onsdag 31. mars 2010

Ikkje meir moro enn ein lagar sjølv…

Februar og mars 2010 911 b Februar og mars 2010 912 b

I palmehelga hadde vi besøk av Linda,Terje,Anna,Ida & Elise. Med fem ungar i hus ei heil helg var det godt å kome seg litt utanfor døra sjølv om veret ikkje akkurat viste seg frå si beste side. Med friskt mot pakka vi i bilane og bevega oss mot Alværsstølen og Bjørnebeitet. Ungane hadde med seg kjelkar, men det vart diverre ei alvorleg utfordring å kome seg oppatt etter å ha aka ned, for snøen var rett og slett pill råtten…

Februar og mars 2010 943 b

Men bedre å vere rævalaus enn rådalaus er det eit ordtak som heiter, og etter å ha sett seg litt i kring fann dei ein snølaus stein som var eit glimrande utgangspunkt å hoppe frå:o) Som bekjent har ein ikkje meir moro enn ein lagar sjølv...

Februar og mars 2010 941 b

Anna tenkte litt før ho sette utfor..Skal, skal ikkje..Men pang så var det gjort. Dette var masse utfordringar for dei på ein gong…Gruspennande å hoppe, og FOR ein seier det er å klare det!!

 Februar og mars 2010 939 b

Juhu, sjå på meg då...Ida i farta og Rakel som sat fast i snøen og måtte gravast ut fulgte spent med.

Februar og mars 2010 955 b

Etter nokre runder på den øverste delen av steinen, tok Rakel ei større utfordring å hoppa lenger nede. I denne leiken var det viktig å halde orden på koordinasjonen og berekne landingspunkt så ein ikkje kom for nær steinen. Det klarte alle fire med glans, og ikkje minst var dei sysselsette ei laang stund.

Februar og mars 2010 946 b

Elise hadde ei lita kunstpause, og studerte flaska nøye før ho drakk av den.

Februar og mars 2010 949 b

Dette var kjekt for både store og små. Karane passa grillen og passa på at ungane fekk seg mat;o)

Februar og mars 2010 974 bFebruar og mars 2010 978 b

Her hadde dei funne nokre spennade trestammar å klatre på. Passeleg utfordring for balansen, og så kjekt å sitte der og dingle med beina.

søndag 28. mars 2010

Fire stjerners middag…

Februar og mars 2010 1012 b
SCAMPI MED SPEKESKINKE & KRABBEFYLLT AGURK

12 stk rå scampi, rensa med halen på
100 g revet mozzarella
1 ts pepper
12 sk spekeskinke
2 ss


FRAMGANGSMÅTE:

Rull kvar scampi inn i ei skive spekeskinke med reven ost og peppar. Halen skal stikke ut i enden av rullen.
Pensle med olivenolje, og steik dei på grillen eller i ovnen på 230 °C i 6-8 minutter.
Serverast med sweet chili og hvitløkssaus, eller rømme smakt til med sitronsaft, salt og peppar.


KRABBEFYLT AGURK

150 gram kongekrabbe                                                                                                                                                              1 raud chili                                                                                                                                                                2 ts frisk reven ingefær                                                                                                                                         3-4 ss creme fraische                                                                                                                                         reddik                                                                                                                                                        sitronmelisse

Skrell agurken og del den i fire. Kok opp vatn og legg agurken i vatnet i 30 sekund. kjøl med kaldt vatn. Rens og findel krabben. Tilsett chili, ingefær og creme fraische. Sil av. Hul ut agurken ca 2/3 ned og fyll opp med krabbeblandinga. Pynt med finstrimla reddik og sitronmelisse.
        Februar og mars 2010 1014 b                                                                                                                                                                                                                                                                                         SVINEWOK MED MANGO

3 ts reven frisk ingefær
1 stk raud chili
2 fedd kvitlauk
450 g indrefilet av svin i strimler
5 ss appelsinjuice
2 ss soyasaus
2 ss olje
1 stk raudlauk i tynne strimlar
1 stk squash i strimlar
2 stk raud paprika i strimlar
1 stk mango i bitar
2 ss hakket frisk sitronmelisse eller koriander


FRAMGANGSMÅTE:

Hakk chili og knus kvitlauk og ha det over kjøttstrimlane saman med den revne ingefæren. Hell over juice, soyasaus og 1 ss av oljen. Dekk til og mariner i kjøleskap i minst 30 minutt. Rør om av og til. Ta vare på marinaden.
Varm woken og ha i resten av oljen. Wok kjøtet i 4 minutter under omrøring. Ha i raudlauk, squash og paprika og wok vidare i 2 minutt under omrøring. Vend inn mango og hakka sitronmelisse (eller frisk koriander) til slutt. Hell over marinaden.
Server med nykokt ris og limebåter.
Tips: Svinekjøtet kan erstattast med kylling eller scampi.


Februar og mars 2010 1017 b
CREME BRULEE I FLØRTANDE FØLGE

2 dl kremfløyte
2 dl heilmelk
4 stk eggeplomme
60 g sukker
0,5 stk vaniljestang


FRAMGANGSMÅTE:

Bland melka og fløyten i ein bolle. Del vaniljestanga på langs. Skrap ut alle korna frå kjernen, og tilsett disse saman med resten av vaniljestanga. Bland eggeplommane og sukkeret godt, slik at det får ein luftig konsistens. Ha eggeblandinga over i mjølkeblandinga, og rør godt. Sett ovnen på 100 ºC. Fyll ei gratengform til kvar person med røra. Sørg for å røre godt mellom kvar gong ei ny gratengform fyllast, ellers vil vaniljen synke til bunns, og då vil den siste gratengforma få all vaniljen. Sett gratengformene i ei langpanne fylt med vatn, slik at gratengformene står i vatn.
Steik på midterste rille i ca. 30 minutt. Steiketiden avheng av størrelsen på formene. For å sjekke om dei er ferdige, ta ei av formene ut av ovnen. Dersom konsistensen verker flytende når forma ristast, treng den meir tid. Crème brûlée skal helst vere fast i forma når den er ferdig.
I staden for vanilje kan ein bruke andre smaker, for eksempel basilikum(!) eller andre typar krydder. Det er berre fantasien som set grenser.


FLØRTANDE FØLGE:

Valgfri frukt. Denne gangen brukte eg kiwi, appelsin og granateple dandert med pasjonsfruktkrem. Men her er det berre å fylle på etter fantasi og kva ein har for hand.

PASJONSFRUKTKREM

30 g sukker
50 g pasjonsfruktpuré
1 stk egg
2 stk eggeplomme
30 g smør

onsdag 24. mars 2010

Nydelig og enkel fiskerett.

Februar og mars 2010 375 b

Denne retten var superenkel å lage, og ikkje minst så smakte det heilt nydelig.

Skiv opp ferdigkokte poteter  å legg desse ut over ei langpanne. (Eg kokar gjerne ekstra mykje poteter til middagen dagen før) Fordel deretter strimla gulrøtter, skiva sopp, vårløk og skiva tomatar utover potetene. Legg så ferdigkrydra fiskestykker på toppen(Ørret, laks, steinbit, torsk, breiflabb)

Har prøvd meg litt fram med både kotelettar og filet, men filet er det som fungerar best. Til slutt kan ein fordele litt raspa ost på toppen.

Inn i ovnen på 200 grader i ca 20 minutt!!

Legg opp på tallerkenar og fordel litt god saus over grønnsakene og potetene.

Deretter: BON APETIT.

mandag 22. mars 2010

Vårløysing…

 Fotosafari
Ut på tur, aldri sur…På jakt etter våren og slikt kan det jo bli Fotosafariinnlegg av;9)
Februar og mars 2010 822 b
Liflige tonar frå småbekkar og ikkje minst er det herleg å sjå alt det grøne som kikar forsiktig fram under det skitne, kvite…
Februar og mars 2010 824 b
Deilige dråpar og fuktigheit som oppstår av snøsmelting, ja dette vil vi sjå meir av!!
Februar og mars 2010 826 b
“What?? Are we in danger of beeing eksecuted by the spring? A hole family? Oh my god, this is awful!!”
Februar og mars 2010 843 b
Nokre isflak heng seg fast på småøyer som stikk opp av elva…
Februar og mars 2010 809 b
…og andre flyt fritt med straumen…
Februar og mars 2010 849 b
Diamantdropar på trea framfor frost og tung snø…Ja det er eit herleg vårteikn!!
Februar og mars 2010 827 b
Og like sikkert som at våren kjem, så dukkar desse venane opp og…Til skrekk for nokre og til glede for andre:0)  Ynskjer alle ein vårleg mandagskveld.

søndag 21. mars 2010

Sveler

Februar og mars 2010 796 b
I dag har vi vore på årsmøte med etterkomande basar i skule/grendahuset vårt. Min kjære sit som leiar i styret, og styret har som oppgåve å bake til basarane…I vårt hus vil det nok då sei at det er Line som har i oppgåve å bake;o)
Februar og mars 2010 800 b
I dag fall valget på sveler, som er no både lettvint, enkelt å lage og ikkje minst velsmakande. Lyst til å prøve?? Oppskrifta er som følger:
Februar og mars 2010 802 b
10 egg
800 gram sukker(eg brukte 600, og det var eigentleg nok)
1 dl vatn
2 liter kulturmjølk
5 ts hjortesalt
4 ts bakepulver
1 1/2 kg kveitemjøl
 Februar og mars 2010 835 b
Egg og sukker piskast til eggedosis. Bland i det våte og det tørre vekselsvis. Lat gjerne røra kvile ei stund før ein steiker dei.
Februar og mars 2010 829 b
Bon apetit!!

lørdag 20. mars 2010

Triveleg ettermiddag:0)

Februar og mars 2010 789 b 

I ettermiddag har vi hatt besøk av denne tøffe karen. Det er så utruleg koseleg når nokon stikk innom på kaffebesøk ein laurdag ettermiddag. Det er desverre altfor sjeldan det vert gjort. I helgane vert det meir middagsinvitasjonar og besøket vert lagt frå kl. 18.00 eller endå seinare. Sjølvsagt er det kjempekoseleg med middagsbesøk eller verte invitert på middagsbesøk, men det er jo vel så triveleg med ettermiddagsbesøk på ein fredag, laurdag og endog søndag. Så løftet til meg sjølv vert difor at dette må gjerast oftare. Takk til Hogne, Jenny og Tommy som tok iniativ til å treffast og ville ta turen ned i dag!!

Februar og mars 2010 109 b

Rimeleg avslppa her ja…Yndlingsplassen til desse to er i kvar sin stol med skinn i framfor tvèn når det ikkje skjer noko anna;9)

Februar og mars 2010 138 b

Til slutt må eg berre hive med enno eit blomsterbilde. Er veldig i blomsterfotograferingsmodus for tida kjenner eg… Desse blomstrane hadde vi glede av i heile fem veker før dei takka for seg. ganske imponerande for snittblomster, er det ikkje?

Februar og mars 2010 272 b

Då gjenstår det berre å ynskje alle ein super laurdagskveld!!

fredag 19. mars 2010

Love my new camera…

Februar og mars 2010 205 b

Eg har enno ikkje heilt komt over for ein fantastisk mann eg har… Den beste gåva eg nokon gong har fått er mitt Nikon D 3000.

Februar og mars 2010 248 b

Det er utruleg gøy å ta bilde, eksperimentere og leike seg…Og det beste av alt er at bilda stort sett vert sylskarpe…Dersom eg ynskjer det.

Februar og mars 2010 223 b

Det er kjekt når ein kan vidareutvikle seg som fotograf, og kjenne på at ein har ein hobby som ein rett og slett er lideskapeleg opptatt av:0)

Februar og mars 2010 261 b

Ynskjer alle mine bloggvener og andre som dumpar innom bloggen ein strålande fredagskveld og helg!!

Februar og mars 2010 244 b

Klem Line.

torsdag 18. mars 2010

Slaraffenliv…

Februar og mars 2010 776 b

Den som berre kunne vore ein katt…

Februar og mars 2010 764 b

Levd ubekymra og hatt gode, late dagar…

Februar og mars 2010 766 b

Berre sove, ikkje tenke….Kun nyte nuet…

Februar og mars 2010 760 b

BLÅTT BLIKK.

Så kom du der

Tassande

Det var da jeg forstod

og jeg ble til

Da du så på meg

med blått blikk

som av hav

og jeg ble din

med ett

en stund i dagen

Du la deg på rygg

med purrende lyder

bekreftende nærhet

Du forsto meg, sa du

Trengte ikke forklare

Din myke pels

Gjennom mine fingre

Potene dine opp i luften

uten uvennlige intensjoner

Bare en leken liten pus

Som uvitende reddet dagen

~ Sunniva ~

mandag 15. mars 2010

Nesten litt rart...


Då har eg fått att maskina mi:0) Det var visst harddisken som hadde kortslutta. No er den skifta, og maskina skal visst vere god som ny. Det er akkurat det som er problemet *sukk*...

Alt er vekke, og det er verkeleg som å ta i bruk ei heilt ny maskin. Alle programma mine er borte vekke, og så er det å begynne å søke, finne og laste ned på nytt. Alt tek tid, og eg er framleis i ferd med å ta mine fyrste, famlande skritt.

Det går seg nok til, og det som slo meg akkurat no er jo at eg kanskje kan få windows live writer opp å gå att?? * Håpe, håpe*

Eg har lengta etter bloggen mange gangar i denne perioden, og no når eg endeleg har fått tilgang att, kjenner eg meg omtrent som ein nybegynnar, og er rett og slett litt usikker på kvar eg skal starte...
Det kjem vel sigande etter kvart, tenker eg.


I desse dagar opplever vi at livet kjennest tungt og beint fram urettferdig. Fredag den 3 mars fekk vi telefon om at ein av vore beste og næraste vener var død. Ein tung og surrealisistisk beskjed å få. Eg hadde heldigvis fri den helga, så eg pakka og tok turen til Volda åleine for fyrste gong på snart 11 år. Rart...Men samstundes var det eit riktig val for då hadde eg større valfriheit, og kunne bu hos familien som hadde mista det som er så umisteleg...Ein far i sin beste alder.
Det var godt å vere der, kunne hjelpe med enkle ting og berre vere nær... Denne veka har vore tung for oss som på ein måte er nær, men allikevel så altfor langt vekke til å kunne bistå.
I dag skal eg vaske litt hus, pakke og så set vi oss i bilen når mann og barn er ferdig for dagen.
I morgon skal vi i begravelse, og vi har valgt å ta ein dag ekstra der oppe for at ungane skal få vere med kvarandre og for at vi skal få vere med familie og vener og berre kjenne på at vi er til for kvarandre....
Det skal og bli godt å få kunne bistå og bidra om det trengs, ein kjenner seg på ein måte mykje mindre hjelpelaus då.
Enn så lenge, det er herleg å vere tilbake i cyberverda att og, eg har sakna alle sammen kjempemasse!!


Dagens oppfordring frå meg er:
Ta vare på kvarandre...Ein veit aldri når livet endrar seg!!
Klem Line