Eg har fått utmerkingar igjen, og det er så utruleg kjekt!! Det at andre viser at dei set pris på bloggen din både i form av utmerkingar og kommentarar gjer at dette er så INNMARI gøy... Då eg starta med dette, hadde eg aldri drøymt om at det kunne vere så utruleg givande å vere ein del av bloggverda, men det er det!! Det er så UTRULEG masse flotte, snille, kreative damer her inne som gir og deler av seg sjølv. Til tross for at ein ikkje kjenner alle sammen i verkelegheita, så har ein likevel stifta vennskap her inne, og kven veit, etterkvart møter vi kanskje kvarandre og... Ser jo at det er bloggtreff på gang fleire plassar, og det må jo berre vere heilt fantastisk kjekt å vere med på... Eg er ikkje med i NIB, men har no allikevel fått med meg den oppheita diskusjonen som har pågått, og tykkjer det er synd når dei som har stifta det gir uttrykk for at det er rom for ALLE, men likevel så vert det regelrett skittkasting. Utruleg synd, særleg når det kjem i frå dei anonyme, som ikkje vågar å stå fram med navn eingong... Slik som eg har oppfatta bloggverda er det rom for ALLE, her møter vi hjertevarme, godheit, felles inspirasjon, kreativitet og mennesker ein kan identifisere seg med på forskjellige måtar... Skulle gjerne ha delt utmerkinga med kvar og ein her inne, men har no likevel gjort eit val;9)
Denne flotte utmerkerkinga fekk eg av Tove i Tankar frå eit kvardagsliv. Ein utruleg flott blogg med ei fantastisk dame bak, den er vel verd eit besøk... Som Tove skriv så er vi gamle barndomsvenninner(og faktisk tremeiningar) som har funne kvarandre att her inne. Noko eg er særs glad for, og gledar meg til neste gong eg skal på heimlege trakter skal & må vi klare å treffast... Gleder meg allereie:=)
Eg ynskjer å dele den med fire fantastiske bloggar som på kvar sin måte bidreg til at det er så fantastisk gøy å vere bloggar, og som på kvar sin måte har fått ei spesiell betydning for meg:
Anna Lisas hjerteblogg
Hverdagsprat
Duften av erteblomster
Mikael sin fotoblogg
Desse to utmerkingane fekk eg av Kari - Carpe Diem. Ei kjempekoseleg Smøladame som deler av kvardagen sin med oss, ein blogg eg har blitt utruleg glad i og som må besøkast ofte...Takk for at du finst her inne Kari...Klem
Ser at desse to stort sett vert gitt samla og eg har difor valgt å gjere det same i dag...Dei heng jo på ein måte litt i hop og:) Eg vel å gi dei til ei blanding av gamle og nye bekjentskap, som på kvar sin måte bidreg til å lyse opp i kvardagen min...
Skautrollet
Mitt lille rede
Garden Angel
A-mora
Miamor
Kkann design