestar er det sjølvsagt viktig med pynta bord, og difor har eg slike bøker i bokhyllene...Har brukt nokre timar på å bla i desse...Planlegginga er jo halve kosen;9)

PA250066  PA250068

PA250067

PA250069

PA250058 PA250059_01

Ei bok som og har vore mykje bladd i og som vi har funne inspirasjon og henta gode idear frå er denne:

PA250056

PA250057

I førjuletida hentar vi fram desse flotte bøkene:

PA250060_01 PA250063

 

Denne nydelege boka har fulgt meg i mange, mange år, og eg vert like rørt kvar einaste gong eg les den... Historien handlar om seks morlause born, med ei ung stemor og ho og faren har fått eit born saman. Faren er fjern og fråverande og stemora prøver så godt ho kan å halde styr på dei viltre ungane. Dette går sjølvsagt ikkje så bra, og det er ei  nydeleg bok om oppvekst,livet og syskjenkjærleik. Det er ein særdeles trist slutt, der eit av borna døyr etter at ho har redda ein av dei andre. Det er vel opprinnleleg ei ungdomsbok, men eg les ho like gjerne i dag, og gret like mykje undevegs kvar einaste gong....

PA280171 

Og til slutt så har BARNEBØKER ein sentral plass i bokhyllene våre. Når eg var lita, vart eg lest mykje for, dette er gode stunder med viktige verdiar som eg har ynskt å vidareføre til mine born... Vi les om morgonen, vi les om kvelden, vi les når vi skal kose oss, vi les når vi er sjuke, og vil les for å trøyste. Ei lesestund i lag med borna er uvurderleg, det skapar ro, harmoni og nærleik, vi kan formidle mykje gjennom illustrasjonar og ord... No er Leselystaksjonen 2008 sparka i gang, og no er det ungane mine som les til MEG før dei skal legge seg...

PA280168_01

PA280170

PA260091

Håpar nokon har hatt nytte og glede av den lange bokvandringa mi, og kanskje blitt litt betre kjent med meg??

Sender utfordringa vidare til

Vibeke 

Tara 

Kari 

Randi

Klem, Line