mandag 28. desember 2009

Med livet som innsats!!


" I shoot to kill"

Her i huset tek vi brettspel på alvor!! Veldig på alvor;9)
To nye spel låg under juletreet i år, og i kveld var det duka for å prøve ut det eine: JUNIOR ALIAS!!
Spelet sin ide er å forklare ord og bilder til lagkameratane utan å seie det eksakte ordet som skal forklarast.
Korleis vi du forklare "en katt"? Kanskje vil du då sei "eit kjæledyr som malar"
Det er eit humørfyllt spel med høgt tempo, og sjølvsagt er det lov å beskylde motspelarane for juks eller protestere på ordforklaringa;9)

I den eine augneblinken er det dødt løp, i den neste dreg eine laget frå...Kven står til slutt att som vinnarar? Det gule eller det blå laget?

Det er sjølvsagt tillatt med pauseunderhaldning og, he he...
Familien i Storemyra har hatt ei triveleg og samlande stund saman i ettermiddag og anbefalar trygt brettspeling vidare til andre familiar. Til tross for høg temperatur innimellom er det mykje latter, hjernetrim og noko som passar for både store og små dersom ein er smidig med tilpasninga til dei ulike alderstrinna:0)

søndag 27. desember 2009

Titt tei ~ her er eg;o)

Vi fotograferar og fotograferar...Zoomar, stiller på linsa, prøvar ut scenefunksjonar og går verkeleg heilhjerta inn for å bli kjend med det nye kameraet....

Eg er ikkje av dei som trivst så godt FORAN kameraet, eg likar meg helst godt plassert bak linsa;9)
Men i dag legg eg ut eit bilde av meg sjølv som Fredrik har tatt!! Er han ikkje flink, vel??

Her i huset har vi brått fått ny julepynt, ved navn Nusse, he he...

lørdag 26. desember 2009

ABC i ord og bilder ~ N står for...


Seint ute denne gangen, men eg heng no med i alle fall;9)
Håpar alle har fine dagar med familie og vener, og at dei som har fri verkeleg nyt desse ekstra fridagane...
Eg skal ha fri i helga, og i dag kjem lisjesystra mi med familie og skal vere her til i morgon, og vi gledar oss kjempemasse til det.
Ungane er fornøgde etter julekvelden og har fått det dei ønska seg aller mest.

Ho mor sjølv er fullstendig overvelda, for under juletreet låg det eit
NIKON D 3000!!!
Eg er overlykkeleg og det var ikkje langt i frå at eg tok kameraet med meg til sengs slik som ungane pleier å gjere når dei har fått noko dei er ekstra glade for;9)


NISSEGRAUTEN var som vanleg på plass i løa lisjejulafta, og jammen meg kom Nissen i år og:0))
Fleire ABC-innlegg finn du HER!!
Fortsatt GOD JUL til alle som kjem innom...

fredag 18. desember 2009

ABC i ord og bilder ~ M for...


No er nedtellinga mot den store dagen for alvor i gang, og det er faktisk under ei veke att....
Er dokke i rute folkens?? Eg kan stadfeste her og no at eg er ikkje heilt på høgden, og er faktisk litt usikker på om eg i det heile tatt vert det i år.... No går eg på arbeidshelg, fri på mandag så håpar å kome a jour då. Så skal eg jobbe tom første juledag. Men,men, erfaringa er vel at jula kjem no enten vi er klar eller ei, og jammen går det no bra kvart år og;9)

Denne fredagen har eg valgt dette som tema:
Morter i fint følge med Mine første sko!!

Morteren kjøpte eg i Tunisia i 1997. Som ein romantisk gest fekk eg inngravert navna våre med vanlege bokstavar og med arabiske bokstavar.
Lyst til å sjå fleire ABC-innlegg??
Klikk deg inn HER!!

søndag 13. desember 2009

ABC i ord og bilder ~ L for...


Dagane og vekene flyg avgårde...Vi er inne i ein periode der pynting, rydding, vasking og baking opptek mykje av dagane våra. Eg er nok ikkje den ivrigaste vaskaren, og har ikkje som tradisjon å vaske ned heile huset til jul. Eg har strekt meg til å ta kjøkkenskapa i år, men kun fordi det var ein dyd av naudsyntheit, he he...
Bloggelyst glimrar og med sitt fråver for tida, og eg er rett og slett lite innom Blogglandia.
Det tek både tid og energi å skrive blogginnlegg og ikkje minst besøke og kommentere hos medbloggarar. Det er vanlegvis både lystbetont og berikande, men sjukdom i familien og tøffe arbeidsdagar krev rett og slett litt mykje for tida.
Ein får seg ein alvorleg støkk når ungane vert alvorleg sjuke, og eg kjenner at eg framleis har ein tagg i hjertet etter skrekkopplevinga i Egypt...Eg har behov for å sjekke han om natta, og helst ville eg hatt han på same rom som meg sjølv. Eg har behov for å vere 100 % til stades for ungane mine og verkeleg kose meg saman med dei.
Beklagar difor at både blogging og kommentering er svært nedproritert, men vil likevel sei at eg set utruleg stor pris på alle som legg att ein kommentar og gledar meg verkeleg til eg orkar å vere meir tilstadeverande her inne i dette fantastiske samfunnet som er så rikt på varme, omsorgsfullheit og medkjensle:0)
Så over til det innlegget eigentleg skulle handle om...

Vi er komne til bokstaven L og eg har valgt noko som det er svært mykje av i desse tider

Lys og lykter!!


Her er årets adventsstake.

Detaljar...

Litt veel bearbeida, men det vart no litt kult likevel;9)

Skal ein vise fram adventsstakar må ein nesten ta med ein lyssang og. Dette er den ungane brukar på skulen.


TENN LYS

1. Tenn lys!
Eit lys skal brenne for denne jorda vår.
Den blanke himmelstjerna, der vi og andre går
omkring og deler vona: at gode ting kan skje.
Må jord og himmel møtast. Eit lys er tend for det.

2.Tenn lys!
To lys skal skine for kjærleik og for tru,
for dem som syner omsrorg og alltidt byggjer bru.
Må flyktningar få heimar og fangar bli sette fri!
Tenn lys for dei som græt og for dei som trøyst kan gi.
3. Tenn lys!
Tre lys skal falmme for alle som må slost.
For rettferd og for fridom, og som treng hjelp av oss.
Må vi få til eit samfunn der alle folk er med!
Tenn lys for dem som strider for fridom, rett og fred.

4. Tenn lys!
Nå strålar saman dei fire lysa klårt for han
som elskar alle og kjenner livet vårt.
Tenn lys for himmelkongen som gjetarflokken såg, for
jord- og himmelbarnet som i ei krubbe låg.



Vi er så heldige at vi har fått eit tynt, kvitt teppe ute, og ungane var sjølvsagt ikkje tunge å be når eg spurte om dei kunne lage ei snølykt til meg:0)

På biltema hadde dei desse flotte lyslyktene, som berre måtte få bolig på trappa mi. Det skal eigentleg vere tre, men den største var knust, så den må vi bort att med i morgon.
For meir bokstavleikt, klikk deg inn HER!!

Klem Line

fredag 4. desember 2009

ABC i ord og bilde ~ I,J,K...


I dag slenger eg med tre bokstavar, og vips så er eg a`jour med ABC-leiken att:0)

Eg velger meg K for kjærleik!!
Kjærleik til familien...Familien set ein jo alltidt pris på og held av, men etter å ha vore gjennom litt tøffe opplevelsar, så får ein seg ei påminning om kor skjørt livet eigentleg er, og ikkje minst kor viktig det er å ta vare på kvarandre medan ein kan....
Eg velger meg J for jul!!
Her vert det eit tilbakeblikk på jula 2008.
Det er alltidt moro og samtidig vemodig å sjå tilbake på året som var...Når ein ser bilder av ungane anno 2008 og anno 2009, så ser ein verkeleg at dei har vokse og utvikla seg og blitt enno eit år eldre. Det er og artig å sjå utviklinga i fototakinga på dette året, og ein ser faktisk at bildekvaliteten er komt opp på eit anna nivå:0))
Eg velger meg I for ild!!
For fleire sprelske påfunn, klikk deg inn HER
Ilden har vel til alle tider fascinert og påverka oss mennesker.
Og kva er vel koselegare enn å sitje framfor ein open peis eller bli oppslukt i flammane frå ein ovn med glassdør...
I ettermiddag reiser eg til Volda med bilen full av gaver. Eg gledar meg enormt til å tilbringe helga med familie og gode vener, og ikkje minst til å få kose med det siste familietilskotet ~ Nathaniel. Kjenne den gode babylukta, få ta i han og kose han, ja no er jammen tante utålmodig og gledar seg til vårt første møte:0)

onsdag 2. desember 2009

Kjøkkenskapa skin:0)


No i ettermiddag har eg kasta meg over kjøkkenskapa...
Eg har tatt ut alt kvardagsservice, føreteke ein grundig skapvask og sett inn att juleservice og juleglas!!
Det er berre så utruleg deilig med skinande reine skap og vi gledar oss til å ta i bruk juleservice og glas i morgon tidleg:0)


Middagsservicet er frå Nille. Eg tykkjer motivet er enkelt og tidlaust og eg er utruleg fornøgd med det. Det kostar ikkje nokon formue, og ein treng heller ikkje vere redd for å bruke det...Perfekt spør du meg....


Juleglasa er Porsgrund sine, og vi fekk dei til jul i fjor. Eg har bestemt meg for at dei skal BRUKAST!! Det har inga hensikt å ha glasa stua vekk i eit skap av frykt for å bruke dei sidan dei faktisk kostar litt...Då har vi inga glede av dei, og vi kunne like gjerne byta dei inn i noko anna...
No er ungane mine vande med å bruke vanlege glas, og vi eg har ikkje tenkt å gå på tå hev av frykt for at noko skal knusast...Går det i golvet så går det i golvet, og det er like stor sjanse for at det skjer med ein av oss vaksne som med ungane, he he.
Kaffesevicet har vi berre til 6, og det har diverre gått ut av produskjon. Har eigentleg bestemt meg for å kjøpe same mønsteret som middagsservicet!!


Takkar for gode ord og omsorg i forbindelse med ferieinnlegget mitt, det set vi stor pris på alle som ein i husstanden.

Det går sakte men sikkert framover. Fredrik byrja på skulen att denne veka, medan Frode ikkje får vere i arbeid før prøvane er negative...
Kort sagt så har dei pådratt seg ein salmonellainfeksjon. Fredrik vart veldig dårleg medan vi var i Egypt, og det var naudsynt med legehjelp på staden. Frode vart innlagt på sjukehus etter at vi kom heim til Norge.
Ferien vart definitivt ikkje som planlagt, men akkurat no er eg berre glad for at vi kom oss vel heim og at det går framover med begge to...

tirsdag 1. desember 2009

1 desember...

...og nedtellinga har starta:0)

I går kveld vart kalendaren(som eg hadde full kontroll på i år;9) ) henta ned frå loftet, 48 kalendarpakkar vart pakka inn og hengt på kalendaren!!
Stor spenning når fyrste pakken skulle opnast.


Det som imidlertid var hemmelig var julekalendaren til mannen i huset.
Vi tuska og muska litt ute i gangen og han heldt formeleg på å sprekke av nysjerrigheit over kva som føregjekk, hi hi...
Men smått om senn:
TADA!!
Trur han var godt nøgd med denne kalendervarianten, ja;9)
Ideen fekk eg frå herlege EVA!!