lørdag 28. februar 2009

Naturens eigne kunstverk!!


For ei tid tilbake var eg ute på tur og fann masse flott iskunst.

Første dagen hadde eg med heile familien som sukka & stønna kvar gang Mamma stoppa for å ta eit bilde...Merkeleig nok var det INGEN som var lei seg når kameraet gjekk tomt for batteri!!
Heilt uforståeleg reaksjon spør du meg;9)

Men fann likevel ut at det var greitt å gå på ekspedisjon åleine på dag to....
Sjå på alt det flotte som naturen lagar heilt på eiga hand!!
To av bilda er frå vassgrøfter der isen hadde lagt seg i eit tynt, tynt lag.
Synst det var så flotte mønster.

Tredje settet vart til sist eg hadde skuledagar....Vart så fascinert over alle isskulpturane som hang ned frå fjella at eg tok med meg kamera....
Var sannsynlegvis mang ein bilist som lurte på kva slags vesen som nærast hang frå fjellklippene for å kome i riktig posisjon...
Det ER jo viktig å ha optimale forhold!!
Hadde store problem med å velge ut kva eg skulle vise fram, og derfor vart det to store og ein mindre collage. Slik kan det gå....
Ingen av desse bilda er fiksa på.

Her er det derimot brukt boosteffekt i picnic.

Her er det plukka ut ni bilder frå fyrste ekspedisjon og lagt lag på lag i picasa.

Her er det plukka ut elleve bilder frå ekspedisjon nr tre og lagt i lag på lag i picasa.
Synst den effekten lagar utruleg flotte bilder:0)
PS! Klikk på bilda så blir dei større

fredag 27. februar 2009

Sjølvgjort er velgjort:0)

Vi har begynt å lage kort...

Det er utruleg kva ein kan få av idear og inspirasjon her inne i Blogglandia...

Eg har strikka(godt hjelpt av dådyraugene til dottra mi), og no har vi altså begynt å lage kort!!

Kjempekjekt er det og. Kreativiteten får brynt seg, og ikkje minst har eg og ungane noko vi kan gjere på i lag.

Begge to synest det er spennande å finne fram korgene med papir, lim, sakser og effektar...

Vi diskuterar, kjem med forslag og prøvar oss fram...

For ikkje å snakke om kor stolte vi vert av dei ferdige produkta...
Heldigvis har dei falle i smak hos mottakarane og....

Og det er utruleg kjekt å gi frå seg noko som ein har tatt seg tid til å lage sjølv...
PS! No har vi og gått til innkjøp av lerret og maling....

torsdag 26. februar 2009

Eg ~ ein strikkar??

Mamma, om du les dette må du love å ikkje dette om av sjokk!!
He he, som dokke kanskje skjønar så er desverre ikkje strikking noko eg heilt har klart å lære meg....

I utgangspunktet var det Rakel som hadde lyst til å prøve å strikke seg eit panneband. Med friskt mot reiste vi til Førde, kjøpte inn garn og pinnar. Når vi kom heim la eg opp strikk til henne, ho prøvde seg på ei mauske og ville ikkje meir...
Kva gjer så mora når den søte dotra med dådyraugene ser på ho med bedande blikk og tårene nesten hengande i augevippene??
Jau, ho strikkar eit panneband, sjølvsagt!!
Vesle frøken Snupp var strålande fornøgd når vi i dag kunne montere set og ta det ferdige produktet i bruk:0)

Mi gode bloggvenninne PETUNIA har oppretta facebookgruppa
"Norske bloggdamer"
Applaus til Petunia for å samle bloggdamer på facebook!! Tanken er å samle alle norske bloggdamer på facebook uavhengig av kva type bloggar vi har for å kunne hente råd og kunnskap hos kvarandre.
Eg har allererede meldt meg inn, og håpar mange fleire vil gjere det same.
Om du lurer på noko meir, stikk innom Petunia

onsdag 25. februar 2009

Vis meg ditt hus...

Har fått ei utfordring frå Elin om å vise fram huset mitt...And here it comes;0)



Her er bygga som står på eigendommen. Tilbygget vart oppført i fjor sommar, og vi er veldig fornøgde med å få større gangplass!! Elektrikaren var her no i februar og då fekk vi på plass lys i gange og utelys.
Garasjen sette vi opp i 2001. Garasjeportar har vi enno ikkje fått solmla på plass, så ting tar tid...
Låven håpar eg vi rekk å male denne sommaren, for no trengs det verkeleg.


Inngangspartiet og framsida av huset...
Dei tre fremste vindauga er stova, og det borterste er Fredrik sitt rom.
Oppe er det loftsstove.


Endeveggen. Denne veggen er det ikkje gjort noko med, for planen er å lage eit tilbygg her og, slik at vi får nytt bad, og vi leikar litt med ideen om eit soverom til.
Her er altså badet og Rakel sitt rom. Oppe er det gjestesoverom. Dei øvrige tre sidene er det skifta bordkleding og vindauge.


Her er alle bygga frå sida...


Her sett frå grillplassen vår nederst på tomta.
Her er 9 mål tomt, så vi har rikeleg med tumleplass.
Hage har vi ikkje komt skikkeleg i gang med enno...
Plassen heiter Storemyra, og ber navnet sitt med rette!!
Her er veldig mykje vete, det ligg to aurheller under jorda, så dreneringa er veldig dårleg....
Er litt i villrede om korleis eg skal gå fram, så tips vert mottatt med takk:0)


Grillplassen vår...
Dett var dett!!

Eg utfordrar vidare:
Petunia
Gamlå
Vibeke
Monica


Eg har blitt utfordra av to nye medbloggarar som eg "oppdaga" under fargeveka som Mette arrangerte.
Siw Aina & Monica har begge spennande bloggar og er bekjentskap som eg gler meg til å bli nærare kjent med...
Skreiv til Siw Aina at eg har tatt den før. Men då den poppa opp frå Monica og, kom eg på at eg har lagra bilder både på hotalbum og i oøympus master i tilleg til mine bilder...
Gjekk difor inn på den 6 mappa og fann det 6 bildet inne på hotalbum, og der dukka dette sjarmerande bildet frå i fjor sommar opp:0)
Dei klipper ikkje plen her. Men dei fekk lov å køyre ei runde rundt på plenen, og det var stor stas sjølvagt:0)


Til slutt så har eg eit utmerking som eg fekk for ei tid tilbake av ikkje mindre enn tre medbloggarar:
Besta. Det er ho som har laga den, og eg tykkjer alltidt det er ekstra stas å motta ei utmerking frå den som har laga den.Ho har ein kjempekoseleg blog som er verdt å besøke.
Eie. Har alltidt ein koseleg kommentar på lur, og har ein triveleg blogg som eg likar å sjå innom.
Gerd. Dette er den mest positive bloggen eg veit om. Ho har alltidt eit visdomsord eller positive tankar å dele med oss, i tilleg til at ho er ein racer til å strikke.
Har du ikkje vore der, så har du verkeleg gått glipp av noko:0)
Tusen tusen takk alle tre:0)

Denne vil eg dele med:
Tara
Mikael
Gry Hege

tirsdag 24. februar 2009

Himmelsk munnfull....

I forbindelse med at Hilde(kona til Svigerfaren min) vart 50 år forrige helg

så vert eg spurt om eg ville lage ei kake(og potetsalat)...Eg er ikkje tungbedd på dette området, så det sa eg sjølvsagt ja til :0)

Eg har ein urimeleg trang til å prøve ut nye kaker når eg skal lage til sånne lag, og denne gange fall valet på OREOKAKE!!
Har høyrt så mykje om denne kaka, og det må seiast:
Den skuffa ikkje...

Her er oppskrifta
Du treng:
450 g Oreo(3pk)
100 gram smelta smør
2 pk tine naturell ost
eller 1 pk philadelphia
2,5 dl melis
1 pk fløyte
2,5 ss sukker
1pk toro sjokolademousse
3 dl melk til mousse

Slik gjer du:
1/4del av oreoane brekkast og leggast til side.
Ta resten av kjeksa i ein pose og knus dei.
Hell dei i botnen av forma og hell 100g smelta smør over.
Trykk dette litt ned i forma for at botnen skal bli fast og fin.
Mix kremost og melis slik at det blir ei luftig blanding.
Så mixar du fløyte og sukker til krem.

Bruk halvparten av fløtekremen og bland med ostekremen. (Bruk mixmasteren på lavaste nivå eller bland med en sleiv.)
Smør ostemassa på oreokakebotnen og dryss knuste biter av den 1/4delen av oreoene du la til sides i begynnelsen.Sett dette 30 min i kjøleskapet.
Mix så sjokolademousseen(følg pakningen) og smør den oppå osteblandinga.
Sett den så inn i kjøleskapet igjen i 1 time.
Til slutt smører du resten av kremen som du også la til side oppå kaka og pyntar den nett slik du har lyst:0)

Sidan vi skulle i selskapet kom snille Mamma heilt ifrå Volda for å vere barnevakt for våre søte små...
Dette hadde dei sjølvsagt lite imot, og i følge utsegna i etterkant så hadde dei det storveies i lag med Mormor på laurdagskvelden:0)

Måtte berre ta med dette herlege bildet av Fredrik og Mormora!

mandag 23. februar 2009

Mjukt


Då var fargeveka over, og vi går over på nye utfordingar!!
METTE har oppretta Mandagstemablogg, der vi søndag kveld får presentert eit ord som vi skal tolke...
Det første mandagstemaet var ordet mjukt, og her er mi tolkning av det!!


Desse tre setta med auge kan smelte ein gråstein og få flytta fjell...
Eg smeltar som ein klatt smør i vårsola når dei ser på meg med sine spesielle blikk...
Det øverste er Tantegullet mitt ~Julie Kristin
I midten har vi Fredrik og til slutt Rakel...
Saman representarer dei
TRU, HÅP & KJÆRLEIK
For fleire tolkningar av temaet, besøk Mandagstema!!

søndag 22. februar 2009

Black & White

Så var vi komt til fargeveka sin siste dag....
Ei artig og utfordrande veke der i alle fall eg har kosa meg masse. Eg har hatt som mål å besøke alle deltakarane dagleg for å sjå korleis dei andre har tolka temafargane og trur faktisk at eg har lagt att ein kommentar inne hos alle saman!!
Som ein bonus har eg og oppdaga mange nye og flotte bloggar...
Dagens fargeutfordring er todelt med svart/kvitt som tema...
Eg ha i dag valgt å lage fire collagar med forskjellige uttrykk og tema!!
ENJOY:0)

Måtte berre ha med mine nye boksar til kattemat og vaskepulver. Er kjempefornøgd med dei, og dekorative er dei og...
Norgesglas med kvit blonde og ei sraymala korg til egg. Velkommenskiltet heng på ein dekorasjon ute:0)

Mine fyrste sko og ei nydeleg kvit rose....

Med naturen som tema...
Her gjekk eg eigentleg på fotosafarijakt, men vel no å ta dei inn i dagens tema istadenfor:0)

Desse bilda har eg lagt ut tidlegare i eit fotosafarinnlegg...
Men synst og at desse passa inn i dagens tema, og vel difor å legge dei ut enno ein gong!!

Til slutt i dag har eg laga ein utemerkelse til herlege METTE med bloggen KOSELIG KOSELIG som er iniativtakar og primus motor for fargeveka...
Alle fargane i fargeveka er her representert!!
Takk til deg Mette for ei kjempekjekk utfordring:0)
Dette er noko av det artigaste eg har vore med på sidan eg starta blogginga!!
No gledar eg meg til å ta fatt på Mandagstema. Trykk HER for informasjon om det!!
For fleire svart/kvite innlegg i dag, gå inn HER!!

lørdag 21. februar 2009

Dilla på lilla

Med ei jente som enno ikkje er ferdig med rosa-lilla alderen, så er jo ikkje akurat lilla ein supervanskeleg farge å finne fram till her i huset!!

Rakel med lilla frå topp til tå i dag, til og med kosedyra er i lilla...
Og for den observante lesar så er det og lilla i golvteppet...

Fredrik har eitt klesplagg i lilla, og med litt mild korreksjon i klesvalget bestemte han seg for den t-skjorta i dag;9)

Mor~datter støvlane var eit sjølvsagt bildevalg i dagen fargeutfording!!

Eit lite lilla utvalg:0)
Som dokke ser så er det meste her heimehøyrande på jenterommet og i jentegarderoba....
Blomsterpotta fekk vi med ein nydelig oppsats i då Rakel var fødd...

Til slutt ein lilla blomstercollage:0)
St Paulia er verkeleg ein vakker blomst!!
For fleire FARGERIKE tolkningar, sjå innom Koseleg Koseleg!!

fredag 20. februar 2009

Oransje ~ gladfarge nr. 1!!

Denne fargeutfordringa er faktisk den eg har sett mest fram til heile veka!!
For meg er oransje gladfarge nr 1, og kva kunne vel då passe bedre enn at den landa på fredagen:0)
Her i huset har vi små oransje fargeklattar her og der, og endåtil så har alle dei tobeinte medlemmane i hushaldninga i alle fall eit oransje klesplagg!!

Eg er erin kjøleskapsmagentfrik!! Sånn...No er det sagt...Høgt....Når eg er ute å reiser så er det minimum ein magnet med heim i kofferten, og i dag fegg eg endeleg til å vise fram nokon av dei....Juhuu!!

Oransje "krage" på pingvinen, og ein blå og oransje fugl som Sondre har teikna til meg:0)
Kva kan vel vere bedre enn fargerike magnetar og barneteikningar på kjøleskapet??

Mine flotte oransje skeier som eg er utruleg glad i...Dei er akkurat passe store og ligg godt i handa:0)
Tesil er jo og godt å ha...

Gladoransje mugge,ein nydeleg oransje duk og ei god kokebok for barn!! Då er vel ingrediensane for ein fin fredagsettermiddag i boks;o)

Det var kun Fredrik sine oransje plagg eg fann i farta, resten er vel på vask...Ein kul oransje bil må jo og til!!

Mi trufaste oransje kleskorg i ny drakt;9)
Her har eg brukt effekten hypnotic i picnic....

Til og med Barbie har skjønt at det er oransje som gjeld...He he he...

Til slutt i dag må eg berre ha med eit bilde av mine spente og forventningsfulle karnevalsungar:
Frk Cowboy & Herr Ninja!!
For fleire herlege oransje innlegg klikk deg inn HER!!
Ha ein glad oransje fredag:0)
KLEM LINE