tirsdag 28. september 2010

Minner i skattekista

  Fredag pakka vi bilen og sette kursen oppover mot Sunnmøre. Frode hoppa av på Eid, der Terje venta på han. Dei vende nasa mot Barmen og skikkeleg guttehelg med fisking på menyen:o) Ungane og eg reiste vidare til Volda.vergudane viste seg fram frå si beste side heile helga, og vi har hatt eit fantastisk haustver…

Fredrik og Rakel

Fredag var vi invitert i bursdagsselskap til Julie Kristin som no vert heile 4 år, og er blitt stor jente. Sidan det var så fint ver valde vi å henhaldsvis gå, skate og gå på rulleskøyter til Volda….og sånt vert det jo mange flotte bilder av;o)

Rulleskøytejenta

Rakel er framleis ikkje 100 % stø på rullekøytene, og føretrekk å støtte seg på Mamma. Men ho stavra seg avgarde heile vegen til Volda, og vart flinkare etterkvert som vi la metrane bak oss!!

Skateguten

Fredrik skata som ein meister, og hadde det skikkeleg gøy på brettet. Fekk vise seg litt fram og prøve seg på litt bakkar. Kjempemoro!!

Bursdagsjenta

Vel framme vart vi møtt av eit oppspelt bursdagsbarn, og ein sindigare lillebror;o) Ho fekk mange fine gaver, og det vanka god mat til både små og store. Bursdagsjenta hadde valgt kyllingvingar med tilbehør, og bursdagskaka var sjølvsagt yndlingen: Sjokoladekake!!

Benditcup

Laurdagen besøkte vi grava til Besta/Oldebesta, Pappa/Morfar og Asle…før vi sette kursen mot Volda stadion og Benditcup for å bivåne Gaute, Anna og Ylva. Heldigvis fekk vi sett alle tre i aksjon og attpåtil fått i oss litt mat før turen gjekk vidare på besøk til Farmor/Oldemor.

Oldemorbesøk

Farmor hadde bursdag 17 september, så vi hadde sjølvsagt med oss gåve…ein deilig andletskrem. Ungane utforska som vanleg den spennande senga, før dei fann nokre puslespel.Farmor var tidlegare ein kløppar i å legge puslespel, og ho mora seg stort med å følge med på ungane når dei pusla. Ho hjelpte dei og aktivt med å foreslå kva bitar dei kunne prøve, og før vi visste ordet av det hadde to timar gått. Ei utruleg triveleg stund for både små og store.

Søskenbarntreff

Søndagen opprann med eit strålande ver. Bollebaking måtte til, for kl. 10.30 hadde vi avtalt søskenbarntreff. Mange var heime denne helga, og då var det utruleg triveleg at ALLE hadde anledning til å kome. Vi fann ut at det beste var å vere ute, og avtalte å møtest i Oppigarden barnehage som har eit fantastisk uteområde som fengar alle ungane…frå den minste til den største.Til saman var vi 28 stk. Praten gjekk livleg og ungane fekk utfalde seg med dei orka. Vi pakka ikkje saman før nærare 14.30. Denne helga har opplevelsane stått i høgsetet, og vi hadde mange gode minner å ta med oss heim og gøyme i minneskattekista…

onsdag 22. september 2010

Himmelsk

  Då er det onsdag att, og tid for å kike litt ekstra opp…sidan temaet er HIMMELSK!! Nesten 50 stk vart med i første runde,seier Petunia…Det har vore ei flott reise denne veka,med utruleg mange flotte bilder:o)

Skybankar

Mitt bilde i dag er heilt frå i fjor sommar.Vi var i Bogen å bada, og på veg oppatt kom formeleg denne skyformasjonen seglande mot meg…og DER var kameraet….KLIKK!!

Himmelsk

Gledar meg til ei forhåpentlegvis like flott HIMMELSK rundreise HOS PETUNIA som i forrige veke:0)  Ser deg der…Ha ein fin dag!!

mandag 20. september 2010

Waterfalls…

Fengslende fossefall

September 2010 101 d

Hun går ute i høstnatten
Inhalerer den kalde natteluften

 September 2010 099 bb
Skogen omringer henne,
og trærne strekker lange grener
etter henne i takt med vinden

September 2010 094 bb
Høstmørket omfavner landejorden
Måneskinnet lyser over døde,
fargerike blader som har
lagt seg forsiktig på bakken
De flytter seg for den elegante vinden

September 2010 097 bb
Hun tusler videre med forsiktige steg
Ekshalerer luft som legger seg som
et tynt duggteppe over ansiktet hennes

September 2010 094 bb
Dugget forvandler seg til dråper
som stryker henne over den bleke huden

September 2010 093 cc
Den majestetiske fossen bruser like i nærheten
Det fuktige, grønne gresset bøyer
seg for henne i det hun tar lette skritt

September 2010 096 bb

Hun kommer til fossefallets topp,
kikker med begeistring på stjernehimmelen

September 2010 093 dd

Hun hopper
Smerten forsvinner,
og sjelen finner fred

September 2010 098 bb^

~  Xariali  ~

Fann diktet inne på Skrivebua, og eg må seie det  var fengslande at ei jente på 17 år kan skrive så gripande…

søndag 19. september 2010

Linselus…eller?

 Kjekt å ta litt bildeseriar innimellom…”Offera” er meir eller mindre motvillige;o)

Rakel

Rakel poserar gjerne,

Fredrik

medan storebror har begynt å bli litt meir motvillig…

Nusse 2

Nusse nyt alltidt merksemda bildetakinga gir, og poserar så villig som berre ein katt kan,he he…Arbeidshelga er over…ungane i seng…og eg har berre leika meg med litt fotoredigering!!

torsdag 16. september 2010

Monstermamma!!

Ein gang i året har vi mødrene til Gutar-99 brukt å spelt kamp mot sønene våre…Dette har vi gjort heilt sidan dei byrja å spele organisert fotball i første klasse. Når  det nærma seg sesongavslutning hadde dei eit stort ynskje om å få spele kamp mot oss,og vi stilte opp…dedikerte som vi er…

September 2010 058 b

For ca 1 mnd sidan gjekk den årlege kampen av stabelen. Som vanleg var dette utruleg moro for både små og store:o) Vi mødrene drog i gang generalforsamling, og det vart bestemt at dette måtte vi gjer oftare enn ein gong i året. Dermed var det jo påkrevd med lagdrakter… og vi ville då ha noko som kunne kombinerast og brukast som supporterdrakter og…

September 2010 056 b

VIPS!så var monstermødrene født!! Vi valgte ein teamleiar som tok på seg å bestille t-skjortene,og som har ansvaret for å sende ut sms når det er aktuelt å spele kamp. Ho har oppretta oss som gruppe på telefonen, og vi ligg under “Monstermødrene”…he he…

September 2010 059 b

I dag har vi spelt kamp att…Veret var elendig, vi hadde ein del fråfall og lysta var under nullpunktet. Men vi var no fem stykker som møtte opp og kom oss i gang med oppvarming. I løpet av fyrste kampen forbarma vergudane seg over oss, og alt i alt hadde vi det som vanleg ufatteleg moro. Vi spelte 4 x 10 minutt a fem minutt pause, og eg kan love at når ein duellerar mot 11 år gamle gutar er det meir enn lange nok kampar;o)

September 2010 057 b

Tapte gjorde vi,men ikkje utan motstand,he he… Reknar med at det ikkje vert altfor lenge til vi krev revansj!! Flotte lagskjorter har vi i alle fall, og eg kan love at vi vekkjer oppsikt når monstermødrene stiller opp på rekkje og skrik & hoiar under kampane…Vi har fått tilbakemeldingar frå dei andre laga på at vi er utruleg engajserte og ikkje minst flinke til å heie.

Kanskje ein ide for andre og?? No ventar sofa og x-faktor…Ha ein fin kveld:o)

tirsdag 14. september 2010

Himmelsk!!

Då er det duka for første runde med temaet HIMMELSK inne hos Petunia:o) Trur dette kan bli veldig moro, og temaet er allsidig, så her er det mykje å hente!!
Petunia sjølv seier: “Reglene er veldig enkle! Hver onsdag legger jeg ut et innlegg på bloggen min med temaet HIMMELSK. Her kan dere sette dere på en linkliste med bilder og innlegg på deres egne blogger. Bildene må ha noe med himmelen å gjøre enten det er en nydelig solnedgang, utsiktsbilde med blå himmel, regnværsskyer, skyer med rare fasonger, fugler, fly, luftballonger”
August 2010 106 b August 2010 105 b
Mitt første bidrag er spennande skyer på ellers blå himmel:0) Vi var på fjelltur, og var akkurat komt over “Brekka”, og då slo desse flotte skyene mot oss….Eit fascinerande syn…
August 2010 104 b
…og då er det jo ikkje til å kome forbi at vatnet smakar ekstra godt av eit slikt “HIMMELSK SYN
Himmelsk
Petunia gjer ein kjempejobb for oss bloggarane med å ofte mykje tid, energi og ressursar på å dra i gang tema og konkurransar. Dette er med på å gi større mangfald her inne, og ein kan finne fram til mange spennande bloggar som ein ellers ikkje ville funne fram til…Takk for at du er den du er, Petunia!! No håpar eg riktig mange av mine lesarar hiv seg med på temaet. Vegen inn finn du ved å klikke HER!!

lørdag 11. september 2010

On top of the world…

No er vi vel tilbake frå Sogndal, og eg reknar med at 20 åringen vår er godt i gang med den “verkelege” festen, hi hi… Litt avslapning i heimen før vi skal vidare i 40-årsdag kl. 19.00:0)

Her på Vestlandet har det regna meir eller mindre uavbrote i heile dag, så då var det litt deilig å bla gjennom bilda frå august og finne DETTE!!

August 2010 124 b

Ha ein fin laurdagkveld!! Line

fredag 10. september 2010

♥ Helg ♥

No er fredagen endeleg komen etter ei hard arbeidsveke…Avspaserte nokre timar i dag. Reiste til Førde… fann ein ny lampe, haustblomar som er komne i krukker å pyntar på trappa mi, nokre tøffe interiørbokstavar og så fekk eg handla matvarer. Vel heime var det berre å kaste seg over støvfilla. Når resten kom heim hadde eg tørka støv i heile huset, vaska stove og kjøkkengolvet og laga middag. Etterkvart har resten av huset fått seg ein grundig vask, og Frode har fått klipt alle plenkantar og resten av plenen…

August 2010 371 b

No kan vi berre nyte resten av fredagen. I morgon vert det full fart. Først til Sogndal for å feire Anders sin 20-årsdag, så skal vi i 40-årsdag om kvelden.

August 2010 374 b

Søndagen gyv vi laus på forskjellige prosjekt i heimen, og så rundar eg av helga med å reise på klubb om kvelden ♥

August 2010 376 b

Ynskjer alle ei strålande hausthelg!! KLEM

onsdag 8. september 2010

Kjære Besta mi ♥

 August 2010 240 bb

Då var livsreisa di ved vegs ende. Bråare enn vi rundt deg hadde forventa….Skulle så gjerne fått behalde deg litt til…Fått den siste samtalen…latteren…klemmen…

Dagane dine var så gode no. Helsa og førlegheita var på sitt beste. Men vi unner deg kvila.Den naturlege omsorgspersonen i vårt midte er no vekke, men vi er så heldige å sitje att med ei skattkiste full av gode minner frå tida vår med deg.

Frå eg var bittelita har eg vore ei Bestajente. Det kjekkaste eg visste, var å få vere i lag med deg, Besta mi. Mange gode stunder har vi hatt på kjkkenet ditt….og nettopp kjkkenet var ein viktig arena for deg.

Det nytta ikkje å kome på besøk til deg og bedyre at ein nett hadde ete. For trakterast, det skulle gjestane, punktum! Du diska opp med dine gode aniskringler, råmjølkskjeks, vafler, smrbrød og kaker. Åt gjorde vi til magane sto på spreng, men enno synst du vi var småspiste:o)

Mange gode opplevingar har vi hatt saman du og eg. Ein gong var eg med i sauefjøsen når du hjelpte trillingar til verda. Då dei var vel utkomne lurte eg fælt på om du ikkje skulle hente fleire…Min aller fyrste flytur var saman med deg, og ferden gjekk til Harstad i konfirmasjon.Eg kan berre tenkje meg til gnagsåra du må ha hatt i øyra før vi var vel framme. Nokre år seinare gjekk ferden til Amerika, også denne gongen i slektsbesøk. Fine minner å sjå tilbake på…

Då det fyrste oldebarnet kom til verda, var du så inderleg stolt. Turen til Sunnfjord gjekk, og eg spurde deg kva du ville kallast. “Besta er eg, og noko med Besta må det bli”, svarte du kontant. Dermed landa vi på Oldebesta, noko som vi var godt nøgde med både du og eg. Oldebarna hadde eit nært forhold til Oldebesta si, og det var alltidt stas å kome på besøk til deg…Fyrst ute på Håvoll, der vi kunne leite etter krabbe i fjøresteinane, fiske og besøke hønene til Johan og Rigmor. Seinare vart det mange kjekke besøk i den fine leilegheita i Ørsta.

Det er og du som har sørga for å halde tre generasjonar varme på føtene…Eg har ikkje tal på kor mange labbepar du har produsert opp gjennom åra, og du har delt villeg ut til både barn/svigerbarn, barnebarn/svigerbarnebarn og Oldebarn. Mange flotte strikkekle har det vorte til oldebarna og…I tillegg var du ivrig med broderinåla, og har brodert klokkestrengar til barnebarn og oldebarn, eg har fått kjøkkensett og fine jule-og påskedukar.

Eg avrundar det heile med Tatum sine kloke og fine ord som er så beskrivande for deg, Besta… “I love you, Besta! You where an amazing woman who will forever be missed by everyone that was lucky enough to know you”

August 2010 241 bb

Mandag 23 august fekk eg den telefonen eg alltidt har frykta. Besta hadde sovna stille inn i løpet av natta og vart funnen av heimesjukepleien om morgonen. Trøysta er at ho fekk reise på den måten ho sjølv ynskte. Ikkje sjukdom eller smerter. Hjertet stoppa stille opp….

Besta

TAKK FOR ALT OG KVIL I FRED ♥

mandag 6. september 2010

Marknadshelg, loppeskattar og heimeskattar…

Like sikkert som skulestart og haustankomst, er det  at det er Gaularmarknad fyrste helga i september…I år var det den 29 i rekka som gjekk av stabelen. Marknaden er i regi av idrettslage, og mest heile bygda er engasjert som frivillege, arbeidararar og kakebakarar… I år er det fyrste gangen eg ikkje har vore sett opp på noko arbeid, eg skulle “berre” levere kake…Kjekt å kunne slappe heilt av og berre gå rundt å kikke, prate med kjentfolk og nyte god mat:0)

Gaularmarknad

Med på marknaden høyrer sjølvsagt tivoli og boder…I tillegg er det underhaldning, og i år var det ei god blanding av lokale og eksterne. Floornight(dansegruppa som kom på andreplass i x-faktor) var det store trekkplasteret, til stor begeistring for den yngre garde. I tillegg til å underhalde hadde dei og dansekurs, noko som Fredrik deltok på, og han er heilt “hekta” ;o) Her var lokale kunstarar og eksterne kunstnaar, her var smykkelagarar, glasblåsarar, strikkarar, trehandtverkarar, ja det er vel heller slik at det vert lettare å nemne det som ikkje var der….

Loppeskattar

Men det store trekkplasteret for min del var loppemarkedet….Laurdagen fann eg eigentleg ingenting, og var litt skuffa over utvalget. Men søndag fekk eg litt betre tid til å sjå, og jammen dukka det no opp nokre skattar!! Med meg heim vart eit flott etasjefat, nokre fine koppar, ei skjønn sukkerskål med skei og fire dessertskåler:o)

Heimefunn

I dag har vi grove langs veggen å vi skal legge ned eit vassrøyr, og jammen dukka det opp nokre gamle medisinflasker!! Så ein skal ikkje alltidt så langt for å finne spennande ting, hi hi…

søndag 5. september 2010

Premie!!

Petunia hadde gåande fotokonkurransen “Mitt lille land” var det tre premiar å hente under sjølve fotokonkurransen. Der var eg nok ikkje blant vinnarane…Men snille Petunia trekte og og ein premiant blant dei som reklamerte for konkurransen på bloggen sin….

og då kjære vener….   *Tamtaratam!!*   EG VANN!!

August 2010 227 b

Premien kom i posten i ekspressfart, og då eg opna den smilte eg litt for meg sjølv…Trur nok at ho hadde ungane mine litt i tankane ja;o) Fredrik og Rakel tok jo dette som ein sjølvfølge sida det var to av kvar, og særleg sidan det var ein buff med mannehovud og ein med kvinnehovud.

August 2010 228 b

Petunia har sjølv bekrefta i ettertid at ho tenkte på dei sjølv om det var ho mor som vann:0)

Og kjære Petunia…Sjokoladane forsvant i ein fei, og resten av premien…eller helst premiane kom i bruk på fredag når skulen var på fjelltur!! Og du…dei er meir enn godkjent:o)

TUSEN TUSEN TAKK FOR DEN FLOTTE GÅVA!! STOR KLEM frå både meg og ungane:0)

fredag 3. september 2010

Frk Flørt ♥

Slenger meg med på Anne si Frk Konkuranse…Lenge sidan sist deltaking, så når eg hadde ein passande missekandidat liggjande, så vart freistinga stor:o)

frk-host

Anne har kvar månad ein uhøgtideleg blomstermissekåring, og det er berre å hive seg med for den som vil:o)

August 2010 392 bb

Min kandidat til Frøken Haustblomst er Frøken Flørt!! Ho står så uskuldeg ute i bedet, og utsondrar freistande lukter for Herr Humle. Stakkaren vert jo aldeles berusa av dei uimotståelege duftene, og mest utan at han veit ordet av det har han landa på Frøken Flørt. Ho smigrar og strekkjer seg, og ubevisst byrjar han å sanke nektar. Han briskar seg litt og gjer seg til, men no når hans misjon er ved vegs ende er og interessa over. Ho føyser seg litt og vaiar litt i vinden, så han har ikkje anna val enn å lette. Flørten er over for hans del…Ho har retta auga mot neste kandidat, og litt småbetutta flyg han sakte vidare. Forkasta utan heilt å skjøne kva som skjedde;o)

     August 2010 396 bb 

Stikk innom Moseplassen for å beundre fleire missekandidatar eller evt melde på ein flott kandidat sjølv!!

God helg alle saman :o)