søndag 30. januar 2011

Oh happy day!!

Rakel har vore med på Tårnagenthelg i kyrkja denne helga. I går var dei i Sande kyrkje og i dag  skulle dei vere i Bygstad kyrkje:o)
Når vi passerte Osen bru sto denne flotte ørna og poserte...ja ho bad nærast om å verte fotografert!! Eg leverte frøkna i kyrkja, skunda meg heim og henta apparatet og fresa nedatt til brua...
Dette bildet var det einaste eg fekk tatt før ho bestemte seg for å flyge sin veg:o(
Her om dagen kretsa det heile fire ørner over huset vårt, og eg fekk avbilda ein heil serie av dei...men dei er på mystisk vis forsvunne både frå datamaskina og fotoapparatet...Har ein mistnake om at eit av dei øvrige familiemedlemmane har sletta meir enn dei burde;o)
Får berre håpe sjansen byr seg att...


Petunia har opna opp ein ny fotoleik der ein kvar måned skal legge ut eit bilde frå ei begivenheit som har betydd noko for deg i måneden som har gått...Då måtte denne spesielle augneblinken leggast inn i januar i min fotokalendar...Det er jo ikkje kvar dag ein får sjansen til å forevige ei ørn:o))
YNSKJER ALLE SOM KIKKAR INNOM EI FIN KOMANDE VEKE:O))
KLEM LINE

fredag 28. januar 2011

Himmelsk

I mitt overmot la eg ut på trimtur opp på Torsstølen. Det var jo så flott lys der oppe, og eg hadde verkeleg behov for å bevege meg. Turen opp gjekk eigentleg greitt, og eg vart god og sveitt...Nesten oppe slo dette himmelske synet mot meg:o)
Her er kl 09.50 i går morgon....
Det eg ikkje hadde tatt høgde for, var at eg og skulle nedatt...Då fekk eg merke på kroppen at det var ein del glattare enn det kjendest ut på veg oppover, og turen nedatt tok 1 time, mot dei 35 minutta eg brukte opp!!
Då var det godt å ha dette himmelske synet på netthinna...og alle dei flotte bilda eg tok gjorde det vel verdt strevet, men trur det vert ei stund til neste gang eg prøver;o)
P.S:Bilda er ikkje redigerte...
For fleire himmelske syn, kikk innom HER!!
GOD HELG ALLE SAMAN:o))

tirsdag 11. januar 2011

Nyttårsløfter!!

Eg innrømmer det her og no...eg er ikkje den type person som har så veldig mykje til overs for nyttårsløfter!!!


Løfter som gjerne er inngått i alkoholrus og ubetenksomheitas ånd!! Løfter som er brotne før det er gått to veker, og som ein då har dårleg samvet for resten av året...nei dette er ikkje noko for meg...er vel for mykje realist til å ha sansen for denne skikken;o)


Men eg har likevel to ting på tapetet for det nye året...ikkje nyttårsløfter...heller ein omlegging av kvardagen!!
Ein:
Å planlegge middagane betre. Helst ha vekeplanar og handle inn i litt stort ein gong for veka...ikkje kvar*dag*handlinga som helst resulterer i at ein kjem ut att med altfor mykje unødigheiter!!


Eg har funne meg ei søt tavle for formålet, som er behørig opphengt på veggen:o) Vi er allereie godt i gang planlegginga, og ungane er storfornøgde med å kunne sjå kva vi skal ha til middag dagen etter. Rett nok må det seiast at det ikkje alltidt er like populært kva som skal hamne på bordet...Men gevinsten har blitt at då gjer dei seg ferdig med surmulinga kvelden før, og så slepp vi den og dei evinnelege diskusjonane om kva som er godt/ikkje godt og kva dei vil ha/ikkje ha under matlagingsprosessen og ved middagsbordet. No opplever vi og at dei har fått tenke seg så lenge om at dei(les:helst Rakel) smakar på mat dei tidlegare berre har grene på nasa av!!


Eit anna gode for Fredrik sin del er at han no opplever større forutsigbarheit i kvardagen sin. Han er eit middagmenneske og har alltidt spurt kva vi skal ha til middag i morgon i det han svel unna siste bit av dagens middag. Tidlegare har svaret ofte vore: "Det veit eg ikkje enno", medan no har eg det klart og kan svare umiddelbart. Dette er han nøgd med, og slepp no å bruke tankeverksemd på kva neste dags meny skal bestå av...han kan heller konsentrere seg om viktigare ting:o)


Lesarar som har fulgt meg lenge, har nok gjerne lagt merke til at eg no skriv svært lite om Fredrik si diagnose og kvardagsmeistring. Grunnen til dette er at mange frå lokalsamfunnet har funne fram til bloggen min, og eg ynskjer ikkje at han skal kunne høyre att det har stått om han på bloggen i forhold til hans AD/HD-diagnose. Det er no ein gong slik i verden at nokre foreldre fortel meir til ungane sine enn andre foreldre, og slik eksponering ynskjer eg ikkje at nokon av borna mine skal verte utsett for.
Ellers vert det fortløpande lagt ut oppskrifter i matbloggen.Bloggen veks og får stadig nye lesarar og merksemd. Eg har hatt to innlegg i lesernes VG, noko som var veldig moro å få førespurnad om:o) Eg har og komt med i lista over norske matbloggar på matoppskrift.org/matbloggere/. Dette er og veldig kjekt, det viser jo at ein klarer å formidle mat på ein god måte!!
Ta gjerne turen innom du og:o)


TO:
Eg har inngått avtale med meg sjølv om å trene meir! Både for å finne tilbake til tidlegare tiders form, og for å få meir overskot i kvardagen:o) No går eg på trening to kveldar i veka, så sant eg ikkje har seinvakt. 
Neste veke startar kommunen opp prosjektet FRISK OG AKTIV. Då får vi som er tilsette i kommunen tilbod om å trene to dagar i veka, mot ei treningsavgift på 900 kr i året/75 kr mnd.
Eit kjempegodt tilbod som eg verkeleg har tenkt å benytte meg av:o)


SÅNN!! No er det sagt høgt, og så håpar eg at eg klarar å halde dette:O)

onsdag 5. januar 2011

Himmelsk

Godt nytt år, alle saman:o)




Bilda er tatt i slutten av november i fjor. Litt stressa, skulle til Førde på julegåvehandel. Når eg svinga ned mot Førde Torg slo dette synet mot med!! Stresset veik for dette flotte synet, og heldigvis låg kamera ved sidan av meg i bilen...Fann meg ein høveleg plass å parkere bilen, ut og knipsa....


Skuldrande senkar seg, stresset sig ut av kroppen,knipsar vidare...og jammen kom det ein fugl flygande og!! VAKKERT!!


For fleire himmelske syn i det nye året, klikk deg inn HER:0)